Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

Forslag
til lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) gjer ein følgjande endringar:

§ 24 skal lyde:

§ 24. Eigedomsskatten skal svarast tilden kommunen der skatten er utskriven.

§ 25 andre ledd skal lyde:

Kommunen kan i særlege høve gjeva utsetjing.

§ 27 skal lyde:

§ 27. Forfalt eigedomsskatt er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Kravet er også tvangsgrunnlag for utlegg. Eigedomsskatten kan krevjast inn av kommunen etter reglane for innkrevjing av skatt.

II

Endringane under I tek til å gjelde 1. januar 2016.

Til forsida