Vil gjennomføre handhevingsdirektivet i norsk rett

Regjeringa fremjer forslag til gjennomføring av handhevingsdirektivet i norsk rett. Direktivet skal sikre at utsende arbeidstakarar får det vernet dei har krav på etter utsendingsdirektivet.

Forslaget vil føre til ein styrka og meir effektiv innsats mot arbeidslivskriminalitet, og vil gjere norsk arbeidsliv betre rusta til å møte utfordringane med arbeidslivskriminalitet. Forslaget legg opp til at dei fleste av føresegnene i handhevingsdirektivet blir gjennomført i forskrift (utsendingsforskrifta). 

Arbeidslivskriminalitet er grenseoverskridande. Å styrke samarbeidet med styresmakter i andre EØS-statar er ein viktig del av strategien mot arbeidslivskriminalitet. Lovforslaget gjennomfører direktivet sine reglar om samarbeid med styresmakter i andre EØS-statar om mellom anna å krevje inn økonomiske sanksjonar for brot på nasjonale reglar.

Les forslag til gjennomføring av handhevingsdirektivet: