Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 3. oktober 2016

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Oljeprisen fall frå rundt 110 dollar per fat sommaren 2014 til under 45 dollar per fat sommaren 2016. Inntektene og lønnsemda i oljenæringa, og skatteinntektene til staten har gått ned. Det gir lågare investeringar og sysselsetjing i petroleumsrelaterte næringar, noko som igjen trekkjer ned veksten i fastlandsøkonomien. BNP for Fastlands-Noreg auka med 1,1 prosent i 2015. I 2015 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren 17 prosent av Noregs BNP, og statens netto kontantstraum frå oljeverksemda var 218 milliardar kroner.

Fallet i oljeprisen rammar Sør- og Vestlandet hardt. Regjeringa har støtta opp under sysselsetjinga i regionen, blant anna gjennom midlar til vedlikehald og investeringar.

Den økonomiske politikken gir no kraftige impulsar til norsk økonomi. Noregs Bank har sett ned renta til eit rekordlågt nivå. I byrjinga av september var den norske krona nesten 15 prosent svakare enn før oljeprisfallet. Saman med eit moderat lønnsoppgjer betrar det konkurranseevna. Også finanspolitikken bidreg til auka etterspørsel. I Revidert nasjonalbudsjett 2016 la regjeringa opp til ein bruk av olje- og fondsinntekter på 205,6 milliardar kroner. Det er ein betydeleg auke frå året før, noko som er med på å halde oppe veksten i ei krevjande tid. Nivået tilsvarer 2,8 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2016 og er dermed godt under retningslinja på 4 prosent.

Arbeidsløysa, målt ved Statistisk sentralbyrås arbeidskraftsundersøking (AKU), utgjorde i juli 5,0 pst., mot 4,3 pst. i juli 2015. Den registrerte arbeidsløysa har gått noko ned i 2016 og var 2,9 pst. i september (justert for sesongvariasjonar).

Eit breitt fleirtal på Stortinget har slutta seg til hovudtrekka i regjeringa sitt forslag til skattereform. Skattereforma vil gjere det meir lønnsamt å investere i norske arbeidsplassar og bidra til føreseielege vilkår for næringslivet.

Grøn skattekommisjon la fram si utgreiing i desember 2015. I tråd med semja om 2016-budsjettet er det etablert eit samarbeid med Kristeleg Folkeparti og Venstre i oppfølginga.

Produktivitetskommisjonen la fram den avsluttande rapporten sin i februar. Rapporten inneheld forslag som kan gi høgare produktivitetsvekst innanfor forsking og innovasjon, arbeidsmarknaden og offentleg sektor.

Rikets tilstand vert påverka av utviklinga utanfor Noregs grenser.

Noreg tek aktivt del i innsatsen mot terrorisme og i det førebyggjande arbeidet mot valdeleg ekstremisme.

Regjeringa har styrkt Noregs innsats i koalisjonen mot ISIL. Militært personell skal drive kapasitetsbygging av irakiske sikkerheitsstyrkar, og dessutan trening, rådgiving og operativ støtte til lokale grupper i Syria.

Noreg har vidareført bidraget til Resolute Support Mission i Afghanistan i 2016.

Noreg har også auka bidraga til FNs fredsbevarande operasjonar, mellom anna med eit militært transportfly i Mali.

Anneksjonen av Krim-halvøya og konflikten i Ukraina pregar framleis forholdet mellom Russland og vestlege land. På NATO-toppmøtet i Warszawa vedtok stats- og regjeringssjefane tiltak som vil styrke alliansens evne til kollektivt forsvar. Noreg har auka sine bidrag for å setje alliansen betre i stand til å løyse oppgåvene sine.

Vi ser ikkje nokon direkte militær trussel i nord. Regjeringa arbeider for å halde ved like Arktis som ein fredeleg og stabil region.

17. juni la regjeringa fram ein ny og ambisiøs langtidsplan for forsvarssektoren som vil bidra til å styrkje forsvarsevna.

Regjeringa vidarefører ein aktiv freds- og forsoningspolitikk, og har mellom anna lagt til rette for at partane i Colombia nyleg inngjekk ein historisk fredsavtale.

Vinteren 2016 bidrog Noreg til at Irans overskytande mengder av opprika uran vart erstatta med naturleg uran, slik at den historiske atomavtalen med landet kunne tre i kraft.

I 2016 auka regjeringa den totale humanitære innsatsen til nesten 5 milliardar kroner. Noreg tok initiativ til og var medarrangør av givarkonferansen for Syria i London, som resulterte i eit historisk høgt bidrag.

Den nye avtalen om EØS-finansieringsordningane for perioden 2014–2021 vart underteikna i mai.

For å sikre sentrale norske interesser vil regjeringa følgje prosessen mellom EU og Storbritannia etter den britiske folkerøystinga tett.

Året 2015 var eit vendepunkt for det globale klimasamarbeidet. Landa i verda samla seg om ein ny internasjonal traktat. Parisavtalen gir retning i arbeidet for å hindre farleg global oppvarming.

Det er innleidd ein dialog med EU om felles oppfylling av klimamåla for 2030.

I 2015 kom det totalt 31 145 asylsøkjarar til Noreg, det høgaste talet nokon gong. Av desse var 5 297 einslege mindreårige.

Fleire land innførte grensekontroll, og regjeringa innførte mellombels grensekontroll i november 2015. Deretter gjekk talet på asylsøkarar til Noreg markert ned. Talet på asylsøkjarar som har kome til Noreg så langt i 2016, er det lågaste sidan 1997. I 2015 transporterte politiet ut i overkant av 7 800 personar utan lovleg opphald.

Kommunane busette over 11 300 flyktningar i 2015. Dette er det høgaste busetjingstalet nokosinne. Regjeringa sin integreringspolitikk som vart lagd fram for Stortinget i mai 2016, byggjer på at dei som får opphald, raskt skal kome i arbeid. Kvar enkelt skal møtast med ei forventning om stor eigeninnsats. Integrering er eit samspel mellom mange partar – stat, kommunar, arbeidsgivarar og næringsliv og frivillige organisasjonar.

Landet rundt har det vore arbeidd for å finne gode løysingar for nye og sterkare kommunar. Den 1. oktober tok regjeringa imot tilrådingane frå fylkesmennene.

Stortinget har gitt tilslutning til regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem for kommunane frå 2017. Overordna mål med systemet er eit likeverdig tenestetilbod i heile landet.

Regjeringa har effektivisert og forenkla regelverk for plan- og byggjesaksprosesser.

Regjeringa har styrkt satsinga på næringsretta forsking og innovasjon. Dessutan har regjeringa lagt fram ein ambisiøs gründerplan, og det er løyvd 400 millionar kroner til gründerordningar.

Noreg er den nest største eksportøren av sjømat i verda. I 2015 vart det eksportert sjømat frå Noreg til ein verdi av 74,5 milliardar kroner.

