La fram felles føringar for havvindnæringa
Nyhet | Dato: 07.06.2022 | Statsministerens kontor
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkte tysdag Equinors havvindprosjekt Hywind Tampen saman med LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og NHO-sjef Ole Erik Almlid. På reisa i Vestland fylke besøkte han også verftet Havyard Leirvik og møtte representantar for fiskerinæringa om bord i fiskefartøyet Vestbris.
– Regjeringa har satt i gang eit arbeid for å gjere Noreg til ein av verdas leiande nasjonar innan havvind og ny, grøn industri. Vi fører ein aktiv næringspolitikk som spelar på lag med industrien, bidreg med kunnskap og verkemiddel som gjer at vi får meir kraft til Noreg. Det er naudsynt for å sikre vanlege folk og industrien rimelege kraftprisar også i framtida, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Vil forme ei ny norsk næring innan havvind
Under besøket la statsministeren saman med LO-leiaren og NHO-sjefen fram fem prinsipp for korleis havvindnæringa i Noreg skal utviklast:
- Noreg skal bli ein av verdas leiande nasjonar innan havvind med langsiktige mål og føreseielege rammevilkår frå regjeringa
- Havvindnæringa skal utviklast etter den norske modellen som gir tryggheit i arbeidslivet
- Vi skal utvikle ei havvindnæring som skal bidra til fleire arbeidsplassar til havs og i leverandørindustrien
- Havvindnæringa skal bidra med kraft som muliggjer ny grøn industri på land
- Havvindnæringa skal vere berekraftig og byggast i god sameksistens med andre havnæringar
Verft i omstilling
Statsministeren, Følsvik og Almlid besøkte tysdag verftet Havyard Leirvik som er godt i gang med det grøne skiftet. Verftet, som vart etablert i 1918, har levert seks havvindskip og dei held no på å ferdigstille ei ferje som dei har bygd om til elektrisk drift.
– Eg er imponert over at verftet her allereie har ein fot i den internasjonale havvindmarknaden, og har levert seks skip, i tillegg til arbeidet med å elektrifisere ferje. For å lukkast med dei ambisiøse klimamåla må vi også bruke folka og ressursane våre klokt framover. Då er det viktig at hjørnesteinsbedrifter som dette er med, seier Støre.
Diskuterte sameksistens med fiskerinæringa
I Leirvik møtte statsministeren, Følsvik og Almlid også representantar for fiskerinæringa om bord på fiskefartyet Vestbris.
– Regjeringa er opptatt av god sameksistens mellom havnæringane. Vi ønskjer å finne løysingar som er basert på godt kunnskapsgrunnlag, og som skaper vekstmoglegheiter i tida framover. Eg er glad for den konstruktive og gode samtalen med fiskerinæringa her i dag, seier statsministeren.