Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding

Stortinget, 3. oktober 2011

Vi HARALD, Noregs Konge,

s t a d f e s t e r:

I samsvar med Grunnlova gir Kongen denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter siste melding.

Angrepet den 22. juli 2011 på Utøya og Regjeringskvartalet var ei sjokkoppleving for Noreg og for ei heil verd. 77 personar blei drepne og mange personar blei skadde som følgje av ugjerningane. I tillegg til dei menneskelege tapa, førte terrorangrepet til store materielle skadar. Ei rekkje offentlege etatar, frivillige organisasjonar og trus- og livssynssamfunn har teke del i rednings- og oppfølgingsarbeidet.

Sorga etter 22. juli er vi saman om å bere. Det blei halde ei nasjonal minnemarkering 21. august, og det har vore andre markeringar på Utøya, i Regjeringskvartalet og på Stortinget, samt lokale tilstellingar.

Den 12. august oppnemnde Regjeringa 22. juli-kommisjonen. Formålet med å opprette kommisjonen er å kunne dra lærdom av hendingane med sikte på at det norske samfunnet skal kunne stå best mogleg rusta til å avverje og møte eventuelle framtidige angrep, samtidig som ein tek vare på sentrale verdiar i det norske samfunnet som openheit og demokrati.

Noreg har i denne vanskelege tida fått støtteerklæringar frå heile verda. Samtidig er vi stolte over det norske folk, som midt i tragedien har halde fram med å vise omtanke for dei som lid der ute. Situasjonen er særleg dramatisk i Somalia der tørken kjem i tillegg til lidingane den langvarige konfliktsituasjonen har påført befolkninga. Noreg vil bidra med om lag 620 mill. kroner i humanitær bistand for å avhjelpe katastrofen på Afrikas horn.

Den økonomiske veksten internasjonalt har minka dei siste månadene, og utviklinga ute utgjer ein betydeleg usikkerheitsfaktor for norsk økonomi. Stor og aukande statsgjeld gjer at fleire av dei viktigaste handelspartnarane våre må kutte i offentlege budsjett og/eller auke skattane for å sikre berekraftige offentlege finansar. I mange tilfelle må finanspolitikken strammast kraftig inn sjølv om arbeidsløysa er høg og veksten svak.

Gjennom sommaren har utryggleiken rundt statsfinansane til enkelte euroland og rundt utviklinga i USA ført til ny uro i finansmarknadene. Betydelege tiltak både på EU-nivå og i dei hardast ramma eurolanda har så langt ikkje roa marknadene vesentleg. Dei mest utsette landa har tidlegare fått kriselån frå Det internasjonale valutafondet og EU. I USA slit politikarane med å bli samde om ein plan som vil rette opp dei offentlege finansane på mellomlang sikt. Både i Europa og USA blir budsjettutfordringane forsterka av dårlege utsikter for vekst og sysselsetjing.

Det som skjer internasjonalt er viktig for norsk økonomi. Vi er eit lite land med stor internasjonal handel. Den internasjonale finanskrisa viste kor sårbare særleg bankane er for uro i penge- og kapitalmarknadene, at tillitssvikt i bankmarknaden kan spreie seg raskt, og at problem i banksektoren kan ha svært negative konsekvensar for økonomien generelt.

Norske finansinstitusjonar har styrkt soliditeten og skaffa seg meir robust finansiering dei siste par åra. Den direkte eksponeringa mot euro-land med høg statsgjeld er låg. Styresmaktene legg stor vekt på å følgje situasjonen. Det beste vi kan gjere, er å halde orden i eige hus og halde fram med å føre ein forsvarleg og berekraftig politikk.

Noregs Bank sette ned renta til eit svært lågt nivå i kjølvatnet av finanskrisa. Det bidrog til at aktiviteten i økonomien heldt seg godt oppe. I lys av den gode økonomiske utviklinga i Noreg har Noregs Bank sidan sommaren 2009 sett opp styringsrenta med 1 prosentpoeng til 2,25 pst.

I perioden 2005 til 2011 har dei samla inntektene i kommunesektoren auka med vel 48 mrd. 2011-kroner. I 2010 auka inntektene i kommunesektoren med 8,1 mrd. kroner. I første halvår 2011 var det i gjennomsnitt sysselsett 525 000 personar i kommuneforvaltninga, noko som er om lag 10 000 fleire enn i første halvår i fjor.

Arbeidsløysa i Noreg har gått ned det siste året og har dei siste månadene halde seg ganske stabil på om lag 3 1/4 pst. av arbeidsstyrken. Sysselsetjingsveksten har halde fram til no i 2011.

Regjeringa legg stor vekt på å fremje ei berekraftig økonomisk og sosial utvikling. Hovudutfordringane for ei slik utvikling er internasjonal fattigdom, reduksjon i det biologiske mangfaldet, menneskeskapte klimaendringar og spreiing av miljøgifter.

Noreg er ein pådrivar i kampen mot global fattigdom. I 2009 blei målet om at norsk bistand skal utgjere 1 pst. av bruttonasjonalinntekta nådd, og bistanden har halde seg på dette nivået sidan.

I kjølvatnet av finanskrisa gjekk utsleppa av klimagassar i Noreg ned. Men i 2010 auka dei att til same nivå som i 2008. Over 70 pst. av klimagassutsleppa er underlagt økonomiske verkemiddel. Blant anna er det norske kvotesystemet no ein integrert del av kvotesystemet i EU.

Nordområda er det viktigaste strategiske satsingsområdet for Regjeringa i utanrikspolitikken.

At avtala med Russland om avgrensinga i Barentshavet og Polhavet tok til å gjelde 7. juli i år, var ei historisk hending. Avtala dreg ei klar grense for norsk og russisk myndigheitsområde, men legg også til rette for samarbeid over denne grenselinja. Vidare sikrar ho framleis eit godt norsk-russisk samarbeid om fiskeria i Barentshavet og regulerer samarbeidet om utvinning av eventuelle grenseoverskridande petroleumsførekomstar.

Afghanistan er framleis det viktigaste området for norsk militær og sivil innsats i internasjonale operasjonar, no med særleg vekt på å overføre ansvaret for tryggleiken til afghanske styresmakter.

Noreg har med F-16 og stabsoffiserar bidrege med viktige kapasitetar til Libya-operasjonen for å oppfylle FN-resolusjonen om å beskytte sivilbefolkninga i Libya.

Arbeidet med å gi personellet i internasjonale operasjonar den anerkjenning og oppfølging dei fortener, er styrkt ved at Regjeringa i mai 2011 la fram handlingsplanen ”I tjeneste for Norge”.

