Norsk energipolitikk i ein global kontekst

Tysdag presenterte Det internasjonale energibyrået IEA si evaluering av norsk energipolitikk i Oslo.

Omtrent kvart fjerde år blir energipolitikken til kvart enkelt medlemsland i IEA evaluert av ei gruppe fagfeller under leiing av IEA. IEA arbeider for å sikre trygg, rimeleg og rein energi til sine 29 medlemsland og fokuserer på fire hovudområde: energitryggleik, økonomisk utvikling, miljøbevisstheit og internasjonalt engasjement.

Tysdag la Paul Simons frå IEA fram rapporten "Energy policies of Norway in a global context" i Oslo. Olje- og energiminisiter Terje Søviknes tok imot rapporten.

Nett-tv IEA presenterer evaluering om norsk energipolitikk

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

- Vi set pris på det viktige arbeidet IEA gjer for å presentere fakta og statistikk om energi verda rundt. Regjeringa er bevisst på at våre enorme energiressursar krev berekraftig forvaltning, både når det gjeld olje og gass, vasskraft og ny fornybar energi. I meir enn hundre år har energiressursane spelt ei sentral rolle i den norske økonomien, og vi har kunna bygge velferdsstaten vår rundt desse ressursane, seier olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP).

 Paul Simons (t.h.) frå IEA overleverte rapporten til olje- og energiminister Terje Søviknes. (Foto:OED).

Paul Simons (t.h.) frå IEA overleverte rapporten til olje- og energiminister Terje Søviknes. (Foto:OED).

Les IEA si pressemelding her.

Les heile rapporten her.