Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Fylkesnytt frå Vestland 3/2019

Fylkesmannen i Vestland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med artiklar om Vestland sitt arbeid omkring klimaklokt landbruk.

Klimaklokt landbruk som tema på Vestland si første landbrukssamling

Korleis kan landbruket førebyggje klimautfordringar og handtere eit endra klima? Dette var tema for konferansen Klimaklokt landbruk 3. og 4. september.

Turid Haga Vange tok imot sit første kalv då ho var seks år og driv no slektsgarden på Vange i Vik. Garden har vore driven økologisk sidan 1989, og eitt av dei siste miljøtiltaka Vange har gjort, er å byggje ny tårnsilo. Stort sett alt fôr vert lagt i silo, bortsett frå noko til tørrhøy. Rundballeplast er det dermed ikkje å finne på garden.

Turid Haga Vange og Reidar Almås
Turid Haga Vange og Reidar Almås avslutta den to dagar lange landbrukskonferansen med innlegg frå ulike ståstadar – bonden og forskaren. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Satsar og trur på framtida

På landbrukskonferansen i Sogndal fortalde Vange dei rundt 150 deltakarane om korleis det er å drive økologisk og mest mogleg klima- og miljøvenleg på ein vestlandsgard på 500 dekar med 40 kyr og 16 slakteoksar. Ho ser både fordelar og utfordringar med økologisk drift, men det er her ho vil skape framtida si. Etter innlegget sitt hausta ho både godord og fleire klapp på skuldra frå dei andre i salen.

Og forskaren på snart 80 trur på framtida for norske bønder, også dei som produserer kjøt. I ei tid der stadig fleire et stadig mindre kjøt, forfektar Reidar Almås at eit måltid med raudt kjøt og norske poteter og grønsaker er både klimavenleg og berekraftig.

– Det er matsvinn å late halvparten av kaloriane i utmarka gå til spille, slo han fast.

Må produsere det folk vil ha

Almås er seniorforskar ved Institutt for rural- og regionalforskning og professor emeritus ved NTNU og har brukt store delar av karrieren sin på å forske på norsk landbruk og norske bygder. Han ser fleire utfordringar for landbruket som følgje av klimaendringane og trur noko av svaret er å spele på lag med vêret og produsere det folk vil ha.

– Eg trur eit allsidig og multifunksjonelt landbruk er svaret på korleis landbruket kan tilpasse seg klimaendringane og det grøne skiftet. Bøndene må drive kunnskapsbasert, klimaklokt og energigjerrig. Dessutan må planteprodusentane kjenne si besøkelsestid i ei tid der fleire definerer seg som veganarar og fleksitarianarar, som innimellom droppar kjøt, fisk, mjølk og egg, sa Almås.

Klimakloke val i kvardagen

Dei om lag 150 deltakarane på konferansen, som er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland, var i hovudsak tilsette i kommunane. Det er dei som skal rådgje og hjelpe vestlandsbøndene inn i framtida – og då er klima eit stikkord på fleire måtar.

Landbruket må både tilpasse seg eit endra klima med både meir og mindre vatn, samstundes som også landbruket må bidra i klimadugnaden og redusere utslepp frå gardsdrifta.

– Vi hadde inspirerande innlegg og gode diskusjonar desse to dagane. Det var kjekt og lærerikt. Målet er at deltakarane no tek med seg ny kunnskap heim og set denne ut i praksis, slik at bønder på heile Vestlandet lærer seg å gjere klimakloke val i kvardagen sin, seier arrangørane.

Erfaringsdeling på kafédialogen; «Å ta klimakloke val heime».
Erfaringsdeling på kafédialogen; «Å ta klimakloke val heime». Foto: Ragna Flotve/Fylkesmannen i Vestland

Fruktbar kafédialog

Konferansen var samansett av innlegg, parallellsesjonar og ein kafédialog, der alle deltakarane sjølve skulle koma med innspel til korleis vestlandslandbruket kan bli meir klimaklokt. Deltakarane sirkulerte mellom kafébord og diskuterte mellom anna korleis klimavenleg gardsdrift kan bli eit fortrinn for lønsemd, og korleis ein kan leggje til rette for klimavenleg arealbruk. 