Regjeringa la våren 2010 fram forslag til endringar i inntektssystemet for kommunane, og endringane tredde i kraft 1. januar 2011. Ny kostnadsnøkkel gir betre utjamning av variasjonane i ufrivillige kostnader mellom kommunar, medan dei andre endringane i inntektssystemet gir ei jamnare fordeling, større stabilitet og betre oversikt over kommuneinntektene, og regionale utfordringar blir løyste på ein betre måte.

Regjeringa har styrkt låne- og tilskottsordningane i Husbanken. Låneramma blei våren 2011 auka med 5 mrd. kroner til 20 mrd. kroner, og investeringstilskottet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar er styrkt betydeleg.

Regjeringa fremja våren 2011 proposisjonen om fullføring av utbygging og drift av Nødnett i hele Fastlands-Norge. Det vil bidra til auka samfunnstryggleik, styrkt beredskap og eit trygt og avlyttingsfritt radiosamband i heile landet.

Regjeringa har følgt opp satsinga i Nasjonal transportplan 2010–2019 i dei årlege budsjetta både for veg, jernbane og kyst.

Regjeringa la i vår fram ein oppdatert heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet – Lofoten. Her blei det blant anna fastsett nye rammer for petroleumsverksemda i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten.

Som ledd i gjennomføringa av samhandlingsreforma har Regjeringa lagt fram Nasjonal helse- og omsorgsplan, lov om folkehelsearbeid og lov om kommunale helse- og omsorgstenester.

Barnehagesektoren blei rammefinansiert frå 2011, og kommunane får dermed ansvaret for heile sektoren.

Det blei for sjuande året på rad sett ny eksportrekord for norsk sjømat i 2010 med ein total eksport på 53,8 mrd. kroner. Det er ein auke på over 9 mrd. kroner samanlikna med året før. Noreg er med det den nest største sjømateksportøren i verda.

Regjeringa har fått på plass ei garantiordning for kraftintensiv industri sitt kraftkjøp under Garanti-instituttet for eksportkreditt. Ordninga er gitt ei ramme på 20 mrd. kroner og gjeld finansiering til kraftintensiv industri sitt kjøp av kraft på langsiktige vilkår. ESA godkjende i mars 2011 at garantiordninga er i tråd med EØS-avtala.

Avtala om eit felles elsertifikatmarknad mellom Noreg og Sverige blei underskriven den 29. juni 2011. Ei lov om elsertifikat blei vedteken av Stortinget den 24. juni 2011. Oppstart av den felles elsertifikatmarknaden er planlagd 1. januar 2012. Med ein felles elsertifikatmarknad inngår Noreg og Sverige eit langsiktig samarbeid for å nå målsetjinga om å produsere 26,4 TWh ny fornybar elektrisitet i begge landa i 2020.

Stønadsperioden for foreldrepengar er utvida med ei veke til 47/57 veker frå 1. juli 2011. Fedrekvoten er utvida med to veker til tolv veker. Fedrar i familiar der mor tek imot uførepensjon, har fått rett til å ta ut foreldrepengar i tolv veker.

Presesfunksjonen i Bispemøtet for Den norske kyrkja er styrkt ved at det er oppretta eit tolvte bispeembete i Trondheim.

***

Regjeringa legg handlingsregelen for bruken av oljeinntektene til grunn i budsjettpolitikken. Handlingsregelen gir ein fleksibilitet i budsjettpolitikken som er blitt utnytta til å liggje både over og under 4-prosentbanen for å stabilisere den økonomiske utviklinga. Under finanskrisa dempa ein ekspansiv finanspolitikk det økonomiske tilbakeslaget, men førte samtidig bruken av oljeinntekter opp på eit nivå klart over 4-prosentbanen. Tilsvarande har det i etterkant av finanskrisa blitt halde igjen i finanspolitikken, samtidig som aktiviteten har teke seg opp og arbeidsløysa har gått ned. I Revidert nasjonalbudsjett for 2011 blei bruken av oljeinntektene, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskottet, rekna til 112,9 mrd. kroner. Det er 10,3 mrd. kroner under den forventa avkastninga av Statens pensjonsfond utland.

Statens pensjonsfond hadde ein samla marknadsverdi ved utgangen av 2. kvartal 2011  på 3 245 mrd. kroner.

Den vidare utviklinga i finansmarknadene er framleis svært usikker, noko ikkje minst utviklinga den seinare tida har vist, og vi må vere budde på nye periodar med uro.

Erfaringane frå finanskrisa strekar under behovet for ei brei forankring av viktige sider ved forvaltninga av Statens pensjonsfond. Behandlinga i Stortinget av årets melding om Statens pensjonsfond viser at det er brei semje om strategien for forvaltninga av dei felles sparemidlane våre.

Konsumprisindeksen auka med 2,5 pst. frå 2009 til 2010, medan veksten justert for avgiftsendringar og utan energivarer var på 1,4 pst. I første halvår i år var prisveksten frå same perioden i fjor på respektive 1,4 og 0,9 pst.

Nedgangen i sysselsetjinga i 2009 og i byrjinga av 2010 snudde til oppgang i løpet av fjoråret. Nasjonalrekneskapstal viser at sysselsetjinga har halde fram med å auke i 1. halvår 2011.

Oljeprisen auka frå om lag 450 kroner per fat ved inngangen til 2010 til om lag 550 kroner per fat ved årsskiftet. Oljeprisen har teke seg vidare opp i år, og gjennomsnittleg pris hittil har vore på om lag 620 kroner per fat.

Noregs bruttonasjonalinntekt var i 2010 på 2 502 mrd. kroner. Nominelt er det ein auke på 8 pst. frå året før.

Driftsbalansen overfor utlandet viste eit overskott på 310,0 mrd. kroner i 2010. Det er 35 mrd. kroner høgare enn året før.

Tal for utanrikshandelen for 1. halvår 2011 viser at eksport- og importverdien for tradisjonelle varer var 10 pst. og 12 pst. høgare enn i same perioden i fjor.

Befolkninga i Noreg auka med 62 100 personar i 2010. Det er rekordhøgt. Den sterke veksten har halde fram i 2011. Vel 2/3 av befolkningsveksten skuldast netto innvandring, men også høge fødselstal i europeisk samanheng og auken i levealderen gjorde sitt til veksten.

Norske bankar og andre finansinstitusjonar har komme betre ut av den internasjonale finanskrisa og det påfølgjande økonomiske tilbakeslaget etter 2008 enn tilsvarande institusjonar i ein del andre land. Dette må ein sjå i samanheng med at aktiviteten i norsk økonomi blei etter måten lite påverka av krisa, at norske styresmakter gjennomførte effektive tiltak, at statsfinansane i Noreg er solide og at norske finansinstitusjonar generelt er underlagt god regulering og godt tilsyn.

Etter framlegg frå Regjeringa har Stortinget vedteke å gi små aksjeselskap høve til å velje bort revisjon av årsrekneskapen. Formålet med endringa, som tredde i kraft 1. mai 2011, er å bidra til å redusere dei administrative kostnadene for dei minste selskapa.

Regjeringa har i ei stortingsmelding evaluert skattereforma 2006. Evalueringa tyder på at skatteendringane har hatt dei tilsikta verknadene.

På ministermøtet i Arktisk råd på Grønland i mai blei det vedteke å opprette eit permanent sekretariat i Tromsø som skal vere fullt operativt frå 2013. Ei avtale om søk og redning i Arktis blei også underskriven.

Regjeringa har ført ein offensiv europapolitikk basert på Soria Moria-erklæringa og Stortingsmeldinga om gjennomføringa av europapolitikken. Gjennom EØS-midlane står Noreg for omfattande bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Europa. Regjeringa har lagt fram ei melding om Noregs innsats for stabilitet og utvikling i Søraust-Europa.

Regjeringa lanserte i mars 2011 ein strategi for å vidareutvikle forholdet til Brasil innanfor ei rad samarbeidsområde.

I april 2011 la Regjeringa fram ei stortingsmelding om behovet for å finne felles løysingar på dei to store utfordringane i vår tid, den globale fattigdommen og klimatrusselen og bidra til nye, grønare vekststrategiar i utviklingslanda. Regjeringa har i 2011 dobla støtta til rein energi i utviklingsland.

I januar 2011 lanserte Regjeringa ein strategisk plan for å sikre at resolusjonane i Tryggingsrådet om kvinner, fred og tryggleik er integrert i all vår innsats knytt til fred og tryggleik.

Gjennom medlemskapen i Menneskerettsrådet i FN 2009–2012 har Noreg bidrege til å styrkje den innsatsen FN gjer for menneskerettar, og til å auke effektiviteten og innverknaden til rådet.

I innsatsen som Regjeringa gjer for å nå tusenårsmåla og bidra til betre helse for kvinner og barn, utgjer vaksinering eitt av dei mest effektive verkemidla. Den globale vaksinealliansen, med Dagfinn Høybråten som styreleiar, er grunnmuren i den innsatsen Regjeringa gjer på dette området. Regjeringa legg opp til at det norske bidraget til alliansen blir dobla til 1 mrd. kroner årleg i 2015.

Stortinget slutta seg etter innstilling og debatt 7. juni til melding nr. 12 frå Regjeringa om bistand til nordmenn i utlandet. Rammene for den bistanden utanrikstenesta kan tilby nordmenn i utlandet er no godt forankra.

Semja som tidlegare i år blei oppnådd mellom nordiske land om ei solidaritetserklæring, er eit tydeleg uttrykk for viljen i dei nordiske landa til å utvikle og styrkje det utanriks- og tryggingspolitiske samarbeidet.

Regjeringa legg vekt på NATO som det sentrale transatlantiske forum for tryggings- og forsvarsspørsmål. Noreg deltok aktivt i utviklinga av det nye strategiske konseptet som gir alliansen eit solid rammeverk for å handtere dagens krevjande tryggingspolitiske utfordringar.

Noreg har som leiar av givarsamarbeidet i AHLC (Ad hoc liaison committee) i mange år hatt ei sentral rolle i å støtte palestinsk statsdanning som ledd i ei tostatsløysing mellom israelarane og palestinarane. Dei historiske omveltingane i Midtausten og Nord-Afrika gjer det no nødvendig å reorientere den norske tilnærminga til regionen. Noreg har allereie trappa opp støtta til demokratiske krefter i området.

Regjeringa har arbeidd aktivt for å gjere FN meir effektivt som arena for internasjonalt samarbeid og for fred og utvikling. Noreg har bidrege med militære observatørar og stabsoffiserar i ei rekkje av FNs fredsoperasjonar.

Noreg har gjennom mange år engasjert seg for fred i Sudan. Folkeavstemminga som blei halden i januar i tråd med fredsavtala frå 2005, viste eit overveldande fleirtal blant sørsudanarane for ei deling av landet. Sør-Sudan blei proklamert som sjølvstendig stat 9. juli.

Regjeringa moderniserer Forsvaret i tråd med gjeldande langtidsplan og arbeidet er godt i rute.

Regjeringa vidarefører arbeidet med kjøp av nye kampfly. Stortinget slutta seg i juni 2011 til å kjøpe fire F-35 til treningsformål og til oppstart av utviklinga av Joint Strike Missile trinn 2.

Regjeringa har vidareført ein tett dialog med EU innanfor tryggings- og forsvarspolitikken, og Forsvaret har teke del i EUs hurtige reaksjonsstyrke i første halvår 2011.

Regjeringa har som målsetjing å effektivisere og forbetre grensevakta. Stortinget gav i juni 2011 samtykke til bygging av nye grensestasjonar i Finnmark.

Den regionale befolkningsutviklinga i Noreg er positiv. I 2010 hadde 310 kommunar folketilvekst. I forhold til talet på kommunar har det ikkje vore fleire med vekst i heile perioden 1951–2010.

Regjeringa har i 2011 halde fram distriktsløftet bl.a. gjennom auka midlar til Bolyst og kommunale næringsfond og ved å bidra til å få oppretta eit nytt næringshageprogram. Kompetansearbeidsplassutvalet kom i vår med innspel til tiltak for ei betre spreiing av kompetansearbeidsplassar i heile landet.

Regjeringa har vedteke utviklingsprogrammet ”Saman om ein betre kommune”. Utviklingsprogrammet er eit partssamarbeid mellom staten, kommunesektoren v/KS og arbeidstakarorganisasjonane. Målet er kvalitetsutvikling i kommunane innanfor områda sjukefråvær, heiltid/deltid, kompetanse og omdømmebygging.

Det offentlege utvalet som har gjennomgått den sosiale bustadpolitikken, la fram innstillinga si 11. august 2011.

Om lag 125 000 husstandar som tek imot bustøtte, fekk ei ekstra utbetaling i mars 2011 for å dekkje høge straumutgifter denne vinteren.

Den positive utviklinga i norsk økonomi blir reflektert i arbeidsmarknaden. I 2010 tok sysselsetjinga til å auke og veksten har halde fram i 2011. Betre tilgang på jobbar bidreg til at talet på personar som tilbyr arbeidskraft, aukar, også blant innvandrarar. I 2010 var det ei nettoinnvandring på 42 000 personar. Arbeid har vore den viktigaste innvandringsårsaka etter 2005.

Samla planlagt tiltaksnivå for ledige og personar med nedsett arbeidsevne er på 71 450 plassar i 2011.

Lønnsoppgjeret i 2011 var eit mellomoppgjør, og partane blei einige gjennom forhandlingar eller ordinær mekling i dei fleste tariffområde.

Regjeringa har i 2011 ført vidare og styrkt tiltaksområde som er viktige i innsatsen mot fattigdom. Kvalifiseringsprogrammet, som blei eit landsomfattande tilbod i 2010, hadde per 30. april 2011 om lag 8 000 deltakarar.

Det er frå 2011 sett i gang eit forsøksprogram for å finne fram til tiltak som kan redusere omfanget av ufrivillig deltid og betre tilhøva for den enkelte til å komme i heiltidsarbeid.

Sidan opprettinga i 2006 har Arbeids- og velferdsetaten vore igjennom ei krevjande reformperiode som har påverka den daglege drifta i organisasjonen. Saman med auka arbeidsløyse hausten 2008 førte det til at saksbehandlingstidene for ei rekkje ytingar gjekk opp. For å betre saksbehandlingskapasiteten har driftsløyvinga til etaten blitt styrkt sidan 2008. Det er også sett i gang ei rekkje målretta organisatoriske tiltak. Det har skjedd ei gradvis betring av saksbehandlingstidene.

Arbeids- og velferdsetaten har i dag ein svært kompleks IKT-portefølje med avgrensa moglegheit for betra funksjonalitet og vidare utvikling. Arbeidsdepartementet er derfor i gang med førebuingar til eit omfattande program for modernisering av IKT i Arbeids- og velferdsetaten.

Nye reglar i arbeidsmiljølova og folketrygdlova, som skal sikre betre og meir effektiv oppfølging av sjukefråvær, tok til å gjelde 1. juli 2011. Det blir også arbeidd med å få på plass ei rekkje andre tiltak som det var semje om i IA-avtala som blei reforhandla i 2010.

Det totale sjukefråværet i første kvartal i 2011 var på 7,3 pst. av alle avtalte årsverk i kvartalet. Det er ein auke på 4,9 pst. frå første kvartal 2010. Eitt av måla i avtala om eit meir inkluderande arbeidsliv er å redusere sjukefråværet med 20 pst. frå nivået i 2001. Sjukefråværet i første kvartal 2011 er 3,4 pst. lågare enn nivået i første kvartal 2001.

Å leggje til rette for gode og trygge arbeidsvilkår er eit viktig verkemiddel i den strategien Regjeringa har for eit inkluderande arbeidsliv. Regjeringa la i august i år fram ei melding til Stortinget om arbeidsforhold, arbeidsmiljø og tryggleik i norsk arbeidsliv.

Regjeringa har i 2011 halde fram arbeidet mot sosial dumping. Ordninga med regionale verneombod er utvida til reinhaldsbransjen og hotell- og restaurantbransjen. Regjeringa har sendt på høyring eit framlegg om ei godkjenningsordning for reinhaldsverksemder. Regjeringa arbeider vidare med vikarbyrådirektivet. Sosial dumping er også eit sentralt tema i meldinga til Stortinget om arbeidsforhold, arbeidsmiljø og tryggleik i norsk arbeidsliv.

Regjeringa har lagt fram ein proposisjon til Stortinget om ny uføretrygd og alderspensjon til uføre. Dei viktigaste framlegga er at uføretrygda framleis skal gi ei varig inntektssikring og at uføretrygda får nye berekningsreglar.

Regjeringa har eit sterkt fokus på tryggleiken i petroleumssektoren og har bl.a. følgt utviklinga etter Deepwater Horizon-ulykka i Mexicogolfen nøye.

Regjeringa har lagt fram ein proposisjon til Stortinget om tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda frå 1. mai 2011. Dette følgjer av nye reglar for regulering av pensjonar i folketrygda.

Regjeringa har lagt fram ein proposisjon til Stortinget om ny arbeidstvistlov.

Forskrift om likeverdig behandling av kommunale og private barnehagar, som tredde i kraft frå 2011, sikrar alle eksisterande private barnehagar kommunalt tilskott. Regjeringa aukar overføringane til dei private barnehagane i 2011 med 92,5 mill. kroner for å sikre desse barnehagane i framtida.

Innsatsen for å betre kvaliteten i barnehagane er styrkt. Det er sett i verk kompetansehevingstiltak for dei tilsette. Satsinga på å rekruttere fleire pedagogar til barnehagane er vidareført, og det auka talet på studieplassar i førskoleutdanninga er halde på same nivå.

Gjennom stortingsmeldinga Læring og fellesskap har Regjeringa sett på korleis opplæringstilbodet til barn, unge og vaksne med behov for særskilt hjelp og støtte kan bli betre.

Regjeringa har sett i gang ei rekkje tiltak for å betre læringsmiljøet og finne tiltak mot mobbing. Alle kommunane i landet er inviterte til å signere Manifest mot mobbing, og til no har nesten 300 kommunar skrive under.

Den regjeringsoppnemnde arbeidsgruppa som skulle komme med framlegg til korleis vi kan få bukt med antisemittisme og rasisme i skolen, leverte sin rapport i 2011. Regjeringa arbeider no med å følgje opp rapporten.

Regjeringa ønskjer gjennom Kulturløftet II å bidra til at langt fleire barn og unge kan få tilgang til eit godt fungerande kulturskoletilbod. Kulturskoleutvalet har sett på kvaliteten på aktivitetane, pris og tilgjengelegheit og korleis aktivitetane på kulturskolen betre kan verke saman med det eksisterande undervisningstilbodet. Innstillinga til Kulturskoleutvalet vil bli følgd opp gjennom ulike prosessar.

Resultata frå PISA 2009 viser at norsk skole er på rett veg, og at trenden er snudd etter 2006. Samtidig blir det gjennomført tiltak som skal sikre at utviklinga held fram i positiv retning.

Gjennom stortingsmeldinga Motivasjon–mestring–muligheter vil ein rette ein ekstra innsats mot ungdomstrinnet gjennom tiltak for å styrkje miljøet for læring og gjere opplæringa meir motiverande, variert og relevant for elevane.

NY GIV er eit systematisk samarbeid mellom nasjonale utdanningsstyresmakter, kommunar og fylkeskommunar for å gjere gjennomføringa av vidaregåande opplæring betre.

Gjennom Program for basiskompetanse i arbeidslivet (BKA) blir det gitt tilskott til kurs i lesing, skriving, rekning og IKT for arbeidstakarar med svake grunnleggjande kunnskapar.

Frå hausten 2010 har Regjeringa innført eit todelt løp for grunnskolelærarutdanningane, eitt retta mot 1.–7. årstrinn og eitt mot 5.–10. årstrinn. Dei nye utdanningane har blitt styrkt med om lag 13 mill. kroner i 2011 og beløpet vil auke til om lag 113 mill. kroner i 2014.

Etter tre år med rekrutteringskampanje viser talet på studentar som søkjer seg til ei lærarutdanning, ein klar auke. I 2011 er det nesten 50 pst. fleire som ønskjer å utdanne seg til lærarar samanlikna med 2008.

Regjeringa bruker 50 mill. kroner i 2011 på å fremje samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon mellom høgskolar og universitet. Målet er betre kvalitet i forsking og utdanning gjennom sterkare fagmiljø.

I 2010 blei det sett i gang nybyggprosjekt ved Noregs handelshøgskole og prosjekt for tilbygg til Domus Medica ved Universitetet i Oslo, i tillegg til ei rad prosjekt som er i gang.

Universitetet i Oslo feirar 200-årsjubileum i 2011. Som ein del av rehabiliteringa av universitetsbygningane i sentrum er Universitetets aula ferdig oppussa som jubileumsgåve frå Regjeringa til universitetet.

Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i søkninga til høgare utdanning. Til saman har Regjeringa i sin periode løyvt midlar til oppretting av om lag 12 500 nye studieplassar. Når desse er ferdig innfasa, vil kapasiteten i høgare utdanning ha auka med rundt 19 200 plassar.

Regjeringa har etablert eit klimaforskingssenter i Bergen og eit tverrfagleg senter for klima og miljø i Tromsø.

Ordninga med sju regionale forskingsfond kom på plass i 2010. I 2011 har Regjeringa stilt 219 mill. kroner til disposisjon for dei regionale forskingsfonda.

Ekspertutvalet for god måloppnåing i offentleg finansiert forsking har greidd ut om samanhengen mellom mål, ressursar og resultat for denne forskinga. Utgreiinga er no på brei høyring.

Det er vedteke nye reglar i bustadoppføringslova og avhendingslova som gjer det tryggare å kjøpe bustad under oppføring.

Det er vedteke endringar i straffeprosesslova slik at etterforsking skal vere obligatorisk i saker der barn døyr brått og uventa.

Eit regjeringsoppnemnt utval har greidd ut om framlegg til endringar i juryordninga. Utgreiinga blei levert til Justisdepartementet 17. juni 2011, og er sendt på brei høyring.

Det er gjort framlegg om ei eiga lov om arrestordre for å effektivisere utlevering av personar til straffeforfølging innanfor EØS-området.

Regjeringa har gjort framlegg om å redusere kravet til minste aksjekapital for aksjeselskap frå 100 000 kroner til 30 000 kroner. Det vil gjere det billigare å stifte aksjeselskap, og framlegget er eit viktig tiltak for å leggje til rette for etablering av ny næringsverksemd.

Politiets sikkerheitsteneste (PST) og Beredskapstroppen i Oslo-politiet blei i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2011 styrkt med om lag 25 mill. kroner, bl.a. til auka etterforskings- og spaningskapasitet og ein styrkt beredskap knytt til alvorlege hendingar og kontraterror.

Apparatet for sentral krisehandtering blei i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2011 styrkt med 4,3 mill. kroner til ei utbetring av den tekniske infrastrukturen ved Krisestøtteeininga.

Stortingsmeldinga Kampen mot organisert kriminalitet – en felles innsats blei lagd fram i desember 2010.

Regjeringa la i desember 2010 fram ein handlingsplan for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme og ein ny handlingsplan mot menneskehandel, som ledd i ein langsiktig strategi mot alle former for menneskehandel. I mars 2011 la Regjeringa fram ein ny handlingsplan mot økonomisk kriminalitet.

Vaktverksemdslova med forskrifter tredde i kraft 1. april 2011. Betre grunnutdanning, skjerpa vandelskrav og meir systematisk kontroll med selskap som driv vaktverksemd, vil styrkje rettstryggleiken for dei som kjem i kontakt med vektarar.

Ei juridisk førstelinjeteneste, der publikum kan få inntil ein times gratis juridisk bistand, er under utprøving.

Regjeringa har vedteke å vidareføre prosessen som skal gi Noreg nye redningshelikopter og foreslår å kjøpe inntil 16 nye helikopter. Stortingsproposisjonen blei lagd fram 24. juni 2011.

Regjeringa vil foreslå å avvikle sivil verneplikt som tenesteform og arbeider for at lovendring om dette blir lagd fram for Stortinget i haustsesjonen.

Det er inngått soningsoverføringsavtaler med Romania, Litauen og Latvia. Det er vedteke lovendringar som gjer det lettare å inngå soningsoverføringsavtaler i framtida.

Det er vedteke endringar i straffegjennomføringslova, som gjer at dei som ikkje betaler bøtene sine, kan gjennomføre bøteteneste i form av samfunnsnyttig teneste i staden for å sitje i fengsel.

Regjeringa har fremja forslag om lovendringar for å betre rettsstillinga til unge lovbrytarar når dei blir pågripne, ved varetektsfengsling, fastsetjing av tilpassa straffereaksjon og under straffegjennomføringa.

Sidan hausten 2009 har tendensen vore ein markert nedgang i talet på asylsøkjarar til Noreg. I første halvår 2011 hadde om lag 4 650 personar søkt asyl, noko som tilsvarer nivået i same perioden i fjor. Som følgje av krisa i Libya blei kvoten for overføringsflyktningar utvida med 250 plassar for 2011. Inkludert øyremerkte plassar i den kvoten som allereie er vedteken, bidrog Noreg med totalt 340 plassar for å avhjelpe situasjonen i naboland og på Malta.

Samferdselsdepartementet gav i desember 2010 Oslo Lufthavn AS konsesjon til å byggje ut ein ny terminal 2 ved Oslo Lufthavn, Gardermoen.

I 2010 blei 208 personar drepne i trafikken og 714 hardt skadde. Samanlikna med perioden 2000–2005 er det ein reduksjon i døde og hardt skadde per kjøretøykilometer på 40 pst.

For å betre trafikktryggleiken ytterlegare blir farten redusert på nærmare 500 km veg, og det blir utplassert fotoboksar som måler gjennomsnittsfarten på spesielt ulykkesutsette strekningar. Prikkbelastningsordninga er skjerpa. Vegtrafikklova blei i 2010 endra for å likebehandle alkohol og andre rusmiddel.

Etter anbodskonkurranse inngjekk Samferdselsdepartementet og Hurtigruten ASA våren 2011 ei ny avtale for kystruta Bergen – Kirkenes for ein periode på åtte år frå 1. januar 2012.

Talet på kollektivpassasjerar heldt fram med å auke frå 2009 til 2010.

Regjeringa har informert EU om si holdning til EUs tredje postdirektiv. Vidare håndtering av saka vil skje i tråd med prosedyrane som er nedfelte i EØS-avtala.

På partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i oktober 2010 i Nagoya blei landa samde om ein protokoll om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling av utbyttet som stammar frå bruken av desse ressursane. Dette er den viktigaste globale miljøavtala etter tusenårsskiftet. I Nagoya blei det også vedteke eit nytt globalt mål om ”effektiv og umiddelbar handling for å stanse tap av biologisk mangfold for å sikre at økosystemene i 2020 er velfungerende og leverer nødvendige økosystemtjenester for folk”.

På partsmøtet under FNs klimakonvensjon i Cancún i desember 2010 blei det vedteke ei pakke med vedtak som stadfester togradersmålet og utsleppsmåla i landa og legg grunnlag for vidare arbeid fram mot ei bindande klimaavtale. Det var også semje om at utslepp frå avskoging og skogforringing i utviklingsland skal bli del av eit nytt framtidig klimaregime.

Innsatsen for å redusere klimagassutslepp frå skog i utviklingsland blei ført vidare og vidareutvikla. Det er til no etablert storskala bilateralt samarbeid med Brasil, Guyana, Tanzania og Indonesia, og det blir gitt støtte til strategiutvikling og kapasitetsbygging i meir enn 40 utviklingsland gjennom multilaterale fleirgivarfond.

For første gong i historia er alle parti på Stortinget einige om rovviltpolitikken og at vi skal ha alle dei store rovviltartene i norsk natur.

Regjeringa har det siste året teke nye grep og henta inn mykje ny kunnskap om tilstanden i norsk natur.

I mai 2011 vedtok Regjeringa dei fem første utvalde naturtypane og dei åtte første prioriterte artene.

Regjeringa har per august 2011 verna om lag 54 551 km2 eller om lag 16,8 pst. av Fastlands-Noreg etter naturmangfaldlova. Sidan hausten 2010 er det oppretta 1 ny nasjonalpark og ein er vesentleg utvida, 7 landskapsvernområde og 52 nye naturreservat.

I perioden 2010–2011 er hittil 26 anlegg med til saman 70 enkeltminne freda etter kulturminnelova. I tillegg er eitt kulturmiljø freda. Regjeringa arbeider kontinuerleg med å setje i stand freda og fredingsverdige kulturminne. 18 landsverneplanar for statleg sektor er under arbeid og skal vere ferdig i 2014.

Regjeringa vedtok i mars 2011 statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning, som inneber at byggjeforbodet i plan- og bygningslova skal praktiserast strengast i sentrale område der presset på areala er størst.

Det er gjennomført endringar i friluftslova som inneber at allemannsretten blir utvida og styrkt, samtidig som det er teke omsyn til rettane og behova til grunneigaren.

Regjeringa har for første gong fastsett nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging etter plan- og bygningslova, som skal utarbeidast kvart fjerde år. Forventningane peikar på kva omsyn fylkeskommunane og kommunane bør leggje vekt på i planlegginga for å bidra til å gjennomføre nasjonal politikk.

Regjeringa har fastsett eit nytt og heilskapleg regelverk for radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.

Regjeringa inngjekk i desember 2010 ei ny avtale med næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa for åra 2011–2017.

Stortinget vedtok i mars 2011 at utslepp av CO2 frå luftfartssektoren skal inkluderast i klimakvotesystemet frå 1. januar 2012.

Det har skjedd ei betydeleg økonomisk satsing på helsetenesta det siste året, og fleire får behandling. Styringskrava til dei regionale helseføretaka når det gjeld kvalitet og pasienttryggleik i sjukehusa er skjerpa. Det er sett i gang ei nasjonal pasienttryggleikskampanje for å førebyggje og redusere uønskte hendingar i helsetenesta.

Regjeringa har styrkt innsatsen i omsorgstenestene og følgt opp avtala om Omsorgsplan 2015 ved å innføre verdigheitsgarantien og retten til eit verdig tenestetilbod. Investeringsordninga for heildøgns omsorgsplassar er endra for å møte behovet kommunane har for å finne dei beste lokale løysingane.

Det er fastsett ein nasjonal strategi for modernisering og samordning av sentrale helseregister og medisinske kvalitetsregister for kommande tiårsperiode.

Momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar er auka med 212 mill. kroner i 2011. Det er den største satsinga på denne type organisasjonar nokon gong.

Det er lagt fram ei stortingsmelding om digitalisering av radiomediet.

Eidsvollsbygningen gjennomgår no ei omfattande rehabilitering til grunnlovsfeiringa i 2014.

Regjeringa har sett i gang ein prosess for å leggje om den offentlege konsertverksemda i Rikskonsertane med verknad frå andre halvår 2012. Delar av midlane til offentlege konsertar i Rikskonsertane skal overførast til tilskottsordningane for musikarar og arrangørar som blir forvalta av Norsk kulturråd. Delar av midlane skal omdisponerast til andre konsertformer i Rikskonsertane, blant anna til konsertar på mindre stader og andre arenaer.

Det er i 2011 fordelt totalt 1 558,4 mill. kroner frå overskottet i Norsk Tipping AS til idrettsformål.

Det er forhandla fram ny jordbruksavtale og ny reindriftsavtale, som Stortinget slutta seg til i juni 2011. Ramma for jordbruksavtala er auka med 1420 mill. kroner. Jordbruksavtala vidarefører kursendringa i landbrukspolitikken. Det er lagt til rette for ei nivåheving av inntektene. Avtala prioriterer husdyrhald i distrikta og kornproduksjon. Reindriftsavtala inneber økonomiske tiltak i reindriftsnæringa på 102 mill. kroner.

