Kommunikasjonseininga i Energidepartementet

Presse som har spørsmål til politisk leiing og departementet kan kontakte kommunikasjonseininga.

Me hjelper også pressa med å finne fram bakgrunnsstoff og saksopplysningar, og me er ansvarlege for Energidepartementet sine sider på regjeringa.no.

Her finn du kontaktinformasjon og annan relevant informasjon for pressa. Pressetelefon: 41 57 35 00 (ikkje send sms, nummeret er vidarekopla)

Etter arbeidstid og i helger er vakttelefonen kun betent for å handtere hastesaker. 

E-post: info@ed.dep.no (e-posten er bemanna av pressevakta)

Kommunikasjonseininga behandlar ikkje innsynskrav. Me behandlar heller ikkje spørsmål frå privatpersonar. Dersom du ønskjer innsyn i ei sak kan du bruke eInnsyn - Innsyn i offentlig saksbehandling eller sende e-post til postmottak@ed.dep.no.

Dersom du har spørsmål som privatperson kan du sende e-post til postmottak@ed.dep.no.

Energidepartementet sender ut pressemeldingar via nyheitsvarsel. Du kan abonnere på nyhetsvarsel på Nyhetsvarsel - regjeringen.no.

Energidepartementet held til i Akersgata 59. Presse som har ein avtale i departementet eller som skal delta på pressetreff må følgje dei same reglane for ID og bagasjesjekk som andre besøkjande:

Du må ha med gyldig legitimasjon. Dette er:

  • Pass
  • Norsk nasjonalt ID-kort
  • Forsvarsdepartementets identitetskort (FD-ID)
  • Norsk gyldig førarkort (ikkje elektronisk)Europeiske identitetskort (Identity card)

Reglar for baggasje:

  • Du kan ta med veske, PC-veske og mindre ryggsekk utan sikkerheitskontroll
  • Større utstyr (inkludert fotobaggar) må gjennom sikkerheitskontroll
  • Ved behov for sikkerheitskontroll er det viktig at du møter opp i god tid

Energidepartementet har sider på LinkedIn,  og Flickr. I tillegg publiserer me innhald på regjeringa sine kontoar på  Facebook og Instagram.

Portrettfoto av den politiske leiinga i Energidepartementet:

Kommunikasjonseininga legg jamleg ut foto på Energidepartementets Flickr-konto. Bilda kan brukast fritt mot kreditering av fotograf.