Statsbudsjettet 2023

Billigare barnehage over heile landet

I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å redusere maksimalprisen i barnehagen for alle barn i heile landet. Barnehage blir gratis i heile Finnmark og delar av Troms og frå det tredje barnet som går i barnehage samstundes i resten av landet.

Kunnskapsminister Tonje Brenna snakker med barna i Breigata barnehage på Grønland.
Kunnskapsminister Tonje Brenna og barna i Breigata barnehage på Grønland. Foto: Kunnskapsdepartementet

– I krevjande tider er gode velferdstenester i heile landet avgjerande for å gi folk tryggleik i kvardagen. Derfor prioriterer vi å gjere barnehagane billigare og meir tilgjengelege for småbarnsfamiliane. Det bidrar til å holde dei faste kostnadane i ei barnefamilie lågare i ei tid med høg prisvekst generelt. Samfunnet vinn på at flest mogleg barn går i barnehage, då klarer barna seg betre i skulen og i arbeidslivet og forskjellane i samfunnet blir mindre, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Sparer 3 465 kroner årleg

Forslaget inneber at maksimalprisen i barnehage blir redusert med 315 kroner per månad samanlikna med maksimalprisen per 1. januar 2022. Den nye maksimalprisen blir 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2023.

– Med Støre-regjeringa vil ein familie som betaler maksimalpris spare 3 465 kroner årleg på ein barnehageplass samanlikna med Solberg-regjeringas siste budsjettforslag. På grunn av prisvekst i samfunnet, vil den reelle innsparinga vere høgare, seier Brenna

Regjeringa foreslår óg at foreldre får gratis plass frå og med det tredje barnet for dei som har fleire barn i barnehagen på same tid.

– Det å få mange barn på kort tid, kan gi ein sårbar økonomisk situasjon. Dette tiltaket vil hjelpe desse familiane og senke terskelen for at foreldrane vel å nytte barnehage, seier Brenna.

Regjeringa foreslår og at dei som bur i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms får gratis barnehage for alle barn.

– Nordområda er Noregs viktigaste strategiske område. Derfor må vi sørgje for at det blir endå meir attraktivt å bu, jobbe og drive næringsverksemd i nord. Vi håper gratis barnehage vil bidra til at fleire familiar buset seg i Nord-Troms og Finnmark, seier Brenna.

Oversikt over endringar i barnehageprisen

På grunn av prisvekst i samfunnet, vil den reelle innsparinga vere høgare enn dei nominelle beløpa.

Oppdatert kl.18.50 6.okt: Tabellane er justerte for å tydliggjøre ulike innføringstidspunkt og det er retta ein inkurie.

Samla foreldrebetaling (dersom ein betaler makspris)

Pris per månad 1. januar 2022

Pris per månad   2023

Nominell endring per månad

Nominell endring per år

Eit barn i barnehage

3 315

3 000*

-315*

-3 465*

To barn i barnehage

5 636

5 100*

-536*

-5 891*

Tre barn i barnehage

7 293

5 100**

-2 193**

-24 123**

Fire barn i barnehage

8 951

5 100**

-3 851**

-42 356**

* Pris frå 1. januar 2023

** Pris frå 1. august 2023

Finnmark og Nord-Troms (tiltakssona)

Samla foreldrebetaling (dersom ein betaler makspris)

Pris per måned 1. januar 2022

Pris per måned  1. august 2023

Nominell endring per månad frå 1. august 2023

Nominell endring per år frå 1. august 2023

Ett barn i barnehage

3 315

0

-3315

-36 465

To barn i barnehage

5 636

0

-5636

-61 996

Tre barn i barnehage

7 293

0

-7293

-80 223

Fire barn i barnehage

8 951

0

-8951

-98 491