Gjennomførte forenklingar, mellom anna digitalisering av offentlege tenester og nytt regelverk for offentlege innkjøp, er med på å gi innsparingar for næringslivet.

I mars la regjeringa fram melding om fosterheimsomsorga. Tema for meldinga er betre kartlegging av barna, fleire fosterheimar i nær familie og nettverk og betre oppfølging av fosterfamiliane.

I april la regjeringa fram ei familiemelding som løftar fram familien som den grunnleggjande eininga, byggjesteinen og verdiformidlaren i samfunnet.

Regjeringa følgjer opp strategien «Barn som lever i fattigdom» som vart presentert i mai 2015.

Aldri har det vore satsa meir på kvalitet i barnehagen. Løyvingane til kvalitetstiltak er auka med 120 millionar kroner.

Regjeringa følgjer opp Lærarløftet og bruker omtrent 1,2 milliardar kroner på vidareutdanning i 2016. Vidare arbeider regjeringa med å innføre nye, femårige grunnskulelærarutdanningar på masternivå frå 2017. Saman med ei rekkje andre tiltak vil dette gi eit løft for læraryrket.

Regjeringa sitt forslag til endringar i kyrkjelova for å omdanne Den norske kyrkja til eige rettssubjekt er vedteke og trer i kraft 1. januar 2017.

Etter tilslutning frå Stortinget vart det 1. januar 2016 innført ei insentivordning for film- og tv-produksjonar. Ordninga skal bidra til auka erfaring og kunnskap, stimulere til vekst og auka internasjonalt samarbeid i filmbransjen.

Regjeringa vil ruste Noreg med eit effektivt og moderne transportsystem. Arbeidet med å reformere veg- og jernbanesektoren har vore ført vidare i 2016. Auka trafikksikkerheit er prioritert.

Regjeringa vidarefører arbeidet med eit meir konkurransedyktig norsk landbruk. Gjennom jordbruksoppgjeret er det lagt til rette for auka matproduksjon.

Regjeringa arbeider vidare med å styrkje og fornye norsk politi og gjennomføre Nærpolitireforma.

Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan for kriminalomsorga. Vidare har regjeringa bygd nye fengselsplassar og leigd 242 fengselsplassar i Nederland for å auke kapasiteten.

1. desember 2015 vart det markert at det nye naudnettet er landsdekkjande og i bruk i heile Noreg. Dette er eit stort løft for samfunnssikkerheita.

Det er satsa betydeleg på helsetenesta. I november 2015 fekk Stortinget for første gong presentert ein nasjonal plan for utvikling av sjukehusa.

Sjukehusa hadde i 2015 eit positivt resultat på 2,7 milliardar kroner, om lag det same som året før.

Om lag 1,9 millionar pasientar fekk behandling ved somatiske sjukehus i 2015, ein oppgang på 2,5 prosent frå året før. Regjeringa innførte 28 pakkeforløp for kreft i 2015. Pakkeforløpa gir føreseielege og trygge forhold for pasientar og pårørande.

 

Overskotet på driftsbalansen overfor utlandet var på 270 mrd. kroner i 2015, ned 76 mrd. kroner frå 2014.

Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2014 til 2015 var på 2,8 pst. Lønnsoppgjeret i år peikar i retning av lågare lønnsvekst. Lønnsmoderasjon bidreg til å dempe dei negative verknadene som lågare etterspørsel frå oljenæringa har på sysselsetjing og arbeidsløyse. Konsumprisane var 3,5 pst. høgare i januar–juli i år enn i same periode i fjor.

Sjukefråværet har vore forholdsvis stabilt dei siste åra, og nivået er blant dei lågaste etter at IA-avtalen vart inngått. Eit av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 20 pst. frå 2001. Sjukefråværet i 4. kvartal 2014, som er siste samanliknbare observasjon før ei omlegging i statistikkgrunnlaget , var 11,5 pst. lågare enn i 2. kvartal 2001, justert for sesongvariasjonar. Andre talstorleikar for sjukefråværet indikerer at det ikkje har vore store endringar i fråværet i 2015. I 2016 reknar ein nå med litt lågare fråvær enn året før-.

Statens pensjonsfond hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av første halvår 2016 på 7 376 mrd. kroner, ein reduksjon på 297 mrd. kroner frå inngangen til 2016. Svingingane i finansmarknadene vore store gjennom denne perioden. Verdien av fondet kan svinge mykje i åra som kjem.

Ei langsiktig og god forvaltning legg til rette for at inntektene frå petroleumsressursane kan kome både dagens og framtidige generasjonar til gode. Behandlinga av meldinga om Statens pensjonsfond viser at det er brei politisk semje om forvaltninga av dei felles sparemidlane våre. Det er viktig, særleg når det er uro i marknadene.

Befolkninga i Noreg heldt fram med å vekse i 2015, men i eit lågare tempo enn åra før. Nettoinnvandringa gjekk klart ned i fjor, men er framleis på eit høgt nivå. I 2015 auka befolkninga med om lag 48 000 personar, og i underkant av to tredelar kjem av nettoinnvandring. Den sterke auken i tilstrøyminga av asylsøkjarar i andre halvår er i liten grad reflektert i tala, sidan asylsøkjarar først blir registrerte som innvandrarar når dei eventuelt får opphaldsløyve.

Det er framleis høg vekst i bustadprisane. I august var bustadprisane i gjennomsnitt 9,1 pst. høgare enn i august i fjor. Gjelda til hushalda aukar raskare enn inntektene. Dette aukar faren for finansielle ubalansar og tilbakeslag i norsk økonomi. Regjeringa la i fjor sommar fram ein strategi for bustadmarknaden med tiltak for ei meir berekraftig utvikling. Ifølgje Finanstilsynet gjekk bustadlån med belåningsgrad høgare enn 85 pst. ned frå 10 til 7 pst. frå hausten 2014 til hausten 2015.

Verdien av statens direkte eigarskap på Oslo Børs var 523 mrd. kroner ved utgangen av 2015. Samtidig var verdien av statens del av den bokførte verdien av unoterte selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapen, 121 mrd. kroner. For rekneskapsåret 2015 mottek staten om lag 30 mrd. kroner i utbytte frå selskapa staten har direkte eigardel i, nesten 6 mrd. kroner mindre enn for 2014.

Havet er fellesnemnaren for mange av dei viktigaste næringane i Noreg, målt i verdiskaping. Noreg er i verdstoppen på mange område innanfor skipsfart og maritim næring, petroleum og energi, og fiskeri og havbruk. I 2014 stod havnæringane til saman for over 250 000 arbeidsplassar og bidrog med om lag 850 mrd. kroner i verdiskaping. Det tilsvarer omkring 40 pst. av den totale verdiskapinga i næringslivet. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ein havstrategi og ei eiga stortingsmelding om kva rolle havet har i utanriks- og utviklingspolitikken.

