926,1 millionar kroner til kulturformål frå speleoverskotet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Tilskot av spelemidlane som går til kulturfrivilligheit og andre kulturformål, er høgare enn nokon gong. Dette bidreg til endå meir kulturaktivitet som gir betre vilkår for mangfald og inkludering i heile landet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

– Vi vil ha eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur. Barn og ungdom som spelar i korps, syng i kor, spelar i band eller spelar teater er blant dei som nyt godt av desse tilskota. Vi styrker no Den kulturelle skulesekken, dei når alle barn og unge og er det største tiltaket i tildelinga, seier Trettebergstuen.

Overskotet frå speleverksemda i Norsk Tipping AS blir kvart år fordelt til ulike formål. Det blir mellom anna fordelt 64 prosent til idrettsformål og 18 prosent til kulturformål, i tråd med § 10 i pengespillova. 

Fordelinga av spelemidlar til kulturformål (beløp i kroner):

Tiltak – kulturformål

Fordeling 2022

Den kulturelle skulesekken

310 000 000

Frifond

190 000 000

Gåveforsterkingsordninga

70 000 000

Regionale kulturbygg

56 250 000

Bibliotektiltak

49 700 000

Kulturrom

46 050 000

Instrumentfondet

30 000 000

Museumstiltak

25 750 000

Amatørteatertiltak

23 000 000

Nasjonale musikkorganisasjonar

21 930 000

Arkivtiltak

12 300 000

Aktivitetsmidlar for kor

12 100 000

Ungdom og Fritid – aktivitet for ungdom

11 000 000

Scenekunsttiltak

10 000 000

Studieforbud

9 380 000

Folkeakademienes Landsforbund

8 925 000

Frivillighetens år 2022

6 000 000

Krafttak for sang

5 610 000

Skeivt kulturår 2022

5 000 000

Historiske spel

4 100 000

Ordningar for kordirigenter

3 250 000

Norske kirkeakademier

2 190 000

Midlar til fordeling seinare i 2022

13 543 000

Totalt

926 078 000