Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 2. oktober 2014

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Krisa i Ukraina har endra det tryggingspolitiske landskapet i Europa. Russland har gjennom sine folkerettsstridige handlingar brote grunnprinsipp for mellomstatleg samkvem. Noreg har saman med våre allierte i NATO og i nært samråd med partnarane våre i EU, fordømt den ulovlege anneksjonen av Krim og vedteke restriktive tiltak mot Russland på same linje som EU. Tiltaka er ein tydeleg internasjonal reaksjon på Russlands uakseptable handlemåte i og rundt Ukraina. Regjeringa har også vedteke å trappe betydeleg opp støtta både til Ukraina og til -Moldova og Georgia.

Noreg har så langt i 2014 bidrege med totalt 750 mill. kroner i tilknyting til den humanitære kata-strofen i Syria, den største i vår tid. Hovud-delen av dette er humanitær hjelp. Noreg har i samband med dette auka innsatsen til nøkkel-sektorar i nabolanda Libanon og Jordan for å motverke presset på infrastrukturen i desse landa etter at dei har teke i mot millionar av flyktningar frå Syria. I tillegg tek Noreg imot 1000 syriske overføringsflyktningar.

Saman med Danmark og andre partnarar har Noreg hjelpt det internasjonale samfunnet med å fjerne og destruere Syrias deklarerte lager av kjemiske våpen. Aldri før har arsenalet av masse-øydeleggingsvåpen i eit land blitt fjerna på ein tilsvarande måte.

Regjeringa la i juni fram ein strategi for samarbeidet med EU og partnarane våre i Europa. Det er i norsk interesse å komme med innspel på felles-europeiske spørsmål på eit så tidleg tidspunkt som mogleg.

Nordområda er Noregs viktigaste utanriks-politiske interesseområde. Regjeringa har med auka vekt på kunnskapsdriven næringsutvikling innleidd eit nytt kapittel i nordområdesatsinga.

Regjeringa held internasjonal bistand oppe på eit høgt nivå, og Noreg er blant dei største bidrags-ytarane. Målet for Regjeringa er ein effektiv utviklingspolitikk som gir resultat.

Internasjonal økonomi er framleis prega av finans-krisa. Arbeidsløysa er framleis høg, særleg i euroområdet der over 11 pst. av arbeidsstyrken er utan arbeid.

Norsk økonomi står i ei gunstig stilling samanlikna med situasjonen hos mange av handelspart-narane våre. Sysselsetjinga har halde fram med å vekse i 2013 og i første halvår i år, og arbeidsløysa held seg låg. Prosentdelen sysselsette har halde seg om lag uendra. Arbeidsløysa, målt ved Statistisk sentralbyrås arbeidskraftundersøking, var 3,3 pst. i juni i år, korrigert for sesongvariasjonar. I fjor auka BNP for Fastlands--Noreg med 2 pst., som er noko under gjennomsnittet for dei siste 40 åra. Aktivitetsnivået i fastlandsøkono-mien er likevel klart høgare enn før finanskrisa.

Samtidig er heller ikkje norsk økonomi fri for utfordringar. Kostnadsnivået i Noreg er komme opp på eit høgt nivå. Det gjer situasjonen krevjande for fleire utekonkurrerande næringar. Investeringane i bedrifter på fastlandet har vore låge i fleire år, og vi ser no at også investeringane innanfor petro-leumsnæringa går ned. Veksten i produktiviteten har dei siste åra vore under det vi har vore vane med.

Budsjettpolitikken og pengepolitikken må verke saman for å bidra til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Både i Noreg og internasjonalt er renta blitt halden på eit lågt nivå dei seinare åra. Regjeringa la i Revidert nasjonalbudsjett 2014 opp til ein bruk av oljepengar, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet, på 140,9 mrd. kroner i år. Det tilsvarer 2,8 pst. av verdien av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2014. I tillegg til kor mykje oljepengar som blir brukt over budsjettet, har Regjeringa lagt vekt på at bruken skal styrkje vekstevna i norsk økonomi. Derfor er løyvingane til infrastruktur og kunnskap blitt auka, og skattar er blitt reduserte.

Regjeringa oppnemnde i februar i år ein kommisjon som skal kartleggje årsakene til svakare produktivitetsvekst og leggje fram konkrete forslag som skal styrkje produktiviteten og vekstevna i norsk økonomi.

Petroleumssektoren er ei viktig næring for Noreg. Oljeprisen har halde seg stabilt høg også i 2013. Verdien av norsk olje- og gassproduksjon i 2013 var på om lag 604 mrd. kroner. Verksemda i sektoren utgjorde 22 pst. av Noregs brutto nasjonalprodukt. Nettokontantstraumen til staten frå petro-leumsverksemda var på om lag 345 mrd. kroner i 2013.

Noreg er verdas nest største eksportør av sjømat, og eksporterte i 2013 sjømat til ein verdi av 61,5 mrd. kroner. Om lag 60 pst. av den norske sjømateksporten går til EU. Sjømatnæringa har merka konsekvensane av Russlands importforbod. Myndigheitene har sett i verk tiltak for å hjelpe dei hardast råka.

Fleire departement er involverte i eit omfattande forenklingsarbeid for næringslivet, og ei rekkje tiltak er gjennomførte. Regjeringa arbeider blant anna med å foreslå omfattande forenklingar i regel-verket for offentlege innkjøp.

Regjeringa har prioritert program som bidreg til at norske bedrifter satsar meir på forsking og innovasjon. SkatteFUNN-ordninga og BIA-programmet er styrkt betydeleg, dei to første Global Centres of Expertise er etablerte, i tillegg til satsing på kommersialisering av forskingsresultat og auka etablerartilskott.

Regjeringa har gjennom årets jordbruksoppgjer lagt opp til ei nødvendig og framtidsretta kursendring i landbruket, som skal bidra til auka matproduksjon, rekruttering til næringa og eit landbruk over heile landet.

Stortinget har slutta seg til hovudtrekka i -Regjeringas kommunereform. Reforma vil leggje til rette for eit betre og meir likeverdig tenestetilbod i heile landet, og styrkje lokaldemokratiet ved at større kommunar får fleire oppgåver og meir ansvar.

