Regjeringa møtest til budsjettkonferanse
Kalenderhending | Jonas Gahr Støre, Kjersti Toppe, Jon-Ivar Nygård, Marte Mjøs Persen, Jan Christian Vestre, Trygve Slagsvold Vedum, Terje Aasland, Ola Borten Moe, Espen Barth Eide, Bjørn Arild Gram, Emilie Enger Mehl, Anniken Huitfeldt, Ingvild Kjerkol, Anette Trettebergstuen, Sandra Borch, Odd Roger Enoksen, Anne Beathe Tvinnereim, Tonje Brenna, Bjørnar Selnes Skjæran
Stad: Klækken hotell
Regjeringa startar budsjettarbeidet for 2023 med budsjettkonferanse på Klækken hotell.
Budsjettkonferansen varer frå 14. til 16. mars. I samband med at konferansen startar, vil det bli ei kort presseorientering kl. 09.20 og deretter fellesfoto av regjeringa. Pressa vil bli sleppt inn på området frå kl. 09.00.
Fotografar og journalistar som ønskjer å delta må akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan fredag 11. mars kl. 12.00. Bilnummer på køyretøy må meldast inn samtidig. Pressefolk som kjem til Klækken hotell må ta med pressekort og godkjent id.
Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.