Havet får stadig større merksemd internasjonalt, både som kjelde til mat og verdiskaping, og på grunn av aukande miljøutfordringar. Under den tredje Our Ocean-konferansen la USA, Noreg og ei rekkje andre land fram tiltak på område som berekraftig fiske, nedkjemping av havforsøpling og vern av havområde.

Lønnsoppgjeret i 2016 var eit hovudoppgjer. Avtalerevisjonane vart i all hovudsak løyste gjennom forhandlingar og mekling. Talet på konfliktar var lågt.

Dei aller fleste i Noreg arbeider under gode arbeidsforhold, men i enkelte delar av norsk arbeidsliv er det utfordringar knytte til sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.

Regjeringa føre vidare arbeidet med å gjere det vanskelegare for useriøse føretak å operere i byggje- og anleggsnæringa. Frå 1. januar 2016 vart det innført skjerpa krav til sentralt godkjende føretak. Føretaka kan òg synleggjere seriøsiteten sin gjennom frivillig å vise forsikringane sine o.l.

Regjeringa arbeider for eit seriøst og anstendig arbeidsliv og held fram med innsatsen mot arbeidslivskriminalitet gjennom felles myndigheitsinnsats, samarbeid med partane i arbeidslivet og vidare oppfølging av strategien mot arbeidslivskriminalitet.

I stortingsmeldinga om arbeids- og velferdsforvaltninga har regjeringa føreslått å styrkje og vidareutvikle tenestene til arbeidsgivarar, arbeidssøkjarar og personar med redusert arbeidsevne, for at fleire skal kome i arbeid. NAV-kontora skal få større handlingsrom og kunne velje sjølv om enkelte tenester skal kjøpast eller føregå i eigen regi. Det skal leggjast meir vekt på kvalitet og resultat av arbeidsmarknadstiltak enn på kor mange tiltaksplassar ein har.

Regjeringa har sendt på høyring forslag til endringar i trygderegelverket i lys av det høge talet på asylsøkjarar i 2015.

Vidare har regjeringa sendt på høyring forslag til ei rekkje endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar. Formålet er å få fleire i arbeid gjennom eit kortare stønadsløp med tettare oppfølging og auka kombinasjon med delvis arbeid.

Det er nedsett eit ekspertutval som skal gå gjennom hjelpemiddelpolitikken. Utvalet skal levere rapporten sin ved årsskiftet 2016/2017.

Etter forslag frå Regjeringa vedtok Stortinget 11. desember 2015 å auke grunnpensjonen til gifte og sambuande pensjonistar. Stortinget vedtok samtidig å auke minste pensjonsnivå til einslege alderspensjonistar.

Regjeringa prioriterer tiltak som fremjar arbeid, aktivitet og omstilling. Som ein del av tiltakspakken for auka sysselsetjing vart nivået på arbeidsmarknadstiltak styrkt med om lag 4000 plassar. Ungdom er prioritert ved tildeling av arbeidsmarknadstiltak. Tiltaksnivået vart styrkt ytterlegare i revidert nasjonalbudsjett for 2016.

Det vart gjort endringar i permitteringsregelverket for at bedrifter skal ha større sjanse til å halde på arbeidskrafta dersom dei står overfor ein mellombels periode med mangel på oppdrag. Vidare har regjeringa mellom anna lagt til rette for at fleire kan ta utdanning mens dei får dagpengar, og utvida moglegheita for at folk kan få dagpengar mens dei etablerer eiga verksemd.

Noreg tek aktivt del i innsatsen for å avverje nye terrorangrep. Regjeringa har auka samarbeidet på tvers av landegrensene, slik at det blir lettare å dele viktig informasjon.

FNs sikkerheitsrådsresolusjon 2249 påla alle medlemsland å vurdere om dei kan styrkje innsatsen i kampen mot ISIL i Irak og Syria. ISIL er under press både i Irak og Syria, og det er avgjerande at dette presset blir oppretthalde og forsterka.

Gjennom det siste året har Noreg arbeidd aktivt for å styrkje FNs rolle i arbeidet mot valdeleg ekstremisme.

NATO tek auka ansvar for stabilitet og kapasitetsbygging i nærområda til alliansen. Dette er avgjerande for å styrkje vår eiga sikkerheit og for å vise solidaritet med allierte som er trua av den ustabile utviklinga i Midtausten og Nord-Afrika.

Regjeringa legg eit langsiktig perspektiv til grunn i freds- og forsoningspolitikken sin, og støttar lokale, regionale og internasjonale tiltak for å skape varige politiske løysingar. Ingen valdelege konfliktar har enkle løysingar. Det er ikkje tilstrekkeleg å lindre symptoma. Vi må også bidra til å endre dei underliggjande årsakene.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å gjennomføre forpliktingane i Ikkjespreiingsavtalen fullt ut og for målet om ei verd utan kjernevåpen.

Noreg har også bidrege aktivt i arbeidet mot kjernefysisk terrorisme. I samband med Nuclear Security Summit i Washington fremja Noreg eit initiativ for å fase ut bruk av høgopprika uran i sivil sektor. Noregs atomsikkerheitssamarbeid med både Russland og Ukraina utgjer viktige ikkje-spreiingstiltak.

Regjeringa legg vekt på respekt for menneskerettane som eit utanrikspolitisk mål, og som eit middel for å oppnå varig utvikling og sikkerheit. Erfaringa viser at utviklinga blir svekt der demokrati og menneskerettar blir sette til side.

Noreg har det siste året utfordra det internasjonale samfunnet når det gjeld å styrkje posisjonen til menneskerettsforkjemparar og vernet om dei. Her oppnådde Noreg klare fleirtal for viktige vedtak både i FNs hovudforsamling og FNs menneskerettsråd. Desse må no setjast i verk.

Under givarkonferansen for Syria i London annonserte Noreg eit bidrag på 2,4 milliardar kroner i 2016, og på 10 milliardar kroner over fire år. Med dette bidraget er Noreg i år det femte største givarlandet til Syria.

Bistand er viktig, men utgjer samtidig ein avgrensa del av internasjonale kapitalstraumar. Han må derfor brukast betre med sikte på å utløyse ei anna og meir betydeleg finansiering til utviklingsformål. I mange tradisjonelle samarbeidsland støttar regjeringa ein overgang frå bistand til ein partnarskap basert på handel, investeringar og samarbeid innanfor teknologi, forsking og kultur.

Bistanden er gjord meir resultatorientert, og det er utvikla betre verktøy for analyse og risikovurdering. Talet på land som tek imot norske bilaterale midlar, er redusert. Det same gjeld talet på aktive avtalar, som er redusert frå 611801. juni 2015 til 4483 1. august 2016.

Statsministeren er ein av leiarane i FNs generalsekretærs pådrivargruppe for berekraftmåla. Noreg arbeider for å nå måla heime og bidra til dei felles globale måla om å utrydde ekstrem fattigdom og oppnå berekraftig utvikling.

Den globale kommisjonen for finansiering av utdanning, som Noreg har teke initiativet til, leverte sine tilrådingar i september.

Noreg har vore ein pådrivar både for initiativet for trygge skular og arbeidet med å styrkje finansieringa av utdanning i krise og konflikt.

Saman med Tyskland og Ghana har Noreg teke initiativ til at verda lærer av ebolautbrotet i Vest-Afrika og set i verk tiltak for å førebyggje og stoppe utbrot tidleg.

Noreg har vore i front når det gjeld å etablere ein ny global koalisjon som skal utvikle og produsere nye vaksinar som kan hindre framtidige epidemiar og pandemiar.

Det grøne klimafondet blir ein sentral kanal for finansiering av utsleppsreduksjonar og klimatilpassing i utviklingsland dei komande åra. Noreg har gitt tilsegn om 1,6 milliardar norske kroner for ein fireårsperiode og føretok første utbetaling i 2015.

Noreg er ein pådrivar for auka internasjonal merksemd og samarbeid om nordområdespørsmål. Dette er avgjerande for å få til ein god balanse mellom berekraftig bruk og vern i Arktis.

Dei åtte arktiske statane oppretta i 2015 eit kystvaktsamarbeid. Regjeringa ønskjer å føre vidare samarbeidet med Russland på område av gjensidig bilateral interesse.

Regjeringa sikrar Noregs lange tradisjonar som polarnasjon. Ho arbeider for at forsking og interesser i nord i aukande grad blir kopla med tilsvarande interesser i sør, både for å skape synergi og markere Noreg som polarnasjon med interesser i nord og sør.

Regjeringa arbeider for multilaterale handelsavtalar gjennom WTO for å skape stabile rammevilkår og like k    onkurransevilkår globalt. Gjennom EFTA har vi det siste året inngått frihandelsavtalar med Georgia og Filippinane. Noreg spela ei aktiv rolle som tilretteleggjar under WTOs ministermøte i Nairobi i 2015.

Verdshandelsorganisasjonen (WTO), supplert av EØS og EFTAs frihandelsavtalar, utgjer berebjelken i ein offensiv politikk for friare handel i tråd med Noregs interesser..

Stortinget samtykte 13. juni til at Noreg kan slutte seg til EUs finanstilsyn gjennom EØS-avtalen. Ettersom vedtaket innebar myndigheitsoverføring, var det nødvendig med tre firedels fleirtal etter Grunnlova § 115.

Dagens sikkerheitspolitiske situasjon har leidd til eit tettare samarbeid mellom dei nordiske landa i ramma av nordisk forsvarssamarbeid (NORDEFCO).

Dei nordiske og baltiske landa har innleidd samarbeid om støtte til reform av forsvarssektoren i NATOs partnarland, mellom anna personell til trening og opplæring i Georgia.

Som del av den faste militære aktiviteten er det ein omfattande trenings- og øvingsaktivitet i nord. Det er ei aukande interesse frå allierte for å øve og trene i vår region. Dette er i samsvar med norske sikkerheitspolitiske prioriteringar, og bidreg til å synleggjere alliert solidaritet i nærområda våre.

Det regjeringsoppnemnde Afghanistan-utvalet la i juni fram si utgreiing av Noregs samla sivile og militære innsats i Afghanistan.

Regjeringa har styrkt satsinga på personell og kompetanse i forsvarssektoren. 1. januar 2016 tredde den nye militærordninga med innføring av spesialistkorps i kraft. I sommar vart det første årskullet som var omfatta av verneplikt for både kvinner og menn, innkalla, og starta si teneste. Dette er to historiske og viktige reformer som òg bidreg til å styrkje den operative evna til Forsvaret.

Utslepp frå tropisk skog er omfatta av det nye klimaregimet. Vedtaket styrkjer den globale innsatsen for å redusere utslepp frå skog, og stadfestar kva skogen har å seie for at vi skal nå klimamålet. Den norske innsatsen gjennom klima- og skoginitiativet har vore ei viktig drivkraft bak vedtaket i Paris.

Under klimatoppmøtet kunngjorde regjeringa at regnskoginitiativet blir forlengt til 2030. Storbritannia og Tyskland auka sine bidrag for å redusere utslepp frå tropisk skog, m.a. som følgje av samarbeid med Noreg.

I desember 2015 la regjeringa fram ei melding om naturmangfald. Mangfaldet i naturen gir oss tilgang på alt frå mat og medisinar til byggjemateriale og gode opplevingar. Stortingsmeldinga skal bidra til at vi tek vare på naturen, til glede for noverande og framtidige generasjonar.

Regjeringa la i mars 2016 fram ei stortingsmelding om nytt bestandsmål for ulv og ulvesone. Endringane Stortinget vedtok, tredde i kraft i juni 2016.

I mars 2016 la regjeringa fram ei stortingsmelding om friluftsliv. Meldinga blir behandla hausten 2016. Friluftsliv er ei kjelde til betre helse og høgare livskvalitetRegjeringa vil derfor prioritere friluftsliv i nærmiljøet.

Regjeringa arbeider for ein meir effektiv og brukarorientert offentleg sektor. Fjerning av tidstjuvar, som kan vere utdatert regelverk, unødvendig rapportering eller tungvinne prosedyrar, er ein del av dette, og mange tiltak er gjennomførte.

Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Noreg presenterer IKT-politikken til regjeringa. Meldinga handlar òg om korleis IKT kan leggje til rette for innovasjon og konkurransekraft i næringslivet, og ho presenterer nasjonal plan for elektronisk kommunikasjon (ekomplanen). For første gong har ein no eit felles dokument som viser retninga for utviklinga av det digitale samfunnet, og korleis ein kan sikre utbygging av nødvendig infrastruktur for databaserte arbeidsplassar i Noreg.

Digitaliseringsrådet er etablert frå 2016 for å hjelpe statlege verksemder i å lykkast med digitaliseringsprosjekt, og å lære av kvarandre.

Frå 2016 er det etablert ei ny medfinansieringsordning for statlege digitaliseringsprosjekt. Dette er eit stimuleringstiltak for å auke digitaliseringstempoet.

Offentleg sektor sender årleg ut 40 millionar brev som kan digitaliserast. Dette kan på sikt spare 400 millionar kroner i porto, betre miljøet og gi auka sikkerheit. I juni 2016 hadde over 960 000 innbyggjarar digital postkasse, og i første halvår 2016 er det sendt ut ca. 1,3 millionar brev til digitale postkassar. Meir enn 200 offentlege verksemder sender post digitalt pr. juni 2016.

I plan- og byggjesaksprosessar fører digitale plandata, søknads- og saksbehandlingsverktøy og eit regelverk som understøttar digitalisering, til auka verdiskaping og produktivitet, raskare bustadbygging og betre kvalitet på det som blir bygd.

