Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2019

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om når dei overordna strategiane verkar.

Når dei overordna strategiane verkar

Rogaland er eit variert fylke. Drygt 9,3 millionar kvadratkilometer, snautt 475 000 innbyggarar delt på 26 kommunar gir ulike føresetnadar for både næring og busetting. Over tid har det vore ei sentralisering av både folk og fe mot kysten. Utviklinga av vegnetta har gitt fleire og større felles bu- og arbeidsmarknadar, og nye infrastrukturprosjekt er under realisering. Landbruket i vårt fylke blir sterkt påverka av dette. Kan då landbrukspolitikken hamla opp med slike sterke krefter?

I Rogaland har vi i over 13 år vore tru mot nokre hovudstrategiar for bruken av dei regionale midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket, IBU-midlane. Den viktigaste strategien er truleg at minimum 70 prosent av IBU-ramma blir brukt i distrikta, altså utanom dei sentrale områda på Jæren. Det betyr ikkje at jordbruket på Jæren er mindre viktig, nei Jæren er den viktigaste motoren vår. Men vi meiner at distriktsjordbruket treng midlane meir. Hovudargumentet er at dei naturgitte føresetnadane er så pass ulike. I tillegg til 70-prosentmålet, har vi prioritert tilskot til nye sauehus og ammekufjøs i distrikta. Ut frå marknadssituasjonen har sauehus vore nedprioritert i Rogaland dei siste 4 åra, og ammekufjøs er nedprioritert i 2019. Mjølkefjøs, særleg for 15–30 kyr, er framleis prioritert.

Distrikta står framleis sterkt i Rogaland

Gjennom mange år har vi hatt mjølkeprosjekt i alle distriktsregionane. Ein periode rann mykje av mjølka sørvestover. Vi har òg hatt saue- og ammekuprosjekt i dei same områda. Har det gitt resultat? Ja, vi meiner det. Den ferske verdiskapingsrapporten gir etter vår meining svaret. Som i 2014 utgjer distriktsjordbruket framleis om lag 40 prosent av den totale verdiskapinga i Rogalands-jordbruket. Det er svært gledeleg at verdiskapinga i mjølkeproduksjonen i distrikta framleis utgjer om lag 35 prosent av den totale verdiskapinga i mjølkeproduksjonen i fylket. Samla sett har distriktsjordbruket vårt auka verdiskapinga sidan 2010.

Figur 3.3.

Når dei målretta tiltaka gir frukter

Strategiar må følgjast opp med målretta arbeid i det daglege. Mykje godt mobiliseringsarbeid blir lagt ned innan dei store tradisjonelle produksjonane som mjølk og kjøt, og ikkje minst innan frukt og bær, reiseliv, lokalmat, økologisk, fornybar energi, juletre og miljøtiltak.

Det er potensiale for auka planteproduksjon på friland i Rogaland. Berre 5 prosent av jordbruksarealet i fylket blir nytta til anna planteproduksjon enn grovfôr. Kornproduksjon utgjer den største delen i areal, resten av arealet er potet, frilandsgrønnsaker og frukt og bær. Samla verdiskaping frå desse produksjonane var i 2017 på 135 millionar kronar. Av dette 110 mill. kr frå potet og frilandsgrønsaker, 14 mill. kr frå frukt og bær og 11 mill. kr frå kornproduksjon.

Helgøy er ein av fleire stader det er blitt etablert nye fruktfelt.
Helgøy er ein av fleire stader det er blitt etablert nye fruktfelt. Foto: Kari Sand/Fylkesmannen i Rogaland

Sidan 2014 har vi hatt ei svært målretta satsing på å få opp fruktproduksjonen i fylket. Godt samarbeid med næringa, godt koordinert arbeid mellom mobiliseringsaktivitetar og strategisk bruk av IBU-midlane har gitt resultat. I perioden 2015–2019 blei det planta 485 dekar med eple, 70 dekar med morellar i tunell, 9 dekar plommer og 20 dekar pære. Fruktsatsinga har både motivert dagens dyrkarar og rekruttert nye. Bak 485 dekar med eple står etablerte fruktdyrkarar for planting på 200 dekar, medan heilt nye fruktdyrkarar har planta 285 dekar. Når all nyplanting kjem i produksjon, er det venta at den årlege verdiskapinga kjem på 35 mill. kr. Nytt fruktpakkeri i Årdal, opna i 2017 er òg eit resultat av satsinga.

