Høyring om avkastningsoverskot på garanterte pensjonsprodukt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Finansdepartementet
Nyheit | Dato: 05.10.2021
Finansdepartementet har i dag sendt på høyring utkast til forskriftsreglar om bruk av avkastningsoverskot på garanterte pensjonsprodukt.
I Prop. 223 L (2020-2021) Endringer i pensjonslovgivningen mv. (pensjon fra første krone og dag, garanterte pensjonsprodukter)som vart lagt fram 18. juni 2021, vart det mellom anna foreslått ein lovheimel for i forskrift å opne for meir fleksibel bruk av avkastningsoverskot for garanterte pensjonsprodukt. Lovforslaget er til handsaming i Stortinget.
Formålet med forskriftsreglane som no blir sendt på høyring, vil vere å sikre at den auka fleksibiliteten kjem kundane til gode, og unngå interessekonfliktar mellom ulike kundegrupper og mellom kundar og pensjonsleverandørar.