Regjeringa har notifisert eit nytt verkeområde for ordninga med distriktsretta investeringsstøtte. Det er vidare notifisert eit utvida verkeområde for differensiert arbeidsgivaravgift. Regionar som blir råka av nye sektoravgrensingar får kompensasjon mellom anna gjennom ekstraordinære investe-ringar i samferdselstiltak.

Regjeringa har som mål å effektivisere plan- og byggjesaksprosessen. Forenklingar i byggjesaksdelen av plan- og bygningslova blei vedtekne i juni 2014. Regjeringa har også lagt fram forslag om forenklingar i plandelen av lova, og har sett i gang arbeidet med å forenkle forskriftene.

Regjeringa har det siste året arbeidd med å følgje opp og forsterke klimaforliket. Regjeringa har varsla at ho vil styrkje Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging utover det nivået som var lagt til grunn i klimaforliket. I samband med den årlege meldinga til Stortinget om Statens pensjonsfond, la Regjeringa opp til å auke investeringane i fornybar energi gjennom å auke rammene for dei miljørelaterte investeringsmandata.

Regjeringa har sett ned ein Grøn skattekommisjon der hovudmålet er å vurdere om og korleis ei grøn skatteomlegging kan gi lågare utslepp av klima-gassar, betre miljø og dertil ei god økonomisk utvikling.

Regjeringa er oppteken av kompetanse for dagens og framtidas behov. Regjeringa har derfor satsa på kunnskap gjennom auka løyvingar til forsking og utdanning og gjennom tilslutning til EU-program om forsking og innovasjon. Det er sett i gang eit storstilt løft for etter- og vidareutdanning av lærarar. Regjeringa legg vekt på å styrkje kompetansen til lærarane i matematikk og naturfag.

Regjeringa har begynt arbeidet med å modernisere og fornye transportsystemet. Stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014-2023 blir følgd opp gjennom auka løyvingar til veg, sjøtransport og jernbane, for investeringar og drift og vedlikehald.

Det har vore satsa betydeleg på helsetenesta det siste året, og fleire får behandling. Om lag éin million pasientar blei behandla ved somatiske sjuke-hus i 1. tertial 2014. Det er ein auke på 2,4 pst. frå same perioden i 2013. Dei regionale helseføretaka er bedne om å gjere meir bruk av private i 2014, for å redusere ventetidene.

Regjeringa har gjeninnført den gylne regelen om at veksten innanfor rusbehandling og psykisk helsevern kvar for seg skal vere større enn veksten innanfor somatikk.

Regjeringa har halde fram med moderniseringa av Forsvaret i tråd med gjeldande langtidsplan, og under dette arbeidet blir det prioritert å styrkje den operative evna i Forsvaret.

Forsvarssektoren held fram med å gjennomføre tiltak for å styrkje evna til å støtte politiet og andre sivile styresmakter. Det er etablert eit felles kontraterrorsenter mellom Politiets tryggings-teneste og Etterretningstenesta.

Regjeringa la i juni 2014 fram «Handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme», med særleg vekt på førebyggjande innsats på tvers av fagområde og samfunnssektorar.

I 2014 blei det uteksaminert om lag 350 fleire politistudentar frå Politihøgskolen enn avgangen frå etaten, og per 30. juni 2014 var 94,5 pst. av dei studentane som hadde bestått eksamen i 2013, i arbeid.

Vidare er det i 2014 løyvt 100 mill. kroner til fleire sivile stillingar for å frigjere politiårsverk til meir politioperativt arbeid. Det skal bidra til at politiet i større grad kan bruke ressursane på kjerneoppgåvene sine.

Regjeringa har lagt opp til ein moderne og offensiv litteraturpolitikk til beste for forfattarar, lesarar og utviklinga av litteraturen. Ny bokavtale trer i kraft 1. januar 2015 og vil vare i to år.

Det frivillige arbeidet er ein berebjelke i lokalsamfunna og er med på å skape meir robuste felles-skap. Regjeringa har betra rammevilkåra for frivillig sektor; skattefrådraget for gåver til frivillig sektor er auka frå 12 000 til 16 800 kroner i 2014.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for at busetjinga av personar som har fått innvilga asylsøknad, skal gå raskare. Integreringstilskottet til kommunane og tilskottet til utleigebustader er auka. Det er inngått ei ny samarbeidsavtale om busetjing mellom staten og KS.

Barn og familiar er forskjellige. Regjeringa har derfor endra foreldrepengeordninga slik at permisjonen lettare kan tilpassast ønske og behov i kvar enkelt familie. I tillegg er kontantstøtta auka for dei minste barna.

Regjeringa har styrkt satsinga på barnevernspedagogutdanninga og kompetansen blant dei barnevernstilsette i undersøkingssaker. Vidare legg Regjeringa stor vekt på tiltak som bidreg til at barnevernsbarna får eit betre tilpassa skoletilbod.

17. mai 2014 var det 200 år sidan Grunnlova blei vedteken av riksforsamlinga på Eidsvoll. 200-årsjubileet for Grunnlova har vore markert over heile landet og har formidla kunnskap om Grunnlova og den betydning ho har hatt for det norske folke-styret.

Befolkninga i Noreg heldt fram med å vekse i 2013, i hovudsak som følgje av stor nettoinnvandring. Oppgangen i fjor på 58 000 personar var likevel noko mindre enn i dei føregåande fem åra. I underkant av 70 pst. av befolkningsveksten i fjor kom frå nettoinnvandring.

Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av 2. kvartal 2014 på 5 661 mrd. kroner. Det tilsvarer ein auke på 456 mrd. kroner frå inngangen av året. Resultatet gjennom fjoråret og så langt i 2014 reflekterer den gode utviklinga i aksjemarknaden.

Regjeringa kom i juni med framlegg til ny lov om finansføretak og finanskonsern. Lovframlegget inneber ei omfattande modernisering og samordning av norsk finanslovgiving.

