Statsbudsjettet 2023

– Vi aukar innsatsen for å få til full likestilling mellom kvinner og menn

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Vi har framleis ei rekke utfordringar når det gjeld likestilling. Kjønnsbalansen i arbeidslivet er for dårleg, kvinner blir oftare utsett for vald og gutar fell oftare frå i skulen. Trass i den krevjande økonomiske situasjonen landet vårt står i no, vel regjeringa å halde fram satsinga på likestillingsfeltet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Regjeringa foreslår å vidareføre dei 12 millionar kronene som regjeringa ga i auke til likestillingssentera og likestillingspolitiske tiltak i 2022.

– Vårt mål er at fleire skal få større fridom og moglegheit til å leve dei liva dei vil. Kvinner er oftare enn menn utsett for seksuell trakassering og negativ sosial kontroll, og menn vel dessverre oftare å avslutte livet sitt. Det er ingen tvil om at vi har mykje å jobbe med på likestillingsfronten, seier Trettebergstuen.

Regjeringa har sett ned eit breitt samansett utval som skal sjå på gutar og menns likestillingsutfordringar og gi regjeringa forslag til tiltak.

– Eg ser fram til å følgje Mannsutvalets arbeid og det er på høg tid å få satt gutar og menns utfordringar på agendaen, seier Trettebergstuen.