Ny rapport om akademisk ytringsfridom i Noreg

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Forskarar ved Senter for Profesjonsstudiar ved Oslomet har greidd ut moglege truslar mot den akademiske fridomen i Noreg.

Rapporten «Eit ytringsklima under press? Akademisk fridom og ytringsfridom i ein brytningstid» er ein delrapport frå eit analyseprosjekt om tillit til forskingsbasert kunnskap på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Delrapporten er bestilt som ein del av kunnskapsgrunnlaget for ekspertgruppa om akademisk ytringsfridom leia av Anine Kierulf.

– Eg er glad for at vi no får eit betre kunnskapsgrunnlag om dette temaet. No blir det interessant å sjå kva Kierulf-gruppa kjem fram til i rapporten den skal levere 1. mars. Akademisk ytringsfridom er ein viktig føresetnad for alt vi held på med, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Delrapporten er skriven av ei forskargruppe leia av professor Fredrik Thue.