Statsbudsjettet 2023

Vil auke bortebuarstipendet og utstyrsstipendet for yrkesfagelevar

Regjeringa foreslår å auka løyvingar til bortebuarstipendet og utstyrsstipendet for yrkesfagelevar med til saman 107 millionar kroner. Det vil bidra til sosial og geografisk utjamning og styrke fellesskolen.

– I dette budsjettet prioriterer regjeringa tryggleik og rettferdig fordeling. Derfor vil vi styrke stønaden til ungdom som må bu borte frå familien sin for å få opplæring. Vi vil og auke stipendstønaden til utstyr for yrkesfagelevar. Utstyret er ofte dyrt, men er samstundes viktig for å kunne lære seg fag. Ved å gi fleire råd til ei yrkesutdanning, sikrar vi arbeidslivet god kompetanse framover, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

57 millionar meir til bortebuarstipend

Regjeringa foreslår å auke bortebuarstipendet frå 4 979 kroner i månaden i skuleåret 2022-23 til 5 639 kroner i skuleåret 2023-24. I dag mottek om lag 10 prosent av alle elevar i vidaregåande opplæring bortebuarstipend, det vil seie om lag 24 600 elevar.

– I deler av Noreg er det så store avstandar at elevar må bo på hybel for å ta vidaregåande opplæring. Å flytte heimanfrå i ung alder kan vere vanskeleg. Vi må passe på at den økonomiske børa ikkje blir for stor. Økonomien til foreldra skal heller ikkje vere eit hinder for at dei unge får opplæringa dei ønskjer seg. Derfor foreslå vi den kraftigaste styrkinga av stipendet på mange år, seier Brenna.

60 000 yrkesfagelevar får styrka utstyrsstipend

Regjeringa foreslår og 50 millionar kroner til å styrke utstyrsstipendet for elevar som tar yrkesfag. Styrkinga inneber å flytte nokre yrkesfag til ein høgare sats mens andre satsar aukar med 25 prosent f.o.m. skoleåret 2023-24 (sjå tabell under).

Elevar i vidaregåande opplæring har rett på et utstyrsstipend i Lånekassen til å dekke utgifter til utstyr. Stipendet skal bidra til at alle, uavhengig av økonomi, får lik rett til vidaregåande opplæring.

– Det er store forskjellar mellom kostnadene elevane har til utstyr, særleg for yrkesfaglege utdanningsprogram. Stipendet dekkjer ikkje alltid behova til elevane på ei tilstrekkeleg måte, og kan bidra til at ikkje alle har råd til å ta yrkesfag. Dette er uheldig for den enkelte eleven, men også for samfunnet, som treng fleire med yrkesfagleg kompetanse. Derfor styrker vi utstyrsstipendet, seier Brenna.

OBS: Utvid tabellen, fem satsar:

 

Sats 1

Sats 2

Sats 3

Sats 4

Sats 5

Skuleåret 2022–23

1 118 kr

1 681 kr

2 710 kr

4 603 kr

 

Skuleåret 2023–24

 1 149 kr

2 160 kr

3 483 kr

4 732 kr

5 915 kr

 

Studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse

Helse- og oppvekstfag

Studiespesialisering med toppidrett

Idrettsfag

Restaurant- og matfag

 

Medium og kommunikasjon

Naturbruk, programområda landbruk og studieførebuande for Vg3

Elektro og datateknologi

Musikk, dans og drama, programområde dans

Handverk, design og produktutvikling

 

Musikk, dans og drama, unntatt programområdet dans

Kunst, design og arkitektur

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, unntatt programområdet frisør

 

Bygg- og anleggsteknikk

 

 

Sal, service og reiseliv

Teknologi og industrifag, unntatt programområdet kjemiprosess- og laboratoriefag

 

Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, programområdet frisør

 

 

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

   

Naturbruk, unntatt programområda landbruk og studieførebuande for Vg3

 

 

Teknologi- og industrifag, programområda kjemiprosess- og laboratoriefag

   

 

 Alle satsane er prisjusterte. Forslaget om å styrke utstyrsstipendet for yrkesfaglege utdanningsprogram inneber å flytte yrkesfaglege program på sats 1 til sats 2, og yrkesfaglege program på sats 4 til ein ny sats 5 som er 25 pst. høgare enn sats 4. Dette er utheva i feit skrift. Vidare blir sats 2 og 3 auka med 25 pst. for alle utdanningsprogram på desse satsane. Satsane for utdanningsprogram med studiespesialisering (1 og 4) blir ikkje auka.