Tilleggsnummer til Statsbudsjettet 2022

Meir til institusjonsbarnevernet

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa føreslår 100 millionar kroner til å styrkje og omstille institusjonstilbodet i barnevernet neste år. Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) ønskjer å auke bruken av offentlege og ideelle leverandørar innanfor barnevernet.

– Hurdalsplattforma er tydeleg på at regjeringa ønskjer å fase ut kommersielle aktørar innanfor barnevernet. Det gjeld særleg der bruken av dei private er prega av konkurranseutsetjing og anbod, slik som i institusjonsbarnevernet. Det vi gjer no, er eit tydeleg signal om kor vi vil, og eg har høge ambisjonar for institusjonsbarnevernet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

I dag blir mange av barna med dei største og mest samansette behova tekne hand om av kommersielle leverandørar av institusjonsplassar. Desse barna bør det offentlege sjølv ta hand om, meiner regjeringa.

Viktig for utviklinga

Barn i barnevernet har ofte behov for ulike koordinerte velferdstenester og eit sterkt behov for nok tilsette med riktig kompetanse. I dag er mange av desse barna gjenstand for anbodskonkurransar. Det er noko regjeringa vil bort frå. 

– Regjeringa prioriterer for 2022 å styrkje og omstille dei statlege institusjonane. Samstundes vil vi leggje til rette for meir bruk av ideelle aktørar og redusere behovet for enkeltkjøp frå kommersielle. Løyvinga skal derfor hovudsakleg gå til å auke bemanninga for å gi eit betre tilbod til barna med dei største behova, seier Toppe.

Viktig reform

Barnevernsreforma er viktig for utviklinga i barnevernet i åra som kjem. Reforma skal tre i kraft frå 2022, og inneber at kommunane får meir fagleg og økonomisk ansvar.

– I tråd med etablert praksis skal kommunane få kompensasjon for meirutgiftene gjennom å auke rammetilskotet, seier Toppe.

Når kompensasjonen blir fordelt etter objektive kriterium i inntektssystemet, vil det for nokre kommunar vere avvik mellom kompensasjon og utgiftsauke. Derfor legg regjeringa opp til ein overgangsperiode der halve kompensasjonen til kommunane skal fordelast etter den faktiske bruken av statlege barnevernstiltak i kommunane. Regjeringa føreslår å utvide denne perioden frå to til tre år, for å gi kommunane meir tid til å omstille seg til tidleg innsats.