Rett og slett ein suksess!

Kontaktperson:
Geir Skadberg, fmrogsk@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 64. 

Framleis 700 båsfjøs i Rogaland 

Skal alle mjølkeprodusentar i Rogaland klare kravet om lausdrift, så må det byggast opp mot 50 fjøs i året fram mot 2034. Rogaland har om lag 1200 mjølkeprodusentar som står for 20 prosent av produksjonen i Noreg. Framleis er det om lag 700 båsfjøs i fylket.

Det er brei semje om å styrkje prioriteringa av fjøs for 15–30 kyr. Det kjem klart fram av vårt oppdragsbrev til Innovasjon Norge for 2019. I 2018 blei det gitt tilskot til 41 mjølkekufjøs og 27 bygningar for ammekyr.

Nytt mjølkefjøs i Bjerkreim.
Nytt mjølkefjøs i Bjerkreim. Foto: Monica Dahlmo/Fylkesmannen i Rogaland

Det er eit klart mål å motivere for vidare mjølkeproduksjon også i distrikta. Områda utanom Jæren står i dag for om lag 35 prosent av den samla mjølkeproduksjonen i fylket. I distrikta set dei naturgitte føresetnadane ofte klare grenser for realisering av store nye kufjøs, både av økonomiske og praktiske årsaker. Viktige landbrukskommunar, som Finnøy, Bjerkreim og Vindafjord har framleis mange båsfjøs. Vi har difor prioritert nye kufjøsprosjekt i distrikta, også dei med lågare mjølkekvoter enn som er normalt ved nybygg. Av oppdragsbrevet går det fram at Innovasjon Norge ikkje skal stille krav til auka mjølkevolum på det aktuelle bruket, men at grunnlaget skal vere fornying av eksisterande driftsomfang. Det er også framheva at det meste av fôrarealet må vere eigd, eller leigd, i kort avstand frå nyfjøset. Vidare er det viktig at bygga blir plasserte slik at det ligg godt til rette for aktivt beitebruk.

Det er ei stor utfordring å få til ei økonomisk forsvarleg kalkyle for eit nytt mjølkefjøs for under 30 kyr, særleg om investeringa omfattar robot. Fylkesmannen har nyleg løyvd utgreiings-og tilretteleggingsmidlar til Tveit Regnskap AS til prosjektet «15–30 mjølkebygg», eit samarbeid mellom Fjøssystemer Vest AS, Fatland Ølen AS og Tveit Regnskap AS. Målet med prosjektet er å finne nye rasjonelle og kostnadseffektive byggløysingar for mindre mjølkebruk. Vi håpar at prosjekt som dette kan bidra til reduserte kostnader ved nybygg, og motivere fleire bønder til å investere.

Kontaktperson:
Anfinn Rosnes, fmroaro@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 80.

Avrenning frå vask av fjørfehus 

NIBIO har fått regionale klima- og miljøtiltaksmidlar i Rogaland for å sjå nærmare på avrenning frå vask av fjørfehus. NIBIO samarbeider med Klepp kommune og Fylkesmannen i Rogaland om prosjektet. Forprosjektet skal få fram kva som er vanlege vaskerutinar og løysningar for vaskevatn i dag og kartlegge kva som er vanleg praksis i resten av landet og i andre nordiske land. Dersom vi vurderer skadepotensialet til å vere omfattande, så vil det bli skissert eit hovudprosjekt med overvaking og utprøving av tiltak.

Rogaland har om lag 23 prosent av slaktekyllingen, og om lag 6 prosent av verpehønene i Noreg. Store delar av produksjonen skjer på Jæren. Det er gjennom arbeidet med Jæren vannområde problemstillinga kring utvasking av fjørfehus har kome opp, og vi ønskjer å få meir kunnskap om temaet. Vi reknar med arbeidet kan vere relevant for andre delar av landet med same utgangspunkt.

Kontaktperson:
Monica Dahlmo, fmromda@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 66.

Bønder hevar smittevernfanen – Vil utrydde smittsam hoste og diaré hos storfe i Finnøy

Smittsame sjukdommar som Bovint Respiratorisk Syncytial (BRSV) og Bovint Corona Virus (BCoV) på storfe kan føre til store skadar og redusert allmenntilstand til dyra, og dermed store økonomiske tap for bøndene.

