Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

4 Oppheving av vedtak om vegbruksavgift på naturgass og LPG

Som følgje av avtalen med Kristeleg Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet for 2015 vedtok Stortinget å innføre vegbruksavgift på gass med 5,95 kroner per Sm3 for naturgass og 6,91 kroner per kg for LPG, sjå Innst. 3 S (2014–2015). Iverksetjinga blei satt til den tida departementet fastset.

Forslaget er i tråd med formålet bak avgifta om å prise dei eksterne kostnadene ved bruk av veg. Det er likevel betydelege praktiske problem med å skulle innføre ei vegbruksavgift på gass.

Ei vegbruksavgift på naturgass og LPG inneber eit todelt system med ulik pris for gass til vegbruk og gass som skal nyttast til andre høve. Det er derfor naudsynt å få på plass eit system som skjermar gass til annan bruk enn på veg, frå avgift. Dette er inga særskild problemstilling for gass, men derimot noko som oppstår for alle drivstoff med ulike bruksområder. For diesel er dette løyst gjennom eit merkesystem der ein til anna enn vegbruk kan nytte merka diesel som ein ikkje skal svare vegbruksavgift for. Toll- og avgiftsdirektoratet har konkludert med at det i alle fall ikkje på kort sikt er mogleg å få på plass ei slik ordning for gass. Utan eit merkesystem må ein skjerme gass til andre føremål gjennom refusjonsordningar eller ordningar med direkte fritak mot dokumentasjon av sluttbruken.

I dag blir berre ein avgrensa del av det innanlandske forbruket av naturgass og LPG nytta til vegbruk, og skal følgjeleg ikkje svare avgift. Det er komplisert å gjennomføre ei så omfattande skjerming gjennom refusjonsordningar og direkte fritak, og det har så langt ikkje vore mogleg å få på plass eit system som på ein god måte skjermar gass til andre formål, og samstundes dekkjer behovet for kontroll.

Regjeringa foreslår på denne bakgrunn å oppheve vedtaket om vegbruksavgift på naturgass og LPG. Det vil gi eit provenytap i 2015 på 45 mill. kroner påløpt og 38 mill. kroner bokført samanlikna med saldert budsjett for 2015. I staden foreslår regjeringa å auke CO2-avgifta på LPG og naturgass til om lag same nivå som bensin i kroner per tonn CO2. Det blir vist til omtale i kapittel 6.

Det blir vist til forslag til stortingsvedtak om vegbruksavgift på drivstoff romartal II og stortingsvedtak om CO2-avgift på mineralske produkt.

Regjeringa vil arbeide vidare med å innføre vegbruksavgift på gass, og vil komme tilbake i 2016-budsjettet med eit forslag om vegbruksavgift på nivå med det som var vedteke frå 1. juli 2015 og som, så langt det er råd, skjermar annan bruk enn vegbruk frå avgift.

Inntil ei vegbruksavgift er på plass blir det oppretta ei mellombels tilskotsordning for å stimulere til bruk av biogass i kollektivtrafikken under fylkeskommunalt ansvar. Det blir vist til omtale i Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015.

Til forsida