8 Ymse endringar

8 Ymse endringar

8.1 Pålegg om at det må stillast trygd for løysingssummen ved odelsløysing

Odelslova §§ 70 er endra slik at retten etter krav frå saksøkte skal retten påleggje saksøkjaren å stille trygd for løysingssummen dersom ikkje løysinga skal gjennomførast straks. Det er presisert at det normalt skal setjast ein frist på ein månad, som svarar til den allmenne fristen for å anke eller krevje overskjønn. Etter endringa av odelslova § 75 går det fram at dersom saksøkjaren ikkje stiller pålagt trygd for løysingssummen til den tid som er fastsett, misser han odelsretten til eigedomen. Dersom saksøkjaren sitt finansielle grunnlag er tilfredsstillande, vil det gå greitt å stille slik trygd. Ein vil med ein slik regel neppe unngå at løysingssak vert reist utan at det er økonomisk dekning for dette, og ein vil heller ikkje unngå at det kan gå noko tid før den som har overteke ein odelseigedom utan å ha best odel, får avklart sin situasjon. Saksøkte vil likevel i større grad unngå unødig uvisse i tida etter at det er klarlagt både at saksøkjaren har løysingsrett i høve til saksøkte og at løysingssummen er fastsett.

8.2 Overgangsføresegner ved endring i storleiken på forseinkingsrenta

Når forseinkingsrenta vert endra, kan det kome opp spørsmål om kva verknad den nye renta skal få for dei pengekrav der det allereie før endringa hadde kome forseinkingsrente på kravet. Den naturlege oppfatninga av reglane synest vere at storleiken på renta skal fastsetjast etter den renta som gjeld til ein kvar tid, om ikkje Kongen fastset særlege overgangsføresegner i samband med at rentesatsen vert endra. Det er no vedteke ein uttrykkeleg regel om at endring av forseinkingsrenta skal få verknad frå iverksetjinga sjølv om det alt har kome til forseinkingsrente i eit kravshøve. Det same gjeld sjølv om kravet var fastsett i ein dom. Sjå endring av forseinkingsrentelova § 3.

8.3 Fastsetjing av forseinkingsrente i dommar

Det er ikkje uvanleg at domsslutningar der det vert tilkjent forseinkingsrente, vert formulert på ein måte som ikkje tek omsyn til at storleiken på forseinkingsrenta kan verte endra før dommen vert oppfylt, eller slutninga er formulert på ein slik måte at det kan framstå som uklårt kva slag rente det er tale om. Eit døme på dette kan vere at saksøkte skal betale kr xx til saksøkjaren - med tillegg av 12 % rente frå xx.xx.2000 til betaling skjer. Det er då ikkje klårt at det er forseinkingsrente og ikkje annan avtalt rente som slutninga omhandlar. Dersom forseinkingsrenta vert auka i tida etter dommen, vil saksøkjaren dessutan ikkje ha tvangsgrunnlag for den auka renta, sjølv om vedkomande materielt sett har krav på dette, jf. pkt 8.2 ovanfor. Ved nedsetjing av renta vert spørsmålet endå meir komplisert. Saksøkjaren har då ikkje materielt krav på den høgare renta som er fastslått i dommen, men det er uklart om saksøkte må angripe dommen ved oppattaking eller om namsmannen sjølv kan tolke dommen og ta omsyn til nedsetjinga. Dersom namsstyresmaktene kan gjere dette, vert det vidare spørsmål om skuldnaren lyt krevje dette eller om namsstyresmaktene av eige tiltak skal eller kan ta omsyn til at forseinkingsrenta er sett ned.

Dette er bakgrunnen for at tvistemålslova har fått ein ny § 148 a om utforming av domsslutning ved tilkjenning av forseinkingsrente. Endringa gjeld òg for borgarlege rettskrav som vert pådømde i ei straffesak, jf. endring i straffeprosesslova § 432.

Det gjer seg særlege omsyn gjeldande for slike domsslutningar av di dei er standardiserte og som regel vert formulerte slik at det kan vere uklart kva verknad dommen skal ha ved seinare endringar av forseinkingsrenta. Den nærare utforminga av domsslutninga vil likevel kunne variere etter som kravet har forfalle allereie før domstidspunktet eller ikkje. Dersom kravet har forfalle før dommen vert avsagd, noko som i praksis er det mest vanlege, kan dommen såleis fastsetje eit fast beløp fram til avseiinga og at rente for tida deretter skal følgje føresegnene i forseinkingsrentelova. Det vil likevel ikkje vere nødvendig med ei slik konkret fastsetjing fordi renta kan gjevast ved ei generell vising til forseinkingsrenta. Dersom det har kome til forseinkingsrenter etter ulik sats, kan det likevel vere praktisk at summen av renter etter tidlegare satsar vert presisert i dommen. Om kravet først skal forfalle til dømes to veker etter at dommen vert avsagd, skal det derimot gå fram av domsslutninga at rente etter forseinkingsrentelova skal reknast frå og med dagen etter (eller ein bestemt dato).