Matkjedeutvalet la fram utgreiinga si 13. april 2011. Utvalet vurderer styrkeforholda i verdikjeda som varig endra og at ei slik utvikling i favør av handelsleddet vil vere til skade for sunn konkurranse til beste for forbrukarane. Utvalet legg fram ei rekkje framlegg til tiltak. Rapporten er send på ei brei høyring, med høyringsfrist 1. desember 2011.

Noreg og Spania var i juni 2011 vertskap for ein europeisk skogministerkonferanse med deltaking frå 34 land. Ministerkonferansen vedtok mål og visjonar for det vidare samarbeidet, og ein blei einige om å utvikle ei juridisk bindande europeisk skogavtale.

Fiskebestandane i norske havområde er i god forfatning. Som kyststat må vi forvalte dei levande marine ressursane våre og økosystemet på ein berekraftig måte for å sikre varig høg avkastning.

Utkast av fisk er uansvarleg sløsing med ressursar. Noreg fekk i 2009, gjennom mat- og landbruksorganisasjonen i FN, FAO, gjennomslag for eit framlegg om å innføre ein handlingsplan for å redusere bifangst og utkast i fiskeria. Dette er grunnlaget for at FAO i februar 2011 vedtok internasjonale retningslinjer mot utkast av fisk.

Regjeringa har gitt høg prioritet til tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske og annan type fiskerikriminalitet.

Gjennom den systematiske kartlegginga av havbotnen i nordområda under MAREANO-programmet har forvaltninga fått viktig ny og detaljert informasjon om naturtypar, undersjøiske landskap og artsmangfald i Barentshavet.

Regjeringa er oppteken av tryggleik til sjøs og oljevernberedskap. Det er etablert ei statleg slepeberedskapsteneste for farvatna frå Røst til Grense Jakobselv og utanfor kysten av Sørlandet. Slepeberedskapstenesta er i 2011 styrkt med eitt fartøy på Vestlandet. Arbeidet med å hogge opp vraket av kryssaren ”Murmansk” begynte sommaren 2011. Det er vidare sett i verk tømming av vraka ”Erich Giese”, ”Neuenfels” og ”Boardale”.

Grunnstøytinga av containerskipet ”Godafoss” utanfor Hvaler i februar førte til oljelekkasje. Det blei straks sett i gang ein statleg aksjon som ser ut til å bli ein av dei mest vellykka statlege aksjonar når det gjeld oppsamling av olje.

1. juni i år blei det sett i verk nye rutetiltak utanfor kysten av Sørlandet og Vestlandet. Tiltaket er med på å styrkje sjøtryggleiken og beredskapen ved at internasjonal risikotrafikk no vil segle i større avstand frå kysten.

Havbruksnæringa stod for 62 pst. av sjømateksporten i 2010, målt i verdi. Den norske havbruksnæringa produserte med dette for første gong meir enn 1 million tonn sjømat.

EU har vedteke eit forbod mot omsetning av selprodukt som tredde i kraft 20. august 2010. Noreg meiner at forbodet strir mot WTO-regelverket og har saman med Canada bede om at det blir oppretta eit tvisteløysingspanel i WTO. Eit felles panel for Noreg og Canada blei oppretta 21. april 2011.

Regjeringa lanserte i juni 2011 ein strategi for næringsutvikling og grøn vekst. Det er løyvt over 300 mill. kroner til tilskott til utvikling og kommersialisering av miljøteknologi i 2011.

Statens aksjar på Oslo Børs oppnådde i 2010 ei venta avkastning på 8 pst. og den samla verdien av aksjepostane utgjorde ved utgangen av året 503 mrd. kroner.

Eigenkapitalen i Statkraft blei styrkt med 14 mrd. kroner i desember 2010.

Regjeringa la 1. april 2011 fram reviderte retningslinjer for leiarlønn i selskap der staten er eigar. Endringane innebar særleg innstrammingar i retningslinjene for pensjonsgodtgjersle og sluttlønn og stilte nye krav til openheit om rapportering av leiarlønningane i heileigde selskap.

I juni 2011 samtykte Stortinget i at Regjeringa kan selje aksjane staten har i Secora AS og SAS AB, og at eigardelen som staten har i Entra Eiendom AS, kan reduserast ned mot 33,4 pst. Ved same høvet samtykte Stortinget i at Nærings- og handelsdepartementet i denne stortingsperioden på visse vilkår kan delta i eigenkapitalutvidingar i Yara International ASA og Kongsberg Gruppen ASA for å halde oppe statens eigardel utan nye løyvingar.

Regjeringa har lagt fram eit regelverk som regulerer bruk av private væpna vakter gjennom endringar i forskrift om tryggleik og terrorberedskap om bord på skip og våpenforskrifta. Endringane tredde i kraft 1.7.2011, og dei er eit viktig bidrag til at norske reiarlag kan beskytte mannskapet mest mogleg effektivt mot piratangrep.

Regjeringa har vedteke å slå saman Sjøfartsdirektoratet og Skipsregistra frå 1.1.2012.

Regjeringa har gjennom den maritime strategien vidareført arbeidet for miljøvennleg vekst i dei maritime næringane.

Noreg inngjekk gjennom EFTA ei frihandelsavtale med Hong Kong 21. juni 2011.

Regjeringa har gjort framlegg om ny lov om næringsberedskap. Lova skal sikre tilgangen til varer og tenester ved kriser.

Den norske skipsovervakingssatellitten som blei skoten opp sommaren 2010, har vist seg å fungere svært godt. Satellitten gjer det mogleg å halde oversikt over skipstrafikken på opne hav og er derfor eit eigna verktøy for tryggleik på sjøen og i kampen mot miljøkriminalitet.

Den samla elektrisitetsproduksjonen var på om lag 123 TWh i 2010, medan forbruket var på om lag 130 TWh.

Olje- og energidepartementet og Noregs vassdrags- og energidirektorat gav i 2010 løyve til vass- og vindkraftprosjekt som vil kunne gi ein årleg samla produksjon på om lag 1 300 GWh. Same året blei 54 vasskraftprosjekt og ei utviding av eit vindkraftprosjekt sette i drift. Desse vil til saman gi ein årleg produksjon på om lag 950 GWh.

Enova har inngått nye avtaler om fornybar energiproduksjon og energisparing som svarer til 2,4 TWh i 2010. Samla kontraktfesta resultat for perioden 2001–2010 er om lag 15,5 TWh, av dette er 5,8 TWh sluttrapportert.

Vinteren 2010–2011 var prega av kaldt og tørt vêr og svært låg magasinfylling. Det var derfor rekordhøg import av kraft til Noreg, noko som var viktig for forsyningstryggleiken. For Regjeringa er det avgjerande å få på plass eit tilstrekkeleg utbygd overføringsnett for straum, og vi står no framfor ein periode med store investeringar i overføringsnettet. Regjeringa konkluderte i mars med at konsesjonen til Statnett om å byggje sentralnettleidningen Sima – Samnanger som luftleidning står fast.

Flaumane i sommar har vist at det moderne samfunnet er sårbart overfor denne typen naturhendingar. Det er derfor viktig å drive eit langsiktig og systematisk arbeid for å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred.

Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om energipolitikken. Som ein del av grunnlaget for denne meldinga har Regjeringa sett ned eit breitt samansett engergiutval som skal vurdere den langsiktige energi- og kraftbalansen for Noreg fram mot 2030 og 2050.

For å nå togradersmålet er det nødvendig med tiltak som reduserer CO2-utsleppa både frå industri og energiproduksjon. Målsetjinga til Regjeringa er at Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld fangst og lagring av CO2. Betydelege ressursar blir derfor brukte på forsking og utvikling av prosjekta på Mongstad.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad er under bygging og delar av anlegget nærmar seg ferdigstilling. Bygginga av fangstanlegget for aminteknologi blei ferdig i juni 2011, og utstyrstestinga er i gang. Samtidig pågår det omfattande arbeid med å førebu og planleggje fullskala CO2-fangst på Mongstad. Det er sett i verk eit teknologikvalifiseringsprogram som opnar for fleire teknologiar i planleggingsfasen.

I februar 2011 blei det oppretta tre forskingssenter for miljøvennleg energi innanfor samfunnsvitskapleg engergi- og klimaforsking.

I juni la Regjeringa fram stortingsmeldinga ”En næring for framtida – om petroleumsvirksomheten”. Regjeringa ønskjer å leggje til rette for ei målmedveten satsing for å halde oppe produksjonen frå næringa på eit svært høgt nivå i generasjonar framover.

Regjeringa har sett i gang ei konsekvensutgreiing for havområda rundt Jan Mayen med sikte på å opne området for petroleumsverksemd og har i sommar også begynt å kartleggje havområda rundt Jan Mayen. For å få meir kunnskap om dei nye områda i det sørlege Barentshavet har ein også i dette området samla seismikk. Kartlegginga vil halde fram neste sommar.

I 2010 kom 26 pst. av dei samla statsinntektene frå petroleumssektoren. Norsk oljeproduksjon har gradvis blitt redusert sidan 2001 og var i 2010 på om lag 2,1 mill. fat olje per dag. I 2010 var den totale petroleumsproduksjonen på norsk sokkel på 230,4 mill. Sm3 oljeekvivalentar. Om lag 43 pst. av Noregs ressursbase, som er rekna til 12,8 mrd. Sm3 oljeekvivalentar, er produsert til no.

Gassalet er aukande, og i 2010 var norsk gasseksport på om lag 102,3 mrd. Sm3. Det er venta at auken i gassalet skal halde fram dei kommande åra.

Verdien av olje- og gasseksporten var i 2010 på om lag 500 mrd. kroner. Den netto kontantstraumen til staten frå petroleumsaktiviten var på 276 mrd. kroner i 2010.

Det er framleis høg aktivitet i petroleumsnæringa. I 2010 blei det investert for om lag 130 mrd. kroner på kontinentalsokkelen. Det tilsvarer rundt 25 pst. av dei samla realinvesteringane i landet. Investeringsnivået er høgt. I 2011 er det forventa investeringar på om lag 150 mrd. kroner, og investeringane er venta å auke ytterlegare i åra framover.

TFO 2010 (tildelingar i førehandsdefinerte område) blei tildelt i februar 2011 og omfatta 49 utvinningsløyve til i alt 39 selskap. Den 21. konsesjonsrunden blei utlyst i juni 2010, og i april 2011 blei det tildelt 24 løyve til 29 selskap.

Regjeringa har arbeidd for å sikre barn og unge gode oppvektsvilkår og moglegheiter for å kunne delta og øve påverknad. Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal greie ut om kva makt og deltaking dei unge har. Utvalet skal levere utgreiinga si 15. desember 2011.

For å styrkje barnevernstenesta i kommunane øyremerkte Regjeringa 240 mill. kroner til auka kapasitet og satsing på kunnskap og kompetanse. Kommunane har fått tildelt midlar til 400 nye stillingar og til kompetansehevande tiltak.

Barnevernspanelet, som består av fagmiljø og folk med erfaring frå og med barnevernet, leverte 1. september tilrådingar om korleis barnevernet kan bli betre.

Regjeringa har styrkt innsatsen slik at fleire fattige barn og unge i dei store byane har fått tilbod om ferie- og fritidsaktivitetar.

Regjeringa har lagt fram og fått vedteke framlegg til endringar i barnevernslova om utvida bruk av politiattestar i barnevernet.

Noreg har levert sin åttande rapport til FNs kvinnediskrimineringskomité. Rapporten gjer greie for Noregs implementering av konvensjonen i perioden 2006–2010.

For å fremje deltaking og likestilling for personar med nedsett funksjonsevne har Regjeringa lagt fram eit eige Informasjons- og utviklingsprogram for perioden 2010–2013 retta mot menneske med utviklingshemming.

Regjeringa har lagt fram stortingsmeldinga Likestilling for likelønn, som drøfter tiltak for å utjamne lønnsforskjellar mellom kvinner og menn.

Regjeringa har arbeidd systematisk for å sikre like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira og for å hindre diskriminering. Regjeringa mottok våren 2011 to store utgreiingar, frå Brockmannutvalet og Inkluderingsutvalet, som har vurdert integreringsarbeidet og utfordringar vi står overfor, og gjort framlegg om tiltak for å betre integreringa.

I 2010 blei det busett om lag 5 800 flyktningar. Busetjinga av flyktningar har vore høg også i 2011, men samanlikna med 2010 er det blitt busett ein del færre i første halvår i år. Finansportalen er utvida med ei ny prissamanlikningsteneste for overføring av pengar til utlandet, ”Sende pengar heim”, og ei teneste for samanlikning av forsikringstenester.

Det er i samsvar med kyrkjeforliket vedteke endringar i gravferdslova med sikte på betre å kunne møte dei behova religiøse minoritetar og livssynsminoritetar har i samband med gravferd.

 

Gitt på Oslo Slott 30. september 2011

Under vår hand og riksseglet