Seansen vart avslutta med ei oppsummering, der nokre av emna var framsnakking av flinke bønder, at betre omdøme gjev meir sal, og at klimavenleg drift vil auke lønsemda gjennom betre avlingar. Deltakarane trekte fram oppfølging av driveplikta, auka tilskot til drenering, god beitebruk og god kunnskap om agronomi som tiltak som kan legge til rette for klimavenleg arealbruk.

Kontaktpersonar:

Karoline Bjerkeset [email protected], tlf. 57 64 30 93,
Ragna Flotve  [email protected] , tlf. 55 57 21 72.

BEIT –  ein optimistisk konferanse om klima, landbruk, fjøs, teknologi og slikt

Landbruk er ei utsleppskjelde for klimagassar, men kan også vere del av løysinga. Det hastar med å finne løysingar. BEIT er eit bidrag til dette.

Landbruksnæringa er den femte største utsleppskjelda av klimagassar og står for 8,4 prosent av Noreg sitt årlege utslepp. I motsetning til andre utsleppskjelder vil landbruket også binde og lagre CO2. Skog, jordbruksjord og beitemark bind og lagrar karbon i plantemateriale og i jorda.

Vi må gjere meir for å motarbeide klimaendringar og bidra til å redde klimaet for komande generasjonar. Verda treng mat, produsert i pakt med natur og klima, og vi vil vere ein del av løysinga til å få dette til. Dagens moderne og samfunnsengasjerte bønder har ambisjonar. Tida for handling er no.

Elevar frå Voss vidaregåande skule opnar Beitkonferansen.
Elevar frå Voss vidaregåande skule opnar Beitkonferansen. Foto: Dirk Kohlmann/Fylkesmannen i Vestland

Mangfald av løysingar

På BEIT-konferansen i Myrkdalen 17.-18.oktober samlast bønder, forvaltning, entreprenørar, studentar, visjonærar og jordnære forskarar for drøfting av eit stort mangfald av løysingar som har «klimaredningspotensial». Hovudfokus var produksjon av mjølk og kjøtt.

Vi treng fjøs som er  kostnads- og klimasmarte, og som leverer både konstruktivt og driftsmessig på «klimaredningsskalaen». Samstundes må bonden som næringsdrivande sjå økonomisk gevinst av investeringar. Staten må setje i gang klimaeffektive innovasjonar og bonden må sjå at investeringane vil styrke marknadsposisjonen i framtida.

Dei unge si stemme

Konferansen starta med engasjerte ungdommar frå Voss vidaregåande skule. Dei hadde gjort seg tankar om framtida for landbruksnæringa og leverte ein sterk appell til forsamlinga. Framtida i det norske landbruket kan vere lysande, så lenge unge bønder får auga opp for eit meir berekraftig landbruk, satsar på beitedyr og gjerne driv økologisk.

Klimasmarte fjøs

På konferansen vart det presentert bruk av trevirke i moderne fjøsbygg, både i teori og praksis. Trebygg er ein nøkkel til meir klimasmart drift på gardane. Både Kristin Støren Wigum frå Kystskogbruket, “trefjøsbonden” Helge Arne Espeland, Jochen Simon frå Tyskland og Hans Martin Andersen tok til orde for ein meir sirkulær gardsressursbruk – bruk av materialar frå eigen skog – og effektiv og kostnadssparande bygging av nye driftsbygningar.

Eit viktig argument for moderne trefjøs er dyrevelferd. Joep Driessen frå Nederland engasjerte forsamlinga med eit føredrag om fjøs som gjer kua “meir lukkeleg og meir frisk”. Han sa også at viss kua lever to år lengre og får to ekstra laktasjonar, kan vi redusere metanutslepp med 30 % og samstundes får ei meir økonomisk drift for bonden.

