Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa satsar på barn og unge

I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å styrke finaniseringa til aktivitetstiltak- og prosjekt for barn og unge med 15 millionar kroner.

– Vi vil at barn og unge over heile landet skal kunne delta i fritidsaktivitetar. Derfor prioriterer vi no prosjekt som gjer fellesarenaer innan idrett og kultur meir tilgjengelege for barn og unge, seier kultur- og likestillingsminister Annette Trettebergstuen.

Midlane skal gå til breiddetiltak for barn og ungdom og mottakarane er blant andre fritidsklubbar, Fargespill og Stolpejakta. Målet er å styrke både den organiserte og uorganiserte aktiviteten i heile landet. Eit anna tiltak som får støtte er Tvibit produksjon og kompetansesenter for ung kultur i Tromsø.

– Regjeringa styrker her eit flott initiativ som tek utgangspunkt i barn og unges eigne premissar. Tilskotet skal gå til å styrke Tvibits pågåande prosjekt innan nye medium og kreativ teknologi, seier Trettebergstuen.

15 millionar kroner er fordelte på denne måten:

  • 6,7 millionar kroner til Ungdom og Fritids prosjekt på fritidsklubbane med å inkludere fleire barn og unge i dataspelaktivitetar.
  • 4 millionar kroner til Stiftelsen Fargespill
  • 1,3 millionar kroner til Stolpejakten
  • 1 millionar kroner til Filmveksthuset Tvibit
  • 800 000 kroner til prosjekt for større mangfald og representasjon i kultursektoren i regi av JM Norway.
  • 650 000 kroner til prosjektet Barrierefri fritid hos Unge funksjonshemmede.
  • 550 000 til fordeling til andre idrettstiltak for barn og unge seinare i 2022.

– Med denne prioriteringa vil vi sørge for at fleire barn og unge får tilgang til kunst og kultur lokalt uavhengig av kvar dei bur og kva bakgrunn dei har, avsluttar Trettebergstuen.