Samferdselsministeren i møte om bompengeinnkrevjing på Nord-Jæren

Samferdselsminister Jon Georg Dale har i dag hatt eit møte med medlemmene i styringsgruppa for Byvekstavtale Nord-Jæren for å høyre korleis ein lokalt vurderer situasjonen, og for å avklare staten sine posisjonar.

Møtet i dag var ikkje eit formelt møte i styringsgruppa. Dersom kommunenes posisjonar skulle endre seg, må dette skje i formelle møte i styringsgruppa.

Samferdselsministeren gjorde det klart at utgangspunktet for vidare arbeid er at regjeringa legg til grunn at bompengevedtak treng lokal forankring, og tilslutning i Stortinget:

- Stortinget har sett to klare forutsetningar for statens deltaking i byvekstavtalen. Det eine er at byvekstavtalen bidreg til å oppfylle nullvekstmålet, det andre er at dei økonomiske rammene staten bidreg med i bompengepakken er avklart gjennom Stortingsbehandlinga. Eg legg disse føringane frå Stortinget til grunn for vårt arbeid.

I møtet gjentok Dale den bodskapen vegdirektøren hadde i siste styringsgruppemøte om at ein ikkje både kan sette pakken i kraft no, og samtidig ommøblere den. Det ein lokalt kan vedta er anten å halde fast på den pakken som er vedtatt, eller å utsette innføringa av den.

- Om ein lokalt vel å utsette innføringa av nye takstar til etter reforhandling, så vil regjeringa akseptere det, så lenge alle lokale partar er einige om det. Dersom ein vel å avvente innføring til etter reforhandling må dagens bomsatsar fortsette for å kunne dekke forpliktelsane i pakken. Ein kan ikkje pådra seg større forpliktelsar enn ein har finansiering til, sa samferdselministeren.

I ein reforhandling vil staten ikkje denne gongen setje noko krav til rushtidsavgift. Lokalt kan ein velje andre måtar å nå nullvekstmålet på.

- Kommunane vil ha stor handlefridom til å fastsette pakken sjølv, men det må være balanse mellom inntekter og utgifter. Denne einigheita må dykk finne fram til lokalt. Ny bompengepakke må til Stortinget, sa samferdselsministeren.

- Det er styringsgruppa som fastsett innføringstidspunkt for ny bymiljøpakke. Stortinget har ikkje gitt føringar for når dette skal skje, det vil heller ikkje eg gjere.

- Endringar i innføringstidspunkt er fullt mogleg, så lenge ein lokalt er einige lokalt. Dagens innkrevjing vil fortsette til ny innkrevjing startar opp. Dette har Stortinget slutta seg til ved behandling av proposisjonen, sa Dale.

I si oppsummering av staten sine posisjonar la samferdselsministeren vekt på desse punkta:

  • Så lenge alle lokale partar er einige er det desse partane som avgjer når nye takstar vert innført.
  • Så lenge ein er einige lokalt kan ein endre pakken.
  • Ein eventuell endra pakke krev:

- at alle lokale partar er einige,

- at partane legg til grunn at statens bidrag er avklart gjennom stortingsbehandling

- at pakken har balanse mellom inntekter og utgifter

- at pakken samla medfører at ein kan nå nullvekstmålet.

- Eg legg foreløpig til grunn den einigheita som alle sto bak i sist møte i styringsgruppa. Dersom ein lokalt blir einig om ei anna løysing som innfrir føresetnadane, vil eg kunne fremme nytt forslag for Stortinget basert på ei slik einigheit. Regjeringa tvingar ikkje noko løysing på Nord-Jæren. Denne saka må dei fire kommunane, og Rogaland Fylkeskommune verte einige om lokalt. Det ein er einig om lokalt vil eg legge til grunn, sa samferdselministeren.

Til toppen