Regjeringa har avvikla arveavgifta frå 2014. Arveavgifta er fjerna for gåver som blir gitt og arv etter dødsfall som skjer 1. januar 2014 eller seinare.

Kronekursen, målt ved konkurransekursindeksen, svekte seg med 3 pst. i 2013. I august i år var krona 1 pst. sterkare enn ved inngangen til 2014. Spotprisen på råolje var i august i år på om lag 103 amerikanske dollar per fat, mot 110 dollar per fat i august i fjor.

Konsumprisane var 2 pst. høgare i januar–august i år enn i den same perioden i fjor.

Driftsrekneskapen overfor utlandet viste eit overskott på 334 mrd. kroner i 2013. Det var 84 mrd. kroner mindre enn året før. Om lag halvparten av reduksjonen i overskottet skuldast mindre inntekter frå eksport av olje og gass.

Fallet i norsk oljeproduksjon har flata ut. I 2013 var oljeproduksjonen på om lag 1,8 mill. fat olje per dag, og det er venta at produksjonen vil halde seg på dette nivået dei nærmaste åra. Målt i oljeekvivalentar er oljeproduksjonen og gassproduksjonen no omtrent like store. Gass-salet viser ein aukande trend. I 2013 var norsk gasseksport på om lag 107 mrd. standardkubikkmeter (Sm3).

Det er framleis høg aktivitet i petroleumsnæringa. Ni nye utbyggingsplanar er behandla i 2013 og til no i 2014, og det er no 18 prosjekt under utbygging på norsk kontinentalsokkel. I januar 2014 blei det sendt ut tilbod om partar i 65 nye utvinningsløyve til 48 selskap i samband med tildeling i førehandsdefinerte område. Den petroleumsretta leverandørindustrien er ei stor næring i Noreg. Industrien omsette for 460 mrd. kroner i 2012, og av dette var 40 pst. internasjonalt. I 2012 var 126 000 direkte sysselsette i leverandørindu-strien.

Samla elektrisitetsproduksjon var om lag 134 TWh i 2013. Det er 9,2 pst. lågare enn rekordåret 2012. Elektrisitetsforbruket var om lag 129 TWh i 2013. Det er også stor aktivitet i konsesjonsbehandlinga. Det blei i 2013 gitt konsesjon til vasskraft- og vindkraftprosjekt som vil kunne gi ein samla årleg produksjon på 5,3 TWh.

Elsertifikatordninga legg til rette for omfattande utbygging av fornybar energi i Noreg. Denne felles norsk-svenske støtteordninga skal bidra til å auke produksjonen av fornybar kraft i Noreg og Sverige. I 2013 blei anlegg med 3 TWh samla produksjonskapasitet sette i drift i Noreg og Sverige under ordninga.

Enova har inngått nye avtaler om fornybar energiproduksjon, energieffektivisering og konvertering og utvikling av ny energi- og klimateknologi som tilsvarer om lag 1,4 TWh per år i 2013.

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2014 blei det vedteke at prosjektet for fullskala karbonfangst på Mongstad skulle avsluttast, og 30. april 2014 inngjekk staten og Statoil ei avtale om avvikling. Aktiviteten ved Teknologisenteret på Mongstad, TCM, har vore halden oppe i heile perioden.

Regjeringa la i juni 2014 fram ei stortings-melding om den direkte eigarskapen til staten. Regjeringa ønskjer eit mangfaldig og verdiskapande eigarskap som bidreg til å styrkje konkurransekrafta i norsk næringsliv og økonomi.

Noreg er ein betydeleg maritim nasjon. I 2012 utgjorde eksport av varer og tenester frå den maritime klynga 220 mrd. kroner. Det utgjorde i underkant av 20 pst. av norsk eksport av varer og tenester. Maritim sektor er med dette Noregs nest største eksportsektor, etter olje og gass.

I 2013 kontrollerte norske reiarlag 2,85 pst. av verdsflåten, og Noreg var verdas 9. største skipsfartnasjon målt i tonnasje. Noreg er på 6. plass målt i talet på skip.

Regjeringa sette i mars 2014 ned eit utval for å vurdere konsekvensane av ei eventuell oppmjuking av fartsområdeavgrensingane i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS), og innretninga av nettolønnsordninga. Utvalet leverte si instilling i september 2014.

Verdien av den direkte eigarskapen staten har på Oslo Børs, var 552 mrd. kroner ved utgangen av 2013. Statens del av den bokførte verdien av dei unoterte selskapa, der eit av måla med eigarskapen til staten er forretningsmessig drift, var 113 mrd. kroner. Det gir eit samla verdioverslag for den direkte eigarskapen til staten på 664 mrd. kroner for dei til saman 26 selskapa der staten har forretningsmessige mål med eigarskapen.

For rekneskapsåret 2013 mottok staten i 2014 totalt 29,9 mrd. kroner i utbytte frå selskapa der staten er eigar. Av dette utgjer utbyttet frå dei børsnoterte selskapa 26,9 mrd. kroner. Det totale utbyttet frå selskapa er 1,2 mrd. kroner høgare enn førre rekneskapsår.

Torskebestanden i Barentshavet er på eit historisk høgt nivå. Eit langvarig, godt samarbeid med Russland i fiskeriforvaltninga og i kampen mot ulovleg fiske, og i tillegg gode klimatiske forhold, er bakgrunnen for at vi har verdas største torskebestand. Andre bestandar er også godt forvalta, og kvotane er høge.

I mars 2014 inngjekk Noreg, EU og Færøyane ei trepartsavtale om forvaltninga av makrell.

Kampen mot fiskerikriminalitet og ulovleg, urapportert og uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa, og ei rekkje tiltak er blitt gjennomførte nasjonalt, regionalt og globalt.

Regjeringa ønskjer at fiskarane skal ha eit enkelt regelverk å halde seg til, og har gjennomført fleire forenklingstiltak på reguleringssida. I 2014 blei det tildelt 45 nye laksekonsesjonar med strenge miljøkrav knytte til lakselus og rømming, såkalla «grøne konsesjonar». Regjeringa vil føre ein politikk for langsiktig og forsvarleg vekst i oppdrettsnæringa, som ligg fast over tid og som også tek omsyn til miljøutfordringane.

Det er skrive kontrakt om bygging av eit nytt isgåande forskingsfartøy, «Kronprins Haakon».

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å utvikle ny reiselivspolitikk. I samband med dette arbeidet er det bestilt ein verdiskapingsanalyse for reiselivsnæringa i Noreg, som skal leverast innan utgangen av 2014.

Kunnskapsinnhentinga om verknader og ringverknader av auka satsing på verdiskaping knytt til mellom anna reiselivs- og fiskerirelatert verksemd i Nord-Noreg, jf. Meld. St. 10 (2010–2011), fekk levert ei rekkje utgreiingsrapportar i 2013, mellom anna sektorovergripande rapportar om infrastruktur og tilgang til kompetent arbeidskraft. Sluttrapport for arbeidet blei levert i april 2014.

Regjeringa fekk i jordbruksoppgjeret 2014 gjennom 26 konkrete forenklings- og strukturtiltak. Dette er første steg i ny retning innanfor jordbrukspolitikken, der målet er å gi dei som ønskjer å leve av garden på heiltid, betre inntektsmoglegheiter og at det skal bli enklare å leve med dei mange reguleringane i sektoren.

Som eit ledd i å effektivisere og modernisere forvaltninga i landbruket slo Regjeringa 1. juli 2014 saman Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning til Landbruksdirektoratet.

Stortinget behandla i juni 2014 Prop. 80 L (2013–2014) frå Regjeringa med framlegg til ny lov om erstatning for naturskadar. Lova vil komme i staden for gjeldande naturskadelov og føre til enklare og meir effektiv saksbehandling.

Regjeringa la i juni 2014 fram Prop. 124 L (2013–2014) med framlegg om endringar i konsesjonslova som vil fjerne priskontrollen på landbrukseigedommar. Framlegget vil forenkle lovverket, lette gjennomføringa av eigedomsoverdragingar i landbruket og styrkje råderetten bonden har over eigen eigedom.

Regjeringa har lagt til rette for større verdiskaping i skogsektoren gjennom auka tilskott til infrastruktur i form av skogsvegar og tømmerkaier.

Dei fleste norske arbeidstakarar har hatt god lønnsvekst dei siste åra. Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2012 til 2013 var på 3,9 pst. Lønnsoppgjeret i 2014 var eit hovudoppgjer i dei fleste tariffområda. Avtalerevisjonane blei i all hovudsak løyste gjennom forhandlingar og mekling. Talet på konfliktar var lågt.

Dei fleste har gode og forsvarlege arbeidsforhold i Noreg, men stadige brot på blant anna arbeidsmiljøregelverket er eit aukande problem i enkelte delar av norsk arbeidsliv. Regjeringa har hatt på høyring eit framlegg om auka straffe-rammer for verksemder som gjer seg skuldige i grove brot på arbeidsmiljølova og føresegnene i allmenngjeringslova.

Regjeringa har også hatt på høyring eit framlegg om enkelte tilpassingar i arbeidsmiljølova, mellom anna ulike framlegg vedrørande arbeidstid, aldersgrenser, midlertidig tilsetjing, inn- og utleige frå bemanningsbyrå, kollektiv søksmålsrett og straffeføresegnene i arbeidsmiljølova. Regjeringa har vidare sett ned eit ekspertutval som skal vurdere dei samla arbeidstidsreguleringane og praktiseringa av dei.

IA-avtala er eit viktig verkemiddel for å oppnå overordna mål i arbeids- og sosialpolitikken. Regjeringa og hovudorganisasjonane i arbeids-livet skreiv 4. mars 2014 under ei ny Intensjonsavtale for eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtala). IA-avtala er inngått for perioden 4. mars 2014 – 31. desember 2018. Avtala inneber blant anna betydelege forenklingar i reglane for oppfølging av sjukmelde, og ein meir kraftfull innsats for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet. Stortinget vedtok 20. juni 2014 framlegget frå Regjeringa i Prop. 102 L (2013-2014) Endringer i arbeidsmiljøloven og folketrygdloven (forenkling av regelverket om oppfølging av sykmeldte arbeidstakere).

Første kvartal 2014 var det totale sesongkorrigerte sjukefråværet 6,5 pst. av alle avtalte dagsverk. Fråværet har halde seg relativt stabilt det siste året, og nivået er mellom dei lågaste etter at IA-avtala blei inngått i 2001. Eitt av måla i IA-avtala er å redusere sjukefråværet med 20 pst. frå nivået i 2001. Det sesongkorrigerte sjukefråværet i andre kvartal 2014 er 10,2 pst. lågare enn nivået i andre kvartal 2001.

Regjeringa har sendt på høyring framlegg til endringar i lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga, som inneber at NAV-kontora får plikt til å stille vilkår om aktivitet ved tildeling av økonomisk stønad med mindre tungtvegande grunnar taler imot det.

Regjeringa har sett ned ei ekspertgruppe som skal gjennomføre ein fullstendig gjennomgang av NAV. Ekspertgruppa la fram ein delrapport i september 2014 som gir ei oversikt over nosituasjonen i NAV, og vil leggje fram ein sluttrapport i mars neste år.

Regjeringa har fremja Prop. 39 L (2013–2014) Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet. Stortinget vedtok 27. mai 2014 lovframlegga som skal gjere det lettare å få til-bakeført barnet til Noreg og førebyggje framtidige barnebortføringar.

Regjeringa har fremja Prop. 48 L (2013–2014) Endringer i folketrygdloven og skattelovgivningen mv. (tilpasning til a-ordningen). Stortinget vedtok 10. juni 2014 lovforslaga som skal bidra til at arbeidsgivarar skal få enklare rapporteringskrav når det gjeld tilsetjings- og inntektsforhold.

Regjeringa har fremja Prop. 66 L (2013–2014) Forslag til endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uføre-pensjonsordning for offentlig tjenestepensjon). Stortinget vedtok 16. juni 2014 lovframlegga som skal føre til at det blir enklare for uføre å kunne ta i bruk restarbeidsevna på ein fleksibel måte.