Vi må bli flinkare til å dele kunnskap og erfaringar for å kunne redusere klimagassutsleppa frå landbruket. Difor er det trong for møteplassar som BEIT.

Kontaktpersonar:

Dirk Kohlmann, [email protected], tlf. 55 57 21 71,
Kari Elsa des Bouvrie [email protected], tlf. 55 57 20 22

Småskala grøntproduksjon er skreddarsydd for Vestlandet

I år starta det opp to viktige småskalakurs innan produksjon av frukt, bær og grønt. Kursa kan bli modell for andre.  Allsidig og intensiv drift tilpassa lokal-sal er viktige stikkord for kursa.

I jordbruksforhandlingane i vår vart det sett av 9 millionar kroner til småskala produksjon av frukt, bær og grønt. Dette gav auka optimisme og motivasjonen for kompetanseheving.

Vestland fylke har rett nok nokre flate og meir samanhengande produksjonsområde for grossistproduksjon, men dei fleste areala er små og oppstykka. Dette gjeld særleg areala rundt Bergen. Skal innbyggarane i Noregs nest største by få fleire lokalproduserte varer og ferskare frukt, bær og grønsaker, må dei dyrkast intensivt og allsidig på mindre areal.

Småskala grøntproduksjon.
Småskala grøntproduksjon. Foto: Frøydis Lindén/Fylkesmannen i Vestland

Allsidig med sortsmangfald

Fleire småskalaprodusentar med gardsutsal eller deltaking på Bondens marknad og REKO-ringen, har i lengre tid etterspurt dei rette kursa for frukt, bær og grønnsaksproduksjon.  Det fanst spesialiserte kurs med vekt på grossistproduksjon, men dette var ikkje relevant for dei. Småskalaprodusentar vil ha kunnskap om korleis ein driftar med eit sortsmangfald, fleire ulike kulturar og økologisk drift. Mange av dei har som mål å vera eineleverandør av frukt, bær og grønt for kundane sine.

Skreddarsydde kurs

Kompetansesenteret til Sogn Jord-og hagebruksskule har, saman med NLR Vest og Kompetansenavet Vest, utvikla kursopplegg innan allsidig frukt- og bærproduksjon og skaffa gode kurshaldarar. Deltakarane får grundig innføring i dei ulike hovudkulturane av frukt og bær, og oppfølging på eige gardsbruk. Mange av deltakarane har erfaring med lokal-sal, men får oppfrisking i marknadsretta salsarbeid og effektiv gardsdrift. Lønsemd er eit hovudmål, og innføring i LEAN som arbeidsmåte er eit eige tema på kurset. Kurset er støtta av KIL-midlar i landbruket (Landbruksdirektoratet).

Stor interesse for grønsaksproduksjon

Bondens marknad, Landbrukets Økoløft og Fylkesmannen i Vestland gjekk i haust saman om å lage informasjonsmøte om kurset i marknadshagedrift med grønsaker, som startar i november. Det kom over 30 deltakarar på kvart av møta i Sogn og Fjordane og Hordaland, og så langt har mest 30 meldt interesse for kurset. Det tyder på at mange vil starte med grønsaksproduksjon, og vil sikre seg fagleg støtte. Det skal dei mest motiverte no få.

Trygg oppstart

Saman med NLR og Bondens marknad startar det i november opp eit kurs i etablering og drift av marknadshage for lokalsal. Gjennom tre samlingar og sju webinar, skal deltakarane få fagleg og praktisk innføring i allsidig, men intensiv grønsaksproduksjon på 2-5 dekar. Målet er at minst 10 av 30 deltakarar skal starte opp med produksjon i denne skalaen i 2020/21. Dei får også med rådgjevingspakker frå NLR og tilbod om fadder-ordning.