Rogaland  opplevde eit stort utbrot av BRSV og BCoV vinteren 2017-18. Finnøy produsentlag tok derfor initiativ til eit 3-årig prosjekt der målet er å gjere storfebesetningane i øykommunen Finnøy fri for smittsame sjukdommar. Prosjektet blir leia av TINE Rådgiving, og med seg på laget har dei slakteria Fatland og Nortura.

Kompetanseheving og rådgiving er ein føresetnad for å klare den ambisiøse målsettinga. Så langt er det gjennomført sju møte rundt om i kommunen, og fleire skal det bli. I tillegg får alle bøndene tilbod om gardsbesøk. Fagleg rådgivar er veterinær Helene Sejersted Bødtker i TINE. Målet er å besøke alle 70 gardsbruka innan 2019, og så langt har 40 prosent av gardsbruka hatt besøk. På besøka gir ho informasjon om og diskuterer med  bøndene om alt frå livdyrhandel, klauvhelse, utlasting av dyr, helse – miljø - sikkerheit og smitteforebyggjande rutinar. Viss det passar i forhold til tidspunkt etter eventuelt utbrot, så tar ho også blodprøvar av kalvar over 6 månader.

– Gardsbesøka er utruleg viktige. For bøndene er det lettare å spørje når vi sit ved kjøkenbordet enn på eit ope møte, samt at vi får avdekka mistydingar, seier veterinær Helene Sejersted Bødtker.

Resultata frå blodprøvar tatt av dyra i løpet av det siste året, viser ei positiv utvikling. Det blir stadig fleire «grøne besetningar», som betyr at det ikkje har vore sjukdom i fjøset dei siste 6-7 månadane.

Det er særs positivt at prosjektet er så godt forankra hos produsentane, fordi det er dei som kan hindre smitte i å spreie seg ved endre haldning til smittevern. Prosjekteigarane meiner tiltaka vil oppmuntre til ekstra innsats og styrke det generelle smittevernarbeidet i Rogaland.

Kontaktperson:
Eli Munkeby Serigstad, fmroese@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 89 62.

Positiv erfaring med rapporteringsordning i jord- og konsesjonslovssaker

Jordlova § 3 gir Fylkesmannen heimel til å krevje rapportering frå kommunar av alle avgjerder i ein eller fleire sakstypar etter jordlova og konsesjonslova. I Rogaland har vi hatt positiv erfaring med slik rapportering frå nokre utvalde kommunar.

Jæren er eit viktig landbruksområde der det er stor interesse for å kjøpe jord, og det er også eit generelt arealpress. Dette fører til mange både viktige og krevjande saker for landbruksforvaltninga der viktige forhold til bruksstruktur og pris er tema. Ettersom kommunane er førsteinstans etter jord- og konsesjonslova har rapporteringsprosjektet gitt oss nyttig innsyn i saker som vi elles ikkje hadde blitt involverte i. Rapporteringa har også gjennom vår oppfølging ført til god dialog med kommunane, både mot politikarar og administrasjon, i krevjande enkeltsaker.

Her blir det sådd i Time kommune.
Her blir det sådd i Time kommune. Foto: Iris-Adele B. Jess

Vi har gjennom fleire år hatt praksis med innhenting av vedtak frå kommunar. I 2018 påla vi Klepp, Time og Hå kommune om å rapportere alle avgjerder etter konsesjonslova. Vi bad i tillegg Tysvær og Hjelmeland rapportere alle avgjerder etter konsesjonslova og etter jordlova §§ 8, 8a, 9 og 12. På den måten fekk vi eit godt innblikk i handteringa av landbrukssaker i store landbrukskommunar sentralt på Jæren, i tillegg til to meir typiske distriktskommunar. I 2019 inngår framleis dei nemnte Jær-kommunane i rapporteringsordninga, i tillegg til Sola og Eigersund. Rapporteringa i år gjeld alle avgjerder etter konsesjonslova og etter jordlova §§ 8, 8a, 9 og 12 i dei 5 kommunane. 

Andre Fylkesmannsembete bør vurdere tilsvarande rapportering, prosjektet har heller ikkje vore for ressurskrevjande.  

Kontaktperson:
Trond Olav Fiskå, fmrotof@fylkesmannen.no, tlf.: 51 56 88 69.

Til toppen