Prop. 29 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringsforslag

Kap. 820 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Post 01 Driftsutgifter

Ansvaret for kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting blei overført frå IMDi til Bufdir 1. september 2015. BLD føreslår på denne bakgrunn å flytte 1,4 mill. kroner frå IMDis driftspost, kap. 820, post 01, til Bufdirs driftspost, kap. 858, post 01. Midlane skal dekkje utgifter til kompetanseteamet og til heimreise til Noreg ved tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep i unges fridom.

BLD føreslår å redusere kap. 820, post 01 med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 858, post 01.

Kap. 821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandarar

Post 60 Integreringstilskot, kan overførast

Målet med integreringstilskotet er å medverke til rask busetjing. Integreringstilskotet skal gi ei rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har ved busetjing og integrering av flyktningar i busetjingsåret og dei neste fire åra. Tilskotet skal medverke til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busetjings- og integreringsarbeid.

Behovet i 2015 blir anslått å auke med 320,3 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er auka anslag for talet på busette i 2015.

BLD føreslår å auke løyvinga på kap. 821, post 60 med 320,3 mill. kroner.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, overslagsløyving

Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar mottek eit særskilt tilskot. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære integreringstilskotet.

Behovet i 2015 blir anslått å auke med 10,5 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Årsaka til auken er fleire personar i målgruppa for tilskot i 2015 enn tidlegare lagt til grunn.

BLD føreslår å auke kap. 821, post 61 med 10,5 mill. kroner.

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

Målet med løyvinga på posten er å styrkje integreringsarbeidet i kommunane.

Løyvinga til forsøket med gratis kjernetid var totalt på 140,9 mill. kroner i Saldert budsjett 2015. 51 mill. kroner blei overført til kommunenes rammetilskot på kap. 571, post 60 i Revidert nasjonalbudsjett 2015 for å dekkje innføringa av den nye nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage for fire- og femåringar for familiar med låg inntekt fra 1. august 2015. Dei resterande 89,9 mill. kronene skulle i 2015 bli nytta til forsøk og utviklingsprosjekt med rekruttering av barn til barnehage og med aktivitetar for foreldre i Oslo, Drammen og Bergen. Kommunane har søkt om eit lågare beløp til dette for andre halvår 2015.

BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere kap. 821, post 62 med 6,5 mill. kroner. BLD føreslår å nytte 0,4 mill. kroner til å dekkje meirbehov på kap. 868, post 01, jf. omtale under denne posten.

Kap. 3821 Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandarar

Post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Løyvinga på posten er anslått redusert med 21,4 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka til endringa er anslått reduksjon i talet på busette overføringsflyktningar i 2015.

BLD føreslår å redusere kap. 3821, post 01 med 21,4 mill. kroner.

Post 02 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Løyvinga på posten er anslått å auke med 0,6 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke i prognosen for busetjing av einslege, mindreårige flyktningar i 2015.

BLD føreslår å auke kap. 3821, post 02 med 0,6 mill. kroner.

Kap. 822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal sikre at kommunane tilbyr opplæring til vaksne innvandrarar med rett og plikt eller rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Behovet i 2015 er anslått å auke med 264,9 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke i målgruppa for norskopplæring for asylsøkarar i mottak. Det er også eit meirbehov knytt til ei ekstra utbetaling av tilskot basert på registreringar frå nytt Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).

BLD føreslår å auke kap, 822, post 60 med 264,9 mill. kroner.

Kap. 3822 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter

Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).

Løyvinga på posten er anslått å auke med 182,5 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke i prognosen for målgruppa for norskopplæring for asylsøkjarar i mottak.

BLD føreslår å auke kap. 3822, post 01 med 182,5 mill. kroner.

Kap. 840 Krisetiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det blei løyvd midlar til å vidareutvikle eit foreldrerettleiingsprogram for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme i behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2015. Målet er å rettleie og hjelpe foreldre som fryktar at barna deira skal bli radikaliserte eller rekrutterte til ekstreme og valdelege miljø. Det har tatt lengre tid enn føresett å utvikle prosjektet og rekruttere rettleiarar. Det har også vist seg vanskelegare enn føresett å rekruttere foreldre til prosjektgrupper. Det er derfor eit mindrebehov på 2,4 mill. kroner i 2015.

BLD føreslår å redusere kap. 840, post 21 med 2,4 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under kap. 858 post 01

Det er stor søking på tilskotsordninga Tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar på posten i 2015. BLD føreslår derfor å auke ramma for ordninga med 1,8 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på kap. 857, post 72, jf. nærmare omtale under denne posten.

BLD føreslår å auke kap. 840, post 70 med 1,8 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Prognosen for bruk av eksterne meklarar og utbetaling av meklingsgodtgjersle til meklarar utanfor familievernet er lågare enn løyvinga.

BLD føreslår derfor å redusere kap. 841, post 21 med 0,6 mill. kroner.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Midlane på posten går til refusjon av kostnadene Folkehelseinstituttet har knytt til DNA-analysar i farskapssaker rekvirert av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Kostnadene er anslått til å bli lågare enn løyvinga.

BLD føreslår å redusere kap. 841, post 23 med 1,6 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstøtte er anslått til 1 620 mill. kroner, som er 30 mill. kroner lågare enn løyvinga.

Talet på barn med kontantstøtte synest å bli noko lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Mindrebehovet skuldast også eit redusert anslag på gjennomsnittleg utbetaling per barn som følgje av lågare etterbetalingar enn tidlegare føresett.

BLD føreslår å redusere kap. 844, post 70 med 30 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til barnetrygd er anslått til 15 110 mill. kroner, som er 40 mill. kroner lågare enn løyvinga. Reduksjonen kjem av eit lågare tal på barn det blir utbetalt stønad for enn lagt til grunn i gjeldande budsjett.