Regjeringa vil skape ei helse- og omsorgs-teneste som set brukarane, pasientane og pårørande i sentrum, og ta i bruk alle gode krefter for å sikre pasientane tenester med høg kvalitet, meir valfridom og større mangfald i tilbodet. Omsorgs-tenestene i framtida skal tuftast på dialog, valfridom og fleksibilitet.

Regjeringa har gjort framlegg om endring av pasient- og brukerrettighetsloven, Prop. 86 L (2013-2014), med framlegg til rett til brukarstyrt personleg assistanse for personar under 67 år med stort og langvarig behov for personleg assistanse etter helse- og omsorgstenestelova. Retten omfattar også avlastingstiltak etter same lov for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne. Stortinget vedtok framlegget frå Regjeringa 16. juni 2014.

Regjeringa vil at staten skal ta eit større økonomisk ansvar for å sikre at kommunane byggjer ut tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet i eldreomsorga, og har derfor styrkt det statlege investeringstilskottet til heildøgns omsorgsplassar betydeleg. Regjeringa har også styrkt tilskotta til kompetansetiltak i omsorgstenestene.

Regjeringa har lagt fram forslag til ny pasientjournallov og helseregisterlov. Pasientjournallova skal leggje til rette for at opplysningane kan følgje pasientane gjennom heile behandlinga.

Det er lagt fram ein nasjonal, tverrsektoriell strategi for forsking og innovasjon i helse- og omsorgstenesta, HelseOmsorg21.

Regjeringa har i 2014 på nytt innført øyremerkte midlar til kommunane på rusfeltet. I tillegg er dei regionale helseføretaka i 2014 bedne om å kjøpe om lag 200 plassar frå private ideelle verksemder, til behandling av rusavhengige.

Konflikten i Gaza i sommar førte til enorme menneskelege lidingar. Noreg oppfordra begge partar om å innstille kamphandlingane, og understreka Israels særlege ansvar for å avgrense sivile tap, og Hamas sitt ansvar for å innstille rakettangrepa mot Israel. Saman med Egypt har Noreg invitert til ein konferanse om gjenoppbygging av Gaza og styrking av dei palestinske sjølvstyresmaktene.

Det er avgjerande at partane no tek opp att forhandlingane for å oppnå ei tostatsløysing. Dette har regjeringa streka under i samtaler med partane. Regjeringa vidarefører engasjementet som leiar av givarlandsgruppa for Palestina.

Den humanitære situasjonen i Sør-Sudan blir verre som følgje av den væpna konflikten. Som respons på krisa arrangerte Noreg saman med FN ein vellykka humanitær givarkonferanse i Oslo i mai. Noreg er aktivt engasjert i fredsarbeidet saman med USA og Storbritannia i den såkalla troikaen. Noreg deltek også i FN-operasjonen i Sør--Sudan med 40 personar fordelte på militære offiserar og sivilt politi.

Regjeringa har oppretta ei ny ordning gjennom Innovasjon Noreg som har som formål å styrkje næringslivsaktiviteten i nordområda. Regjeringa har også teke initiativ til eit tettare nordisk samarbeid i nordområdepolitikken, gjennom partnarskap med Finland og Sverige.

Det har dessverre ikkje vore mogleg å oppnå semje om oppfølging av det positive resultatet frå ministermøtet i Verdshandelsorganisasjonen i desember 2013. Regjeringa vil framleis prioritere arbeidet i Verdshandelsorganisasjonen.

Gjennom EØS-finansieringsordningane har Noreg stått for omfattande bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Europa. EØS-midlane har medverka til auka kontakt og samarbeid mellom Noreg og mottakarlanda. Dei tidlegare EØS-finansieringsordningane gjekk ut 30. april i år. Regjeringa forhandlar med EU om rammene for midlane i neste periode.

Regjeringa legg stor vekt på arbeidet i Arktisk råd. Samarbeid med den påtroppande amerikanske formannskapen blir prioritert. Det er viktig for regjeringa å inkludere observatørane og næringslivet tettare i arbeidet i rådet.

I utviklingspolitikken prioriterer regjeringa område som kan gi ei positiv utvikling for samarbeidslanda våre, som utdanning, helse, næringsutvikling, godt styresett og menneskerettar.

Regjeringa la fram Meld. St. nr. 25 (2013-2014) «Utdanning for utvikling» i juni og har gjort utdanning til ei hovudprioritering i utviklingspolitikken. Regjeringa vil snu nedgangen i utdanningsbistand som del av norsk bistand og ta ei global leiarrolle for eit felles internasjonalt løft for utdanning.

Gjennom statsministeren har Noreg ei leiar-rolle i arbeidet med å innfri FNs tusenårsmål. Regjeringa er aktivt med i arbeidet med å utforma FNs utviklingsagenda etter 2015, blant anna gjennom leiarrolla i arbeidet med finansiering for utvikling.

Alliansesolidaritet er heilt avgjerande i ein situasjon der tryggleiken i Europa er utfordra. Det nære transatlantiske tryggings- og forsvarssamarbeidet er ført vidare på ein god måte og ein har teke sikte på å styrkje det. Regjeringa har bidrege aktivt i samarbeidet og drøftingane i NATO. Mellom anna har Regjeringa vedteke at Noreg skal delta i ein britiskleidd fleirnasjonal hurtigreaksjonsstyrke. Regjeringa har også vedteke å delta på øving og trening i Latvia med ei mekanisert kompanistridsgruppe.

God tilrettelegging for alliert trening og øving i Noreg har gitt høg aktivitet.

Prosessen med innkjøp av F-35 kampfly til Noreg har gått vidare og er i positiv utvikling. Forsvaret har så langt forplikta seg til 10 av dei nye flya.

Regjeringa har vidareutvikla det nordiske forsvarssamarbeidet gjennom formannskapsrolla i NORDEFCO i 2014. Den tryggingspolitiske dialogen er styrkt, og det er semje om retninga vidare. Samarbeidet bidreg til å styrkje evna til å operere saman i ei fleirnasjonal ramme.

