Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortingetet, 2. oktober 2015

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Brutto nasjonalprodukt for Fastlands-Noreg auka med 2,2 pst. i fjor. Veksten var med det litt lågare enn gjennomsnittet for dei siste 40 åra. Oljeprisen er halvert sidan i fjor sommar. Det reduserer Noregs inntekter frå petroleumsverksemda. Investeringane og sysselsetjinga i petroleumssektoren har gått ned det siste året. Det trekkjer ned veksten i fastlandsøkonomien. Noregs Bank har sett ned renta til eit rekordlågt nivå. Den norske krona har svekt seg kraftig og var i starten av september i år nesten 15 pst. svakare enn i same månad i fjor. Saman med eit moderat inntektsoppgjer betrar det konkurranse-evna til norske bedrifter.

Finanspolitikken bidreg betydeleg til å auke etterspørselen i økonomien. I Revidert nasjonalbudsjett 2015 la regjeringa opp til ein bruk av olje- og fondsinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, på 168,8 mrd. kroner. Det tilsvara 2,6 pst. av verdien av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2015.

Regjeringa legg vekt på å styrkje vekstevna i norsk økonomi. Derfor aukar regjeringa satsinga på samferdsel, kunnskap og innovasjon og reduserer skattane.

Regjeringa arbeider med å følgje opp utgreiinga frå Skatteutvalet med sikte på å gjere skattesystemet meir vekstfremmande og betre tilpassa den globaliserte økonomien. Grøn skattekommisjon greier ut korleis ei grøn skatteomlegging kan gi lågare utslepp av klimagassar, betre miljø og ei god økonomisk utvikling.

Petroleumssektoren er ei viktig næring for Noreg. Verdiskapinga i sektoren utgjer rundt 20 pst. av Noregs brutto nasjonalprodukt. Betydeleg redusert oljepris har bidrege til lågare investeringsnivå og etterspørsel frå næringa. Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda var på 312 mrd. kroner i 2014.

Situasjonen på arbeidsmarknaden er noko svekt det siste året. Sjølv om talet på sysselsette har halde fram med å vekse, har arbeidsløysa auka. Arbeidsløysa målt ved Statistisk sentral-byrås arbeidskraftundersøking var i juni 4,5 pst. Den registrerte arbeidsløysa har auka noko mindre. Betydelege omstillingar i oljerelatert næringsverksemd har gitt særleg stor auke i arbeidsløysa på Sør-Vestlandet og blant ingeniørar og konsulentar. I åtte fylke er registrert arbeidsløyse lågare enn i august i fjor. Teikn til dempa arbeidsinnvandring kan ha samanheng med lågare etterspørsel etter arbeidskraft. Noreg er framleis blant landa i Europa med aller lågast arbeidsløyse. 

Regjeringa fører vidare arbeidet med kommune-reforma. Viktige mål er gode og likeverdige tenester i heile landet og eit styrkt lokaldemokrati. Over heile landet er kommunar no i gang med å vurdere kven dei skal slå seg saman med.

Regjeringa vil la kommunane behalde ein større del av den lokale verdiskapinga, og stimulere dei til å skape fleire arbeidsplassar.

Sikkerheit byggjer vi saman med andre. Fundamentet for norsk sikkerheitspolitikk er FN, folkeretten og samarbeidet i NATO.

Regjeringa sitt arbeid med å styrkje den operative evna til Forsvaret blir vidareført. Regjeringa vil leggje fram ein ny langtidsplan for forsvars-sektoren våren 2016.

Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa knytt til konflikten i Ukraina gir framleis grunn til bekymring. For å bidra til reformering og modernisering av Ukraina har regjeringa lagt fram ein betydeleg støttepakke.

Det er store utfordringar knytte til kampen mot internasjonal terrorisme. Noreg har sendt militært personell som skal drive kapasitetsbygging av det irakiske forsvaret i kampen mot ISIL.

Nordområda er Noregs viktigaste utanrikspolitiske interesseområde. Det er viktig å oppretthalde Arktis som ein fredeleg og stabil region.

Europa opplever no store utfordringar knytte til migrasjon. Noreg har bidrege til at operasjonsområdet og kapasiteten til EU-operasjonane Triton og Poseidon er styrkt.

Noreg gjer ein ekstraordinær innsats for å hjelpe den syriske befolkninga som er på flukt. Vi har i år løyvd 1 250 mill. kroner til hovudsakleg humanitær respons på Syria-konflikten.

Samla kom det noko færre asylsøkjarar til Noreg i 2014 enn i 2013. I 2014 reiste litt over 1 600 personar ut av Noreg gjennom støtteordningar med assistert retur. Nærmare 3 500 tidlegare asylsøkjarar vart transporterte ut av politiet.

Regjeringa vil saman med kommunesektoren føre vidare arbeidet med rask og god busetjing og integrering av nye innbyggjarar i Noreg.

Regjeringa har starta eit prosjekt for å bidra til at arbeidet med ei reform av FN blir vidareutvikla. FNs medlemsland har nyleg lykkast i å bli einige om nye mål for berekraftig utvikling og utrydding av fattigdom for dei neste 15 åra.

Regjeringa har teke eit internasjonalt leiaransvar for å mobilisere meir politisk og økonomisk støtte til utdanning.

Forhandlingane om den nye avtalen mellom Noreg og EU om ramma for EØS-finansierings-ordningane for perioden 2014–2021 vart avslutta 17. juli 2015.

I februar fremma regjeringa forslag om ny norsk utsleppsforplikting for 2030. Stortinget slutta seg til, og som det tredje landet i verda, sende Noreg inn sitt forslag til klimaforplikting til FNs klimakonvensjon. Forslaget inneber at Noreg vil ta på seg ei vilkårsbunden forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990. Regjeringa arbeider for ein avtale om felles oppfylling med EU. 

Regjeringa la i mars fram sitt forslag til reform av politiet – nærpolitireforma. Arbeidet med å setje reforma i verk startar i 2016 og kjem til å gå føre seg i fleire år framover.

Beredskapen er styrkt. Politiet har mellom anna innført krav til responstid, og løyvingane til sikkerheitstenesta i politiet er samla auka med over 147 mill. kroner sidan regjeringsskiftet. 

Det er fastsett ein ny instruks for fylkes-mennene sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap og ny organisasjonsplan for rednings-tenesta.

