Enklare reglar ut på høyring

– Det er viktig for oss å få kaste lys over forslaga om enklare reglar for offentlege innkjøp så godt og breitt som råd er, seier næringsminister Monica Mæland.

Rapporten «Enklere regler – bedre anskaffelser» frå Forenklingsutvalet er no send ut på høyring.

Sjekk status for høyringa her.

– Eg oppmodar alle aktørar som dette vedkjem å komme med sine innspel og synspunkt. Det er viktig i arbeidet vårt med å følgje opp Forenklingsutvalet, seier næringsminister Monica Mæland.

Utgreiinga inneheld forslag til eit nytt og forenkla norsk innkjøpsregelverk.

– Dårlege offentlege innkjøp kostar både staten og næringslivet dyrt. Regjeringa arbeider no med å forenkle reglane. Forenklingsutvalet hjelper til med viktige innspel i dette arbeidet, seier Mæland.

Les også: Forenklingsutvalgets rapport overlevert til Mæland.

Vil du lese rapporten?