Regulering av makrell i 2022

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett førebels regulering for fisket etter makrell i 2022. Kyststatane er samde om ein totalkvote på 794 920 tonn, men ikkje om fordeling. Den nasjonale kvoten er førebels fastset til 100 000 tonn i påvente av vidare forhandlingar om kvotefordeling i første halvår 2022.

- Det er viktig å fastsetje ein førebels kvote frå 1. januar slik at dei som skulle ønskje det får høve til å starte fisket tidleg på året, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.  Eg vil sørgje for at endeleg nasjonal kvote for 2022 vert fastsett i god tid før størstedelen av det norske makrellfisket startar opp sumaren 2022.

Makrellreguleringa ligg i all hovudsak fast. Departementet vil i 2022 vidareføre prøveordninga med fiske med snurrevad etter makrell i lukket kystgruppe, og prøveordninga for kvotetrekk ved fangst utover kvotefleksibilitetsordninga. Departementet tek sikte på å vurdere spørsmål om over- og underregulering når endeleg kvote vert fastsett i løpet av første halvår 2022.