Revidert nasjonalbudsjett

Meir midlar til det statlege barnevernet

Regjeringa føreslår ei løyving på om lag 260 millionar kroner for å styrke det statlege barnevernet. Av desse midlane skal 60 millionar kroner gå til auka framdrift i arbeidet med å auke kapasitet og kvalitet i statlege barnevernsinstitusjonar, ei omstilling som og legg grunnlag for ideell vekst og ei gradvis utfasing av kommersielle aktørar.

– Styrkinga av det statlege barnevernet er nødvendig for at barn med store og samansette behov skal få hjelpa dei treng, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ei årsak til styrkinga er ein auke i andelen barn med store og komplekse behov.

– Det har tidlegare blitt løyvd 150 millionar kroner i 2022 og 10 millionar kroner i 2023 til å styrkja dei statlege institusjonane og enkelte av dei ideelle. Med ei styrking på 60 millionar kroner kan arbeidet med å tilpassa og gjera statlege institusjonar i stand til å ta seg av barna med dei største behova bli vidareført og forsterka, seier Toppe.

Fleire spesialiserte fosterheim

Regjeringa føreslår òg 13,3 millionar kroner for å varig auka talet på spesialiserte fosterheimar og det blir planlagt å styrkja tilbodet med 20 spesialiserte fosterheimar knytte til ideelle leverandørar.

– Fleire spesialiserte fosterheimar vil bidra til at fleire barn slepper lang ventetid på ein meir varig bustad i fosterheim, seier Toppe.

Auken i talet på spesialiserte fosterheimsplassar skal skje ved kjøp av fosterheim frå ideelle aktørar. Då kan fleire barn i målgruppa få tilbod om spesialisert fosterheimar, og dermed sleppe lang ventetid for å få ein meir varig bustad i fosterheim. Dette vil òg bidra til å auke andelen ideelle aktørar i barnevernet.