Høringsbrev

Høringsinstanser

Deres ref

Vår ref

Dato

03/02891

04.08.03

Høyring - forslag til ny forskrift om obduksjon

Departementet sender med dette ut eit høyringsnotat om forslag til ny forskrift om obduksjon m.m. Forslaget har heimel i transplantasjonslova § 7 sjuande ledd og § 13. Den nye forskrifta vil erstatte gjeldande forskrift 18.03.1988 nr. 230 om obduksjon m.m.

Vidare blir det i høyringsnotatet gjort framlegg om ein mindre endring i forskrift 10.06.1977 nr. 2 om dødsdefinisjon.

Helsedepartementet ber om merknader til høyringsnotatet seinast innan 04.11.2003.

Høyringslista følgjer vedlagt. Vi ber om at dei einskilde etatar og organisasjonar på høyringslista i påkravd omfang sender vidare høyringssaka til underliggjande etatar og medlemsorganisasjonar. Høyringsbrevet med vedlegg finst også på Internett: www.dep.no/hd/norsk/publ/hoeringsnotater.

Med helsing

Roger Østbøl e.f.
fung. ekspedisjonssjef

Anne Sofie von Düring
rådgjevar