Statsbudsjettet 2017

Avis til alle abonnentar på laurdagar – post til alle på kvardagar

- Regjeringa vil sikre eit godt og likeverdig posttilbod over heile landet. I statsbudsjettet foreslår regjeringa pengar til å sikre at Posten leverer post og aviser på kvardagar til hele landet, medan Kvikkas frå 1. november i år skal levere laurdagsavisene i område utan eigne avisbodruter, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Til statleg kjøp av post- og banktenester i 2017 foreslår regjeringa vel 272 millionar kroner. Etter at ordinær postomdeling på laurdagar ble avvikla ved innføring av ny Postlov 1. januar 2016, er behovet for statleg kjøp av ulønsame posttenester vesentleg redusert. Budsjettposten blir difor foreslått redusert med nær 33 prosent frå vedtatt budsjett 2016.

Nytt statleg kjøp av distribusjon av laurdagsaviser

Samferdselsdepartementet har hatt anbodskonkurranse om distribusjon av laurdagsaviser i område utan eigne avisbodruter. Frå 1. november i år vil ikkje Posten lenger ha plikt til å distribuere abonnementsaviser på laurdagar.

For dei aller fleste avisabonnentane i Noreg får ikkje endringa i leveringsplikta praktiske konsekvensar. Dei aller fleste av avisene blir distribuerte via eigne avisbodnett. Men i om lag 15 prosent av avisområda er det ikkje eigne verksemder som leverer avisene. I desse områda har staten tatt på seg ansvaret for distribusjon av laurdagsaviser.

- Sjølv om stadig fleire les nyheiter på Internett, er papiravisene viktige arenaer for opplysning og debatt. Vi har respekt for at laurdagsavisa er ferskvare, og legg difor til rette for at alle abonnentane skal få avisa si i helga, seier samferdselsministeren.

Transport- og logistikkselskapet Kvikkas AS har fått oppdraget med å distribuere i desse avisområda etter ein anbodskonkurranse. Innafor dei foreslåtte midlane til statleg kjøp av posttenester har regjeringa sett av 95,2 millionar kroner til distribusjon av laurdagsaviser.

Ein meir marknadsbasert postsektor med gode tenester til folk og næringsliv

- Regjeringa vil leggje til rette for ein meir kundeorientert og effektiv postmarknad. Den nye postloven som tok til å gjelde frå 1. januar i år, opnar for konkurranse om omdeling av brev under 50 gram. Dette var den siste delen av postmarknaden som var underlagt monopolet til Posten Norge AS. Brevvolumet er halvert sidan årtusenskiftet og fall med 6,4 prosent berre i 2015, fordi stadig fleire nyttar digitale tenester. Vi har difor foreslått å gjere endringar i servicenivået for dei leveringspliktige posttenestene. Å gå over til éin poststraum ved å kutte skiljet mellom A- og B-post, kan gi Posten forbetringar i lønsemda på 210 millionar kroner i året. Då vil ikkje Posten lenger ha behov for eit eige flyfraktnett, seier samferdselsministeren.

I ein postmarknad med stadig meir konkurranse blir statleg kjøp av posttenester nytta for å sikre posttenester som den leveringspliktige tilbydaren ikkje ville ha utført ut frå forretningsmessige omsyn. Innafor den føreslåtte løyvinga på 272 millionar kroner er 177 millionar kroner sette av til statleg kjøp av post- og banktenester frå den leveringspliktige tilbydaren Posten Norge AS.

Ordninga sikrar mellom anna postombering fem dagar i veka over heile landet og grunnleggjande banktenester i landpostnettet.

I tråd med gjeldande utbytepolitikk foreslår regjeringa å budsjettere med eit utbyte frå Posten Norge AS på 120 millionar kroner i 2017.


For fleire opplysningar - sjå: