Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 2. oktober 2020.

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

2020 har vore eit krevjande år. 12. mars vart dei mest inngripande tiltaka i fredstid innført. Pandemien og smitteverntiltaka har hatt store konsekvensar for enkeltpersonar, bedrifter og organisasjonar. Stengde skular og barnehagar har ramma sårbare barn. Eldre har vore isolerte frå sine næraste. Mange bedrifter mista innteninga si, og arbeidsløysa steig til det høgaste nivået på fleire generasjonar.

Ettersom smitteverntiltaka verka og smittespreiinga vart redusert, vart tiltaka gradvis trappa ned. I fasen med opning av samfunnet att, har regjeringa prioritert barn og unge og arbeidsliv. Seinsommaren har vist at det framleis er fare for oppblussing av smitte med fleire lokale smitteutbrot.

Dei langsiktige konsekvensane av pandemien kjenner vi enno ikkje omfanget av. Noreg og verda står framleis i ein krevjande og usikker situasjon. Vi må vere førebudde på nye utbrot.

Mykje er gjort for å skape tryggleik for arbeidstakarar og bedrifter, og for å unngå ein enda kraftigare økonomisk nedtur.

Krisepakkane har saman med gjenopninga lagt til rette for at aktiviteten i norsk økonomi har teke seg opp igjen. Arbeidsløysa har falle raskt, men framleis står for mange utan jobb.

I mai la regjeringa fram strategien for Noregs veg ut av krisa: skape meir og inkludere fleire. Tiltaka skal bidra til at fleire kjem tilbake i jobb, at det blir investert meir i klima- og miljøtiltak, at vi satsar meir på utdanning og kompetanse og inkluderer fleire i arbeidslivet.

I handteringa av covid-19-pandemien er det teke ei rekkje avgjerder på kort tid og med stor usikkerheit. Det har vore naudsynt å justere nokre av dei undervegs. Med dagens kunnskap kunne enkelte avgjerder vorte annleis. Regjeringa vurderer det likevel slik at dei overordna vala som vart tekne, var riktige då.

Virusutbrotet har vist kor viktig det er med eit godt internasjonalt samarbeid og sterke internasjonale organisasjonar.

Noreg er ein pådrivar i det internasjonale arbeidet med å etablere mekanismar som skal sikre tilgang til og rettferdig fordeling av vaksinar.

Noreg er valt inn i FNs Tryggingsråd frå januar 2021 til desember 2022. 1. oktober i år begynte vi som observatør.

Noreg vil særleg leggje vekt på bruk av fredsdiplomati, inkludering av kvinner og vern av sivile, og arbeide for at klimarelaterte sikkerheitstruslar blir drøfta i Tryggingsrådet.

Regjeringa har lagt fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren.

Det siste året har Noreg delteke i militære operasjonar i Afghanistan, Irak og Mali.

Den nye etterretningstenestelova som vart vedteken i juni, kjem til å styrkje den sjølvstendige etterretningsevna vår.

Noreg har hatt ei feilaktig praktisering av reglane for å ta med sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar frå Noreg til eit anna EØS-land. Mange har fått urettmessige tilbakebetalingskrav retta mot seg, og enkelte har også vorte melde og dømde. Hausten 2019 oppnemnde regjeringa eit eksternt utval som har granska saka. Læringspunkt frå utvalet blir no følgde opp.

Frå 1. januar 2020 har 19 fylke vorte til 11. Eit viktig mål med regionreforma er større fylkeskommunar med auka kapasitet og kompetanse til å ta seg av oppgåvene på ein betre måte.

Denne hausten tredde fagfornyinga i kraft, og innføringa av nye læreplanar for grunnopplæringa og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring starta.

Regjeringa vidarefører satsinga på kompetanseutvikling for lærarar i barnehage og skule og har styrkt kapasiteten i høgare utdanning betrakteleg.

Gjennomføringa av politireforma har styrkt kvaliteten på politiet sitt arbeid. I løpet av snart sju år har regjeringa auka bemanninga i politiet med om lag 2 500 årsverk.

Regjeringa har lagt fram ein nasjonal helse- og sjukehusplan for 2020–2023.

Vidare har regjeringa lagt fram forslag om ei ny lov om e-helse. Lova skal vere med på å styrkje og leggje til rette for digitalisering i helse- og omsorgssektoren.

Regjeringa har også lagt fram ein handlingsplan for allmennlegetenesta med ein forpliktande opptrappingsplan for perioden 2020–2024.

Frå 1. september 2020 vart barnetrygda for barn under seks år auka med 3 600 kroner i året. Auken er med på å styrkje familieøkonomien og betyr mest for familiar med låg inntekt.

Regjeringa har lagt fram endringar i barnvernlova for å styrkje kvaliteten på arbeidet i barnevernet og styrkje rettstryggleika til barn og familiar.

I april inngjekk regjeringa ein jordbruksavtale med næringa, etter ei forenkla forhandling.

Aktiviteten innanfor bygging og vedlikehald av veg og jernbane er framleis høg, og arbeidet med jernbanereforma held fram. Konkurransane om jernbanetrafikken kjem til å gi reisande eit betre tilbod.

Noreg var det tredje landet i verda som melde inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen. Noregs forsterka klimamål for 2030 er å redusere utsleppa med minst 50 prosent og opp mot 55 prosent samanlikna med 1990-nivå.

---

Virusutbrotet førte til uro i finansmarknadene, og den norske krona svekte seg betydeleg. Sidan har uroa gått ned og krona har stabilisert seg, men er framleis svakare enn i fjor. Ei svak krone betrar konkurranseevna for norsk konkurranseutsett næringsliv.

Etter to år med ganske moderat prisvekst, fall bustadprisane noko etter virusutbrotet. Prisfallet var mindre enn venta og er nå meir enn henta inn igjen. Gjeldsveksten i hushalda har minka dei siste åra, men gjelda er framleis høg og gjer at norsk økonomi er sårbar. Regjeringa har sett i verk tiltak for ei sunnare utvikling i gjelda til hushalda, både for forbruksgjeld og bustadgjeld.

Overskotet på driftsbalansen overfor utlandet var på 145 milliardar kroner i 2019, og gjekk ned frå 252 milliardar kroner i 2018.

Gjennomsnittleg lønnsvekst frå 2018 til 2019 var på 3,5 prosent. Lønningane auka meir enn konsumprisane, og reallønna etter skatt voks med 1,5 prosent i fjor.

Konsumprisane var 1,2 prosent høgare i perioden januar–august i år enn i same periode i fjor.

I 2019 utgjorde verdiskapinga i petroleumssektoren 15 prosent av Noregs bruttonasjonalprodukt, og statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda var 257 milliardar kroner.

Sjukefråværet var stabilt frå 2018 til 2019. Justert for influensa- og koronadiagnosar gjekk sjukefråværet litt ned i 2. kvartal 2020. Eit av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 10 prosent frå 2018.

Befolkninga i Noreg heldt fram med å vekse i 2019, men i eit lågare tempo enn årsgjennomsnittet sidan 2010. Nettoinnvandringa gjekk opp i fjor. I 2019 auka befolkninga med om lag 39 000 personar, og knapt 65 prosent kom av nettoinnvandring. I 2019 vart det fødd 54 495 barn. Det var 625 færre enn i 2018.

Påslaga i pengemarknadene har falle ein del, etter betydeleg tilførsel av likviditet frå sentralbankane. Norske pengemarknadsrenter er no dei lågaste nokosinne.

Statens pensjonsfond hadde ved utgangen av første halvår 2020 ein samla marknadsverdi på 10 655 milliardar kroner, ein auke på 302 milliardar kroner sidan inngangen til året. I september la regjeringa fram den årlege meldinga om fondet.

Stortinget si behandling av dei årlege meldingane om Statens pensjonsfond bidreg til å forankre den langsiktige investeringsstrategien og legg til rette for at vi kan halde fast ved den valde strategien, også i periodar med uro i marknadene.

Det regjeringsnedsette utvalet som har gått gjennom det etiske rammeverket for Statens pensjonsfond utland, leverte si utgreiing 15. juni i år. Retningslinjene for observasjon og utelukking er sentrale i rammeverket for fondet, og er viktige for legitimiteten til fondet. Utgreiinga vart send på høyring 24. juni.

I møte med det økonomiske tilbakeslaget som følgde virusutbrotet, er det innført ei mellombels ordning for lønnsstøtte til verksemder med sikte på at ein raskt kan få ned talet på permitterte. Samtidig er det oppretta ei mellombels kompensasjonsordning for bedrifter med stor omsetningssvikt, og nye garanti- og låneordningar for næringslivet med sikte på å auke likviditeten i bedriftene. I garantiordninga for banklån til bedrifter garanterer staten for 90 prosent av låna innanfor ei samla garantiramme på 50 milliardar kroner. Statens obligasjonsfond skal bidra til auka likviditet og kapital til obligasjonsmarknaden gjennom kjøp på marknadsmessige vilkår av renteberande instrument som er utskrivne av norske selskap.

Erfaringane frå det siste halve året viser at skattesystemet og inntektssikringsordningane automatisk bidreg til å stabilisere økonomien. Når omsetning og inntekter har svikta, er også skattar og avgifter reduserte, og den inndragande effekten av skattane er dempa. Omvendt vil skattesystemet trekkje inn større inntekter når økonomien blir betra. Det er viktig å sikre denne motsykliske funksjonen som skattesystemet har.

Auka løyvingar og lågare skatteinntekter svekkjer statens finansar kraftig i 2020. Oljepengebruken er på eit svært høgt nivå.

Som nasjon er vi avhengige av å halde ved like og vidareutvikle det internasjonale samarbeidet. Noreg vil forsvare dei grunnleggjande verdiane og interessene våre i ei tid der vi ser eit aukande press mot rettsstat, demokrati, ytringsfridom og internasjonal rettsorden.

I europapolitikken legg vi vekt på at EØS-avtalen skal halde fram med å vere ei velfungerande ramme for Noregs samarbeid med EU. Avtalen sikrar full tilgang til den viktigaste marknaden vår og gir tilgang til viktig arbeidskraft.

Regjeringa legg vekt på at norsk næringsliv skal ha gode, solide og føreseielege rammevilkår internasjonalt. Regjeringa jobbar for at Verdas handelsorganisasjon (WTO) framleis skal fungere som det grunnleggjande avtaleverket for global handel.

Statsministeren leier FNs pådrivargruppe for berekraftsmåla. Regjeringa jobbar for å oppnå dei 17 berekraftsmåla både i Noreg og i utviklingsland.

Regjeringa intensiverer innsatsen i utviklingspolitikken for spesielt sårbare og utsette grupper. Innsatsen for klimatilpassing, førebygging av naturkatastrofar og svoltnedkjemping har vorte forsterka. Vidare sørgjer regjeringa for at vi framleis har ei leiarrolle internasjonalt for utdanning i utviklingsland.

Tiltaka for menneskerettar, kvinners rettar og likestilling skal reflekterast i det breie arbeidet utanrikstenesta gjer.

Noreg har vidareført innsatsen i ei rekkje freds- og forsoningsprosessar, blant anna i Venezuela, Colombia, Sør-Sudan, Sudan, Filippinane, Somalia, Afghanistan og Myanmar.

Det er ei rekkje humanitære kriser i verda, og opp mot 80 millionar menneske er på flukt. Regjeringa er ein pådrivar for å sikre at humanitærretten blir etterlevd, og at humanitære aktørar får tilgang til å hjelpe og verne dei som treng det. Regjeringa har auka det humanitære budsjettet markant sidan 2013 og tilpassa innretninga på den humanitære bistanden i møte med dei auka utfordringane covid-19 medfører. Dette er gjort for å sikre trygg og uhindra humanitær tilgang til naudlidande.

Regjeringa arbeider for at Arktis skal halde fram som ein fredeleg og stabil region, med Arktisk råd som det sentrale samarbeidsforumet for regionen.

Noreg arbeider aktivt for rustingskontroll, nedrusting og ikkjespreiing av kjernevåpen. Verifikasjon av nedrusting er eit særskilt satsingsområde.

Regjeringa ønskjer eit godt naboforhold til Russland og har vidareført eit breitt bilateralt samarbeid, som folk-til-folk-samarbeid, innan fiskeri, miljø og atomsikkerheit. Det meste av det tosidige samarbeidet fungerer godt, sjølv om forholdet mellom Russland og Vesten framleis er krevjande.

EØS-midlane er eit viktig europapolitisk verktøy, og gjennom dei bidreg Noreg til sosial og økonomisk utjamning i EU.

Menneskerettane er under press internasjonalt, også på vårt eige kontinent. På fleire område er situasjonen forverra som følgje av pandemien og smitteverntiltaka. Regjeringa bidreg i internasjonale forum, bilateralt og saman med likesinna land, for å oppnå resultat, inkludert gjennom økonomisk og politisk støtte til menneskerettsforkjemparar.

For å bremse konsekvensane av virusutbrotet har Noreg teke initiativ til eit nytt FN-fleirpartnarfond. Regjeringa har gitt eit ekstra bidrag på 50 millionar kroner til Verdshelseorganisasjonen (WHO) og gitt betydelege bidrag til partnarlanda våre i utviklingspolitikken.

Covid-19-pandemien har gjort det nødvendig å avgrense trafikken over landegrensene, med karantenereglar, innreiserestriksjonar og reiseråd. Det har hatt store konsekvensar for arbeidspendlarar, turisme, handel og folk-til-folk-kontakt.

NATO er hjørnesteinen i norsk sikkerheitspolitikk. Noreg har bidrege substansielt til NATOs operasjonar, misjonar og ståande styrkar. Vidare har Noreg arbeidd for auka beredskap, styrking av NATOs avskrekking og forsvar og for å fremje norske interesser knytte særleg til Nord-Atlanteren og maritime spørsmål. I tillegg er det viktig for Noreg at NATO kontinuerleg tilpassar seg ein sikkerheitssituasjon i endring.

Nordområda får auka strategisk betydning. Russland kjem framleis til å vere ein dimensjonerande faktor for norsk sikkerheits- og utanrikspolitikk, men det blir også viktigare å følgje med på den auka interesse Kina og nære allierte har vist for Arktis og nordområda.

For å leggje til rette for ei saumlaus og rask forsterking ved behov er det avgjerande å styrkje det operative samarbeidet med nære allierte i norske nærområde, også i fredstid. Det tette og gode operative samarbeidet med USA og Storbritannia er viktig i den samanhengen. I tillegg har Noregs tilslutning til European Intervention Initative – EI2 – styrkt samarbeidet vårt med sentrale europeiske allierte og partnarar.

Forsvaret har sikra suverenitetshevding og situasjonsovervaking i nordområda gjennom å vere til stades med fartøy og fly.

Gjennom det siste året har regjeringa følgt opp ambisjonane i langtidsplanen for Forsvaret.

Den operative evna til Forsvaret er styrkt gjennom ei berekraftig og systematisk satsing på auka tilgjenge, auka uthaldenheit, reduserte klartider og auka bemanning, aktivitet og nærvær. F-35-kampflya nådde også ein milestolpe i 2019 då systemet oppnådde status som initialt operativt med totalt 25 fly, i tillegg til at etableringa av Ørland flystasjon som vår hovudbase for kampflya pågår med full kraft.

Styrkinga av Hæren har vorte vidareført gjennom oppbygging av Finnmark landforsvar og auka nærvær ved Garnisonen i Sør-Varanger.

Gjennom eit strategisk samarbeid med sivil industri får Forsvaret raskare tilgang til ny teknologi og kan følgje den raske utviklinga på IKT-området tettare.

Regjeringa har lagt fram ei ny stortingsmelding om personell frå internasjonale operasjonar. Dei prioriterte områda for den vidare veteranpolitikken er familiane og barna til veteranane, kompetansebygging i det sivile hjelpeapparatet og forsking.

Regjeringa har arbeidd vidare med å tilpasse personell- og kompetansestrukturen i Forsvaret ved å gjennomføre sentrale og viktige personellreformer, som ei ordning for militært tilsette og utdanningsreforma. Forsvaret har sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere omfanget av seksuallovbrot, mobbing og trakassering.

For å bøte på konsekvensane virusutbrotet har hatt for forsvarsindustrien, har regjeringa sett i gang ei rekkje tiltak. Dette omfattar blant anna forsering av godkjende prosjekt som oppgradering av køyretøy til Hæren og korvettar i Skjold-klassen, auka rammer til forsking og utvikling, dispensasjonar frå føresegnene i anskaffingsregelverket, og innføring av tiltak retta også mot små og mellomstore bedrifter.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal evaluere pensjonsreforma. Utvalet skal evaluere om ein kan nå dei langsiktige måla for reforma, og vurdere behovet for justeringar som kan sikre den økonomiske og sosiale berekrafta til pensjonssystemet.

Vi har eit felles mål om eit godt og seriøst arbeidsliv. Det er viktig at arbeidstakarane har gode og trygge arbeidsforhold. For verksemdene er det heilt avgjerande med rettferdige konkurransevilkår. Det er etablert ein brei innsats mot arbeidslivskriminalitet, med vekt på felles kontrollar. Ifølgje politiet og kontrolletatane ser omfanget av arbeidslivskriminalitet ikkje lenger ut til å auke. Arbeidslivskriminaliteten er likevel krevjande å avdekkje fordi kriminelle aktørar tilpassar seg og kamuflerer verksemda si. Myndigheitene har forsterka innsatsen gjennom førebygging og tiltak for å gjere marknaden for dei kriminelle så liten som mogleg, ved å hjelpe offentlege og private innkjøparar til å velje seriøse leverandørar.

Lønnsoppgjeret i 2020 er eit hovudoppgjer. Forhandlingane verte utsett til hausten 2020 på grunn av covid-19-pandemien. Med eit krevjande utgangspunkt i år har avtalerevisjonane så langt i hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar og mekling.

Det norske reguleringsregimet for helse, miljø og sikkerheit i petroleumsnæringa fungerer i hovudsak godt og bør vidareførast. Oljepris- og konjunktursvingingar, covid-19-pandemien og andre omstillingar og endringar i næringa kan likevel påverke dagens risikonivå. Eit framleis godt partssamarbeid, kunnskapsutvikling og eit sterkt og tydeleg tilsyn er ein føresetnad for ei god utvikling også framover. Regjeringa sin ambisjon om at norsk petroleumsverksemd skal vere verdsleiande på HMS, ligg fast.

Som følgje av covid-19-pandemien vedtok Stortinget fleire mellombelse endringar i eksisterande ordningar og innførte nye mellombelse ordningar innanfor ansvarsområdet til Arbeids- og velferdsetaten (NAV). I 2020 har Arbeids- og velferdsetaten vorte mellombels styrkt med til saman 900 millionar kroner mellom anna for å gjennomføre stortingsvedtaket systemmessig og handtere ein markant auke i omfanget av søknader om ytingar. Etaten har likevel måtta skyve på ein betydeleg del av dei ordinære oppgåvene sine. I tillegg til nye og endra ordningar etablerte etaten ei mellombels forskotsløysing for dagpengar, for å sikre søkjarar inntekt.

I møte med virusutbrotet og dei omfattande smitteverntiltaka som vart innførte, vart fleire verkemiddel i arbeidsmarknadspolitikken lagde om. I første fase av krisa var målet å sikre inntekt til alle som vart berørte av virusutbrotet og smitteverntiltaka. Permitteringsordninga og dagpengeordninga vart mellombels endra for å redusere kostnadene til arbeidsgivarar og for å sikre høgare kompensasjon til personar som vart permitterte eller arbeidslause. Det vart også etablert mellombelse inntektssikringsordningar for sjølvstendige og frilansarar og for lærlingar. Det er lagt til rette for at fleire permitterte og arbeidslause skal kunne få opplæring, mellom anna ved at det mellombels er høve til å behalde dagpengane i opplæringsperioden.

For å møte utfordringar som følgje av virusutbrotet vart også sjukepengeregelverket og regelverket for omsorgspengar endra mellombels. Retten til å bruke eigenmelding var i den første fasen utvida. Arbeidsgivars finansiering av koronarelatert sjukefråvær og omsorgspengar vart redusert. Sjølvstendige og frilansarar fekk utvida rett til sjukepengar ved koronarelatert sjukefråvær. Samtidig vart retten til omsorgspengar mellombels utvida for arbeidstakarar, frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande som måtte vere borte frå arbeidet fordi skule eller barnehage var stengd som følgje av covid-19-pandemien.

Regjeringa har lagt stor vekt på å følgje opp Digital21, som er tilrådingane frå næringslivet knytte til digitalisering. Fleire tilrådingar er følgde opp gjennom Nasjonal strategi for kunstig intelligens og digitaliseringsstrategien for offentleg sektor.

Strategien for kunstig intelligens, som vart lagd fram i januar i år, legg vekt på korleis Noreg skal utvikle og nytte kunstig intelligens for å skape verdiar og arbeidsplassar.

Kunstig intelligens bidreg til at Noreg kan utnytte innovasjonskrafta på område der vi har særskilde fortrinn, som helse, hav, offentleg forvaltning, energi og mobilitet. Regjeringa vil at Noreg skal gå føre i utvikling og bruk av kunstig intelligens, med respekt for rettane og fridommen til kvar enkelt. Data er eit viktig utgangspunkt for utvikling og bruk av kunstig intelligens. Det skal derfor leggjast til rette for deling av data innanfor og på tvers av bransjar og sektorar.

Målet er ein effektiv offentleg sektor som leverer gode tenester til innbyggjarane, har høg grad av tillit i befolkninga og finn nye løysingar på samfunnsutfordringar i samarbeid med innbyggjarane, næringslivet, forskingsmiljøa og sivilsamfunnet.

Arbeidet med å gjennomføre digitaliseringsstrategien er i gang. Strategien rettar seg mot ei tydeleg brukarsentrert tenesteutvikling, blant anna ved at ein utviklar samanhengande tenester innanfor sju livshendingar. Ei meir effektiv og samordna utnytting av felles IT-løysingar er viktig for å få dette til.

Staten bidreg i 2020 med over 230 millionar kroner til auka teleberedskap, og med 406 millionar kroner til breiband i område utan kommersielt grunnlag for utbygging. Noreg har den høgaste internettbruken i befolkninga blant alle europeiske land, og saman med Danmark den beste mobil- og breibandstilgangen. Digitalisering av plan- og byggjesaksprosessane, eigedomstransaksjonar og det geografiske kunnskapsgrunnlaget på land og til sjøs er prioritert.

5G er lansert fleire stader i Noreg i 2020.

Byggkvalitetsutvalet har vurdert verkemiddel som skal bidra til forsvarleg byggkvalitet. Utvalet leverte sin rapport i februar 2020. Rapporten var på høyring til 1. september.

Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding om distriktspolitikken.

Kommunane har fått ei ny og moderne kommunelov. Den skal styrkje det kommunale sjølvstyret.

Planlegging etter plan- og bygningslova er ein av nøklane til berekraftig utvikling i heile landet og for at Noreg skal nå FNs berekraftsmål innan 2030. Desse måla skal leggjast til grunn for samfunns- og arealplanlegginga. Endringar i klimaet har ført til uventa og uønskte hendingar i kommunane. Regjeringa legg vekt på at samfunnssikkerheit og klimatilpassing blir eit gjennomgåande tema frå plansak til utbygging.

Kommunane har gjort ein stor innsats i møte med virusutbrotet. Dei har sørgt for å verne befolkninga gjennom smitteverntiltak, samtidig som dei har levert tenester til innbyggjarane under nye og krevjande omstende. Kompenserande tiltak til kommunesektoren i samband med virusutbrotet utgjer over 12 milliardar kroner. Som eitt av fleire tiltak for å motverke arbeidsløysa har kommunane fått eit tilskot på 2,5 milliardar kroner til vedlikehald av kommunale bygg og anlegg.

Regjeringa fører vidare arbeidet med forenklingar for næringslivet. Sidan 2018 er det gjennomført forenklingstiltak som anslagsvis gir gevinstar for næringslivet på om lag 3,6 milliardar kroner årleg.

Regjeringa har som mål at Noreg skal vere ein leiande havnasjon og ha størst mogleg berekraftig verdiskaping frå havet. Norsk fiskeri- og sjømatnæring er ei lønnsam, berekraftig og viktig næring for Noreg med produksjon av mat som verda treng. Dette er eit godt utgangspunkt for å utvikle meir aktivitet og arbeidsplassar langs kysten vår. Regjeringa ønskjer derfor å leggje til rette for vidare utvikling av næringa.

I november 2019 la regjeringa fram ei ny eigarskapsmelding som gjer greie for kvifor staten eig direkte i selskap, kva staten eig, og korleis staten utøver eigarskapen sin. Regjeringa vil framleis føre ein ansvarleg eigarpolitikk basert på fastlagde rammer. Med dette som utgangspunkt er eigarpolitikken tydeleggjord og vidareutvikla. Verdien av statens direkte eigarskap var 974 milliardar kroner ved utgangen av 2019. For rekneskapsåret 2019 har staten motteke om lag 42 milliardar kroner i utbytte frå selskapa med direkte statleg eigardel.

Noreg har ratifisert Polhavsavtalen, som skal forhindre uregulert fiske i internasjonal del av Polhavet og fremje forsking i dette området.

1. februar i år starta ein overgangsperiode i EU, Storbritannia og Noreg, etter at Storbritannia gjekk ut av EU. For å sikre eit best mogleg nærings- og handelspolitisk samarbeid og best mogleg tilgang til den britiske marknaden når overgangsperioden går ut ved årsskiftet, arbeider regjeringa med å forhandle fram ein ny og omfattande frihandelsavtale med Storbritannia.

Regjeringa la i desember 2019 fram stortingsmeldinga Høytflyvende satellitter – jordnære formål. En strategi for norsk romvirksomhet (Meld. St. 10 (2019–2020)). Norsk satsing på romverksemd er nytteorientert, med vektlegging av næringsutvikling og konkrete nasjonale brukarbehov innanfor nesten alle samfunnssektorar.

Regjeringa har sett i verk fleire tiltak for at norsk næringsliv skal halde i gang arbeidet med forsking, innovasjon og omstilling trass i det økonomiske tilbakeslaget som har følgt etter virusutbrotet. Verkemiddelaktørane omstilte seg raskt for å hjelpe bedriftene.

Ei viktig målsetjing for regjeringa har vore å også under covid-19-pandemien fremje utviklinga av ei grøn maritim næring. Regjeringa ønskjer å bidra til å halde ved like aktivitet og arbeidsplassar i norsk maritim verfts- og leverandørindustri og har vedteke ein verftspakke for næringa for perioden 2020–2024.

I 2019 tok Olje- og energidepartementet imot utbyggingsplanar for fem nye olje- og gassprosjekt i tillegg til utbyggingsplanen for havvindprosjektet Hywind Tampen. Hittil i 2020 har departementet motteke to utbyggingsplanar. Utbyggingsplanen for Northern Lights-prosjektet er den første utbyggingsplanen for lagring av CO2 under havbotnen.

I 2019-runden av tildeling av førehandsdefinerte område vart det tildelt 69 utvinningsløyve til 28 oljeselskap. Tildeling i forhåndsdefinerte område for 2020 er utlyst, og utlysinga av 25. konsesjonsrunde er send på offentleg høyring.

Petroleumsinvesteringane var på om lag 150 milliardar kroner i 2019 og er venta å gå ned i år og dei næraste åra. For å halde oppe aktivitetsnivået på mellomlang sikt er det nødvendig å gjere nye funn og å identifisere ytterlegare tiltak for auka utvinning på eksisterande felt.

Samla produksjon i 2019 var rundt 3,7 millionar fat oljeekvivalentar per dag, noko som var ein svak nedgang samanlikna med året før. Ein reknar med at samla produksjon aukar fram mot rundt 2024. Noreg dekkjer mellom 20 og 25 prosent av EUs gassforbruk og bidreg i overgangen til eit fornybart lågutsleppssamfunn i Europa. Det er 88 felt i produksjon, og ytterlegare 15 prosjekt er under utbygging over heile sokkelen.

Olje- og gassnæringa kjem framleis til å spele ei viktig rolle i norsk økonomi i overskodeleg framtid og gi eit betydeleg bidrag til framtidig finansiering av det norske velferdssamfunnet. Statens samla petroleumsinntekter var 257 milliardar kroner i 2019 og blir anslått til 98 milliardar kroner i år, tilsvarande 10 prosent av statens samla inntekter.

Leverandørindustrien til petroleumssektoren er Noregs nest største næring, etter sal av olje og gass. Denne industrien skaper svært mange arbeidsplassar og lokal næringsutvikling i alle fylke i landet. Om lag 30 prosent av omsetninga til leverandørindustrien kjem frå internasjonale marknader. Covid-19-pandemien og det samtidige oljeprisfallet har ramma leverandørindustrien hardt.

Som følgje av virusutbrotet og låge olje- og gassprisar har oljeselskapa sett seg nøydde til å skyve på investeringar, mellom anna leiting, og ikkje-kritisk vedlikehald. Det var derfor viktig at eit breitt fleirtal på Stortinget vart einig om å setje inn mellombelse tiltak som betrar likviditeten i petroleumsselskapa og gir auka moglegheiter til å gjennomføre dei lønnsame investeringane som var planlagde før virusutbrotet.

Som tiltak for å møte ubalansen i den globale marknaden har Olje- og energidepartementet, for å understøtte god ressursforvaltning og aktiviteten i næringa, sett i verk produksjonsregulerande tiltak for råolje på norsk sokkel.

I samarbeid med industrielle partnarar har regjeringa gjennomført eit omfattande og grundig arbeid med ulike utgreiingar og studiar av fullskala CO2-handtering og lagt fram stortingsmeldinga om fullskala CO2-handtering i Noreg.

Gjennomsnittleg kraftpris for 2019 var på 38,3 øre/kWh. I første halvår 2020 var gjennomsnittleg kraftpris 11,2 øre/kWh – 30 øre lågare enn på same tid i fjor. Dei låge prisane kjem i hovudsak av vêrforholda. Mykje vindkraftproduksjon i Norden har også bidrege til å senke kraftprisen.

I 2019 var kraftproduksjonen i Noreg 134,6 TWh – ein nedgang på over 12 TWh frå året før. Kraftforbruket i 2019 enda på 134,7 TWh og med ein nettoimport på 0,1 TWh. 2019 var første år sidan 2010 at Noreg ikkje var nettoeksportør av kraft. Første halvår 2020 har Noreg ein nettoeksport på 5,4 TWh.

Norsk kraftforsyning har den høgaste fornybarandelen og dei lågaste utsleppa i Europa med unntak av Island. I 2019 kom om lag 98 prosent av kraftproduksjonen frå vasskraft og vindkraft. I løpet av same år vart 2,3 TWh ny kraftproduksjon sett i drift. Ved inngangen til 2020 var 11 TWh ny fornybar kraftproduksjon under utbygging, i all hovudsak vindkraft.

I stortingsmeldinga om vindkraft på land som vart lagd fram i juni 2020, har regjeringa gått grundig gjennom konsesjonsbehandlinga.

Ein god skule og kunnskap er viktig for å skape moglegheiter for alle. Tidleg innsats er avgjerande for å gi alle barn og unge ei opplæring som førebur dei til framtida. Målet er at flest mogleg skal fullføre grunnopplæringa. Regjeringa forsterkar innsatsen og la i november 2019 fram ei stortingsmelding om tidleg innsats og inkluderande fellesskap med over 60 tiltak som skal følgjast opp.

Familiens økonomi kan hindre at barna får gå i barnehage eller på skulefritidsordninga. Regjeringa har auka inntektsgrensene for moderasjonsordningane i barnehage og innført moderasjonsordning for SFO på 1. og 2. trinn. Dermed vil fleire familiar få moglegheit til å la barna gå i barnehage og på SFO.

Fagfornyinga i grunnopplæringa omfattar utvikling og innføring av nye læreplanar i grunnskule og vidaregåande opplæring. Dette er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet i 2006. Målet er at læreplanane skal vere meir relevante for framtida og ha tydelegare prioriteringar, og at samanhengen mellom faga skal bli betre. Dei nye læreplanane skal takast i bruk trinnvis frå skulestart i 2020 over ein periode på tre år. Denne hausten er dei nye læreplanane tekne i bruk på 1. til 9. trinn i grunnskulen og på 1. trinn i vidaregåande opplæring. Det er også innført nye reglar for vurdering og eksamen.

Arbeidet med digitalisering i skulen skal halde fram som ein del av fagfornyinga. Desentraliserte ordningar for fordeling av kompetansemidlane skal bidra til gode løysingar lokalt.

Frå skuleåret 2020–2021 blir det innført ny struktur i fag- og yrkesopplæringa. Dette er den største endringa i yrkesfagutdanninga sidan Kunnskapsløftet i 2006. Målet er at tilbodsstrukturen og innhaldet i faga blir meir relevant for elevar og lærlingar og er i tråd med behova i arbeidslivet.

Protestbølgja mot rasisme i USA sommaren 2020 førte til auka merksemd i heile den vestlege verda om diskriminering av menneske. Den norske skulen har ei viktig oppgåve i å førebyggje diskriminering og radikalisering. Dei tverrfaglege tema folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap skal vere ein del av alle relevante fag og blant anna bidra til at elevane får ein trygg identitet, forståing for samanhengen mellom demokrati og sentrale menneskerettar og evne til å tenkje kritisk.

Regjeringa fører vidare arbeidet med å løyve midlar som bidreg til auka velferd for studentar. Opptrappinga til 11 månaders studiestøtte vart oppfylt i budsjettet for 2020.

Det blir bygd stadig fleire nye studentbustader. I 2019 og 2020 har regjeringa gitt tilsegn om tilskot til nesten 3 700 nye studenthyblar. I tillegg vart det i 2020 tildelt 250 millionar kroner til å oppgradere eksisterande bustader til fornya levetid.

Regjeringa har gjort Lånekassen meir fleksibel og betre tilpassa til vaksne med jobb og andre forpliktingar.

I 2017 sette regjeringa ned kompetansebehovsutvalet, som skulle gi ei best mogleg fagleg vurdering av kompetansebehov i landet. I år vart utvalet vidareført frå 2020 til 2026, med eit nytt mandat.

I april la regjeringa fram Kompetansereforma – Lære hele livet (Meld. St. 15 (2019–2020)), som legg til rette for at fleire kan utvikle kompetansen sin i tråd med det arbeidslivet treng.

Regjeringa held fram med å følgje opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2019–2028. Langtidsplanen set kursen for politikkutviklinga og investeringane i forsking og høgare utdanning i eit tiårsperspektiv.

Deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont 2020) og i EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+) er ein vesentleg del av politikken for høgare utdanning og forsking. Norske forskingsmiljø, helseføretak, offentleg sektor og næringsliv har så langt motteke om lag 11 milliardar kroner, eller 2,26 prosent av midlane som er lyste ut i Horisont 2020 så langt.

Det er gitt oppstartløyving for rehabilitering og nytt bygg for Vikingtidsmuseet ved Universitetet i Oslo. Det nye museet er forventa å vere ferdig i 4. kvartal 2025. Nybygget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og Veterinærinstituttet på Ås blir ferdigstilt hausten 2020.

Som ein sentral del av regjeringa si integreringsreform vart forslag om ny lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid send til Stortinget i mai i år.

Virusutbrotet skapte utfordringar for barnehagar og skular. Det er særleg viktig å ta vare på sårbare barn med vanskelege heimesituasjonar eller særskilde behov, og det er løyvd ekstra midlar for å få på plass tiltak som skal kome sårbare barn og unge til gode.

I møte med virusutbrotet er også innsatsen for kompetanseheving forsterka, blant anna gjennom Utdanningsløftet 2020, med tiltak som legg til rette for at fleire får fullført fag-, yrkes- og vidaregåande opplæring, og kompetansehevande opplæring for tilsette i utsette næringar. Det er også løyvd ekstraordinære lån og stipend gjennom Lånekassen for studentar som har opplevd inntektsbortfall som følgje av virusutbrotet.

Virusutbrotet har ramma flyktningar og nykomne innvandrarar hardt. Utbrotet har ført til høg arbeidsløyse, og for arbeidstakarar med låg formell kompetanse og lite yrkeserfaring kan det bli utfordrande å kome i jobb i tida framover. Introduksjonsprogrammet er derfor forsterka med blant anna utvida programtid for deltakarar, meir opplæring i norsk og samfunnskunnskap, styrking av tilskotsordninga Jobbsjansen og meir karriererettleiing.

Behovet for målretta informasjon om virusutbrotet til ulike innvandrargrupper er stort. Det gjeld både helseinformasjon og informasjon om sosiale og økonomiske konsekvensar for kvar enkelt. Løyvingane til informasjonsarbeid i både landsdekkjande og lokale frivillige organisasjonar er derfor auka, og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har fått eit styrkt koordineringsansvar for tiltak og informasjon retta mot innvandrarbefolkninga. I tillegg legg IMDi til rette for særskilde informasjonstiltak som er sette i verk overfor innvandrarbefolkninga, og fungerer som eit bindeledd mot frivillig sektor.

I mai i år la regjeringa fram forslag til ei ny, heilskapleg språklov.

Regjeringa la i juni fram forslag til ei ny mediestøttelov, og 1. juli tredde lov om redaksjonell uavhengigheit og ansvar i redaktørstyrte journalistiske medium i kraft.

I mai vedtok Stortinget forslaget frå regjeringa om å ta inn ei eiga føresegn i kringkastingslova som gir Medietilsynet heimel til å stanse marknadsføring for pengespel som ikkje har løyve i Noreg.

Det er innført ein ny framtidsretta og ubyråkratisk finansieringsmodell for NRK, som frå og med i år blir finansiert over statsbudsjettet.

Det er oppretta 70 nye arbeidsplassar ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Kapasitetsutvidinga gjer det mogleg å oppskalere arbeidet med å digitalisere kulturarvsmateriale i norske arkiv, bibliotek og museum.

Regjeringa oppnemnde i februar ein ytringsfridomskommisjon som skal gå gjennom ytringsfridommens stilling i Noreg på grunnleggjande vis.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering på grunn av etnisitet og religion, og ein handlingsplan mot diskriminering og hat mot muslimar.

Frå 1. januar 2020 vart det etablert eit lågterskeltilbod for behandling av saker om seksuell trakassering. Diskrimineringsnemnda har fått behandlingsmyndigheita. Frå same tidspunkt har arbeidsgivarar og offentlege myndigheiter fått ei styrkt plikt til å arbeide aktivt for å fremje likestilling og for å gjere greie for likestillingsarbeidet sitt.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing. Handlingsplanen følgjer opp FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) og tilrådingane frå CRPD-komiteen som vart avgitt våren 2019.

Ei rekkje kultur-, frivilligheits- og idrettsarrangement har vorte heilt eller delvis avlyste, stengde eller utsette som følgje av smitteverntiltaka i møte med virusutbrotet. For å avgrense skadeverknadene er det oppretta kompensasjonsordningar for avlyste eller utsette arrangement innanfor kultur, frivilligheit og idrett.

Under virusutbrotet har mange mediebedrifter opplevd at store delar av annonseinntektene har falle bort. For regjeringa er det eit sentralt mål at media kan halde i gang den viktige samfunnsfunksjonen sin. Det vart derfor innført ei mellombels kompensasjonsordning for redaktørstyrte medium.

Regjeringa vidarefører det viktige arbeidet med å sikre Noreg eit politi som er betre i stand til å handtere eit stadig meir mobilt og digitalt kriminalitetsbilete.

For å invitere til debatt om den vidare utviklinga av politiet, la regjeringa fram ei stortingsmelding om politiet for Stortinget våren 2020.

Våren 2020 sikra regjeringa helikopterberedskapen for politiet i Nord-Noreg med eit sivilt helikopter på éin times responstid heile døgnet, året rundt. Eit nytt nasjonalt beredskapssenter skal stå ferdig i haust.

Politisamarbeidet mellom Noreg og Sverige er utvida. Ein ny avtale tredde i kraft i vår, og Noreg og Sverige kan no be om hjelp frå dei nasjonale beredskapsressursane til nabolandet i krisesituasjonar.

I 2020 opna eit nytt fengsel i Agder, det største fengselet i landet med høgt sikkerheitsnivå, med i alt 300 plassar. Fengselet markerer eit viktig løft for norsk kriminalomsorg. Moderne fengselsbygg gir betre forhold for både dei innsette og dei tilsette, og legg til rette for eit godt innhald i soninga.

Frå 2020 disponerer Sysselmannen på Svalbard tenestefartøyet M/S Polarsyssel heile året. Fartøyet er ein sentral ressurs i rednings- og beredskapssamanheng og er viktig for Sysselmannens evne til å føre oppsyn og utøve myndigheit på øygruppa.

Talet på asylsøkjarar i Noreg er framleis lågt. Det låge talet på asylsøkjarar og irregulære migrantar heng blant anna saman med tiltak på yttergrensa, europeisk samarbeid med tredjeland og reiserestriksjonar knytte til covid-19.

Vi samarbeider tett med EU for å fremje trygge samfunn, grunnleggjande rettar og multilateralt samarbeid i møte med felles utfordringar som klimaendringar og migrasjon.

Regjeringa har bidrege til å finne globale og regionale løysingar på dagens migrasjonsutfordringar gjennom å delta i aktuelle FN- og EU-prosessar, og gjennom samarbeid med opphavsland.

Regjeringa har lagt fram eit forslag til ei ny finansavtalelov. Forslaget inneber blant anna eit sterkare vern for kredittkundar, ein betre tilgang til moderne bank- og betalingstenester og ei styrking av kundens erstatningsrettslege vern. Tenesteytarens plikter og bankkundens rettar kjem tydeleg fram.

Politiet er eit viktig ledd i samfunnet sin samla innsats for å avgrense smittespreiinga under den pågåande covid-19-pandemien.

Etter forslag frå regjeringa vedtok Stortinget ei midlertidig lov om forskriftshjemmel for å avhjelpe konsekvensar av utbrudd av covid-19 mv. (koronalova). Med heimel i lova vart det våren 2020 vedteke mellombels forskrifter om forsvarlege, effektive og rett avpassa tiltak for å avgrense forstyrringa av sentrale samfunnsfunksjonar som følgje av utbrotet av covid-19. Og for å avhjelpe negative konsekvensar for befolkninga, næringslivet, offentleg sektor eller samfunnet elles.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke ei mellombels lov om rekonstruksjon for å dempe økonomiske problem som følgje av utbrot av covid-19.

Etter forslag frå regjeringa har Stortinget vedteke ei mellombels lov om tilpassingar i prosessregelverket for å dempe konsekvensane utbrotet av covid-19 har for saksavviklinga i domstolane og hos andre aktørar i justissektoren.

Med sterk involvering frå kommunesektoren har regjeringa fått utgreidd ei felles kommunal journalløysing og samhandlingsløysingar for helse- og omsorgstenesta som heilskap (Akson). Det er brei semje om behovet for betre samhandling i tenesta.

Over 120 000 tilsette i den kommunale helse- og omsorgstenesta har fullført ei grunn-, vidare- eller etterutdanning med tilskot frå Kompetanseløft 2020 i perioden 2016–2019.

Regjeringa har sendt på høyring eit forslag om lovfesting av ei barnekoordinatorordning for familiar med barn eller som ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som har behov for langvarige og samansette helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.

Frå 1. juli 2020 har personar over 67 år som har ordninga frå før, rett til brukarstyrt personleg assistanse. Regjeringa har oppnemnt eit offentleg utval som skal sjå nærare på ordninga.

Regjeringa har innført ein sambuargaranti på sjukeheim frå 1. juli 2020.

Regjeringa følgjer opp kvalitetsreforma Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre (Meld. St. 15 (2017–2018)).

Stortingsmeldinga om lindrande behandling og omsorg skal bidra til å synleggjere døden som ein del av livet og å bidra til at dei som har behov for det, får tilgang til lindrande behandling og omsorg.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for allmennlegetenesta med ein forpliktande opptrappingsplan for perioden 2020–2024.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for førebygging av sjølvmord, der det er lagt til grunn ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg.

Regjeringa har lagt fram ein handlingsplan for vidare reduksjon i talet på svangerskapsavbrot. Tiltaka i planen vidarefører arbeidet med å informere og rettleie om prevensjon og seksuell og reproduktiv helse, samtidig som tilgangen på prevensjon blir forbetra.

I statsbudsjettet for 2020 vart det bestemt lånerammer til utbygging av Nye Oslo universitetssykehus på Aker og Gaustad. Nye Oslo universitetssykehus inneber nye og moderne sjukehuslokale, auka kapasitet og tilrettelegging for nye organisasjonsløysingar og arbeidsmetodar.

1. juli 2020 etablerte regjeringa Eldreombodet i Ålesund. Formålet med Eldreombodet er å fremje eldres interesser på alle samfunnsområde.

Tilsegnsramma for investeringstilskotet i 2020 legg til rette for at det kan byggjast og rehabiliterast 2000 heildøgns omsorgsplassar. Sidan 2014 har regjeringa lagt til rette for 17 500 heildøgns omsorgsplassar, med ei samla tilsegnsramme på om lag 29,1 milliardar kroner.

Per 18. september har 267 menneske mista livet av covid-19 i Noreg. Noreg fekk kontroll over spreiinga av koronaviruset i april 2020. 7. mai la regjeringa fram ein strategi for å handtere covid-19-pandemien. Målet med strategien er å sørgje for at vi til ei kvar tid har kontroll på smittespreiinga. Kontroll inneber at sjukdomsbyrda er låg, og at talet på pasientar er handterbart i helse- og omsorgstenesta. Ein ukontrollert pandemi vil gi ei samla stor sjukdomsbyrde med så mange sjuke at det ikkje vil vere kapasitet til å tilby intensivbehandling til alle som bør ha det.

Regjeringa har lagt til rette for å flytte tenestene heim til pasientane ved hjelp av digitale løysingar. Helse- og omsorgssektoren har vist stor omstillingsevne. Blant anna utgjorde e-konsultasjonar hos fastlegar nærare 60 prosent av alle konsultasjonar dei første vekene under pandemien. Til samanlikning var denne andelen i gjennomsnitt 3 prosent i 2019.

Regjeringa har gitt sjukehusa i oppdrag å sørgje for auka behandlingskapasitet og tilstrekkeleg med intensivplassar for å handtere innlegging av pasientar med covid-19. Regjeringa har bedd sjukehusa om å halde beredskapen ved like, sjølv om situasjonen no er under kontroll. Den auka beredskapen har ført til lågare aktivitet og lengre ventetider i sjukehusa. Sjukehusa er no bedde om å gå tilbake til ei meir normal drift.

Covid-19-pandemien har ført til eit stort behov for smittevernutstyr både i sjukehus og i kommunale tenester. Regjeringa har sørgt for at det vart etablert ei felles nasjonal innkjøps- og distribusjonsordning for både kommunane og spesialisthelsetenesta. I dag er det god tilgang til utstyr for alle i helsetenesta.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å sjå på korleis ein framover skal organisere oppbygging av eit eventuelt permanent beredskapslager for smittevernutstyr.

Regjeringa har sikra at befolkninga har tilgang til legemiddel. Det er inngått avtalar som aukar beredskapslagera, og moglegheita for legemiddelproduksjon i Noreg skal vurderast.

Regjeringa sin hovudstrategi for å sikre tilstrekkeleg tilgang til vaksine til folk i Noreg er å samarbeide tett med EU. EU-kommisjonen har forsikra om at EU sine avtalar med legemiddelselskap under vaksinestrategien også dekkar behova til Noreg og andre EØS/EFTA-land. EU har eit mål om å inngå avtalar med ulike produsentar for kvar av dei mest lovande vaksineteknologiane. EU har så langt signert éin avtale og er i dialog med ei rekkje andre vaksineprodusentar.

Innsatsen mot vald og overgrep mot barn er styrkt. Samla satsing på opptrappingsplanen mot vald og overgrep i planperioden er no i overkant av ein milliard kroner.

Kompetansesatsinga i barnevernet er auka til over 90 millionar kroner for å forbetre barnevernet og førebu barnevernstenestene på det auka ansvaret dei får gjennom barnevernsreforma.

Arbeidet med eit digitalt løft for det kommunale barnevernet har vorte vidareført gjennom prosjektet DigiBarnevern. Ein nasjonal portal for bekymringsmelding vart lansert våren 2020.

Det er sett i verk tiltak for å gi barn i barnevernet betre helsehjelp, og det er sett i gang eit tett samarbeid på tvers av sektorar for ein målretta og heilskapleg innsats for å hjelpe barn som utfører eller står i fare for å utføre alvorleg og gjenteken kriminalitet.

Regjeringa har sett i gang forsøk med fritidskort i 12 kommunar. Fritidskortet skal dekkje utgifter til faste, organiserte fritidsaktivitetar for barn i alderen 6 til 18 år.

Eit eige tilbod om samlivskurs til førstegongsforeldre vart innført i 2020.

I april behandla Stortinget ei melding om Opplysningsvesenets fond. Regjeringa følgjer opp arbeidet i samsvar med stortingsvedtaket.

Stortinget vedtok i april ei ny felles lov for trus- og livssynssamfunn. Lova gjeld frå 1. januar 2021. Regjeringa har sendt på høyring forslag til forskrifter om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn, og om tildeling og tilbaketrekking av vigselsrett i trus- og livssynssamfunn.

Sårbare barn og unge skal også få hjelp i krisetider. Ein tiltakspakke på 400 millionar kroner for å betre situasjonen for sårbare barn og unge i samband med utbrotet av covid-19 vart vedteken i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2020. Regjeringa har jobba for eit godt samarbeid mellom ansvarlege sektormyndigheiter og for at det ordinære tenestetilbodet til barn og unge skulle kome tilbake i ordinær drift så raskt som mogleg etter at samfunnet vart stengt.

Virusutbrotet har gitt utfordringar for pakkereisearrangørar, og regjeringa har derfor styrkt Reisegarantifondet.

Som ein del av regjeringa sin tiltakspakke retta mot bygg- og anleggsbransjen er det løyvd 52 millionar kroner i 2020 til tiltak for kulturhistorisk viktige kyrkjer frå før 1850.

Regjeringa følgjer opp klimaarbeid i jordbruket og gjennomfører mellom anna klimaavtalen med jordbruket som vart inngått i fjor. Klimaarbeidet i jordbruket inneber å redusere utsleppa, auke opptak av CO2 og styrkje klimatilpassinga.

Regjeringa har vorte einig med Norske reindriftsamers landsforbund om ein reindriftsavtale for 2020–2021. Avtalen inneber ei styrking av rammevilkåra for reindriftsnæringa.

Ei ny eining mot dyrevelferdskriminalitet er etablert i Troms politidistrikt. Troms er det sjette politidistriktet med dyrepoliti. Slike einingar finst frå før i Øst, Innlandet, Sør-Vest, Vest og Trøndelag politidistrikt. Alle dei fem regionane i Mattilsynet er dermed dekte.

Det blir arbeidd med endring av kompensasjonsordninga etter avvikling av pelsdyrhald. Endringane skal følgje opp oppmodingsvedtaket frå Stortinget om at kompensasjonsutmålinga skal ta utgangspunkt i ekspropriasjonsrettslege reglar.

Regjeringa fekk gjennomført ei ekstern gransking av tilsynsverksemda til Mattilsynet i 2019. Granskinga viser at Mattilsynet ikkje har gode nok system og rutinar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tilsyn. I 2020 har Mattilsynet sett i gang tiltak og jobbar kontinuerleg med å betre forvaltningskvaliteten.

