Statsbudsjettet 2023

21 millionar kroner til helsekartlegging i barnevernet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

På barnevernsområdet i statsbudsjettet for 2023, prioriterer regjeringa tverrfagleg helsekartleggjing, ideelle aktører, kvalitet i kommunane og rettstryggleiken til barn og foreldre.

– Barn og familiar skal møte eit barnevern som gir dei eit trygt og godt tenestetilbod. Gode velferdstenester i heile landet er avgjerande for å gi folk tryggleik i kvardagen. Derfor prioriterer vi velferdstenestene i dette budsjettet. Regjeringa føreslår fleire løyvingsaukar for å styrkje hjelpa til barn og familiar som har behov for hjelp frå barnevernet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). 

Meir pengar til helsekartlegging

Årleg flytter barnevernet om lag 2000 barn ut av heimen. Desse barna kan ha opplevd overgrep og omsorgssvikt og har ofte store udekt behov for helsehjelp. 

Regjeringa føreslår å løyve 21 millionar kroner til utviding av tilbod om tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet. Tverrfagleg helsekartlegging er viktig for at barn og unge i barnevernet skal få treffsikker og god hjelp, både frå helsevesenet og barnevernet. Meir treffsikker hjelp skal bidra til å redusera risikoen for brot i plasseringar i fosterheim og institusjon for barnet.

– Det er viktig at tilbodet blir utvida så snart det lar seg gjere på ein god måte, slik at flest mogleg av barna i målgruppa kan få ei kartlegging og at lovheimelen om ei kommunal plikt til å be om helsekartlegging blir sett i kraft, seier Toppe.

Eit betre barnevern

Den nye barnevernslova, som skal tre i kraft 1. januar 2023, skal mellom anna styrkje det førebyggande arbeidet, medverke til betre barnevernsfagleg arbeid og styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre. Den auka løyvinga på 37,8 millionar kroner skal mellom anna dekka skjerpte krav til samværsplanar, som er ei oppfølging av dommane frå den Europeiske Menneskerettighetsdomstolen (EMD).

Styrkjer kompetansen og aukar kvaliteten

Regjeringa vil legge til rette for auka bruk av ideelle aktørar og redusere kjøp frå kommersielle aktørar, og føreslår derfor 10 millionar kroner til å ytterlegare styrkje barnevernsinstitusjonar drivne av ideelle aktørar.

Regjeringa føreslår òg 25 millionar kroner til ei tiltakspakke for å auke kvaliteten i kommunalt barnevern. Midla skal gå til

  1. utvikling av eit lågterskel opplæringsprogram for nye barnevernleiare om leiarrolla.
  2. eit program om internkontroll til samtlege barnevernsleiarar.
  3. ein ny vidareutdanning for barnevernsleiarar.
  4. å styrkje oppfølginga statsforvaltarane gjer av kommunanes styring og leiing av barnevernet.
  5. å styrkje kommunale rettleiingsteam.
  6. å utvida den geografiske spreiinga av det spesialiserte hjelpetiltaket multisystemisk terapi (MST).

Lågare aktivitet

Aktiviteten i det statlege barnevernet er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Som følgje av færre barn i det statlege barnevernet justerer vi utgiftene ned med om lag 280 millionar kroner. Lågare aktivitet gjer òg at utgiftene kommunane har til statlege tiltak blir reduserte. Kommunane blir kompenserte for auka ansvar som følgje av barnevernsreforma. Regjeringa føreslår å auke kompensasjonen med om lag 0,5 milliardar kroner i 2023. Det er noko lågare enn tidlegare berekna, som følgje av lågare etterspurnad frå kommunane om statlege tiltak. I eit stramt budsjettår er det viktig å nedjustera finansieringa etter behov.