Statsbudsjettet 2023

412,7 millionar kroner til utbygging av breiband

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Forslaget til statsbudsjett for 2023 inneheld ei løyving på 412,7 millionar kroner til utbygging breiband. Dette er ei dobling samanlikna med Solbergregjeringa sitt siste budsjettframlegg for 2022. Nominelt har ikkje løyvingane vore høgare nokon sinne.

- Regjeringa vil sikre alle hushald og verksemder i heile landet tilgang til høghastigheits breiband innan 2025. Med denne løyvinga vil vi vere på god veg til å nå målet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Digitaliseringa pregar alle delar av samfunnet, og utviklinga på dette området skjer særs raskt. I dag har i underkant av 94 prosent av husstandane tilbod om breiband med nedlastningsfart på minst 100 megabit per sekund, ifølge dei nyaste tala frå september i år. 92,5 prosent har gigabit-dekning. Samstundes er det framleis store forskjellar mellom ulike område, og i spredtbygde strøk har 70 prosent gigabit-dekning i fylgje dei nyaste tala.

− Raskt og sikkert breiband er viktig for at folk og verkesemder skal kunne bu og skape verdiar i heile landet. Vi vil prioritere dei områda som har dei største utfordringane og det største behovet, seier Gjelsvik.

Den statlege støtta til breiband er del av eit spleiselag med lokale og regionale bidrag, og utløyser betydelege investeringar i ny infrastruktur lokalt. I tillegg bidreg staten med tilskot til telesikkerheit og beredskap for at netta kan stå imot uvér og andre hendinger. Til saman gjer dette at innbyggjarar og verksemder kan vere trygge på at nettilgangen er stabil og påliteleg, og har lite nedetid.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no