Fylkesnytt frå Vestfold og Telemark 1/2021

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er ute med eit nytt nummer av Fylkesnytt, mellom anna ein artikkel om areal som kan vere ute av drift.

Areal som kan vere ute av drift

Mykje areal kan synast å vere ute av drift i statistikk frå NIBIO. No vil Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sette lys på årsaker til dette og arbeide for at meir av jordbruksareala takast i aktiv bruk.

Statsforvaltaren vil i 2021 sette fullt trykk på «Areal ute av drift» og få med alle kommunane i fylket inn i eit hovudprosjektet. Arbeidet er basert på NIBIO si kartløysning som syner areal som kan vere ute av ordinær jordbruksdrift for kommunane i Noreg. For Noreg sett under eitt syner statistikken til at 13,5 % jordbruksareal kan vere ute av drift. For Vestfold og Telemark syner det til 11,1 % av arealet i fylket (NIBIO). Variasjonen er stor frå kommune til kommune. Areala i fylket vårt er ulike og jordbruksdrifta er tilpassa lokale høve frå fjell til kyst. Arbeidet i prosjektet vil sette lys på årsaker til at areala eventuelt ikkje er i bruk. Målet er betre kunnskap om areala og målrette den lokale innsatsen for å få viktige areal attende i jordbruksdrift!

Gjennom 2019 og 2020 har Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark jobba fram ein metode for å følgje opp areal i kommunane som kjem fram som «ute av drift» i NIBIO si kartløysing. Dette har vore organisert som eit pilotarbeid. Arbeidet er gjennomført i samarbeid med tre pilotkommunar; Vinje, Seljord og Horten. Resultata har gitt kommunane eit klassifiseringsverktøy for å følgje opp areal og er utgangspunktet for arbeidet i hovudprosjektet.  

Areal ute av drift i NIBIO si kartløysing, syner før og etter klassifisering.
Areal ute av drift i NIBIO si kartløysing, syner før og etter klassifisering. Foto: NIBIO
Klassifiseringsmetoden med fire hovudklasser (1-4) for sortering på areal ute av drift.
Klassifiseringsmetoden med fire hovudklasser (1-4) for sortering på areal ute av drift. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Det er og eit mål at metoden for arbeidet kan nyttast utanfor Vestfold og Telemark fylke og vere eit prosjekt for å følgje opp NIBIO si kartløysing. Prosjektet vil gje rett status på aktuelle areal ute av drift og gje kommunane ei «verktøykasse» for å rettleie og vurdere vidare oppfølging for desse areala. Det er sett delmål for arbeidet:

  • bruke klassifiseringsmetoden utvikla i forprosjektet i alle kommunane i Vestfold og Telemark i 2021
  • Utarbeide vurderingskriterier for å definere areal som bør attende i drift eller kan takast ut av varig drift
  • Utarbeide eit sett med råd for oppfølging av areal som bør takast inn i ordinær drift, kalla verktøykasse

Statsforvaltaren vil følgje kommunane gjennom si registrering og legge ei brei fagleg vurdering inn i vurderingskriteria og verktøykassa. Prosjektet skal avsluttast i 2021 med rapport på arbeidet.

Kontaktperson: Anne Aasmundsen, fmteaas@statsforvalteren.no

Satellittovervaking av skogskadar

Tørken i 2018 skaper framleis utfordringar for skogbruket med billeangrep og skogdød. Satellitt-overvaking kan gje tidleg og nøyaktig informasjon om utbreiing av skadane.

Tørke og billeskadar etter tørkesumaren 2018 er framleis ei utfordring i deler av Vestfold og Telemark. Statsforvaltaren har derfor etterspurt løysningar for tidleg å kunne avdekke skadane. Det er no ei viss fare for ein barkbille-epidemi i vår region, og ein kontinuerleg overvaking av skadebiletet gjennom sumaren 2021 og seinare kan hjelpe til med å halde oversikt over skadebiletet.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har jobba saman med NIBIO med kalibrering av satellittdata med synfaringar i felt dei siste to åra.

NIBIO har nå fått finansiering frå Skogtiltaksfondet og Utviklingsfondet for skogbruket for å utvikle ei automatisert, nær-sanntidsovervaking av barkbille- og tørkeskadar på gran som ei open nettbasera løysing. Dette dannar eit godt grunnlag og eit håp om at teknologien kan flyttast frå ein forskar-PC og takast i bruk av skognæringa.

