Statsbudsjettet 2023

Skal teste ut kystutviklingssenter i Aust-Finnmark

Regjeringa føreslår å løyve 3 millionar kroner til eit pilotprosjekt for eit kystutviklingssenter for kompetanseutvikling og verdiskaping, med utgangspunkt i Kirkenes og Aust-Finnmark.

- Det er eit stort potensial for å utvikle ny og grøn teknologi for bruk langs kysten og til eksport, med utgangspunkt i kystsamfunna sine fortrinn og utfordringar. Pilotprosjektet for eit kystutviklingssenter er eit spennande initiativ for utvikling med base i Kirkenes, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Mange kystsamfunn i Nord-Noreg har utfordringar knytt til folketalsutvikling og rekuttering av arbeidskraft. Aust-Finnmark opplever i tillegg ekstra utfordringar knytte til ringverknadane av sanksjonane mot Russland. Næringslivet må omstille seg, samstundes som det må bli meir attraktivt å busette seg i Aust-Finnmark.

– Vi treng å prøve ut nye tiltak og løysingar i distriktspolitikken. Målet er å gjere det meir attraktivt og stimulere til tilflytting i sårbare og strategisk viktige kystområder i Noreg, seier Gjelsvik.

Pilotprosjektet skal koordinerast med pågåande omstillingsarbeid i regionen. Bak prosjektet står lokale krefter inkludert Sør-Varanger Utvikling (SVU), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), eigar av det tidlegare sjukehusbygget i Kirkenes og eit leiande finsk innovasjonsmiljø.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no