Husbanken digitaliserer søknads- og saksbehandlingssystema for bustøtte, lån og tilskot. Brukarane får betre tenester, og Husbanken sjølv sparer tid.

Gjennom Program for betre styring og leiing i staten er det sett i gang eit konkret forbetringsarbeid, særleg retta mot toppleiarar. Kjernen i programmet er å byggje ein sterkare kultur for samhandling, resultat og gjennomføring.

I 2016 har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) etablert eit felles innkjøpssenter for statlege forvaltningsorgan. Sentrale innkjøpsavtalar skal gi enklare og meir effektive innkjøpsprosessar og betre og gunstigare innkjøp.

Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei regionreform. Regjeringa arbeider med oppfølginga. Større folkevalde regionar kan ta eit tydelegare ansvar for samfunnsutviklinga ut frå eigne moglegheiter og fortrinn. Større regionar legg grunnlag for betre samhandling i forvaltninga.

I distrikts- og regionalpolitikken legg regjeringa vekt på verdiskaping som eit viktig grunnlag for busetjing og utvikling. Betre samferdselsløysingar og gode vilkår for næringsutvikling skal bidra til ei positiv utvikling i alle regionar. Ein samordna bustad-, areal- og transportpolitikk er viktig for å nå miljømåla til regjeringa. Det blir arbeidd med bymiljøavtalar i dei fire største byområda, der staten vil finansiere 50 pst. av store kollektivinfrastrukturprosjekt av nasjonal interesse. Det er viktig at det blir bygd nok bustader i dei viktige kollektivknutepunkta. Regjeringa arbeider derfor med å inngå byutviklingsavtalar for å følgje opp arealforpliktingane i bymiljøavtalane.

Det er sett i gang eit program for at heile landet skal få meir nøyaktige terreng- og høgdedata. Det har stor verdi for klimatilpassingsarbeidet, som kunnskapsgrunnlag for beredskap, ras og flaumsikring, for skog- og naturressursforvaltning og for sikker bustadbygging.

Torskebestanden i Barentshavet er framleis på eit høgt nivå. Eit langvarig samarbeid mellom kyststatane Noreg og Russland og gode klimatiske forhold er bakgrunnen for at vi har den største torskebestanden i verda. Andre bestandar er òg godt forvalta, og kvotane er stort sett høge. Regjeringa legg vekt på å ta vare på norske interesser i forhandlingane om fordelinga av enkelte pelagiske bestandar. Kampen mot fiskerikriminalitet og ulovleg, urapportert og uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa.

Regjeringa la hausten 2015 fram ei stortingsmelding med tiltak for å forenkle, auke fleksibiliteten og fremje samhandling i verdikjeda for sjømatproduksjon.

Som ein del av oppfølginga av meldinga sette regjeringa i mai 2016 ned ein pliktkommisjon som skal sjå på leverings-, tilverkings- og aktivitetsplikta i fiskerinæringa.

Regjeringa har innført utviklingskonsesjonar for å leggje til rette for utvikling av ny teknologi og realisere visjonen om betydeleg vekst i oppdrettsnæringa.

Som ein del av regjeringa sin tiltakspakke for auka sysselsetjing er det løyvd til saman 120 mill. kroner til vedlikehald og oppgradering av forskingsfartøy ved Havforskingsinstituttet. I tillegg har marin forsking vorte styrkt ytterlegare.

Regjeringa har sett i gang ei rekkje tiltak for å leggje til rette for innovasjon og omstilling i næringslivet. Løyvingane til verkemiddelapparatet er styrkte kraftig, blant anna med 350 mill. kroner gjennom regjeringa sin tiltakspakke for auka sysselsetjing. Rammevilkåra for Skattefunnordninga har vorte forbetra, og regjeringa anslo i budsjettet for 2016 2,6 mrd. kroner i skattefrådrag.

Regelrådet, som kom i gang i juni 2016, skal kontrollere at konsekvensane for næringslivet er tilstrekkeleg utgreidde når forslag til nye lover og forskrifter blir fremja.

Dei globale klima- og miljøutfordringane krev omlegging til meir berekraftig produksjon i næringslivet. Ordningar som miljøteknologiordninga er derfor styrkte, og verkemiddelapparatet legg vekt på miljø og berekraft i vurderingar av søknader.

Statistisk sentralbyrå har analysert innovasjonseffekten av utvalde innovasjonspolitiske verkemiddel, og konkluderer med at Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Skattefunn utfyller kvarandre på ein god måte.

Regjeringa utarbeider forsvarlege planar for framtidig nedbygging av dei norske atomreaktorane på Kjeller og i Halden, for handtering av brensel og ei ny oppbevaringsløysing for nukleært avfall.

Nytt regelverk om offentlege anskaffingar reduserer dei administrative byrdene både for oppdragsgivarane og næringslivet. Det blir stilt krav til at viktige samfunnsomsyn skal følgjast, som nedkjemping av arbeidslivskriminalitet, og omsyn til klima og miljø.

Reiselivsnæringa er viktig for Noreg og er i vekst. Reisemålsselskapa skal gjere det lettare for norsk reiseliv å tilby heilskaplege og attraktive reiselivsprodukt. Eit femårig prosjekt for å restrukturere reisemålsselskapa blir avslutta no.

I 2015 auka oljeproduksjonen svakt for andre år på rad, og i snitt vart det produsert 1,95 millionar fat per dag. Gassproduksjonen i 2015 var rekordhøg, han utgjorde totalt 115 milliardar Sm3, ein auke på 6 milliardar Sm3 sidan i 2014. Auken kjem i hovudsak av auka etterspørsel frå Europa. 83 felt er i produksjon, og ytterlegare åtte felt er under utbygging.

Aktivitetsnivået internasjonalt og på norsk sokkel har gått betydeleg ned dei to siste åra. Færre nye utbyggingsprosjekt og lågare kostnadsnivå og effektiviseringstiltak fører til lågare investeringsnivå. Investeringsanslaget for 2016 på over 135 milliardar kroner er likevel høgt i eit historisk perspektiv.

Tilgang til nytt, attraktivt leiteareal er ein føresetnad for å gjere nye betydelege funn og halde ved like verdiskaping, sysselsetjing og statlege inntekter på lang sikt. I den 23. konsesjonsrunden tildelte regjeringa ti nye utvinningsløyve til 13 selskap. Tre av løyva er i det nyopna området i Barentshavet søraust.

I samband med tildeling av utvinningsløyve i førehandsdefinerte område (TFO) 2015 vart det tildelt 56 utvinningsløyve til 36 selskap. Konsesjonsrunden i år i dei førehandsdefinerte områda, TFO 2016, vart lyst ut i mars.

