Føreslår mellombels lov med forskriftsheimel for tilpassingar i regelverket for fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvensar av covid-19

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

For å avhjelpe eventuelle framtidige konsekvensar av utbrot av covid-19, fremjar departementet forslag for Stortinget om ein mellombels lov med ein forskriftsheimel som gir Kongen åtgang til å gjeninnføre mellombelse sakshandsamingsføresegn for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker.

Midlertidig lov 22. desember 2021 nr. 150 om tilpasninger i regelverket for barnevernet og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvensar av utbruddet av covid-19 §§ 2 til 4 gjev fylkesnemnda utvida høve for fjernmøte, fjernavhøyr, delvis skriftleg handsaming, og rådslaging og avstemming ved fjernmøte, viss det er naudsynt på grunn av covid-19 og er forsvarleg i den enkelte sak.

Føresegnene har vore avgjerande for å oppretthalde ein forsvarleg og rask saksavvikling i nemndene under pandemien. Den mellombelse lova blir oppheva 1. juli 2022, og dei ordinære føresegna i barnevernlova for sakshandsaming i fylkesnemndene vil gjelde.

I proposisjonen foreslår departementet ein forskriftsheimel av omsyn til beredskap. Covid-19-pandemien har vore uføreseieleg og det kan ikkje utelukkast at det på eit seinare tidspunkt vil bli behov for mellombelse føresegn om sakshandsaming i fylkesnemndene.

Det er avgjerande å ha moglegheita til å raskt kunne innføra føresegn viss covid-19 igjen påverkar saksavviklinga i fylkesnemndene. Nemndene avgjer saker av særs stor betydning for barn og foreldre, og omsynet til rettstryggleiken veg tungt. Forskriftsheimelen skal sikra et ein ikkje kjem i den situasjonen at nemndene ikkje får behandla saker, eller at dei får store restansar.

Ein forskrift gitt i medhald av den mellombelse heimelen kan berre gjelde for eit avgrensa tidsrom på inntil fire månader av gongen. Det er foreslått at lova skal gis varigheit til 1. januar 2024.

Les: Prop 129 L (2021-2022) Midlertidig lov om forskriftshjemmel for tilpasninger i regelverket for fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av covid-19