Skogskadar på gran
Skogskadar på gran. Foto: Ingrid Knotten Haugberg

Kontaktperson: Knut Ivar Løken, fmvekil@statsforvalteren.no

Hogst 2020 - stor etterspurnad etter tilskot for å oppretthalde hogst i Vestfold og Telemark som følge av koronapandemien

For å sikre oppdrag til hogst-entreprenørar og dermed oppretthalde sysselsetjinga da Covid-19 braut ut, blei det lansera eit eige tilskot til skogsdrifter med høge driftskostnader. Vi har opplevd stor interesse for dette tilskotet i Vestfold og Telemark.

Landbruksdepartementet fastsette 9. juni 2020 ei midlertidig forskrift om tilskot for å oppretthalde hogstaktivitet i skogbruket i 2020. Tilskotet skal ifølge føresegnene avhjelpe negative konsekvensar for skogsentreprenørane i skogbruket som følge av utbrotet av covid-19.

For Vestfold og Telemark blei det utover sumaren og hausten stor etterspurnad etter tilskot til skogsdrifter som oppfyller føremålet med ordninga. Dette dreier seg i stor grad om drifter med høg driftskostnad som skuldast bratt og vanskeleg terreng, lang terrengtransport, låg kubikkmasse tømmer i hogstfeltet, hogst knytt til skifte av treslag og sjøtransport på lekter og også noko taubane og kanthogst langs skogsvegar og mot innmark.

Nærare 30 hogstlag med hogstmaskin og lassberar og taubanelag har drevet ut dette tømmeret frå 12. mai da ordninga starta å gjelde, til 30. november 2020. Samstundes har uvanleg mykje nedbør utover hausten skapt problem med å kome fram og har ført til utsettingar. Bløtt terreng fører også til ekstra innsats med oppretting av sporskader, mykje av dette vil bli utbetra i 2021 når det blir tørrare føre. Det har vore mykje planlegging og forarbeid frå skogeigarane og skogeigarsamviket si side og oppfølging frå kommunane for å gjennomføre skogsdriftene som kjem inn under ordninga.

Det er innanfor ordninga med tilskot til hogst, drevet ut 112 600 m³ i 2020, tilsvarande nærare 10 % av eit års normal hogst i fylket. Driftskostnaden for dette tømmeret er 24,4 mill. kr til ein gjennomsnittleg driftspris på 216 kr/m³. Med manuell felling til hogstmaskin og oppretting av sporskadar blir samla kostnad på 25,7 mill. kr tilsvarande 228 kr/m³.

Av mengde tømmer hogd innanfor ordninga i 2020 er 110 100 m³ hogstar med høg driftskostnad i vanskeleg terreng, lang transport mv. Vidare er 700 m³ knyt til drift med taubane og 1 600 m³ er tynningshogst. Fylkesmannen i Vestfold og Telemark fekk 5,74 mill. kr samla i tilskot til ordninga i 2020, av dette er 5,4 mill. kr tildelt dei enkelte skogsdriftene.

Område med flest søknader om tilskot er Vest-Telemark i kommunane Seljord, Tokke, Vinje og Kviteseid og Øst-Telemark i kommunane Hjartdal og Notodden, og Midt-Telemark i kommunar med driftsmessige utfordringar knytt til bratt og vanskeleg terreng, lang terrengtransport og taubaneterreng. Men også i lågareliggande terreng i kommunane i Grenland og Vestfold er det blitt gjennomført fleire skogsdrifter med tilskot. Landskapet er også i desse delane av fylket kupert og har kollar og brå fjellformasjonar som skaper driftsmessige utfordringar

Tilskotsordninga gav også moglegheit for gjennomføring av skogsdrift på meir enn 6 600 m³ på ei øy i skjergarden i Færder kommune med hogst av gran med treslagsskifte av omsyn til miljø- og landskap. Tømmeret blei frakta på lekter til kai i Tønsberg.

Ordninga med tilskot til hogst i 2020 har vore til stor nytte i fylket og har bidrege til jamnare hogst og sysselsetjing for skogsentreprenørane.

Taubanedrift med Konrad bane og Woodliner sjølvgåande løpekatt på Nordagutu, Midt-Telemark kommune.
Taubanedrift med Konrad bane og Woodliner sjølvgåande løpekatt på Nordagutu, Midt-Telemark kommune. Foto: Per Kristoffersen

Kontaktperson: Per Kristoffersen, fmtepkr@statsforvalteren.no

Matgledesatsing i Vestfold og Telemark

Vestfold og Telemark blei med i den nasjonale satsinga Matgledekorps i 2020. Covid-19 gjorde at vi måtte tenke nytt i forhold til aktuelle tiltak da sjukeheimane blei stengde for besøk.