Noreg har forlenga deltakinga i FNs fredsstabiliserande operasjon i Mali med eitt år frå 1. juli. Om lag 20 norske offiserar er stasjonert i Bamako.

Regjeringa har fremja ein lovproposisjon for Stortinget om innføring av allmenn verneplikt frå 1. januar 2015.

Stortinget har i 2014 gitt samtykke til fleire store investeringar i Forsvaret. Mellom anna skal luftvernsystemet for fregattar av Fridthjof Nansen-klassa oppgraderast innanfor ei økonomisk ramme på 1,8 mrd. kroner, og utvikling av trinn 3 for Joint Strike Missile skal gjennomførast innanfor ei ramme på 4,2 mrd. kroner. Stortinget har også samtykt til bygging av eit skvadronsbygg for F-35-flya på Ørland.

Regjeringa har styrkt veteranpolitikken. Derfor er det lansert ein revidert handlingsplan for veteranar. Forsvaret er i full gang med å gjennomføre personell- og kompetansereforma, her medrekna vidare utvikling av personell- og befalsordninga.

Regjeringa har prioritert kvalitet i barnehagane og har sett i verk ein strategi for kompetanse for alle tilsette. Det har aldri vore satsa meir på kvalitet i barnehagane enn i 2014. For å sikre at rammevilkåra for private barnehagar er meir føreseielege, har Regjeringa vedteke at tilskottet til private barne-hagar skal reknast ut med utgangspunkt i rekneskapen til kommunen. Regjeringa har sett i gang eit større arbeid med å gjere informasjon om barnehagane lettare tilgjengeleg for foreldra.

Kunnskap for ny erkjenning, samfunnsutvikling og auka konkurransekraft har stått sentralt. Det er sett i gang eit yrkesfagløft for å betre kvaliteten på utdanninga og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Det er også innført eit lærlingløft for å få fleire lærebedrifter og lærlingar.

Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet oppnemnde hausten 2013 ei ekspertgruppe for kunst og kultur i opplæringa. Mandatet til ekspertgruppa var å gi råd om korleis ein kan få ein betre koordinert og samla innsats i arbeidet med kunst og kultur for barnehage og skole. Rapporten blei levert i april 2014.

Lov om privatskolar er endra slik at ein i særlege tilfelle kan gi dispensasjon frå kravet om at private skolar må ha eit religiøst eller alternativt pedagogisk grunnlag for å få godkjenning.

Universitet og høgskolar har hatt ei positiv utvikling i resultata dei siste ti åra. Talet på avlagde studiepoeng har auka med 18 pst., publisering med 89 pst. og talet på nye doktorgradar med 95 pst.

For å styrkje Noregs posisjon innanfor karbonfangst og -lagring er det i 2014 løyvt 100 mill. kroner til oppgradering av laboratorium ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

God tilgang på bustader er viktig for dei som ønskjer å kunne ta høgare utdanning. Derfor har regjeringa frå 2014 auka tilskottssatsen og kostnadsrammene for å kunne føre opp fleire rimelege studentbustader.

Auka forskingsinnsats i næringslivet og utvikling av fleire verdsleiande universitetsmiljø er viktige mål for forskingspolitikken til regjeringa. Regjeringa ønskjer å sikre midlar til den beste forskinga og dei beste forskings- og innovasjonsmiljøa. Forskingsbudsjettet blei i tilleggsproposisjonen for statsbudsjettet 2014 derfor styrkt med ytterlegare 0,5 mrd. kroner. Regjeringa prioriterte særleg å styrkje den næringsrelevante forskinga og innsatsen innanfor petroleumsforsking, marin forsking og teknologiområda nanoteknologi, bioteknologi og IKT. I tillegg er løyvingane til tiltak for å styrkje norsk deltaking i det europeiske forskings- og innovasjonssamarbeidet auka.

Regjeringa ønskjer auka internasjonalt samarbeid om forsking og utdanning. I mai 2014 blei norsk deltaking i EU-programmet for forsking og innovasjon, Horisont 2020 og EU-programmet for utdanning, ungdom og idrett, Erasmus, formelt eit faktum, etter at desse programma blei innlemma i EØS-avtala. Regjeringa arbeider no for aktiv norsk deltaking i desse programma. Regjeringa lanserte i juni 2014 ein nasjonal strategi for forskings- og innovasjonssamarbeid med EU. Målsetjinga er at 2 pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal gå til norske aktørar. Det vil krevje ein auke i deltakingsnivået på i overkant av 60 pst. samanlikna med det førre forskingsprogrammet.

Regjeringa signerte i desember 2013 kontrakt om levering av 16 nye redningshelikopter til Fastlands-Noreg. Avtala vil sikre god redningsberedskap for heile landet og inneber ei kraftig styrking av den offentlege redningstenesta.

Regjeringa la i mai 2014 fram forslag til endringar i straffelova om å halde drap, valdtekt og seksuell omgang med barn utanfor reglane om forelding. Stortinget vedtok endringane i juni 2014.

Regjeringa prioriterer utbygging og innføring av Nødnett som skal vere landsdekkjande innan utgangen av 2015.

Det er etablert døgnkontinuerleg bemanning i Sivilt situasjonssenter i Justis- og beredskapsdepartementet frå andre kvartal 2014.

Regjeringa la i mars 2014 fram eit forslag til endringar i tinglysingslova som skal leggje til rette for elektronisk tinglysing, slik at ein kan ta i bruk moderne og kostnadssparande IKT-løysingar. Stortinget vedtok endringane i juni 2014.

Regjeringa gjorde i mai 2014 framlegg om endringar i pantelova om særskild pantsetjing av patent- og planteforedlarrettar, med sikte på å betre kapitaltilgangen for næringslivet.

Regjeringa oppnemnde i juni 2014 eit offentleg utval som skal leggje fram forslag til ei ny straffeprosesslov. Utvalet skal blant anna gjere ein fullstendig gjennomgang av straffeprosesslova, for å leggje betre til rett for at straffesaker blir behandla rettssikkert og effektivt.

