Historisk arkiv

Nye norskstøtta skular i Afghanistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Talet på barn i skulealder aukar jamt i Afghanistan. Trass framgong er det framleis ca 3,7 millionar barn som ikkje får gå på skulen. Omkring 60 prosent er jenter. Nyleg opna tre norskstøtta skular.

Ein av dei er jenteskulen i bygda Chaghatak, som ligg utanfor Maymaneh i Faryab. 300 jenter i 1.-6. klasse får no eit tryggare læringsmiljø, og skulen er bygd slik at det kan ekspanderast.

300 jenter får undervisning på jenteskulen Chaghatak. Foto: Mohammad, DAARTT
300 jenter får undervisning på jenteskulen Chaghatak. Foto: Mohammad, DAARTT

I Afghanistan føregår undervisninga framleis ofte i telt, under open himmel og i private heimar. Dette hindrar barn, og særleg jenter, i å få utdanning. For at jenter skal få gå på skule, vil familien ofte kreve at jenta er trygg, at skulen er nær heimen, at det er kvinnelege lærarar, separate toalett for jenter og gutar samt murar rundt skulen.

- Dei nye skulane betrar tilgang til utdanning og gjev eit trygt læringsmiljø, som igjen kan bidra til betre levevilkår og moglegheiter for barna. Noreg prioriterer spesielt auka tilgang til skulegong for jenter, som møter større hinder for utdanning enn gutar, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide, som nettopp var i Afghanistan.

21 skular på sju år

Noreg har sidan 2011 ferdigstilt totalt 21 skular i samarbeid med den danske organisasjonen The Danish Assistance to Afghan Rehabilitation and Technical Training (DAARTT), som totalt har  gagna omkring 14.100 studentar. Alle skulane er utstyrt med murar, vaktrom, toalett, trygt drikkevatn og har pensum og lærarar frå styresmaktene. Dei elleve skulane som er ferdigstilt etter 2015 betrar læringsmiljøet for 3300 jenter og 2800 gutar. Noreg har i 2018 gitt støtte til endå fleire nye skular som er under bygging. I tillegg har Noreg bidratt til bygging av meir enn 11.500 klasserom over heile Afghanistan gjennom støtte til Verdensbankens fleirgivarfond i perioden frå 2007 til 2017.

DAARTT har også med norsk støtte bygd to internat for kvinnelege studentar i Faryab.

- Behovet for slike tilbod er betydeleg sidan jenter som fortset med høgare utdanning i regelen må flytte heimanfrå. Eg er glad for at vi kan bidra til at endå fleire kvinner får tilgang til høgare utdanning, seier utanriksminister Eriksen Søreide.

Det var stor interesse for skulen «Tokali Khanna», då han blei overlevert til styresmaktene nyleg.
Det var stor interesse for skulen «Tokali Khanna» då han blei overlevert til styresmaktene nyleg. No går 1141 jenter og 891 gutar på skulen, fordelt på tolv klassetrinn. Undervisninga blir delt opp i skift - jentene kjem om morgonen og gutane på ettermiddagen. Foto: DAARTT

Etterkvart som skulane er ferdig bygde, blir dei overført til styresmaktene som har ansvar for skulearbeid, drift og vedlikehald. Dei tre siste overleveringsseremoniane fann stad på ulike stader i Faryab-provinsen. Seremoniane var leia av guvernøren i Faryab, som takka norske styresmakter for samarbeidet og DAARTT for god kvalitet på skulane.

Norge er ein langsiktig og stabil partnar for Afghanistan, med 700 millionar kroner årleg i norsk bistand til og med 2020. Dei viktigaste innsatsområda er utdanning, godt styresett og landsbygdutvikling, med likestilling og bekjemping av korrupsjon som tverrgåande tema. Humanitær støtte utgjer også ein viktig del av bidraget.