BLD føreslår å redusere kap. 845, post 70 med 40 mill. kroner.

Kapittel 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Talet på adopsjonar frå utlandet har gått gradvis ned og det er venta eit mindreforbruk på posten på 1 mill. kroner. Anslaget legg til grunn om lag 150 adopsjonar.

BLD føreslår å redusere kap. 852, post 70 med 1 mill. kroner.

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Post 01 Driftsutgifter

Det er eit meirbehov på 0,5 mill kroner på posten som følgje av meirutgifter til lønn og drift i samband med gjennomføring av prosjektet ProSak fase 1 i inneverande år. Prosak er det nye saksbehandlingssystemet til fylkesnemndene. BLD føreslår å flytte 0,5 mill. kroner frå kap. 854, post 21 til kap. 853, post 01.

BLD å auke kap. 853, post 01, med 0,5 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Det er løyvd 86,4 mill. kroner på posten. Løyvinga går til ulike førebyggjande tiltak og kjøp av tenester i samband med utvikling og implementering av nye metodar i barnevernet. Det er eit mindreforbruk på 5,1 mill. kroner knytta til tiltaka på posten. Det er mellom anna løyvd 4 mill. kroner over posten til vidareutdanningstilbodet Rettleia førsteår i barneverninstitusjon. Tiltaket vil ikkje bli gjennomført i 2015.

BLD føreslår at 0,5 mill. kroner blir flytta frå posten til kap. 853, post 01 for å dekkje eit meirbehov i Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. BLD føreslår i tillegg å flytte 0,6 mill. kroner frå posten til kap. 854, post 22 for å dekkje eit meirbehov i Barnesakkunnig kommisjon.

Samla føreslår BLD å redusere kap. 854, post 21, med 5,1 mill. kroner.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten går til drift av Barnesakkunnig kommisjon. Det er eit meirbehov på 0,6 mill. kroner knytta til drifta. BLD føreslår å dekkje inn dette ved å flytte midla frå kap. 854, post 21.

BLD føreslår å auke kap. 854, post 22, med 0,6 mill. kroner.

Post 65 Refusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga på posten er 1 354 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar.

Siste prognose for totale utbetalingar på kap. 854, post 65 er 1 200 mill. kroner i 2015. Årsaka til reduksjonen er mellom anna at det blei lagt til grunn eit for høgt beløp for utbetalingar i 2015 for kommunale utgifter i 2014. Dette er no retta opp.

BLD føreslår å redusere kap. 854, post 65 med 154,4 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er 312 mill. kroner. Løyvinga dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, kjøp av plassar i private omsorgssenter og forvaltningsoppgåver knytta til omsorgssentera.

Gjeldande løyving er basert på at det ville kome totalt 500 barn til omsorgssentera i 2015. Det blir no lagt til grunn at det vil kome 840 barn til omsorgssentera i 2015. BLD føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 69 mill. kroner til kjøp av plassar i private omsorgssenter. Desse tala er usikre. Dersom det kjem fleire barn til omsorgssentera enn det som er lagt til grunn i berekningane vil behovet på posten auke, jf. forslag til romertalsvedtak. Vidare blir det føreslått å auke løyvinga til forvaltningsoppgåvene knytt til omsorgssentera med 2,5 mill. kroner. Forvaltningsoppgåvene inkluderer mellom anna godkjenning, oppfølging og kontroll av omsorgssentera, oppfølgingsvedtak og arbeid med busetjing.

BLD føreslår å auke kap. 856, post 01 med 71,5 mill. kroner

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECDs utviklingskomité godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Det blir føreslått å auke løyvinga på kap. 856, post 01 med 71,5 mill. kroner. Regjeringa føreslår at 69 mill. kroner av dette beløpet blir rapportert inn som utviklingshjelp.

BLD føreslår å auke kap. 3856, post 04 med 69 mill. kroner.

Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak

Post 72 Tilskot til tiltak for voldsutsette barn

Det er løyvd 11,5 mill. kroner til denne tilskotsordninga som er ny frå 2015. Etter to utlysingsrundar er det restmidlar på 1,8 mill. kroner på posten. Ein formålstenleg alternativ bruk av midlane vil vere at dei vert flytta til tilskotsordninga Tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar på kap. 840, post 70. Midlane vil då framleis bli brukte på valdsfeltet.

BLD føreslår å redusere kap. 857, post 72 med 1,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 840, post 70.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

Ansvaret for kompetanseteamet mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting blei overført frå IMDi til Bufdir 1. september 2015. BLD føreslår å flytte 1,4 mill. kroner frå IMDis driftspost, kap. 820, post 01, til Bufdirs driftspost på kap. 858, post 01, sjå omtale under kap. 820, post 01.

BLD føreslår å auke kap. 858, post 01 med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av kap. 820, post 01.

Kap. 868 Forbrukarombodet

Post 01 Driftsutgifter

Forbrukarombodet har i 2015 fått meirutgifter på 0,4 mill. kroner som følgje av idømte saksomkostningar i ei sak som ombodet har tapt i Marknadsrådet.

BLD føreslår å auke kap. 868, post 01 med 0,4 mill. kroner. Midlane blir flytta frå kap. 821, post 62.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar er anslått til 18 480 mill. kroner, som er 60 mill. kroner meir enn løyvinga. Dette kjem hovudsakleg av høgare auke i foreldrepengegrunnlaget enn i anslaget i gjeldande budsjett.

BLD føreslår å auke kap. 2530, post 70 med 60 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad er anslått til 18 480 mill. kroner, som er 10 mill. kroner mindre enn løyvinga, som følgje av redusert anslag på talet på fødslar.

BLD føreslår å redusere kap. 2530, post 71 med 10 mill. kroner.

Til forsida