Nettverk med svenskane

Inspirasjon til å lage støtteapparat rundt ferske grønnsaksbønder har arrangørane henta frå Stadsbruk-nettverket, med base i Malmø i Sverige. Prosjektet har som mål å drive rådgiving og nettverksarbeid for auka lønsemd i grønsaksproduksjonen. Arbeidsflyt og god planlegging er viktige stikkord for å få ein slik produksjon til å gå bra. I Malmø har dei testa modellar for marknadshagar, og funne måtar å organisere tilgang til jord for gartnarar som ikkje har gard. I tillegg har dei marknadshageHUB’ar, der uerfarne gartnarar kan få leige areal i 1-3 år og prøve  ut ein reell produksjon, i eit tett og fagleg nettverk. Ein studietur til desse nettverka i Malmø og Gøteborg vert arrangert 23.-24. oktober.

Kontaktperson: 

Frøydis Lindén, [email protected], tlf. 55 57 21 86

Fylkeskommunen satsar på grøn landbruksutvikling

Landbruksrelevante utviklingsprosjekt stakk av med heile 8 av 13 millionar kroner som Hordaland fylkeskommune hadde sett av frå regionale utviklingsmidlar til støtteordninga «Grøn konkurransekraft 2019».

I Hordaland har fylkesmannen og fylkeskommunen i fleire år arbeidd tett saman om utvikling knytt til mat og landbruk, både innan næringsutvikling, entreprenørskap, kulturlandskap og miljø.  Dette har mellom anna løyst ut langt meir midlar til utviklingsarbeid i landbruket enn det som ligg i fylket sin UTM-kvote.

I år sette fylkeskommunen av ein stor pott av regionale utviklingsmidlar knytt til «Strategi for grøn konkurransekraft i Hordaland 2019», i tråd med regionale nærings- og klimaplanar. I olje-, shipping og akvakulturfylket Hordaland gjekk likevel halvparten av dei 14 tildelingane til landbruksrelaterte eller -relevante prosjekt.

Ny satsing på ku-kraft.
Ny satsing på ku-kraft. Foto: Erna Tystad/Fylkesmannen i Vestland

Fornybar energi

I Hordaland har utviklinga innan landbrukstilknytt bioenergi stort sett vore avgrensa til mindre flisfyringsanlegg. Biogass på husdyrgjødsel har vore vanskeleg å få til, mykje grunna strukturen i landbruket og folkesetnaden. To av prosjekta i Grøn konkurransekraft bidreg også til å skru opp tempoet i trebasert bioenergi. Nytt for vår region er at to regionale renovasjonsselskap har fått løyvingar til prosjekt for utgreiing av biogassanlegg for matavfall i kombinasjon med husdyrgjødsel, i relativt mjølketette område i Voss og Hardanger. Dette er ei særs spanande utvikling, som kan bidra til å kome rundt den bøygen vi her vest har hatt med etablering av gardspesifikke bioreaktorar.

Bioøkonomi og sirkulær økonomi

Endå «grønare» er satsingar som kan ha ei høgare verknads- og foredlingsgrad enn energiproduksjon. Voss, den største landbrukskommunen i fylket, vart tildelt 1,4 millionar kroner til eit 3-årig utviklingsprosjekt innan landbruket, med høge implementerings-ambisjonar på karbonfangst og jordbiologi. Design Region Bergen fekk løyvd 1 mill. til eit prosjekt for identifisering og nytting av bioressursar i sirkulær økonomi. Sist men ikkje minst, fekk Bybonden i Bergen finansiert mykje av sin aktivitet dei neste 3 åra, både mot det bynære landbruket og den generelle folkesetnaden, knytt til bumiljø og urbant landbruk.

Til saman skapar dette ein aktivitet og ei målretta utvikling av klimavenlege løysingar i landbruket som vi ikkje har vore i nærleiken av her vest før, då større og kompliserte satsingar ofte ikkje vil verte prioriterte ved tildeling av miljø- og næringsutviklingsmidlar.

Kontaktperson:

Eirik Brynjelsen [email protected], tlf. 55 57 21 70

Landbrukssamarbeid heidra med pris

Bygdeutviklingsprisen i Sogn og Fjordane for 2019 gjekk til samdrifta Straumsnes Mjølk og Kjøt DA og til Storfeprosjektet.

Tradisjonelt landbruk med aktive bønder

Straumsnes Mjølk og Kjøt DA (SMOK) driv samdrift innan mjølke- og storfekjøtproduksjon på Straumsnes i Fjaler.  Dei har investert i nytt fjøs med mjølkerobot og produserer årleg 430 tonn mjølk, 15 tonn storfekjøt med eit areal på 850 dekar. Dette er ei samdrift i ordet si rette tyding.  «Vi var samde om at vi alle skulle delta aktivt i arbeidet. Samdrifta skulle ikkje berre vere eit samarbeid på papiret, med mange passive eigarar. Den sosiale sida ved samarbeidet er utruleg viktig for trivselen vår» , seier Kjartan Åsnes, heiltidsbonde og dagleg leiar for samdrifta.

Samdrifta er opptatt av syne fram landbruket.  På nettsida skriv dei «Vi tek gjerne imot besøk i fjøsen. Best og kjekkast er å være med på mjølkinga i kveldsstellet, ca. kl. 18-19»

Glade bønder tek imot prisen.
Glade bønder tek imot prisen. Frå venstre: Karen Marie Hjelmseter, leiar for hovudutval for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ole Jakob Nedrebø, SMOK, Kjartan Åsnes, SMOK, Jenny Følling, fylkesordførar, Hilde Åsnes, SMOK, Jo Helge Sunde, prosjektleiar i Storfeprosjektet og Bjørn Harald Haugsvær, styreleiar i Storfeprosjektet. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

130 mjølkerobotar i Sogn og Fjordane

Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har vore ein viktig bidragsytar til fornying av mjølkeproduksjonen i fylket. No kjem 50 % av mjølka frå kyr i lausdrift fordelt på 140 nye moderne driftsbygningar der dei aller fleste har mjølkerobot.

SMOK sin nye driftsbygning.
SMOK sin nye driftsbygning. Foto: Vemund Aartun/SMOK

«Utan mobiliseringa og rettleiinga frå Jo Helge Sunde og Storfeprosjektet hadde vi truleg følgd straumen her på kysten og langt ned gardsbruka våre. I staden har vi i dag ein moderne arbeidsplass med godt arbeidsmiljø både for dyra og røktaren», seier Åsnes. 

Storfeprosjektet i Sogn og Fjordane har klart å skape tru på framtida og bruksutbygging i ei næring som var prega av pessimisme. Frå å vere eit fylke prega av stillstand og lita investeringsvilje innan storfe, har mjølkeprodusentane i Sogn og Fjordane gjennom ei målretta satsing lagt om til lausdrift og robotmjølking.

Behov for satsing framover

Kravet om lausdrift frå 2034 gjer det heilt nødvendig med investeringar i næringa. Ei av utfordringa framover er å få dei mellomstore bruka med 15-30 kyr over på lausdrift. Over 40 % av mjølkebruka i Vestland er mellomstore bruk med 15-30 kyr og dei produserer 41 % av mjølka i fylket. I 2020 vert det sett i gang eit felles mobiliseringsprosjekt for Vestland.

Kontaktperson:

Randi Erdal, [email protected], tlf. 57 64 30 73

Sauen og livet

Sauen gjev mat og varme, skapar kulturlandskap og bidreg til biologisk mangfald. Dette var tema for bokbadet «Sauen og livet» i Bergen 15. oktober.

Kva er det med sauen? Kva rolle spelar dette vesle dyret for vestlandslandskapet, berekraft og kultur i fortid og i notid? Med desse  spørsmåla innleia Ragna Flotve eit noko uvanleg bokbad i på hovudbiblioteket i Bergen. Ein forfattar, ein sauebonde og ein forfattar med sauebruk var gjester. Publikum var eit stort og variert utval av  byfolk og bygdefolk frå regionen.

