Forsida

Møtte aktørar frå Nord-Troms og Finnmark i Hammerfest

– Vi jobbar for å snu den negative befolkningsutviklinga i tiltakssona. Nord-Noreg skal vere eit attraktivt sted å jobbe, studere og leve – også utanfor dei største byane, sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) under dialogmøte om evalueringa av tiltakssona i Hammerfest i dag.

Kommunal- og distriktsdepartementet fekk nyleg ei evalueringa av dei personretta tiltaka i tiltakssonen i Finnmark og Nord-Troms frå Vista analyse. I dag møtte statsråden representantar frå Nord-Troms og Finnmark til eit dialogmøte om evalueringa i Arktisk Kultursenter i Hammerfest.

Statsråd Sigbjørn Gjelsvik på talerstolen i Arktisk senter i Hammerfest.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) fekk mange nyttige innspel på møtet i Hammerfest. Foto: KDD

– Både folk og næringsliv i regionen er svært opptatt av at dei personretta verkemidla blir styrka og det er regjeringa allereie i gang med. I årets budsjett har vi auka satsen for sletting av studielån og innført gratis barnehage frå hausten av, seier Gjelsvik.

Tiltakssonen for Finnmark og Nord-Troms består av dei 18 kommunane i Finnmark i tillegg til Karlsøy, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen og Lyngen i Nord-Troms. Det bur i alt 91 196 personar i tiltakssona pr. 3. kvartal 2022.

På møtet gjekk Haakon Vennemo frå Vista analyse igjennom funna i evalueringsrapporten om tiltaksona. Etterpå blei sentrale aktørar i tiltakssona invitert til å gi sine innspel og tilbakemeldingar. Dei blei også utfordra til å komme med forslag til relevante og effektive personretta verkemiddel for tiltakssona.

– Eg fekk mange gode innspel og tilbakemeldingar på møtet i dag som vi tek med oss i det videre arbeidet, seier Gjelsvik. 

Desse deltok på møtet:

 

Fagskolen i nord

Astrid Sebulonsen

Prorektor

Finnmarksykehuset avd. Hammerfest

Kenneth Grav

HR-leder

Hammerfest kommune

Terje Wikstrøm

ordfører

Hammerfest Næringsforening

Lars Bjørkli

Direktør

Innovasjon Norge Arktis

Linda Beate Randal

direktør

NAV

Kristin Røymo

fylkesdirektør

Nord-Troms regionråd

Eirik Losnegaard Mevik

Rådsleder/ordfører i Kvænangen  kommune

Samisk høyskole

Anne-Marie Gaino

Høgskoledirektør

Sápmi næringshage

Ballo

 

Tilflytter

Iselin Mari Brunvoll

Lærer, Tilflytter

Troms og Finnmark fylkeskommune

Anne-Karine Markeng Melsom

Spesialrådgiver

Troms og Finnmark fylkeskommune

Gisle Eriksen

Sekretær for Regionalt nordområdeforum

Troms og Finnmark fylkeskommune

Sunniva Tønsberg Gaski

Kommunikasjonsrådgiver

Troms og Finnmark fylkeskommune

Karoline Kvalvik

Prosjektleder

Troms og Finnmark fylkeskommune

Kristina Torbergsen (Ap)

Fylkesrådsleder

UiT

Bente Haug                     

Viserektor

Ungdomsrådet i Troms og Finnmark

Eline Sandvik

Ungdommens fylkesråd (UFR)

Vest-Finnmarkrådet

Monica Nielsen

Rådsleder/ordfører Alta kommune

Vista Analyse

Haakon Vennemo 

Direktør (Evaluator)

Øst-Finnmarkrådet

Alf Normann Hansen

Ordfører Gamvik kommune