Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

GI-01/2010 - Instruks om proformaekteskap, jf. utlendingslova § 40 fjerde ledd

Utlendingsdirektoratet 

 

 

 

Nr.                                        Vår ref                                            Dato
GI – 01/2010                         201000915-/CEF                              21.01.2010

 

Instruks om proformaekteskap, jf. utlendingslova § 40 fjerde ledd

Justisdepartementet viser til lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova), som inneber at departementet kan instruere Utlendingsdirektoratet (UDI) om generelle spørsmål om lovtolking, skjønnsutøving og prioritering av saker.

Departementet ber med dette UDI om å tryggje praksis slik at det i tilstrekkeleg grad blir lagt vekt på proformaomsyn. Dette gjeld søknader om løyve etter utlendingslova § 40, fornying og tilbakekalling av slike løyve, og permanent opphaldsløyve etter utlendingslova § 62.

Det som går fram nedanfor er i all hovudsak eit framhald av det som går fram av rundskriv AI-2006-008 – Instruks for å hindre familiesameining på grunnlag av proformaekteskap/partnarskap frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet av 13.9.2006 med heimel i utlendingslova 1988 § 38 første ledd. Instruksen er oppdatert som følgje av at lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova) og forskrift 15. oktober 2009 nr. 1286 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsforskrifta) er trådd i kraft. I tillegg er rutine for å rapportere, som blei gitt i brev av 19.12.2008, teke med i instruksen.

Bakgrunnen for at instruksen blir gitt på nytt med heimel i ny lov, er at alle instruksar og rundskriv som blei gitt med heimel i utlendingslova 1988, blei oppheva når utlendingslova 2008 trådde i kraft 1.1.2010. Instruksen trer i kraft straks.

Bakgrunn
Utlendingsstyresmaktene har ei viktig oppgåve i å avdekkje og hindre misbruk av regelverket som gjeld innvandring til Noreg. Det er vanskeleg å leggje fram statistisk informasjon som kan gje ei fullgod oversikt over saker med proformaproblematikk. Departementet finn det naudsynt å understreke at dei proformaomsyna og -reglane som gjeld i dag er viktige, og at det bør skapast auka merksemd om desse omsyna i behandlinga av slike saker, både ved førstegangssøknad om familieinnvandring og ved søknad om fornying av slik løyve.      

Proformabetraktningar
Etter utlendingslova § 40 tredje ledd er det eit vilkår for familieinnvandring for ektefellar at dei skal bu saman, med mindre særskilde omstende tilseier noko anna. Under utlendingslova 1988 blei det også vurdert om det var grunnlag for å avslå ein søknad ut frå ulovfesta proformareglar og på bakgrunn av at det i lovforarbeida framgjekk at forholdet mellom ektefellene må vere reelt. I utlendingslova 2008 § 40 fjerde ledd er det no fastsett at løyve kan nektast dersom det framstår som mest sannsynleg at det hovudsaklege formålet med ekteskapsinngåinga har vore å etablere eit grunnlag for opphald i riket for søkjaren. Etter den nye lova vil ein derfor ha ein tydeleg regel og meir utførlege drøftingar i forarbeida å byggje på når ein skal vurdere proformasaker.

Vurderinga av om eit ekteskap i all hovudsak er inngått for å oppnå opphaldsløyve, er samansett og byr på bevismessige utfordringar. Det må foretas ei brei vurdering av spørsmålet.

Departementet vil her trekkje fram dei momenta som er av særleg relevans i den samla vurderinga av om proforma føreligg. Det er òg vist til desse momenta i forarbeida til utlendingslova (Ot.prp. nr. 75 (2006–2007) kapittel 9.6.2.5, jf. kapittel 9.6.2.3). Kriteria vil være naturlege utgangspunkt for å vurdera om eit forhold er proforma. Dei følgjande momenta er ikkje rangert og er heller ikkje meint å vere uttømmande:

  • Kontakt mellom partane – til dømes kor lenge dei har kjent kvarandre og karakter og omfang av kontakten.
  • Kunnskapane partane har om kvarandre.
  • Samsvarande opplysningar frå partane – til dømes om korleis dei møttes, gifta seg og kontakt mellom dei.
  • Om ektefellane kan kommunisere på eit felles språk.
  • Aldersforskjell mellom partane.
  • Om det er betalt for giftarmålet utan at dette kan forklarast med grunnlag i medgiftstradisjonar.
  • Om ekteskapet klart er atypisk i forhold til ekteskapstradisjonar i heimlandet til utlendingane.
  • Om det føreligg omstende som talar for at ekteskapet er inngått ved bruk av tvang eller utnytting, eksempelvis at partane er klart ujamne i mental utvikling.
  • Om referansepersonen eller nære familiemedlem av søkaren har ei ekteskapeleg historie eller liknande, som gir grunnlag for mistankar om proforma.
  • Om den som søkar opphaldsløyve på grunnlag av ekteskapet, før har prøvd å få opphald på anna grunnlag, for eksempel på grunnlag av søknad om asyl, og om ekteskapet er inngått i nær tilknyting til eit avslag på anna søknad.
  • Om partane har tidligare ektefelle/sambuar/partner som skal bu i lag med paret, jf. også lovas § 40 sjette ledd tredje punktum. 

Departementet ber UDI tryggje at dei nemnte momenta blir vurdert og tillagt vekt i vurderinga av søknader om familieetablering/-sameining. Før det blir fatta avgjerd i saker der proformaspørsmål gjer seg gjeldande, ber departementet UDI om grundig å vurdere opplysningane som kjem fram i den førebuande saksbehandlinga ved utanriksstasjonar og i politiet. Departementet legg til grunn at UDI tryggjer gode kommunikasjonsrutinar med utanriksstasjonar så vel som andre saksførebuande instansar i saker der proformaspørsmål gjer seg gjeldande. 

Rutine for å rapportere
Dersom ein utanriksstasjon meiner at UDI, ved å innvilge ei enkeltsak, har forstått utlendingslova § 40 fjerde ledd på ein prinsipielt feil måte, kan utanriksstasjonen informere UDI om dette. I slike tilfelle skal UDI alltid informere departementet om saka.

Informasjonsutvekslinga skal skje ved at den aktuelle utanriksstasjonen skriftleg melder frå til UDI om årsaka til at ein meiner at § 40 fjerde ledd har vore forstått på ein prinsipielt feil måte i den aktuelle saka. UDI skal deretter oversende saka til departementet med kommentarar så raskt som mogeleg. Departementet vil da vurdere om saka er egna for overprøving i stornemnd i Utlendingsnemnda, jf. utlendingslova § 76 fjerde ledd.

Departementet ber UDI om å informere aktuelle utanriksstasjonar om ordninga, samt setje ein passande frist for ambassadane for å informere om vedtaka, slik at fristen i utlendingslova § 76 fjerde ledd blir overheldt. Departementet presiserer at fristen for å bringe saka inn for overprøving i Utlendingsnemnda, er fire månader etter at vedtaket blei gjort.


Med helsing

 

Thor Arne Aass (e.f.)
ekspedisjonssjef
                                                                              Birgitte Ege
                                                                              avdelingsdirektør


Kopi: Utanriksdepartementet, Den Kongelege Norske Ambassade i Tunis, Den Kongelege Norske Ambassade i Rabat, Den Kongelege Norske Ambassade i Islamabad, Den Kongelege Norske Ambassade i Moskva, Utlendingsnemnda, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepar-tementet, Arbeidsdepartementet, Politidirektoratet, NOAS