Presseinformasjon:

Program for FNs toppmøteveke i New York

Her er utdrag av programmet for utanriksminister Anniken Huitfeldt og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim under oppstarten av FN sin 77. generalforsamling, 18. – 22. september 2022.

Det kan bli endringar i programmet. Det er krav om å bruke munnbind på FN-området.

Søndag 18. september

Kl. 14.00  Utanriksministeren besøkjer utstillinga «Break, Take, Erase, Tally». Utstilling om uttaket frå frølageret på Svalbard i samband med borgarkrigen i Syria. Omvising med kunstnaren Jumana Manna. Stad: MoMa PS1, Jackson Avenue.

Kl. 16.00   Utviklingsministeren møter leiaren for FNs utviklingsprogram (UNDP), Achim Steiner. Stad: UNDP, 1 UN Plaza.

Kl. 18.00   Utanriksministeren møter norsk næringsliv og bærekraftinitiativet UN Global Compact. Stad: Generalkonsulens residens.

Måndag 19. september

Kl. 10.00  Utviklingsministeren deltek på høgnivåmøte om utdanning. Møteleiar er FNs generalsekretær Antonio Guterres. Stad: FNs hovedforsamling.

Kl. 13.00   Utanriksministeren deltek på møte i FN si kjernegruppe for skeive rettar (LHBTI), «The Right to Be Me». Stad: Instituto Cervantes, 211 E 49th Street.

Kl. 16.00  Utanriksministeren, utviklingsministeren og klima- og miljøministeren møter media. Sjå eigen presseinvitasjon frå den norske FN-delegasjonen. Stad: FN-delegasjonen, 1 Dag Hammarskjöld Plaza.

Kl. 18.00   Utanriksministeren deltek på utdelinga av Global Citizen Awards. Stad: Cipriani, 55 Wall Street.

Tysdag 20. september

Kl. 09.00   Statsministeren, utanriksministeren, utviklingsministeren og klima- og miljøministeren deltek på opninga av hoveddebatten i FN. Stad: FNs hovedforsamling. Møte med norsk presse i etterkant.

Kl. 14.00   Utviklingsministeren deltek på Global Food Security Summit. Stad: Intercontinental Barclay, Lexington Ave.

Kl. 15.00    Utanriksministeren deltek på møte om regional utvikling i Midtausten, arrangert av Norge og Atlantic Council. Stad: St. Regis,

Onsdag 21. september

Ca kl. 10.30    Utanriksministeren til stades når USAs president talar i FNs hoveddebatt. Stad: FNs hovedforsamling.

Kl. 11.45     Utanriksministeren deltek på møte om klima og tryggleik i Sahel-regionen. Stad: UN University, 767 3rd Avenue.

Kl. 12.00      Utviklingsministeren deltek på påfyllingskonferansen for Det globale fondet for bekjempelse av aids, tuberkulose og malaria. Stad: Gotham hall, Broadway.

Torsdag 22. september

Kl. 10.00   Statsministeren og utanriksministeren deltek på møte i Tryggingsrådet om krigen i Ukraina. Stad: FNs tryggingsråd.

Kl. 12.00  Utviklingsministeren møter FNs nestleder Amina Mohammed saman med dei nordiske utviklingsministerane. Stad: FN.

Kl. 13.30    Utanriksministeren deltek på møte om FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten (UNRWA). Stad: FN, konferanserom 4.

Kl. 15.00     Utanriksministeren leiar møtet i giverlandsgruppa for Palestina (AHLC). Stad: FN, konferanserom 7.

Kl. 18.00     Utanriksministeren deltek på lanseringa av kampanjen til Danmark for å bli medlem av FNs tryggingsråd (2025-2026). Stad: Ford Foundation Center for Social Justice, 320 E43rd Street.

Kl. 19.45    Utanriksministeren deltek på møte for transatlantiske utanriksministerar, leia av USA sin utanriksminister Anthony Blinken.

Noreg sitt hovedinnlegg kjem etter planen på torsdag, men tidspunktet kan bli endra.

Utanriksministeren og utviklingsministeren vil i tillegg ha fleire bilaterale møte med andre ministerar og leiarer for internasjonale organisasjonar.

Pressekontaktar:
Utanriksministeren: Ragnhild H. Simenstad, rhs@mfa.no, mobil: 91 71 74 59.
Utviklingsministeren: Ane H. Lunde, ane.lunde@mfa.no, mobil: 97 67 12 50.