Historisk arkiv

Bård Vegar Solhjell ny miljøvernminister

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Bård Vegar Solhjell (40) vart fredag utnemnt til ny statsråd i Miljøverndepartementet etter Erik Solheim. –Eg ser fram til å ta over denne viktige jobben, sa Solhjell då han tok over nøkkelkortet fredag ettermiddag.

Solhjell la vekt på at klimautfordringane og tap av naturmangfald er dei to store miljøoppgåvene verda står overfor i framtida. Arbeidet med klimameldinga er det første han vil kaste seg over.

–Miljø er ikkje ein sektor, det er eit fundamentalt omsyn. Det må vere like naturleg å snakke om økologisk ansvarleg politikk som økonomisk ansvarleg økonomisk politikk, sa han.

Solhjell takka Erik Solheim for innsatsen som miljøvernminister.

–Ingen miljøvernminister har fått til betre resultat enn du på miljøpolitikken. Du var den første verkeleg grøne politikeren i Norge, sa Solhjell.

Bård Vegar Solhjell er frå Naustdal i Sogn og Fjordane og representerer Akershus på Stortinget. Han er nestleiar i SV og var parlamentarisk leiar for SV før han vart statsråd.

Solhjell var kunnskapsminister frå 2007 til 2009. Han var SVs statssekretær på Statsministerens kontor frå 2005 til 2007. Solhjell er utdanna statsvitar frå Universitetet i Oslo og Bergen.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Erik Solheim under nøkkeloverrekkelsen

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Erik Solheim under nøkkeloverrekkelsen