I 2013 kom det nesten 12 000 asylsøkjarar til Noreg, om lag 1 100 av desse var einslege mindre-årige. Dei åtte første månadene i 2014 kom det i underkant av 7 500 asylsøkjarar til Noreg, 5 pst. færre enn i same periode i 2013.

I 2013 fekk om lag 6 800 personar opphald av UDI eller UNE etter søknad om vern. I tillegg blei det teke ut om lag 1 150 overføringsflyktningar til Noreg.

Per 31. desember 2013 venta om lag 5 400 personar i mottak på å bli busette i ein kommune. Samtidig var det nesten 5 700 personar i mottak med utreiseplikt etter endeleg avslag på asylsøknad. I første halvår 2014 har talet på personar i mottak som skal busetjast eller returnerast, gått noko ned.

I 2013 reiste nesten 1 900 personar ut av Noreg gjennom ordningar med assistert retur. I tillegg blei om lag 2 700 tidlegare asylsøkjarar med endeleg avslag transportert ut av politiet.

Ny lov om konfliktrådsbehandling, inkludert den nye strafferettslege reaksjonen ungdomsoppfølging, blei vedteken av Stortinget i juni og tok til å gjelde 1. juli samtidig med ungdomsstraffa. Formålet med dei nye strafferettslege reaksjonane er blant anna å førebyggje kriminalitet hos unge lovbrytarar og bidra til at offer og pårørande blir tekne godt vare på.

Regjeringa oppnemnde den 20. juni 2014 eit utval som skal sjå på noverande og framtidige utfordringar knytt til sårbare forhold i vårt digitale samfunn. Utvalet skal levere ein NOU innan utgangen av september 2015.

Frå 1. april 2014 er det utplassert to store redningshelikopter i ny helikopterhangar ved basen i Longyearbyen. Dette vil betre vilkåra for arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggjande havområde.

Regjeringa har begynt på arbeidet med forenklingar og nye organisasjonsformer for å betre transportsystemet gjennom meir effektiv utnytting av ressursane. Regjeringa har sett i verk arbeid med forenkla planlegging ved bygging av nye vegar og etablering av eit utbyggingsselskap for å byggje fleire vegar meir samordna.

Det er lagt fram ei melding og lovproposisjon for ei meir effektiv losteneste som vil gi lågare kostnader for nærskipsfarten, samtidig som tryggleiken blir ivareteken på ein god måte.

Det er oppretta eit infrastrukturfond med ein kapital på 30 mrd. kroner og eit mål om 100 mrd. kroner innan fem år.

Aktiviteten innanfor vegbygging er høg. Ei rekkje prosjekt er opna eller starta opp. Opninga av E18 Gulli – Langåker i Vestfold gir samanhengande firefelts og møtefri veg frå Oslo til Larvik. Vegprosjektet Sokna – Ørgenvika i Buskerud erstattar ein vegstrekning med låg standard, og har korta inn rv 7 med 21 km. 110 km/t på trygge motorvegar vil redusere reisetidene.

Bompengeinnkrevjinga er avvikla eller ikkje sett i verk som planlagt på seks strekningar. I tillegg er bompengegjelda på endå eitt vegprosjekt redusert.

187 menneske miste livet i trafikken i 2013. Kvart einaste liv som går tapt, er eitt for mykje. Regjeringa held fram med arbeidet med å betre trafikktryggleiken.

For at jernbanen skal vere eit konkurransedyktig alternativ for både passasjerar og gods, må kvalitet, tilgjengelegheit og punktlegheit bli betre. Fleire passasjerar og at folk no er meir tilfreds med togtilbodet, viser at auka løyvingar til jern-banen gir resultat. Størst passasjerauke har det vore på InterCity-toga Skien/Larvik – Oslo og Oslo – Lillehammer. Nye tog saman med ruteomlegginga som starta på Austlandet i desember 2012 og i hovudsak blir fullført i desember 2014, har gitt eit meir attraktivt togtilbod for dei aller fleste kundane. Persontoga nådde målet for punktlegheit på gjennomsnittleg 90 pst. i første tertial 2014.

For å auke kapasiteten til jernbanetrafikken held utbygginga av dobbeltspor fram på InterCity-strekningane rundt Oslo. Stortinget vedtok i juni 2014 den endelege kostnadsramma for bygging av den nye Follobanen. Stortinget har med det gitt klarsignal for anleggsstart for det som er Noregs største samferdselsprosjekt i moderne tid.

Den store befolkningsveksten i hovudstadsområdet vil krevje ei sterk satsing på kollektivtrafikken. Samferdselsdepartementet, Oslo kommune og Akershus fylkeskommune samarbeider om å greie ut om framtidige kollektivtrafikkløysingar inn mot og gjennom Oslo. Jernbaneverket, Ruter AS og Statens vegvesen har derfor fått i oppdrag å utarbeide ei konseptvalutgreiing (KVU) som mellom anna skal vurdere behovet for nye tunnelar for T-banen og jernbanen gjennom Oslo.

Konsesjonen for Moss lufthavn, Rygge, er forlenga med 20 år. Konsesjonen inneber at opningstidene blir utvida, at staten opphevar reguleringa av lufthamnavgiftene og at trafikktaket blir heva.

Viktige frekvensressursar for mobilkommunikasjon blei tildelte i desember 2013. Tildelinga vil medverke til å sikre grunnlag for effektiv tenesteproduksjon og god dekning for brukarane.

Noreg ratifiserte i juni 2014 andre periode i Kyotoprotokollen. Det betyr at Noregs internasjonale klimaforpliktingar fram til 2020 er avklara.

Evalueringar av Noregs ambisiøse satsing på å redusere klimagassutslepp frå tropisk skog viser at satsinga har ført til gode resultat når det gjeld dei klimapolitiske måla og samtidig gitt store og viktige utviklingsverknader. Året som gikk gav positive resultat i blant anna Etiopia, Indonesia og Brasil, og det blei under FNs klimatoppmøte i Warszawa oppnådd semje om korleis internasjonalt samarbeid for å redusere slike utslepp skal gjennomførast.