Olje- og energidepartementet godkjende i 2015 planen for første byggjetrinn på Johan Sverdrup-feltet – eit av dei største industriprosjekta i Noreg på fleire tiår. Prosjektet sikrar betydeleg verdiskaping frå petroleumssektoren også i tida framover, og bidreg til sysselsetjing.

Regjeringa har styrkt forsking og miljøvennleg teknologiutvikling for olje- og gassindustrien betydeleg gjennom å auke budsjettet til DEMO 2000 med 150 millionar kroner.

2015 var prega av stort kraftoverskot og låge priser. Kraftproduksjonen var på 145 TWh, om lag 10 TWh høgare enn gjennomsnittet dei siste ti åra. Trass i eit rekordhøgt forbruk var det ein nettoeksport på 14,6 TWh. Den årlege systemprisen på kraft var 18,8 øre/kWh, den lågaste sidan byrjinga av 2000-talet. I 2015 vart det gitt løyve til utbygging av 3,7 TWh ny fornybar energiproduksjon, fordelt på 2 TWh vindkraft og 1,7 TWh vasskraft.

Stortinget behandla våren 2016 stortingsmeldinga om energipolitikken mot 2030. Hovudbodskapen i meldinga er at forsyningssikkerheit, klima og næringsutvikling må sjåast i samanheng for å sikre ei effektiv og klimavennleg energiforsyning.

I meldinga la regjeringa grunnlaget for framleis innsats gjennom Enova. Satsinga på klimaområdet blir styrkt. Overordna styring og langsiktig finansiering skal framleis vere viktige element.

Våren 2016 slutta Stortinget seg til regjeringa sitt forslag til endringar i lov om erverv av vassfall mv. Endringane styrkjer industriens moglegheiter til å oppnå langsiktig krafttilgang gjennom kraftuttak tilsvarande eigen eigardel, etter avtale med dei offentlege majoritetseigarane i vasskraftselskap. Endringane tredde i kraft 1. juli 2016.

Basert på lovforslag frå regjeringa seinhaustes 2015 gav Stortinget tilslutning til fleire endringar av energilova når det gjeld nettverksemd for elektrisitet.

I desember 2015 førte ekstremvêret Synne til skadar mange stader på Sør-Vestlandet. I revidert nasjonalbudsjett for 2016 vart det løyvd midler for å avverje og redusere ytterlegare skadar. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) arbeider framleis med sikringstiltak etter flaumen på Vestlandet hausten 2014.

Regjeringa har styrkt arbeidet med førebyggjande tiltak mot flaum- og skredskadar. For 2016 er det løyvd i overkant av 400 millionar kroner til formålet. Det mest effektive tiltaket for å unngå naturskadar er god arealplanlegging i kommunane.

Regjeringa har vidareført arbeidet med CO2-handtering. Det er utarbeidd ein intensjonsavtale om å forlengje satsinga på Teknologisenteret på Mongstad.

Barn som blir utsette for omsorgssvikt, har krav på vern. Regjeringa sette i november 2015 ned eit lovutval som har arbeidd med å modernisere og forenkle barnevernslova. Utvalet la fram sitt forslag til ny lov den 29. september.

I april 2016 sette regjeringa i gang forsøk i tre kommunar for å prøve ut auka kommunalt ansvar for barnevern, mellom anna større ansvar for fosterheimstilbodet. Regjeringa har òg sendt på høyring forslag til endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune på barnevernsområdet. Målet er auka tverrfagleg samarbeid, førebygging og tidleg innsats overfor utsette barn og familiar.

I november 2015 la regjeringa fram ei politisk erklæring mot hatefulle ytringar. Erklæringa forpliktar til innsats for å nedkjempe ytringar som spreier hat.

Hausten 2014 sette regjeringa ned eit utval som skal vurdere tiltak for å sikre at menneske med utviklingshemming får oppfylt grunnleggjande rettar. Utvalet la fram si innstilling 30. september i år.

Regjeringa vil sikre lesbiske, homofile, bifile og transpersonars rettar, bidra til openheit og aktivt motarbeide diskriminering. Det vart derfor lagt fram ein handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i juni.

For å sikre barna samvær med begge foreldra og dempe foreldrekonfliktar som rammar barna, fremja regjeringa i september ein proposisjon med forslag til endringar i barnelova. Forslaga har som formål å sikre det beste for barnet ved at fleire foreldre får foreldreansvar, ved å styrkje barns samvær med begge foreldra og å hindre at det blir vanskeleg å ha samvær.

Regjeringa sette hausten 2015 ned eit utval som skal gå gjennom måten det offentlege tenesteapparatet handterer saker der barn og ungdom har vorte utsette for grov vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt.

I desse dagar leverer Noreg sin femte og sjette rapport om gjennomføringa av Noregs forpliktingar etter FNs konvensjon om barns rettar. Det er utarbeidd ein eigen barnerapport med barn og unges synspunkt på korleis det er å vekse opp i Noreg.

Regjeringa har gitt fleire moglegheita til å gå i barnehage. Etter behandling i Stortinget er ordninga med gratis kjernetid for familiar med låg inntekt utvida frå 1. august 2016 slik at også treåringar er omfatta. Frå same tidspunkt har barn fødde i perioden 1. september til 31. oktober fått rett til plass frå fylte eitt år.

Regjeringa har fremja ei stortingsmelding som føreslår at faga i skulen blir fornya gjennom ei tydelegare prioritering, meir djupnelæring og betre fagleg progresjon for elevane. Det skal utarbeidast ein ny generell del til læreplanane, slik at det breie danningsoppdraget skulen har, får ein tydelegare plass i skulekvardagen.

Regjeringa har lagt fram forslag for å styrkje arbeidet mot mobbing. Det skal nytte for barn og unge å seie ifrå. Forslag om aktivitetsplikt for at skular skal handle raskt og effektivt i mobbesaker, og moglegheit for tvangsmulkt dersom plikta ikkje blir oppfylt, er sendt på høyring.

Til saman 5600 lærarar har fått tilbod om vidareutdanning frå hausten 2016. Matematikk, engelsk, norsk, samisk og teiknspråk er prioriterte, men det er tilbod også i ei rekkje andre fag. Regjeringa vidarefører arbeidet for betre karrierevegar for lærarar, mellom anna gjennom utprøving av funksjonen lærarspesialist.

Regjeringa vidarefører også betydelege løyvingar til ulike former for kompetanseutvikling for tilsette i skulen. Som ein del av realfagsstrategien til regjeringa fekk elleve nye kommunar status som realfagskommunar våren 2016. Regjeringa har utforma ein språk-, lese- og skrivestrategi for barnehage og skule, «Språkløyper», som er ein nasjonal strategi som skal styrkje norske barns og elevars ferdigheiter i språk, lesing og skriving.

Regjeringa er oppteken av å sikre god rekruttering til lærarutdanninga. Samtidig må kvaliteten hevast. Innføringa av eit forsterka karakterkrav ved opptak til lærarutdanninga må sjåast i lys av dette.