Arbeidet med trafikksikkerheit blir prioritert høgt. I 2019 omkom 108 personar på norske vegar. Det er like mange som i 2018 og det nest lågaste sidan 1947. Noreg er leiande innanfor trafikksikkerheitsarbeidet og har færrast trafikkdrepne i Europa, både når ein kontrollerer for talet på innbyggjarar og køyrde kilometer.

Fleire veganlegg er opna for trafikk. Prosjektet E134 Damåsen–Saggrenda gir ny vegtrasé forbi Kongsberg. Nye Veier AS har bygd ut strekninga på E6 frå Hamar til Brumunddal, som opna i juli. Ryfast, som gir fastlandssamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke, vart opna i april.

Regjeringa arbeider med å få mest mogleg veg for pengane som blir investerte. Prosjektet rv. 3 / rv. 25 Ommangsvollen–Grundset/Basthjørnet i Løten og Elverum kommunar i Innlandet er bygd ut som eit OPS-prosjekt (offentleg-privat samarbeid). Det opna 30. juli 2020, noko som er tre månader før tida. Kostnadene vart 20 prosent lågare enn anslått. Etter trafikkopninga skal OPS-selskapet drifte vegen og halde han ved like.

Bompengebelastninga er redusert gjennom nedlegging av bomstasjonar, tilskotsordninga for reduserte takstar utanfor byområda (om lag 500 millionar kroner årleg frå 2017) og auka statlege andelar i prosjekt dei siste seks åra. Gjennom bompengeavtalen til regjeringa frå 2019 er det innført ytterlegare tilskotsordningar – både i og utanfor byområda. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 løyvde Stortinget 740 millionar kroner for å slette bompengegjeld i fem eksisterande bompengeprosjekt.

Regjeringa arbeider for ein samordna areal- og transportpolitikk i byområda, og det er etablert eit vidareutvikla nullvekstmål som seier at i byområda skal klimagassutslepp, kø, luftforureining og støy reduserast gjennom effektiv arealbruk og ved at veksten i persontransporten blir løyst med kollektivtilbod, sykkel og gange. I 2020 er det inngått ein ny byvekstavtale for Nord-Jæren. Ein tilleggsavtale til byvekstavtalen for Trondheims-området og ny byvekstavtale med Bergens-området har fått tilslutning frå alle partane. Gjennom avtalane bidreg staten med betydelege midlar til tiltak for betre kollektivtransport, sykling og gåing.

Frå 1. januar 2020 vart Statens vegvesen organisert etter funksjonar og oppgåver i seks divisjonar og eitt direktorat. Organisasjonsmodellen skal leggje til rette for meir effektiv ressursbruk.

Som ein del av regionreforma vart den felles vegadministrasjonen for riks- og fylkesveg avvikla frå 1. januar 2020. Fylkeskommunane har no ansvaret for å administrere og utføre alle oppgåver på eige vegnett, dvs. arbeid knytt til planlegging, bygging, forvaltning, drift og vedlikehald av fylkesvegane. Overføringa av fylkesvegadministrasjonen er ein viktig del av regionreforma, som styrkjer fylkeskommunane si rolle som samfunnsutviklar, med klarare rapporteringslinjer og god samhandling mellom fag og politikk.

I desember 2019 inngjekk staten avtale med Vy Tog AS om rettane til å trafikkere trafikkpakke 3 Vest. I løpet av avtaleperioden med eventuelle opsjonar får staten inntil 2 200 millionar kroner. Avtalane som er inngått, er ein del av regjeringa sitt arbeid med å skape ein meir kundeorientert og forretningsmessig jernbane.

Under det pågåande virusutbrotet er det gjennomført ei rekkje tiltak for å bidra til å halde i gang eit grunnleggjande kollektivtransporttilbod i samsvar med dei smittevernreglane som til ei kvar tid gjeld. Kollektivtransporten bidreg til at personar med kritiske samfunnsfunksjonar kan kome seg til og frå jobb.

For å sikre kontinuitet i den samfunnskritiske transporten etter nedstenginga av Noreg i samband med covid-19-utbrotet, vart det også sett i verk ei rekkje tiltak for å halde oversikt over transporttilbod, etterspørsel og utfordringar. Vidare vart det innført økonomiske støttetiltak for transportørar.

Luftfartsnæringa vart svært hardt ramma av virusutbrotet. På viktige innanriksruter gjekk staten inn og sikra eit minstetilbod av flyruter gjennom offentleg kjøp. Staten har gitt meirkompensasjon for konsekvensar av virusutbrotet til operatørane av flyrutene på kortbanenettet, der staten kjøpte tenester også før krisa. I tillegg er det gitt fritak frå ei rekkje avgifter.

Det er oppretta ein garantifasilitet på 6 milliardar kroner for flyselskapa, og i samband med revidert nasjonalbudsjett 2020 vart det for Avinor AS vedteke tiltak på inntil om lag 5 milliardar kroner.

Vidare er det innført tiltak for å kompensere for inntektsbortfall på riksvegferjene, og i persontransport med tog og annan kollektivtransport. Det er også løyvd midlar til auka vedlikehald i regi av Statens vegvesen, Bane NOR og Kystverket.

Rapporten for 2019 frå Det internasjonale naturpanelet dokumenterer omfattande negative endringar i miljøet på land og i havet. Naturpanelet seier at det må radikale endringar til for å snu den negative utviklinga. Regjeringa arbeider for å avgrense øydelegging av naturen, og for å forbetre kvaliteten på den naturen vi har. Arealforvaltninga i kommunane står sentralt. Regjeringa gjennomfører fleire tiltak for å ta vare på trua natur og aukar vernet av skog, hav og annan verdifull natur etter naturmangfaldslova. Sidan oktober 2019 er det verna 104 skogområde. No er 5 prosent av all skog i Noreg verna.

Regjeringa la i 2020 fram ei stortingsmelding om miljøkriminalitet.

Med forvaltningsplanmeldinga har regjeringa vidareført og fornya arbeidet med ei heilskapleg og økosystembasert havforvaltning. Forvaltningsplanane handterer aukande aktivitet i havområda og tek omsyn til den aukande påverknaden frå klimaendringane. Ei fast grense for petroleumsverksemda ved iskantsona sikrar både sårbare økosystem og gir føreseielege rammer for petroleumsnæringa.

Sommaren 2020 oppretta regjeringa ni nye marine verneområde som tek vare på særlege naturverdiar under vatn langs Norskekysten.

Regjeringa følgjer opp kulturmiljømeldinga med nye nasjonale mål for kulturminnefeltet og regjeringa sin politikk for å nå desse måla.

I juni 2020 la regjeringa fram ein hydrogenstrategi som slår fast at Noreg har gode føresetnader for å utvikle og bruke hydrogenbaserte løysingar.

Noreg samarbeider blant anna med Indonesia for å redusere klimagassutsleppa frå avskoging. I år kan Indonesia for første gong vise reduserte utslepp frå avskoging, på 17 millionar tonn CO2. Det tilsvarer ein tredjedel av Noregs årlege utslepp. Noreg har lova å betale inntil 530 millionar kroner for ein del av utsleppa.

Rapporten Klimakur 2030 vart lagd fram i januar i år. Rapporten er eit viktig underlag for den planlagde meldinga frå regjeringa om plan for klimamålet 2021–2030.

Regjeringa har lagt fram ein grøn omstillingspakke på 3,6 milliardar kroner til mellom anna teknologiutvikling, forsking, grøn skipsfart og sirkulær økonomi.

 

Gitt på Det Kongelige Slott 25. september 2020

Under rikets segl

Under Hans Majestet Kongens fravær