Presseinvitasjon:

Fiskeri- og havministeren til Horten tirsdag 15. november

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran er i Horten for å delta samlinga «kvinner på sjøen» i regi av NHO Sjøfart og Redningsselskapet. Den maritime næringa er ein viktig hjørnestein i mange norske lokalsamfunn og skaper store verdiar i heile landet. Formålet er å diskutere utfordringane med å rekruttere og behalde kvinner i maritim næring. Før samlinga vil statsråden besøke Universitetet i Sørøst-Noreg for å høyre om framtidas kompetansebehov i næringa og likestilling i maritime utdanningar.

Tid: Tirsdag 15. november, kl. 11.15- 15.00

Stad: Horten

Ein studie frå Høgskolen i innlandet viser at det er mange barrierar for kvinnene si deltaking i maritim næring. Arbeidsvilkår og krav er noko av forklaringa, men det er også utfordringar knytt til haldningar, kultur og arbeidsmiljø.

- Vi har alle eit ansvar i å sørgje for at den maritime næringa er ein trygg og motiverande stad å jobbe, for både kvinner og menn. Dette er nøkkelen til å lukkast med den store omstillinga maritim næring skal gjennom i åra framover, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Regjeringa har starta arbeidet med ein maritim likestillingsstrategi. Fiskeri- og havministeren har i den samanhengen hatt tre innspelsmøte med relevante aktørar i næringa for å diskutere korleis ein best kan leggje til rette for ei likestilt og mangfaldig maritim næring.

- Eg ser fram til framleis gode diskusjonar med næringa om korleis vi kan oppnå betre likestilling og samlinga kan gi gode innspel til det vidare arbeidet med den maritime likestillingsstrategien, seier Skjæran.

Program for besøket:

11:15-12:00: Statsråden besøker Universitetet i Sørøst-Noreg (USN), Campus Vestfold

13:30-14:00: Statsråden deltek på samlinga "kvinner på sjøen" i regi av NHO Sjøfart og Redningsselskapet

14:45-15:15: Møte med ny generalsekretær i Redningsselskapet, Grete Herlofsen, og omvisning på RS Noatun

Praktisk info:

Presse som ønskjer å dekke delar av programmet kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Halvard Wensel.

E-post: Halvard.Wensel@nfd.dep.no Telefon: 97 18 07 84