Stortinget har no vedteke regjeringa sitt forslag om å gi elevar på vidaregåande nivå eit friare skuleval.

Eit overordna mål for regjeringa er at kvar enkelt skal få kompetanse som dannar grunnlag for ei stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. I februar fremja regjeringa Meld. St. 16 Fra utenforskap til ny sjanse. Samordnet innsats for voksnes læring. Målet er å skape betre tilgang til opplæring for vaksne og eit betre grunnlag for samarbeid mellom utdannings-, integrerings- og arbeidsmarknadsmyndigheitene.

Saman med partane i arbeidslivet utarbeider regjeringa ein Nasjonal kompetansepolitisk strategi (NKPS).

Regjeringa la i juni fram Prop. 139 L (2015–2016) Lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner (yrkeskvalifikasjonslova), som regulerer godkjenning av yrkesutøvarar frå EØS-stat eller Sveits som ønskjer å utøve eit regulert yrke i Noreg. Endringane kan gjere det enklare for personar frå dei aktuelle landa å få godkjent yrkeskvalifikasjonane sine. Det same vil gjelde for norske borgarar som ønskjer å arbeide i ein annan EØS-stat.

I statsbudsjettet for 2016 vart langtidsplanen for forsking og høgare utdanning følgd opp med om lag 885 millionar kroner. Planen er det viktigaste prioriteringsverktøyet til regjeringa.

Totalt er det løyvd 32,7 mrd. kroner til FoU over statsbudsjettet i 2016 – ein realvekst på 4,3 pst. frå 2015 og ein del av BNP på 1,04 pst.

Frå 1. januar 2016 fusjonerte 12 statlege universitet og høgskular til fire nye institusjonar. Det har samtidig vore gjennomført samanslåingar av studentsamskipnadene som er knytte til desse institusjonane. Fire private institusjonar har også valt å slå seg saman.

Regjeringa har stilt strengare krav til institusjonar som vil bli universitet, og har også skjerpa krava for å etablere nye master- og doktorgradsprogram.

Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova) tredde i kraft frå 1.1.2016. Lova gir eit rettsleg rammeverk for norsk deltaking i europeisk samarbeid om forskingsinfrastruktur. Samarbeidet om storskala forskingsinfrastrukturar er ein viktig del av det europeiske forskingssamarbeidet som Noreg deltek i gjennom EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont 2020) og det europeiske forskingsområdet (ERA).

På bakgrunn av at Stortinget behandla nytt finansieringssystem for universitet og høgskular, har regjeringa arbeidd vidare med detaljering og implementering av systemet.

I 2015 er første del av rehabiliteringsprosjektet for Universitetsmuseet i Bergen sluttført. Det vart gitt startløyving til fase 2 av prosjektet i statsbudsjettet for 2016. Den nyrestaurerte Urbygningen ved NMBU vart offisielt opna våren 2016, og arbeidet med nybygg for veterinærmiljøa ved NMBU er i gang. Det blir òg arbeidd med å prosjektere nybygg for livsvitskap og for eit nytt vikingtidsmuseum ved Universitetet i Oslo.

Regjeringa har i 2016 vidareført løyvinga til bygging av studentbustader på same høge nivå som i 2015.

Aktiviteten innanfor vegbygging og vedlikehald er høg. For andre år på rad blir vedlikehaldsetterslepet redusert. Bygginga av ei rekkje prosjekt er starta opp. Fleire anlegg er opna for trafikk, m.a. E136 Tresfjordbrua, som korta inn E136 med om lag 13 km, E39 Harangen–Høgkjølen, som gir kortare og meir trafikksikker veg mellom Orkanger og Vinjeøra, og rv. 22 Lillestrøm–Fetsund, som aukar vegkapasiteten og gjer strekninga meir framkomeleg.

Det nye utbyggingsselskapet for veg, Nye Veier AS, har vore operativt sidan 1. januar 2016. Målet med selskapet er å oppnå meir heilskapleg, samanhengande og kostnadseffektiv utbygging av hovudvegnettet i Noreg. Det er inngått avtalar mellom staten og Nye Veier AS om utbygging av tre strekningar.

Bompengereforma skal bidra til at mest mogleg av det som blir kravd inn av bompengar, går til formålet, og at det er lett for bilistane å gjere opp for seg. Dette gjer ein mellom anna ved å redusere talet på selskap som står for innkrevjing av bompengar, frå over 50 i dag til fem regionale bompengeselskap.

I 2015 omkom 117 personar i vegtrafikken. Dette er svært låge tal i europeisk og global målestokk. Dei førebelse ulykkestala for dei sju første månadene av 2016 er høgare enn i 2015, men likevel lågare enn gjennomsnittet for dei ti siste åra. Løyvingane til jernbaneformål har auka dei siste åra. Ei rekkje tiltak for å auke transportkapasiteten i jernbanenettet og forbetre kvaliteten i togtilbodet er i gang.

Auka vedlikehaldsinnsats og eit styrkt rutetilbod har medverka til meir punktlege tog og auka persontrafikk. Våren 2016 oppnådde NSB AS det beste resultatet for kundetilfredsheit sidan målingane begynte. Også Flytoget AS kan vise til svært gode resultat på kundetilfredsheitsmålingane sine.

I 2015 var det 73,8 mill. passasjerar på jernbanen i Noreg. Dei siste fem åra har passasjerveksten vore på om lag 26 pst., og transportmengda for gods har auka med 16 pst., hovudsakleg som følgje av auka malmtransport på Ofotbanen.

Det er sett i gang ei rekkje aktivitetar for å implementere jernbanereforma, slik at konkurransegrunnlaget for dei første trafikkpakkane kan leggjast ut første halvår 2017. I februar 2016 vart Jernbanedirektoratet og Jernbaneinfrastrukturføretaket SF etablert.

I juni la regjeringa fram Meld. St. 35 (2015–2016) der det blir gitt ei oppdatert vurdering av arbeidet med førebyggjande sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining.

Luftkvaliteten i norske byar og tettstader har generelt betra seg dei siste åra når det gjeld svevestøv. For nitrogendioksid (NO2) er status og framskrivingar varierande. I norske byar blir både grenseverdiar og nasjonale mål framleis overskridne. For å gi kommunane fleire verkemiddel mot lokal luftforureining vil det verte fastsett ei sentral forskrift for kommunale lågutsleppssoner for bil. Kommunane er òg orienterte om dei eksisterande verkemidla dei sjølv rår over mot lokal luftforureining. Grenseverdiane for svevestøv er skjerpa frå 2016.

Ei ny og moderne postlov tredde i kraft 1. januar 2016. Lova legg til rette for gode posttenester over heile landet. Det er gjennomført ein konkurranse om å distribuere aviser i abonnement på laurdagar der det i dag ikkje er eit avisbodnett.

