Høyring - forskrift om gebyr for Stiftelsestilsynets handsaming av saker etter lov om samvirkeforetak

Høyring – forskrift om gebyr for Stiftelsestilsynets handsaming av saker etter lov om samvirkeforetak
Justisdepartementet sender med dette på høyring eit forslag til forskrift om gebyr for Stiftelsestilsynets handsaming av saker etter lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak (samvirkelova) § 103 andre ledd, § 120 andre ledd, § 135 sjette ledd og § 146 andre ledd. Lova skal gjelde frå 1. januar 2008. 

Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsbrevet kjent for eventuelle underordna etatar og organ. Ein kan få fleire eksemplar av høyringsbrevet ved å vende seg til Justisdepartementets lovavdeling, tlf. 22 24 53 99 / 61. Høyringsbrevet er også lagt ut på følgjande internett-adresse: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dok/hoeringer.html?id=1922

Departementet ber om svar innan 27. desember 2007.

Høyringsfråsegnene skal sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Dersom det let seg gjere, ber vi om at fråsegnene i tillegg blir sende per e-post til: tore.fjortoft@jd.dep.no.

Med helsing


Tone Ofstad e.f.
avdelingsdirektør
                                                                       Tore Fjørtoft
                                                                       lovrådgivar