St.prp. nr. 96 (2008-2009)

Om samtykke til å setje i kraft ei skatteavtale med tilhøyrande protokoll mellom Noreg og Slovenia, underskriven i Ljubljana 18. februar 2008

Til innhaldsliste

2 Allmenne merknader

Etter oppmoding frå slovenske styresmakter tok Noreg og Slovenia i 1996 opp forhandlingar om å inngå ei skatteavtale. Etter ei tredje forhandlingsrunde i Ljubljana blei eit utkast til avtale parafert den 23. mai 2007. Ekspedisjonssjef Odd Hengsle, Finansdepartementet, leia den norske delegasjonen.

Avtala byggjer i store trekk på mønsteret for tosidige avtaler som er utarbeidd av OECD. Avtala inneheld likevel nokre avvik frå denne mønsteravtala. Mellom anna har avtala reglar om verksemd og arbeid utanfor kysten, tilsvarande slike som fins i dei fleste skatteavtalene som Noreg har inngått dei seinare åra.

Avtala er inngått på engelsk, slovensk og norsk. Alle tekstane er gyldige, men ved tvil om tolkinga skal den engelske teksten vere avgjerande. Den engelske og norske teksten følgjer som vedlegg.