Antibiotikaresistens er ein raskt aukande trussel mot global helse. I dag døyr 700 000 menneske i verda årleg av resistente bakteriar. Innan 2050 kan dette talet auke til 10 millionar dersom vi ikkje greier å stoppe utviklinga. Utfordringa kan berre løysast gjennom eit styrkt internasjonalt arbeid. Eit av dei overordna måla i strategien mot antibiotikaresistens som regjeringa vedtok i 2015, er at Noreg skal vere ein pådrivar i internasjonalt arbeid for å styrkje ansvarleg bruk og utvikling av nye antibiotika. Dette er følgt opp av landbruks- og matministeren og helse- og omsorgsministeren, som har dette temaet øvst på sin agenda i ulike internasjonale forum.

Regjeringa har fremja ei stortingsmelding om vekst, verdiskaping og gründerskap som viser moglegheitene for å utvikle produkt og tenester med basis i landbruksressursar. Reindriftsavtalen legg til rette for auka økologisk berekraftved å stimulere til auka produksjon og slakting av rein.

–Som følgje av den store tilstrøyminga av flyktningar og migrantar hausten 2015 har regjeringa fremja to lovproposisjonar med forslag til innstrammingar i utlendingslova. Innstrammingane skulle setje Noreg betre i stand til å møte ein situasjon med høgt migrasjonspress, og som eit resultat vil det mellom anna bli stilt strengare krav for å få permanent opphald.

Stortinget har vedteke å innføre eit forbod mot bruk av barn som tolk. Forbodet gjeld all offentleg forvaltning som er omfatta av forvaltningslova.

Gjennom lovforslaget om skjulte tvangsmiddel har regjeringa sørgt for at politiet får betre metodar i kampen mot alvorleg kriminalitet. Nye reglar om tilrettelagde avhøyr av barn og andre særleg sårbare fornærma og vitne i straffesaker tredde i kraft i oktober 2015. Endringane styrkjer rettssikkerheita til barn og særleg sårbare vaksne.

I mai la regjeringa fram ei ny melding om Svalbard til Stortinget. Meldinga bekreftar at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast. Regjeringa vil vidareutvikle Svalbard ved å satse på forsking, reiseliv og anna næringsverksemd.

Kulturdepartementet har motteke ein rapport om alternative modellar for finansiering av NRK. Rapporten vil danne grunnlaget for regjeringa sitt forslag til framtidig finansieringsmodell for NRK, som skal leggjast fram for Stortinget innan utgangen av 2016.

ESA har godkjent regjeringa sitt forslag om nullmoms for elektroniske nyheitstenester. Fritaket tredde i kraft 1. mars 2016. Noreg er det første landet i Europa som innfører momsfritak for elektroniske nyheitsmedium, og eit betydeleg hinder for innovasjon i er fjerna.

Ungdoms-OL 2016 vart halde i tidsrommet 12.–21. februar. Kulturdepartementet har bidrege med om lag 250 mill. kroner til gjennomføring av arrangementet.

Rikskonsertane blir omlagde i 2016 for å ivareta det nasjonale ansvaret Den kulturelle skulesekken har for alle kunstuttrykk, og har skifta namn til Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg.

Det vart investert for over 8,3 mrd. kroner i bygg, utstyr og IKT i helsetenesta. Nytt sjukehus på Kalnes i Østfold vart ferdigstilt og teke i bruk. Sjukehuset har kosta 6,1 mrd. kroner og vart levert innanfor budsjett og tidsramme.

3. juni 2016 la regjeringa fram Meld. St. 34 (2015–2016) Verdier i pasientens helsetjeneste – Melding om prioritering. Her føreslo regjeringa prinsipp for prioritering som vil bidra til rettferdig tilgang til helsetenester og gi legitimitet til vanskelege avgjerder helsepersonell må ta kvar dag.

Nye lovreglar om plikt til å oppnemne kontaktlege i spesialisthelsetenesta tredde i kraft i haust. Ordninga gjeld for alvorleg sjuke pasientar, som vil få ein lovbestemt rett til å få oppnemnt kontaktlege.

Regjeringa har fremja forslag om å utvide retten til fritt behandlingsval til å omfatte private rehabiliteringsinstitusjonar som har avtale. Dette vil auke valfridommen for pasientane og mangfaldet i tilbodet.

I mai 2016 har regjeringa starta opp forsøk med statleg finansiering av omsorgstenestene i seks kommunar. I forsøket skal det prøvast om statleg finansiering gir riktigare behovsdekning og auka likebehandling på tvers av kommunegrensene.

Regjeringa har lagt fram Demensplan 2020 med mål om å skape eit meir demens-vennleg samfunn som tek vare på og integrerer personar med demens i fellesskapet, og å forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.

Regjeringa har lagt fram ein lovproposisjon om rett til heildøgns pleie og omsorg og sendt på høyring eit forslag om lovfesting av kompetansekrav i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Regjeringa har fremja forslag om etablering av eit nytt kommunalt pasient- og brukarregister som skal gi betre kunnskap om dei kommunale helse- og omsorgstenestene for å betre tilbodet til brukarane, styring, planlegging o.a.

Regjeringa har lagt fram ein opptrappingsplan for rusfeltet som proposisjon til Stortinget. Proposisjonen gir oversikt over hovudutfordringane på rusfeltet og legg opp både kortsiktige og langsiktige strategiar for å møte dei.

Regjeringa har lagt fram eit forslag om endringar i lov om psykisk helsevern. Endringane gir auka sjølvbestemming og rettssikkerheit for pasientane.

Regjeringa har lagt fram eit forslag til lov om endring av juridisk kjønn. Lova gir kvar enkelt rett til å velje juridisk kjønn, utan krav om medisinske inngrep.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for eit meir aldersvennleg samfunn for aktive eldre.

Regjeringa har lagt fram forslag som på visse vilkår opnar for sal av drikk med over 4,7 volumprosent alkohol direkte frå produsent. Små produsentar av alkohol kan dermed drive sal av desse produkta som ei binæring.

Regjeringa har lagt fram lovforslag om innføring av standardiserte tobakkspakningar og gjennomføring av EUs nye tobakksdirektiv. Dei føreslåtte tiltaka vil bidra til å gjere tobakksvarer mindre attraktive, og ta oss eit skritt nærmare målet om ein tobakksfri ungdomsgenerasjon.

Forskings- og innovasjonsstrategien HelseOmsorg21 vart ferdigstilt i juni 2014. Målet med strategien er å fremje ein målretta og heilskapleg innsats i verdikjeda frå forsking til innovasjon og kommersialisering. I november 2015 la regjeringa fram ein handlingsplan med 40 tiltak for å følgje opp strategien.

Gitt på Oslo Slott 30. september 2016

Under Vår hånd og riksseglet

 

 

Til toppen