Forfattar Lars Amund Vaage og forfattar og sauebonde Hilde Myklebust har begge eit blikk for sauen i litteraturen sin. Saman med sauebonde og litteraturinteressert norsklærar, Ingunn Teigland, og bokbadar Ragna Flotve samtala dei omkring sauen si rolle i tradisjon, litteratur, mat og kle, om bygda sin funksjon og om bondelivet.

«Sauen og livet» i samtale og litteraturformidling.
«Sauen og livet» i samtale og litteraturformidling. Frå venstre: Ragna Flotve, Hilde Myklebust, Lars Amund Vaage og Ingunn Teigland. Foto: Frøydis Lindén/Fylkesmannen i Vestland

Sauen og FN sitt berekraftmål nr. 15

Gjennom 5000 år har sauen vore ein hjørnestein i bygde-Noreg, skriv biolog Anna Blix i boka «En hyllest til sauen». Sauen si beiting i utmark påverkar sterkt plantesamfunnet og et vekstar som menneske ikkje kan eta. Slik medverkar sauen til at landskapet ikkje gror att. Kulturlandskapet er tilhaldsstad for ein tredjedel av dei trua artane i landet, seier Blix, som vektlegg behovet for kunnskapsbasert og god forvaltning av utmarka som beiteområde i framtida (Blix 2018).

Mat og varme

Sauekjøt og ull var livsviktig for menneska som budde i karrige landskap langs vestlandskysten. Vadmålsklede gav varme til fiskarbonden, og ein nytta det ein kunne av kjøt og ull. Behova endra seg med velstandsauke, men sauekjøt er framleis ein viktig del av kulturen vår.  Me har fårikål som nasjonalrett, lammelår til påske, og mange av oss et pinnekjøt på julekvelden. Hilde las utdrag frå boka si, Glødepunkt. Her har ho ei skildring av slakting, og panelet samtala omkring samfunnsendringar og synet på husdyr i dag. Korleis reagerer det urbane mennesket på det som i tidlegare tider var ein naturleg del av kvardagen,  og korleis kan ein bonde vera glad i dyra sine og likevel senda dei til slakt?

Viss du ikkje gjer det bra på skulen vert du gåande her

I boka «Sauebondens liv» (2016) tek forfattaren James Rebanks lesaren med inn i sauebonden sin kvardag. Kjærleik til dyr og landskap er gjennomgåande i boka. Forfattaren fortel om skuletida si, der elevane vert trua med å ikkje bli til noko om dei ikkje reiser ut frå bygda. Rebanks har berre eitt ynskje: å bli sauebonde. Bokbad-gjestene delte tankar omkring respekt for bondeyrket i dag og det å bu på bygda. Korleis skapar me eit nærmiljø med innsikt og nærleik og korleis ta vare på tradisjonane i ei tid med store endringar?

Sauen i litteraturen

Sauen har hatt ei rolle i svært mykje litteratur, inspirerer på sin særeigne, smålåtne måte. Lars Amund las utdrag frå  Bibelen, der sauen er svært sentral og synte, gjennom Vinje sitt dikt, Blåmann og utdrag frå ein tale Vinje har halde, eksempel på korleis husdyr og menneske knyter seg til kvarandre. Sauen Forfattarane krydra stunda med gode dikt og romanutdrag om tradisjon, arbeidsliv og bonden sitt liv i møtet med dyr, landskap, slektsband og tradisjonar.

Arrangementet er ein del av ein møteserie om matglede og berekraft, arrangert av Matbyen Bergen, Fylkesmannen i Vestland, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. Bergen er ein av 26 gastronomibyer i UNESCO Creative Cities Network.

Kontaktpersonar: 

Frøydis Lindén, [email protected], tlf. 55 57 21 86,
Ragna Flotve  [email protected] , tlf. 55 57 21 72.

Til toppen