Statsbudsjett 2019:

Norsk kulturråd skal forvalte pengar til amatørteater

Norsk kulturråd vil frå 2019 få ansvar for å forvalte pengar til amatørteater og frivillig teaterformål. Dette inkluderer tilskotsordningar for aktivitet og til dei nasjonale aktørane, tilskotsordninga for historiske spel (som får pengar frå overskotet til Norsk Tipping), samt tilskot til Dramas manusbank, som blir drifta av Teateralliansen. Tilskotsordningane skal bli forvalta og utvikla i dialog med amatørteaterfeltet.

Parallelt med dette endrar departementet frå 2019 Musikkutstyrsordninga. Målet er at ordninga skal bli utvida til ei kulturutstyrsordning som kjem fleire sjangrar og felt til gode, mellom anna amatørteaterfeltet. Ordninga vil i 2019 bli styrkt med 5 millionar kroner.

– Eg er glad for at vi no får på plass ei endeleg avgjerd om forvalting og fordeling av pengane til amatørteaterfeltet. Eg veit det har vore viktig for amatørteaterfeltet. Norsk kulturråd har lang røynsle med å forvalte statlege midlar og ulike ordningar. Eg håpar at amatørteaterfeltet no samlar seg om denne avgjerda og medverkar til å gjere Kulturrådet gode, slik at pengane til feltet blir nytta på best mogleg vis, seier kulturminister Trine Skei Grande.

Til toppen