Nye reglar er tekne inn i produktforskrifta og tok til å gjelde 1. januar 2014. Det er ein del av EUs fornybardirektiv, som skal sikre at produksjon og bruk av biodrivstoff og flytande biobrensel gir reduksjon i klimagassutsleppa.

Utsleppa frå nye personbilar har gått betydeleg ned, og det skuldast i hovudsak det store innslaget av nullutsleppsbilar i nybilsalet.

Regjeringa har fått tilslutnad frå Stortinget til å endre inntektssystemet for fylkeskommunane frå 2015. Det inneber at alle fylkeskommunar skal setjast i stand til å tilby innbyggjarane sine eit likeverdig tenestetilbod, same kvar dei bur.

Det femårige utviklingsprogrammet for byregionar blei sett i gang hausten 2013. Målet for programmet er å gi auka kunnskap om kva funksjon byen har for omlandet, og utvikle lokalt forankra strategiar og tiltak basert på samhandling mellom byane og omlandet deira.

For å betre gjennomføringsevne og resultat-orientering i statsforvaltninga har regjeringa sett i gang eit fleirårig program for betre styring og leiing. Innsatsområda i programmet er i tillegg til styring og leiing, betre bruk av teknologi, betre samordning og betre vedtaksgrunnlag.

Regjeringa har lagt vekt på digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar som ein del av arbeidet med å fornye, forenkle og forbetre forvaltninga. Frå 1. juli i år tok forskrifta om universell utforming av IKT-løysingar til å gjelde, og regjeringa har sett i gang eit arbeid for å sikre digital deltaking for alle.

Regjeringa har vedteke at statlege verksemder skal arbeide med å fjerne «tidstjuvar» i eiga verksemd og foreslå forenkling av regelverk eller prosedyrekrav som er fastsett av andre, og som skaper «tidstjuvar» for verksemda.

Regjeringa lanserte i mars ein ny nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid som skal samle og målrette innsatsen slik at fleire får ein god stad å bu. Staten skal sikre gode rammevilkår medan kommunane skal ha nøkkelrolla og hovudansvaret for å hjelpe vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Regjeringa har sendt på høyring lovfesting av reglane for karantene og saksforbod for politikarar og embets- og tenestemenn. Regelverket skal sikre ryddigheit og tillit ved overgangar mellom politiske stillingar, forvaltning og næringsliv. Saksforbod og karantene kan bli gitt for eit tidsrom på inntil 18 månader samla.

Regjeringa vedtok i mai i år hovudkonseptet for nytt regjeringskvartal. For Regjeringa er det eit mål at utforminga av regjeringskvartalet skjer på ein slik måte at innbyggjarane skal kunne bruke og ferdast i byrommet rundt regjeringskvartalet, og at rommet skal vere trygt å bruke både for dei som er på besøk, og for dei tilsette.

Oppdraget til Barne-, ungdoms- og familie-direktoratet som fagdirektorat for barnevernet er frå 2014 utvida til å omfatte heile barnevernet. Direktoratet skal bidra til auka kvalitet i barnevernet gjennom fagleg utvikling basert på best tilgjengeleg kunnskap.

For å styrkje den kommunale barneverntenesta er det øyremerkt midlar til auka kapasitet og satsing på kunnskap og kompetanse- og samhandlingstiltak. Det er lagt til rette for 150 nye stillingar i 2014.

Det er innført ei kommunal eigenfinansiering på 20 pst. av utgiftene utover kommunane si eigenbetaling for barneverntiltak for einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Dette er gjort for å få betre kostnadskontroll.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med ei felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov og ei ny likestillingsmelding.

Regjeringa har sendt på offenleg høyring framlegg om nye unntaksreglar for kvotane i foreldrepengeordninga, noko som vil gjere det mogleg for fleire foreldre enn i dag å overføre kvoten til den andre forelderen.

Forsøk med gratis kjernetid i barnehage har sidan 2006 vore eit viktig verkemiddel for å stimulere til auka barnehagedeltaking i område med mange minoritetsspråklege barn. Formålet er at fleire barn lærer norsk før skolestart. I Bydel Gamle Oslo, i Bergen og i Drammen er forsøket frå hausten 2014 retta mot familiar med låg inntekt. Samtidig skal tilbodet om gratis kjernetid i desse områda koplast til krav om aktivitet for foreldra. Forsøket blei styrkt med 10 mill. kroner ved behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2014.

Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene er avvikla. Regjeringa vil ha ein fornya dialog med innvandrarar og halde ein årleg nasjonal konferanse med representantar for styresmaktene, lokale innvandrarorganisasjonar, innvandrarråd og andre aktørar. Den første konferansen skal haldast hausten 2014.

Idrett og fysisk aktivitet er store og verdfulle fellesskap. Dei bidreg til betre folkehelse og er arenaer som fremjer likeverd, toleranse, forståing og respekt. Det er i 2014 fordelt totalt 1 860 mill. kroner i spelemidlar til idrettsformål.

Regjeringa har starta ei omlegging av mediepolitikken med sikte på å få eit meir tidsmessig og treffsikkert verkemiddelapparat. Kulturdepartementet har fastsett ei ny forskrift om ”plattformnøytralt” produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. Overvakingsorganet i EFTA (ESA) har godkjent omlegginga, som trer i kraft med verknad for 2014.

Noreg treng eit museum som til kvar tid syner eit historisk representativt bilete av norsk kunst. Nybygget for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design på Vestbanen i Oslo er no i gjennom-føringsfasen. Bygget skal vere ferdig i 2019.

Ei utgreiingsgruppe nedsett av Kulturdepartementet har gått gjennom arbeidsforma i og organiseringa av Norsk kulturråd.

Ein proposisjon med framlegg til ny lov om vern av mindreårige mot skadelege biletprogram blei lagd fram for Stortinget 20. juni 2014. Lova etablerer eit felles og oppdatert vernesystem for alle audiovisuelle medium.

Gitt på Oslo Slott 26. september 2014

Under Vår hånd og riksseglet

Til toppen