I 2021 held arbeidet fram med Matgledekorps i Vestfold og Telemark. Det er gjort opptak til ein film som skal brukas i eit webinar i lokalet til ‘Spiller ingen kasserolle' i Porsgrunn. Webinaret vil bli prøvd ut mot ein kommune før det vert tilgjengeleg for fleire kommunar sine eldreinstitusjonar for å vise kva Matgledekorpset kan bidra med.  Filmselskapet ‘Cynergi Film & TV' har stått for regien, opptak og redigering av lyd og bilde. Filmen skal brukast som eit webinar til dei kommunane som vil sette matglede for eldre på dagsorden.

Filminnspeling av Matgledekorpset.
Filminnspeling av Matgledekorpset. Erlend Eliassen, Anders Johan Pedersen og Liv Ekre frå Matgledekorpset i Vestfold og Telemark og fotograf Petter Askø Næss frå Cynergi Film & TV. Foto: Cynergi AS

Kontaktperson: Lisbeth Haugan, fmvelha@statsforvalteren.no

Oppdatert kommunestatistikk for jordbruksproduksjon og kornavlingar

Er du interessert i sjå utviklinga i jordbruksproduksjon og kornavlingar i kommunen din eller fylket ditt dei siste 20 åra?

Endring i tal føretak og areal i Vestfold og Telemark frå 2001 til 2020.
Endring i tal føretak og areal i Vestfold og Telemark frå 2001 til 2020. Foto: Landbruksdirektoratet – Søknad om produksjonstilskott

Til høgre på nettsida finn du lenke til to Excel filer «Kornavlingar» og «Jordbruksproduksjon» med mange figurar og tabellar med tal for ulike produksjonar, verdiskaping, kornavlingar i tonn, areal og kg/dekar mm. Presentasjonane er oppdatert med nye fylke og kommunar gjeldande frå 2020. Du kan derfor finne data for dei nye fylka og kommunane tilbake til tidleg på 2000-talet.

Kontaktperson: Jon Randby, fmvejra@statsforvalteren.no

Erfaringar med økt satsing på grøntsektoren i Vestfold og Telemark

Den nasjonale satsinga på grøntsektoren i 2019 blei teke godt i mot i Vestfold og Telemark. Vi har sett stor interesse og søknadspågang for tilskot til å vidareutvikle grøntproduksjonane i fylket.

I jordbruksoppgjeret i 2019 ble dei samde om at det skulle etablerast ein særskilt satsing på grøntsektoren med mål om å auke norskandelen, og møte etterspurnaden med mest mogleg norskprodusera vare. Ein del av satsinga var å øyremerke 65. mill. kroner til investeringar i grøntsektoren over investerings- og bedriftsutviklingsordninga (IBU) hos Innovasjon Noreg. I tillegg skulle 9 mill. kroner over same ordning øyremerkast produsentar som ønsker å etablere småskalaproduksjon av grønsaker, frukt og bær. Ved utgangen av 2020 er det ei god dreiing mot fleire innvilga saker på grønt og ein nedgang på både svin og storfe i vår region. Vestfold og Telemark er eit fylke basera på mangfald, og det er viktig med rett produksjon på rett areal. I dag kjem 25% av grønsakene frå Vestfold og kvart 4. eple kommer frå Telemark med utgangpunkt i norsk produksjon.

Dei innvilga sakene på grønt har fortrinnsvis gått til nyplantingar og fornying av frukthagar og tradisjonelle prosjekt på grønsaker som lagerbygg; både nybygg og fornying.  I 2018 ble det tydeleg at eit velfungerande vatningsanlegg var naudsynt. Dette har resultert i større fokus på vatningsanlegg, og det forventast fleire prosjekt innan oppgradering og vedlikehald.

Det er fleire gode eksempel på initiativ som viser at næringa tar signal om auka satsing på grøntproduksjon. Eit av dei er samarbeidet mellom Telefrukt AS, Telemark produsentlag og Coop Norge SA. Dei har starta prosjektet «Norsk eple i utvida sesong». Telefrukt har investert i eit nytt ULO-lager (Ultra low oksygen) og kan nå lagre eple av god kvalitet. Planen er norsk frukt i butikk til 1. mars. Allereie i første sesong ser vi at det er auka etterspurnad også frå andre aktørar.

