Skriftleg svar på Dokument 8:11 S (2016-2017) om forbod mot import av gatehundar til Noreg

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale har svart på skriftleg spørsmål frå næringskomiteen, representantforslag Dokument 8:11 S (2016-2017), om forbod mot import av gatehundar til Noreg.

Eg viser til brev frå næringskomiteen datert 24.10.2016 vedlagt representantforslag Dokument 8:11 S (2016-17) frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge, Geir Pollestad og Kjersti Toppe, om eit forbod mot import av gatehundar til Noreg.

Forslaget som blir fremma lyd slik:

"Stortinget ber regjeringen forby import av gatehunder til Norge.

Videre bes regjeringen vurdere tiltak for å begrense importen av kjæledyr der denne importen utgjør en risiko for dyre- og folkehelsen i Norge." 

Tidlegare var det forbod mot å ta med seg hundar frå andre land til Noreg eller å ta med hunden tilbake til Noreg etter ferie, utan eit langt karanteneopphald. I dag er regelverket endra med tanke på at folk kan ta med hunden sin på ferie eller ved flytting innan Europa. Dette regelverket er ein del av EØS-avtalen og regulerer ikkje-kommersiell import. Det er krav om ID-merking, rabiesvaksinasjon, medisinering mot dvergbendelmark og eit identifikasjonsdokument i form av pass eller helsesertifikat. Kjem hundane frå land med dårlegare rabiesstatus enn i EØS-området, skal dyra i tillegg ha gjennomgått ein test som viser at rabiesvaksinasjonen har hatt tilfredsstillande effekt. Dette regelverket tillèt ikkje import av gatehundar for vidaresal. 

Trass i dette regelverket veit vi at hundar utan tilfredsstillande helsestatus blir tatt inn til Noreg. Dette er ei utfordring som opptar både meg og forvaltninga. Mange er uroa over denne utviklinga, der både dyrevelferda og ei god dyrehelse vert utfordra. Eg ga difor den 19. oktober 2016 Mattilsynet eit oppdrag om å sjå nærare på problemstillinga og vurdere mogelege tiltak for å redusere risikoen for smitte. Mattilsynet har sett ned ei arbeidsgruppe som no vurderer nye tiltak mot den ottesame hundeimporten. 

Det er viktig for meg at nye tiltak mot import av gatehundar har effekt. Eg meiner difor det er viktig at Mattilsynet får høve til å vurdere kva tiltak som er mogelege og som vil vere mest effektive. 

Eg ventar svar frå tilsynet medio november. Deretter vil eg vurdere kva for åtgjerder som eventuelt bør setjas i verk.

 

Med helsing  

Jon Georg Dale

Til toppen