Regjeringa la i mars 2015 fram forslag om at straffelova frå 2005 skal setjast i kraft 1. oktober 2015.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett la regjeringa fram strategien «Barn som lever i fattigdom». Strategien inneheld tiltak for å lette situasjonen for barn og unge som veks opp i fattigdom. Det er viktig med tiltak som kan førebyggje at fattigdom går i arv. 

Regjeringa la hausten 2014 fram den nye tiltaksplanen «Ein god barndom varer livet ut» med tiltak for å nedkjempe vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom.

Grunnlaget for ein god start på livet blir lagt i barnehagar med høg kvalitet. Regjeringa aukar satsinga på kompetanseheving. Regjeringa har også prioritert å gjere barnehagen rimelegare og meir tilgjengeleg for familiar med låg inntekt.

Over 5 000 lærarar har fått tilbod om vidareutdanning dette året. Realfagssatsinga er i gang gjennom oppretting av realfagskommunar og utvida tilbod i matematikk og naturfag i vidareutdanninga av lærarar.

For å fremme eit utdannings- og forskings-system med høg kvalitet, sterke fagmiljø og sterke institusjonar har regjeringa fremma stortingsmelding om struktur i høgare utdanning og langtidsplan for forsking og høgare utdanning. 

Det har vore satsa betydeleg på helsetenesta, og fleire får behandling. Om lag 1,9 millionar pasientar vart behandla ved somatiske sjukehus i 2014, 2,4 pst. fleire enn året før. Målet om at veksten innanfor rusbehandling og psykisk helsevern kvar for seg skal vere større enn veksten innanfor somatikk, er innført på nytt. Reforma fritt behandlingsval vert innført i spesialisthelsetenesta for å redusere vente-tider, gi større valfridom og stimulere offentlege sjukehus til å bli meir effektive. Regjeringa innfører i 2015 pakkeforløp for kreft-behandling.

Regjeringa har lagt fram ei melding til Stor-tinget om framtidas primærhelseteneste. Meldinga handlar om korleis den kommunale helse- og om-sorgstenesta kan utviklast for å møte utfordringar i dag og i framtida.

Regjeringa har lagt fram den første frivilligheitserklæringa i Noreg.

Regjeringa la i mai 2015 fram ei stortingsmelding om ein  framtidsretta filmpolitikk. I meldinga blir det føreslått omfattande endringar i filmpolitikken som kan medverke til gode ordningar både for publikum og filmbransjen.

Regjeringa fører vidare arbeidet med å forenkle og modernisere landbruket. Gjennom jordbruksoppgjeret er det lagt til rette for auka matproduksjon, auka rekruttering og eit meir konkurransedyktig norsk landbruk.

Regjeringa vil ruste Noreg med eit effektivt og moderne transportsystem. Stortinget har mellom anna slutta seg til forslaget frå regjeringa om å etablere eit utbyggingsselskap for veg, ei reform av jernbanesektoren, eit godt rammeverk for bruk av offentleg-privat samarbeid (OPS) og ei effektivisering av bompengeinnkrevjinga. Arbeidet med auka trafikksikkerheit har høg prioritet.

Noreg er den nest største eksportøren av sjømat i verda, og eksporterte i 2014 sjømat til ein verdi av 68,8 mrd. kroner til over 140 land.

Regjeringa har styrkt satsinga på næringsretta innovasjon, mellom anna gjennom program i Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg. Dette er program som bidreg til at breidda av nærings-livet styrkjer sine investeringar i kunnskap, forsking og innovasjon.

Regjeringa har gjennomført ei rekkje tiltak som fører til forenklingar for næringslivet.

Regjeringa la i mai fram ein ny maritim strategi. Målet er berekraftig vekst og verdiskaping for den maritime næringa. I strategien blir det mellom anna føreslått viktige forbetringar i dei to norske skipsregistra NOR og NIS som skal gjere det meir attraktivt å segle under norsk flagg. Strategien skal bidra til å stimulere til grøn vekst for norsk maritim næring og til auka bruk av energieffektive løysingar og meir miljøvennleg drivstoff i skip.

Regjeringa har som mål å effektivisere plan- og byggjesaksprosessen. Forenklingar i byggjesaksdelen av plan- og bygningslova tredde i kraft 1. januar 2015.

Regjeringa vil gjere kvardagen enklare for folk flest. Statlege verksemder har spela inn over 1 300 tidstjuvar som departementa no arbeider med å redusere eller fjerne.

 

Befolkninga i Noreg heldt fram med å vekse i 2014, men i eit lågare tempo enn åra før. Avdempinga må vi sjå i samanheng med lågare nettoinnvandring. I 2014 auka befolkninga med om lag 57 000 personar, og om lag to tredelar av denne veksten kom av nettoinnvandring.

Statens pensjonsfond (Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg) hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av første halvår 2015 på 7 093 mrd. kroner. Resultata gjennom fjoråret og så langt i 2015 speglar ei god utvikling i aksje- og obligasjonsmarknadene i verda i store delar av denne perioden, og ei svakare krone. Vi må vere førebudd på at verdien av fondet kan svinge mykje i åra som kjem.

Ei brei forankring av forvaltninga av Statens pensjonsfond er viktig for at vi skal evne å stå fast ved den langsiktige strategien, særleg når det er uro i marknadene. Ei langsiktig og god forvaltning er ein føresetnad for at inntektene frå petroleumsressursane skal kome både dagens og framtidige generasjonar til gode. Behandlinga i Stortinget av meldinga om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2014 viser at det er brei politisk semje om den overordna strategien for forvaltninga av dei felles sparemidlane våre.

Verdsøkonomien har langt på veg henta seg inn sidan finanskrisa i 2008 og 2009, men opp-gangen har vore ujamt fordelt. I fleire land i Europa er arbeidsløysa framleis langt høgare enn før krisa.

Målt som del av trend-BNP for Fastlands-Noreg aukar det strukturelle oljekorrigerte underskotet med om lag ½ prosenteining frå 2014 til 2015, noko som inneber ei raskare innfasing av fondsmidlane enn det som har vore gjennomsnittet sidan 2001.

Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2013 til 2014 var på 3,1 pst. Lønnsoppgjeret i 2015 var eit mellom-oppgjer. Det var få konfliktar. Resultata i oppgjeret peikar i retning av lågare lønnsvekst i år enn i fjor.

Konsumprisane var 2,1 pst. høgare i januar–juli i år enn i same periode i fjor.

Overskotet på driftsbalansen overfor utlandet var på 297 mrd. kroner i 2014. Det er 11 mrd. kroner mindre enn året før.

Dei aller fleste har gode og forsvarlege arbeidsforhold i Noreg, men stadige brot på mellom anna arbeidsmiljøregelverket er eit aukande problem i enkelte delar av norsk arbeidsliv. Regjeringa vil nedkjempe useriøsitet i norsk arbeidsliv og styrkjer innsatsen mot arbeidslivskriminalitet gjennom arbeidet med tiltaka i strategien mot arbeidslivs-kriminalitet som vart lagd fram i januar 2015.

Regjeringa har fremma forslag om enkelte tilpassingar i arbeidsmiljølova, mellom anna med ulike forslag som gjeld arbeidstid, aldersgrenser, mellombels tilsetjing, inn- og utleige frå bemanningsbyrå, kollektiv søksmålsrett og straffereglane i arbeidsmiljølova. Endringane er vedtekne av Stortinget og tredde i kraft 1. juli 2015.

Regjeringa har sett ned eit ekspertutval som vurderer dei samla arbeidstidsreguleringane og praktiseringa av dei. Utvalet skal leggje fram si utgreiing innan utgangen av 2015.

Regjeringa sette i mars 2014 ned ei ekspertgruppe som skulle ta ein heilskapleg gjennomgang av NAV. Ekspertgruppa la fram sluttrapport i april 2015. Sluttrapporten har vore på høyring med frist i september 2015. Oppfølginga av ekspertgruppa blir eit sentralt tema i ei stortingsmelding som regjeringa vil leggje fram våren 2016.

Regjeringa har fremma Prop. 115 L (2014–2015) Endringer i folketrygdloven mv. (stønader til enslig mor eller far og tilleggsstønader til tiltaksdeltakere). Stortinget vedtok 18. juni 2015 lovforslaga som forenklar regelverket og gjer føresegnene -lettare tilgjengelege for brukarane. Endringane skal også stimulere stønadsmottakarane til å gå over i arbeid.

I 2014 utgjorde sjukefråværet 6,4 pst. av alle avtala dagsverk. Fråværet har halde seg relativt stabilt sidan 2012, og nivået er noko av det lågaste etter at IA-avtalen vart inngått i 2001. Eitt av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 20 pst. frå nivået i 2001. Siste tilgjengelege statistikk viser ein sesongjustert nedgang på 11,5 pst.

I den sentrale behandlinga av plansaker har regjeringa lagt auka vekt på lokaldemokratiet og godkjent planane til kommunane i større grad enn tidlegare. Regjeringa legg også til rette for auka bruk av IKT i plan- og byggjesaksbehandling.

Regjeringa har vedteke nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Desse skal gjere planlegginga meir føreseieleg og målretta. Regjeringa har også vedteke nye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, som skal bidra til kompakt og klimavennleg byutvikling og meir effektive planprosessar.

Regjeringa gjennomfører i 2015 eit pilotarbeid med meir nøyaktige terreng- og høgdedata i fem utvalde område. Arbeidet dannar eit viktig grunnlag for klimatilpassingsarbeidet, gir betre kunnskapsgrunnlag for sikker bustadbygging og for betre flysikkerheit.

Det er sett i gang ei rekkje tiltak gjennom «Program for betre styring og leiing i staten». Desse skal bidra til større gjennomføringskraft og resultatorientering i forvaltninga. Det er vedteke ein ny leiarplakat som gjer det tydeleg kva for krav som skal stillast til statlege leiarar. Utgreiingsinstruksen vil bli revidert, og det er sett i gang arbeid med å opprette eit digitaliseringsråd for å bidra til betre gjennomføring av IKT-investeringar.

Regjeringa har fått tilslutning frå Stortinget til å innføre ei ferjeavløysingsordning for fylkesvegferjer frå 2016. I tråd med stortingsvedtaket blir det lagt opp til at ordninga skal vare i 40 år. Ordninga vil gi insentiv til at fleire bru- og tunnelprosjekt kan bli realiserte.

Over halvparten av kommunane i landet deltek i andre fase av utviklingsprogrammet for byregionar. Byar og regionsenter med sine omland skal utvikle strategiar og tiltak som kan betre den økonomiske utviklinga i regionen.

Regjeringa har fremma Prop. 44 L (2014–2015) Lov om informasjonsplikt, karantene og saksforbud for politikere, embetsmenn og tjenestemenn. Stortinget vedtok lovforslaget 5. mai 2015. Lova kan bidra til å halde ved like den allmenne tilliten til statsforvaltninga og det politiske systemet ved overgang til ei anna stilling i eller utanfor statsforvaltninga.

Stortinget vedtok i juni nye reglar om kontroll av opplysningar i bustøttesaker. Reglane tredde i kraft 1. juli 2015. Reglane gjer det enklare å forhindre og avdekkje feilutbetalingar og misbruk av bustøtteordninga.

Prosessen med å etablere eit eige valdirektorat er no i gang. Valdirektoratet vil bli formelt etablert frå 1. januar 2016. Verksemda blir samlokalisert med Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap i Tønsberg, og det er inngått eit samarbeid for å sikre effektiv ressursutnytting.

Regjeringa arbeider for å gjere det vanskelegare for useriøse føretak å operere i byggje- og anleggsnæringa. I juni vedtok Stortinget endringar i plan- og bygningslova. Formålet med endringane er å styrkje sentral godkjenning som verkemiddel for kvalitet i byggjetiltak. Regjeringa utarbeider no forslag til forskrifter til endringane.

Regjeringa prioriterer arbeidet med å fornye, forenkle og forbetre offentleg sektor.

Noreg bidreg aktivt til å styrkje NATOs forsvarsevne og politiske slagkraft. Sivile og militære bidrag til FN- og EU-leidde operasjonar er viktige element i Noregs innsats for nasjonal, regional og global sikkerheit.

Noreg har stilt seg solidarisk med allierte i NATO og partnarar i EU i reaksjonen på Russlands framferd, har bidrege til NATOs sikkerheitstiltak i austlege medlemsland og gjennomført EUs restriktive tiltak mot Russland i norsk regelverk.

Situasjonen i Irak er krevjande. Det er avgjerande at regjeringa i Bagdad fører ein inkluderande politikk og byggjer eit felles nasjonalt prosjekt for å stabilisere landet. Noreg har sendt militært personell som skal drive kapasitetsbygging av det irakiske forsvaret i kampen mot ISIL.

For å bidra til at dei palestinske sjølvstyremyndigheitene skal få moglegheit til å utvikle betre styresett, og for at den palestinske økonomien skal få utvikle seg, har vi vidareført engasjementet som leiar for givarlandsgruppa for Palestina.

Eit ustabilt Midtausten truar global stabilitet. Terrorangrepa i Europa det siste året er påminningar om at konfliktane i Midtausten utgjer ein trussel også mot vår eiga sikkerheit. Regjeringa har lagt fram ei melding til Stortinget om globale sikkerheitstruslar: Terrorisme, organisert kriminalitet, sjørøveri og digitale truslar.

Den snart toårige politiske krisa i Sør-Sudan kan no vere løyst dersom partane i konflikten rettar seg etter fredsavtalen som vart underteikna i slutten av august i år. Den humanitære krisa er framleis alvorleg trass i store bidrag frå Noreg og det internasjonale samfunnet. Noreg vil også framover vere aktivt med i arbeidet for å sikre fred, i nært samarbeid med USA og Storbritannia i den såkalla Troikaen. Noreg deltek også i FN-operasjonen i Sør-Sudan med 37 personar fordelte på militære offiserar og sivilt politi.

Regjeringa er bekymra for det auka presset internasjonalt på grunnleggjande menneskerettar som ytringsfridom og forsamlingsfridom. Respekt for menneskerettane er eit utanrikspolitisk mål, men også eit middel for å oppnå varig utvikling og sikkerheit i verda. Derfor trappar vi opp innsatsen for å fremme og beskytte menneskerettane.

Situasjonen i Syria er vanskeleg. Dei humanitære behova er enorme. Derfor er Syria blant dei høgast prioriterte landa for norsk humanitær bistand, og vi gjer ein ekstraordinær innsats for å hjelpe befolkninga i Syria og nabolanda. Dei humanitære behova i verda har auka kraftig dei siste åra. 60 millionar menneske er i dag på flukt.

Dei mange drukningsulykkene i Middelhavet tydeleggjer den desperate situasjonen flyktningane er i. EU har iverksett eit breitt spekter av tiltak. Noreg har vore med på å styrkje Frontex-operasjonen. EØS- og Schengen-samarbeidet gjer Middelhavet til Noregs nærområde. Flukta og migrasjonen vi no opplever, vedkjem sentrale norske interesser utover det europeiske samarbeidet.

EØS-finansieringsordningane har bidrege til sosial og økonomisk utjamning i Europa på sentrale område som klima og miljø, grøn energi, forsking og utdanning, likeins på migrasjons- og justisfeltet og gjennom støtte til sivilt samfunn og minoritetar.

Den bilaterale kontakten og samarbeidet er styrkt mellom Noreg og dei 16 landa som mottek norsk støtte gjennom EØS-finansieringsordningane. 21 norske institusjonar har bidrege til kompetanseoverføring, godt styresett og auka transparens.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om næringsutvikling innanfor utviklingssamarbeidet. Norsk bistand skal leggje til rette for private investeringar, jobbskaping og fattigdomsreduksjon i utviklingsland.  

Regjeringa gjennomfører ein forsiktig geografisk konsentrasjon av bistanden. Det er valt ut 12 fokusland som blir særleg prioriterte i utviklingssamarbeidet.

Regjeringa satsar stort på å sikre barn og unge utdanning i krise og konflikt. I 2015 går 8 pst. av det humanitære budsjettet (over 250 mill. kroner) til formålet. I mai i år arrangerte Noreg eit internasjonalt møte om vern av skular og universitet i væpna konflikt. 50 land har alt slutta seg til ei forpliktande erklæring. Utdanning er ei hovudprioritering i utviklingspolitikken, og innsatsen blir trappa opp. 

Statsminister Erna Solberg har saman med Rwandas president leidd FNs generalsekretærs pådrivargruppe for å nå FNs tusenårsmål. Det er oppnådd stor framgang på verdsbasis, men framgangen har vore ujamn mellom regionar. Statsministeren har særleg lagt vekt på utdanning for jenter og innovasjon i utviklingsarbeidet.

Noreg har delteke aktivt i arbeidet som har resultert i at FNs medlemsland vart einige om nye mål for berekraftig utvikling og fattigdomsutrydding for dei neste 15 åra. Innsatsen for å nå berekraftsmåla må no finansierast. Noreg leidde førebuingane fram til konferansen om finansiering for utvikling i Addis Abeba i juli i år. Sluttdokumentet frå konferansen stakar ut kursen for ei berekraftig nedkjemping av ekstrem fattigdom innan 2030.

Vi har intensivert innsatsen dette året for å fremme ein ambisiøs og effektiv klimaavtale i Paris. Regjeringa har auka satsinga på klimafinansiering, særleg gjennom Det grøne klimafondet.

Utanrikspolitikk og innanrikspolitikk er tett samanvovne i nord. Regjeringa vidarefører nordområdesatsinga med vekt på internasjonalt samarbeid, kunnskap, næringsutvikling, infrastruktur og miljøvern, sikkerheit og beredskap.

Regjeringa legg vekt på samarbeidet i internasjonale forum som Arktisk råd, Barentsrådet og Den nordlege dimensjonen. At rådet for næringslivet i Arktis, Arctic Economic Council, no er opna, er viktig for ei betre integrering av perspektiva til næringslivet i Arktisk råds arbeid.

Regjeringa har sett i gang prosjektering av eit nytt byggjetrinn for Framsenteret og opprettar eit nytt såkornfond for Nord-Noreg.

For første gong har ei norsk regjering lagt fram ei melding til Stortinget om norske interesser og norsk politikk i Antarktis og ei eiga melding om Bouvetøya og norske interesser der. At Noreg er kjent som ein ansvarleg og kunnskapsbasert aktør i Antarktis, styrkjer vår rolle som polarnasjon.

Norsk handelspolitikk er primært eit verkemiddel for verdiskaping og sysselsetjing i Noreg. Samtidig kan internasjonal handel bidra til fredeleg samarbeid mellom land og berekraftig utvikling for alle.

Verdshandelsorganisasjonen (WTO), supplert av EØS og EFTAs frihandelsavtalar, utgjer berebjelken i norsk handelspolitikk. Vi arbeider for friare handel og fører ein offensiv handelspolitikk som legg vekt på Noregs interesser. Vi vil bidra til å sikre like og rettferdige spelereglar i dagens opne, globale økonomi.

Regjeringa har styrkt arbeidet med å fremme Noregs økonomiske interesser. Vi har lagt fram ei stortingsmelding om globalisering og handel. Bevaring og styrking av det multilaterale handelssystemet er Noregs primære handelspolitiske interesse. Det er ei kjerneoppgåve for utanrikstenesta å vere ein relevant dialogpartnar for næringslivet og Noregs fremste kunnskapsmiljø. Utviklingspolitikken skal vere strategisk innretta slik at bistanden kan utløyse andre og større offentlege og private kapitalstraumar som fremmar utvikling. Regjeringa styrkjer innsatsen for å betre rammevilkår, kompetanseoverføring og etablere nye ordningar for samarbeid med næringslivet.

Regjeringa prioriterer utbygging og innføring av landsdekkjande nødnett innan utgangen av 2015.

Regjeringa la i mai 2015 fram forslag om å utvide verkeområdet for dei strafferettslege særreaksjonane. Personar som er strafferettsleg utilreknelege, og som bryt lova på samfunnsskadeleg eller særleg plagsamt vis fleire gonger, skal etter forslaget kunne idømmast ein slik reaksjon.

Regjeringa fremma i mars 2015 forslag til nye lovføresegner om forlenging av festeforhold for å ivareta rettsvernet til grunneigarane, etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen i 2012 underkjende gjeldande føresegner. Stortinget vedtok nye føresegner i juni 2015.

Gode norskkunnskapar er i dei fleste tilfelle ein føresetnad for å få jobb. Regjeringa vil derfor styrkje språkopplæringa for personar med minoritetsbakgrunn. Regjeringa vil også gi fleire kvinner moglegheiter til å delta i arbeidslivet. Regjeringa har derfor fremma Prop. 130 L (2014–2015) Endringer i introduksjonsloven (tiltak for økt gjennomføring av plikt til opplæring og kvalifisering).

For å sikre at dei som blir norske borgarar, meistrar eit minimum av norsk og har grunnleggjande kjennskap til plikter og rettar i det norske samfunnet, har regjeringa fremma Prop. 144 L (2014–2015) Endringer i statsborgerloven (krav om norskkunnskaper og bestått prøve i samfunnskunnskap).

For å sikre barna samvær med begge foreldra og dempe foreldrekonfliktar som rammar barna, har regjeringa sendt forslag til endringar i barnelova på høyring. Forslaga tek sikte på å likestille foreldra som omsorgspersonar og har som formål å sikre det som er best for barnet, ved at fleire foreldre får foreldreansvar, styrkje barns samvær med begge foreldra og hindre samværssabotasje.

Global mobilitet fører til at stadig fleire barn i Noreg har tilknyting til andre land.  Haagkonvensjonen 1996 gjeld foreldreansvar og vernetiltak for barn og legg til rette for auka samarbeid på tvers av landegrenser for å ivareta barn på best mogleg måte.  Stortinget vedtok 15. juni 2015 forslaget frå regjeringa i Prop. 102 LS (2014–2015) om samtykke til ratifikasjon av konvensjonen.  Konvensjonen gir Noreg betre høve til å førebyggje og løyse internasjonale foreldretvistar, barnevernssaker og barnebortføringssaker.

Regjeringa oppnemnde i mai 2015 eit utval som skal vurdere om ein skal opprette særdomstolar for saker om barn og familie. Utgreiinga skal mellom anna omfatte fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker og domstolsbehandlinga av saker etter barnelova og barnevernlova. Det skal vurderast om det bør opprettast eigne nye organ, eller om dagens system bør behaldast.

For å styrkje forbrukarvernet vart meklingstilbodet frå Forbrukarrådet til forbrukarane frå 1. juli 2015 utvida til å omfatte fleire typar tenester. Meklingsansvaret for tenestene er lagt til regionkontoret for Forbrukarrådet i Tromsø.

Norsk oljeproduksjon har frå 2001 og fram til 2014 vorte gradvis redusert. I 2014 auka derimot oljeproduksjonen med om lag 59 000 fat per dag til om lag 1,9 mill. fat. Gassproduksjonen utgjorde 109 mrd. Sm3 i 2014, dvs. meir enn ei dobling sidan 2001.

Petroleumsrelatert leverandørindustri er Noregs nest største næring målt i omsetning. Industrien omsette for 524 mrd. kroner i 2013, og av dette vart det omsett for 206 mrd. kroner internasjonalt.

Investeringane på norsk sokkel for 2015 blir lågare enn dei siste åra. Oljeselskapa har saman med leverandørbedriftene respondert med å setje i gang kostnadsreduserande tiltak. Historisk sett vil investeringane framleis vere på eit høgt nivå framover.

Regjeringa legg vekt på å gi oljeselskapa føreseielege forhold, fleire blokker å leite i, og moglegheit for raskare utvikling og utbygging av funn på norsk sokkel. I TFO 2014 vart det i starten av 2015 tildelt 54 nye utvinningsløyve til 43 selskap. Regjeringa lyste ut 23. konsesjonsrunde i januar 2015. Runden omfattar 57 blokker, og for første gong sidan 1994 skal eit heilt nytt område på norsk kontinentalsokkel utforskast. Dette vil gi unike moglegheiter for verdiskaping, vekst og arbeidsplassar både i Nord-Noreg og i resten av landet.

Olje- og energidepartementet har i løpet av 2014 følgt opp selskapa sitt arbeid med pågåande og framtidige feltutbyggingar. Regjeringa har fremma Prop. 114 S (2014–2015) Norges største industriprosjekt – utbygging og drift av Johan Sverdrup-feltet med status for olje- og gassvirksomheten. Departementet godkjende i august 2015 planane for første byggjetrinn på feltet.  Utbygginga av Sverdrup-feltet er eit av dei største industriprosjekta i Noreg på fleire tiår. Utbygginga kjem til å ha mykje å seie for sysselsetjing og aktivitet på sokkelen og hos mange leverandørar på fastlandet framover. Investeringane knytte til det første byggjetrinnet på feltet er på 117 mrd. kroner. Prosjektet gir moglegheiter for mange leverandørar i ei næring med ledige ressursar. Dei samla inntektene frå Sverdrup er anslått til 1 350 mrd. kroner over 50 år. Prosjektet vil sikre verdiskaping og bidra til å finansiere velferda i Noreg i fleire tiår framover.

Samla elektrisitetsproduksjon var på om lag 142 TWh i 2014. Dette er ein auke av produksjonen på 8 TWh frå 2013. Mildt vêr bidrog til at det norske forbruket var noko lågare enn normalt. Nettoeksport av kraft vart dermed høg, og enda på 15,7 TWh.

Den felles norsk-svenske elsertifikatmarknaden skal bidra til å auke produksjonen av fornybar kraft i Noreg og Sverige. I løpet av 2014 vart det bygd 4,1 TWh under ordninga. For å sikre at målsetningane blir nådde, vart elsertifikatordninga justert våren 2015.

I 2014 vart det gitt konsesjon til vasskraft- og vindkraftprosjekt som kan gi ein samla årleg produksjon på 2,6 TWh. I 2014 og våren 2015 vart det gitt konsesjon til omfattande utbygging og oppgradering av sentralnettet for å styrkje forsyningssikkerheita og for å leggje til rette for meir fornybarutbygging. Det vart også gitt konsesjon til to nye utanlandssamband, eitt til Tyskland og eitt til Storbritannia.

Regjeringa har lagt til rette for ei meir heilskapleg og koordinert satsing på miljøvennleg transport gjennom ei utviding av Enovas mandat frå 2015. Enova inngjekk nye avtalar om fornybar energiproduksjon, energieffektivisering og konvertering og utvikling av ny energi- og klima-teknologi på om lag 1,7 TWh i 2014. Avtalane bidrog til klimaresultat tilsvarande 106 000 tonn CO2-ekvivalentar, av dei 87 000 tonn utanfor kvotepliktig sektor. Satsinga bidreg til at norsk industri med si kraftintensive verksemd kan få styrkt konkurranseevne, og kan vere ein del av løysinga på klimaproblemet.

I oktober 2014 førte mykje nedbør over kort tid til flaum og betydelege skadar mange stader på Vestlandet. I desember 2014 vart det løyvd 24 mill. kroner til oppstart av oppryddingsarbeida i dei flaumramma områda. Våren 2015 vedtok Stortinget forslaget frå regjeringa om å løyve ytterlegare 112 mill. kroner til nødvendig opprydding og sikring for å gjere dei ramma områda tryggare. Regjeringa har også sørgt for å auke dei generelle løyvingane til flaum- og skredførebygging. For 2015 er det løyvd i overkant av 274 mill. kroner til flaum- og skredførebyggjande tiltak over budsjettet til NVE. Uansett tiltak vil naturkreftene utgjere ein risiko i utsette område. Det mest effektive tiltaket for samfunnet for å unngå flaum- og skredskadar er god arealplanlegging i kommunane slik at ein unngår utbygging i fareområde.

Regjeringa har lagt fram ein strategi for arbeidet med CO2-handtering. I tråd med strategien er testaktiviteten ved Teknologisenteret på Mongstad vidareført. Det er vidare gjennomført idéstudiar og sett i verk moglegheitsstudium for å kartleggje moglegheitene for å gjennomføre CO2-fangst og -lagring av norske utslepp.

Verdien av statens direkte eigarskap på Oslo Børs var 542,9 mrd. kroner ved utgangen av 2014. Samtidig var verdien av statens del av den bokførte verdien av dei unoterte selskapa der staten har forretningsmessige mål med eigarskapet, 118 mrd. kroner. Dette gir eit samla anslag for statens verdiar på 660,9 mrd. kroner for dei til saman 26 selskapa der staten har forretningsmessige mål med eigarskapet. For rekneskapsåret 2014 tek staten imot 35,5 mrd. kroner i utbytte frå selskapa staten eig. Dette er 5,5 mrd. kroner meir enn for 2013.

Regjeringa vil leggje til rette for at vi også i framtida skal vere ein leiande sjøfartsnasjon med ein stor norsk flåte, og vil satse på utvikling av grøn norsk skipsfart. Den maritime næringa gir arbeid til over 100 000 menneske og skaper verdiar for nesten 175 mrd. kroner i året. Nokre av tiltaka i regjeringas maritime strategi er at det blir opna delvis for at NIS-skip kan operere mellom norske hamner/norsk sokkel, og at tilskotsordninga på NOR-skip og NIS-skip blir forbetra. Vidare legg regjeringa opp til å forhandle om ein ny NOx-avtale for vidare fritak for NOx-avgift etter 2017 for å kunne utløyse endå fleire utsleppsreduserande tiltak. Det vil bli stilt krav til lågutslepps- og nullutsleppsteknologi i riksvegferjeanbod når teknologien tilseier det. Det skal vurderast nærmare på kva måte det kan sørgjast for at tilsvarande teknologiar blir fasa inn i fylkeskommunal ferjedrift.

Over 60 pst. av den norske sjømateksporten går til EU. Sjømatnæringa skaper omkring 48 800 arbeidsplassar i Noreg, inkludert ringverknader.

Torskebestanden i Barentshavet er på eit høgt nivå. Eit langvarig samarbeid mellom kyststatane Noreg og Russland i fiskeriforvaltninga og i -kampen mot ulovleg fiske, og gode klimatiske forhold, er bakgrunnen for at vi har den største torskebestanden i verda. Andre bestandar er òg godt forvalta, og kvotane er høge. Kampen mot fiskerikriminalitet og ulovleg, urapportert og uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa, og ei rekkje tiltak er gjennomførte nasjonalt, regionalt og globalt.

Regjeringa tok i desember 2014 imot NOU 2014: 16 Sjømatindustrien – Utredning av  sjømatindustriens rammevilkår. Regjeringa har også oppnemnt eit ekspertutval som skal gå gjennom alle kvoteordningane i fiskeria.

Regjeringa fremma i mars Meld. St. 16 (2014–2015) Forutsigbar og miljømessig bærekraftig vekst i norsk lakse- og ørretoppdrett med forslag om eit langsiktig system for justering av produksjonskapasiteten i lakseoppdrettsnæringa. Stortinget slutta seg til hovudprinsippa i meldinga. Regjeringa fremma også Meld. St. 17 (2014–2015) Evaluering av forvaltningen av kongekrabbe som mellom anna går gjennom erfaringane med det todelte forvaltningsregimet vi har hatt sidan 2008. Stortinget slutta seg til meldinga. I april la regjeringa fram Prop. 88 L (2014–2015) Endringer i deltakerloven (tildeling av spesiell tillatelse og adgang til å delta i fiske). Stortinget har slutta seg til lovforslaget frå regjeringa, og endringane i deltakarlova kjem i betydeleg grad til å forenkle søknadsprosessen når ein skal tildele fiskeløyve.

Gjennom året har regjeringa gjennomført tiltak for å styrkje tilgangen på kapital til bedrifter i tidleg fase. Styrkinga av Forny 2020, styrkinga av etablerartilskotsordninga, eit nytt presåkornfond og nye såkornfond bidreg til at fleire vekstbedrifter blir etablerte, og at fleire gode idear kan kommersialiserast. Ordningane for FoU-kontraktar i Innovasjon Noreg bidreg også til at forskingsresultat blir kommersialiserte.

Regjeringa har etablert eit nytt klyngjenivå for dei mest globalt orienterte næringsmiljøa i Noreg. Til no er GCE Blue Maritime i Ålesund, GCE Node på Sørlandet og GCE Subsea i Bergen utnemnde. I tillegg er nokre nye miljø tildelte status som Norwegian Centre of Expertise.

Regjeringa har styrkt miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg, slik at ho kan gi store bidrag til at grøne løysingar blir testa ut gjennom pilotar og demonstrasjonsanlegg som bidreg til kommersialisering og utbreiing.

Innovasjon Noreg blir vidareutvikla som organisasjon, og forslag til endringar i lov er lagde fram for Stortinget. Dei landsdekkjande ordningane som blir forvalta av Innovasjon Noreg, har vore prioriterte i budsjetta. Regjeringa har sett i gang ei omfattande kartlegging av innovasjonseffekten av verkemidla for å kunne satse på dei verkemidla som har høgast effekt.

Kunnskapsinnhentinga i fiskeri- og havbruksnæringa har blitt styrkt. Regjeringa har lagt fram ein masterplan for marin forsking. Prioriteringane i marin masterplan er tydeleggjorde.

Regjeringa har inngått ein styrkt samarbeidsavtale med ideell sektor om leveransar av helse- og sosialtenester. Avtalen er utvida til å omfatte kommunal sektor, som er ein viktig kjøpar av tenestene dei ideelle aktørane tilbyr. Avtalen anerkjenner at ideell sektor er ein viktig samarbeidspartnar for offentleg sektor i produksjonen av helse- og sosialtenester.

Arbeidet med å restrukturere reisemålsselskapa i Noreg held fram. Nærings- og fiskeridepartementet vidarefører den nære dialogen med sentrale aktørar rundt om i landet, og held ved like insentivordninga for framleis å stimulere til endringar næringa ønskjer.

Antibiotikaresistens er eit raskt veksande problem i verda og utgjer ein trussel mot global helse. Regjeringa har utarbeidd ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens 2015–2020. Strategien gir regjeringa sine mål for arbeidet dei neste åra og tiltaksområde for å oppnå dei.

Regjeringa arbeider med ein bioøkonomistrategi som eit ledd i omstilling i næringslivet og som ein del av det grøne skiftet. Norsk institutt for bioøkonomi, som vart etablert 1. juli 2015, skal bidra med kunnskap i ei slik omstilling.

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for auka verdiskaping på små og store gardsbruk over heile landet. Vi vil stimulere til mangfald og gründerskap ved å ta i bruk alle ressursane på garden, og la derfor i juni fram Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål – Vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar.

Det er viktig at norsk næringsliv er førebudd på ei lågutsleppsframtid. Regjeringa har mellom anna sett ned eit ekspertutval som skal bidra i arbeidet med å utarbeide ein strategi for grøn konkurransekraft.

Regjeringa la i Revidert nasjonalbudsjett fram ein heilskapleg gjennomgang av køyretøyavgiftene. Avgiftene skal bidra til å forsterke klima- og miljømåla frå klimaforliket og til å nå Noregs klimamål for 2030. Talet på elbilar passerte 50 000 i april. Regjeringa legg likevel opp til å vidareføre avgiftsfordelane for nullutsleppsbilar ut 2017. Regjeringa har auka omsetningskravet for biodrivstoff til 5,5 pst. frå 1. oktober 2015.

Luftkvaliteten i norske byar og tettstader har generelt betra seg dei siste åra når det gjeld svevestøv. Når det gjeld nitrogendioksid (NO2), er status og framskrivingar varierande. I norske byar er det framleis overskridingar av både grenseverdiar og nasjonale mål. EFTAs overvakingsorgan ESA har opna formell sak mot Noreg for manglande oppfylling av EUs luftkvalitetsdirektiv. Regjeringa har bestemt at det skal sendast eit forslag på høyring om å skjerpe grenseverdiane for svevestøv frå 2016. I tillegg har Stortinget bedd regjeringa leggje fram ei sak med tiltak for å redusere luftforureining.

Regjeringa si satsing for bevaring av regnskog vart auka i 2015, og samarbeidet med andre land er styrkt. Særleg har felles innsats med Tyskland i Amazonas-regionen begynt å gi resultat. Regjeringa har samarbeidd tett med privat sektor om å få til avskogingsfri produksjon av råvarer. Ein stor del av palmeoljeprodusentane i verda har no forplikta seg til avskogingsfri produksjon av palmeolje.

Motorferdselslova er endra slik at kommunane kan fastsetje snøscooterløyper for fornøyelseskøyring innanfor klare nasjonale rammer som sikrar omsynet til naturmangfald og friluftsliv.

Framande artar er ein av dei største truslane mot naturmangfaldet, både globalt og i Noreg. Regjeringa har vedteke ei ny forskrift som skal bidra til å hindre at framande organismar gjer skade på norsk natur. Vidare har regjeringa vedteke fem nye prioriterte artar og ein ny utvald naturtype, men avprioritert underarten av svarthalespove som lever på Jæren.

Regjeringa har gjennom Friluftslivets år 2015 bidrege til å auke deltakinga i friluftsliv og har verna 53 nye skogområde som naturreservat.

Regjeringa har sett i verk seks forsøksprosjekt for å prøve ut enkelte nye verkemiddel med tanke på å effektivisere lisensfellinga av jerv. For å dempe konfliktnivået har regjeringa vedteke ei ny forskrift om tilskot til omlegging til anna drift i landbruket i rovviltutsette område.