Grøntproduksjonen skil seg frå resten av landbruket ved at den er marknadsretta og må ta omsyn til prisen i marknaden. Dei er utsette for ein betydeleg konkurranse frå import, og importprisane er i mange tilfelle retningsgjevande for prisene i den norske marknaden. Leveringsavtala som produsentane gjer med salsleddet, gjev kjedene ein kjøpsrett, men ikkje ein kjøpeplikt. Dette kan oppfattast som lite framtidsretta og produsentane blir ofte meir opptatt av effektivisering framfor innovasjon. Det skal i denne samanhengen nemnast at i Vestfold og Telemark er det fleire innovative og framtidsretta grøntprodusentar som ligger i front når det gjelder innovasjon av både nye produksjonsmåtar og nye produkt. Poteter i konkurranse med Amadine poteter, søtpoteter, sukkerertproduksjon og nye produksjonsmetodar i både jordbær og bringebær er nytenkingar som bør nemnast. Grøntprodusentar i vår region er kjent for å vere tett på utlandet og ta med seg trendar heim for å prøve ut i norsk målestokk. I tillegg har fleire tatt tak i jordhelse for å auke kvaliteten på både planter og jord, sidan god jordhelse er ei forutsetning for friske planter.

I dialog med Innovasjon Norge Vestfold og Telemark er tilbakemeldingane at ordninga har truffe best på dei veletablera produsentane. Midlane har ikkje det første året stimulert til nyetableringar og nysatsingar som var ønskeleg i Vestfold og Telemark. Eit unntak er enkelte nyplantingar i fruktmiljøet i Telemark. Ei utfordring er at det oppfattast som vanskeleg som ny produsent å kome inn i marknaden og få leveringsavtale med dei større aktørane. Likevel er det ingen tvil om at satsinga har vore til hjelp for auka fokus på grøntbransjen.

I 2020 var det nasjonalt sett av 9 millionar kroner til småskalaproduksjon, og delar av den potten blei også innvilga i Vestfold og Telemark. Grøntutvalets rapport «Grøntsektoren mot 2035» peika på at skal ein nå dei politiske ambisjonane om auka vekst i grøntbransjen, er det naudsynt å forskyve tyngdepunktet frå produktivitetsforbetringar til utvikling av norsk kvalitet og særpreg. Ei løysing på dette kan vere satsingar på marknadshagar og andelslandbruk. Det blei i 2020 innvilga støtte til fleire marknadshagar i vår region, også i dei meir marginale områda i Telemark.  Marknadshagar kan utfordre den tradisjonelle marknaden ved å produsere meir utradisjonelle produkt og nye sorter, og i tillegg prøve ut produksjon på stader det ikkje har vore tradisjon for grøntproduksjon. Marknadshagar og andelslandbruk er tett på den lokale marknaden og i direkte kontakt med kunden. Dei snur seg lett etter kva marknaden etterspør, og er i dialog med kunden. Småskalaproduksjonar kan vere med på å bevare gamle kulturplanter, og få fram det særeigne norske, som på sikt kan styrke vår konkurransekraft mot import. Salet frå REKO-ringer og gardsutsal er aukande og spesielt i koronaåret har forbrukarane sett nytten av å ha meir direkte kontakt med produsentane.

I 2020 har det også blitt gitt støtte til prosjekter innan spiselege blomar, økologisk frukt og pyntegrønt i vår region. Dette er prosjekt i mindre skala, men som kan vere med på å bygge arbeidsplasser som er gode ambassadørar for det norske landbruket.

2020 har vore eit spesielt år, med mindre grensehandel, noko som har gitt auka merksemd på norske produkt. Kva som skjer når grensa opnast att er uvisst, da blir det viktig for næringa å halde denne marknadsandelen. Satsinga på grøntnæringa som kom under jordbruksoppgjeret 2019 er bra, og det blir spanande å sjå fortsettinga. Kanskje vil vi sjå både meir nyetableringar på utradisjonelle produkt og ungdommeleg satsing i tida framover. Dette er eit viktige arbeidsområde for landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren å støtte opp om, og vi ønsker å være tett på denne næringen og hjelpe der det er trong. 

Framtidsproduksjon av jordbær med tabletopp.
Framtidsproduksjon av jordbær med tabletopp. Namn: tabletopp, Ingunn.jpg (3 MB Foto: ngunn Haldorsen Sømme

Kontaktperson:
Ingunn Haldorsen Sømme, fmveihs@statsforvalteren.no