Aktiviteten innanfor vegbygging og vedlikehald er høg. Vedlikehaldsetterslepet blir i 2015 redusert for første gong på fleire tiår. Fleire anlegg er opna for trafikk, og ei rekkje prosjekt er starta opp.

Areal- og transportpolitikk er viktig for å nå miljømåla. Det er innført ordningar med bymiljøavtalar og byutviklingsavtalar for dei største byområda, og staten vil finansiere 50 pst. av store fylkeskommunale kollektivprosjekt i dei fire største byane.

I 2014 mista 147 personar livet i trafikkulykker. Dette er 40 færre enn i 2013. Nedgangen er gledeleg. Men kvart tapt liv i trafikken er eitt for mykje. Regjeringa vil derfor føre vidare arbeidet med å betre trafikksikkerheita.

Løyvingane til jernbaneformål har auka dei siste åra. Dette har medverka til gode resultat i form av meir punktlege tog og auka persontrafikk. Det nye ruteopplegget for austlandsområdet frå desember 2014 har gitt eit meir attraktivt togtilbod til dei aller fleste passasjerane. Våren 2015 oppnådde både Jernbaneverket og NSB dei beste resultata for kundetilfredsheit sidan målingane begynte. Også Flytoget kan vise til svært gode resultat på sine kundetilfredsheitsmålingar.

Over 1 000 tog i døgnet går no over Oslo S. I 2014 var det 70,3 mill. passasjerar på jernbanen i Noreg. Dei siste fem åra har passasjerveksten vore på over 20 pst. I same periode har transportmengda på jernbanen auka med 45 pst., hovudsakleg som følgje av auka malmtransport på Ofotbanen.

Ei rekkje tiltak for å auke transportkapasiteten i jernbanenettet og forbetre kvaliteten i togtilbodet er i gang. For første gong på mange år aukar ikkje vedlikehaldsetterslepet i jernbaneinfrastrukturen.

Regjeringa la i januar 2015 fram Nasjonal havnestrategi. Målet er å få ein meir effektiv og konkurransedyktig nærskipsfart, slik at meir gods blir flytt frå veg til kjøl.

For å få ei meir effektiv losteneste er denne tenesta omorganisert frå 1. januar 2015 og er no ei eiga driftseining i Kystverket. Vidare blir det gjennomført ein anbodskonkurranse for tilbringartenesta.

Regjeringa har gjennomført fleire tiltak for å betre sikkerheita og for å gjere ekomnetta meir robuste mot angrep, uvêr og uhell.

Det er vedteke ei ny og moderne postlov som skal tre i kraft 1. januar 2016. Lova legg til rette for gode posttenester for folk og næringsliv i heile landet. Vidare er det vedteke eit nytt regelverk for parkeringsbransjen.

Endringar i privatskulelova gir rom for eit større mangfald av friskular.

Regjeringa har vedteke å etablere femårig lærarutdanning og har innført skjerpa karakterkrav ved opptak. Målet er å utvikle norsk skule basert på kunnskap om kva som gir best læring, og gjennom velkvalifiserte lærarar.

Regjeringa har i 2015 auka løyvinga til bygging av studentbustader betydeleg. Det er gitt tilsegn om tilskot til 2 200 hybeleiningar i 2015.

Regjeringa følgjer opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning i 2015 med auka løyvingar på om lag 800 mill. kroner. Satsingane omfattar mellom anna verdsleiande fagmiljø, næringsretta forsking og tiltak for god deltaking i Horisont 2020. Regjeringa si satsing på vitskapleg utstyr og laboratorium har bidrege til at Forskingsrådet i juni 2015 kunne tildele rekordhøge 1 300 mill. kroner til viktige prosjekt av framståande kvalitet.

Tilbakemelding frå dei regionale helseføretaka for 2014 viser at sjukehusa legg meir vekt på psykisk helsevern og rusbehandling, og at desse områda har fått høgare prioritet.

For å redusere ventetida er dei regionale helseføretaka bedde om å auke bruken av private leverandørar i 2015.

Gode pasientforløp skal hindre unødvendig venting på utgreiing og behandling. Hovudelement i regjeringa si satsing på kreftområdet er tverrfaglege diagnosesenter i alle helseregionar, standardiserte pakkeforløp og betre samarbeid med fastlegane. Regjeringa har supplert den nasjonale kreftstrategien (2013–2017) med ein plan for arbeidet.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om folkehelse, som gir psykisk helse ein større plass i folkehelsearbeidet, legg til rette for ei ny og meir positiv vinkling på arbeidet med livsstilsendring og legg vekt på kor viktig det er med aktiv aldring.

Regjeringa har lagt fram ein plan for omsorgsfeltet 2015–2020. Nye og forsterka tiltak for å betre kvaliteten, kompetansen og kapasiteten i omsorgssektoren er presenterte i primærhelsemeldinga.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om legemiddelpolitikken. Meldinga rettar søkjelyset mot riktig bruk av legemiddel, men legg òg vekt på forsking, innovasjon og næringsutvikling.

Norsk helsepersonell har bidrege i den internasjonale innsatsen for å nedkjempe ebolautbrotet i Vest-Afrika.

Regjeringa la i juni 2015 fram Meld. St. 38 (2014–2015) Open og opplyst – Allmennkringkasting og mediemangfald. I meldinga vurderer regjeringa korleis allmennkringkastingssystemet best bør innrettast i ein sektor prega av raske endringar.

Regjeringa har modernisert pliktavleveringslova slik at den digitale kulturarven blir samla inn og teken vare på for ettertida. Stadnamnlova er endra slik at grunneigarar får høve til å fastsetje skrivemåten på eigen eigedom.

Forbodet mot profesjonell boksing er oppheva. I 2015 er det fordelt totalt 2 263 mill. kroner i spelemidlar til idrettsformål.

Kulturdepartementet har fastsett nye reglar som gir høve til å opprette fleire private, ikkje vanedannande lotteri som kan styrkje frivilligheita utan at einerettsmodellen blir utfordra.

Kulturdepartementet tok i 2015 imot ei utgreiing om kunstnarøkonomien med forslag til korleis kunstnarpolitikken bør utviklast for å styrkje etterspørselen og bidra til eit breiare økonomisk grunnlag for kunstnarar.

Nybygget for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design på Vestbanen er no i gjennomføringsfasen. Bygget skal vere ferdig i 2019.

Gitt på Oslo Slott 25. september 2015

Under Vår hånd og riksseglet

Til toppen