Høringsbrev

Høyring – endring i oreigningslova § 4

Justis- og beredskapsdepartementet legg med dette fram utkast til endringar i oreigningslova. Det blir her gjort framlegg om eit nytt fjerde ledd i oreigningslova § 4, der endeleg vedtak om førehandsundersøkingar blir gjort til eit særleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova kapittel 13. I tillegg blir det gjort framlegg om nokre mindre språklege endringar i oreigningslova §§ 4 og 19.

Når det gjeld bakgrunnen og grunngjevinga for utkastet, viser vi til høyringsnotatet som ligg ved her. Høyringsfristen er onsdag 1. oktober 2014.

Vi ber om at adressatane førelegg høyringsbrevet med vedlegg for aktuelle organisasjonar, underliggjande etatar og andre organ som saka vedkjem, men som ikkje er oppførte på adressatlista. Høyringsbrevet med vedlegg er tilgjengeleg på www.regjeringa.no/jd. Høyringsuttaler skal primært sendast elektronisk til lovavdelingen@jd.dep.no, eventuelt til Justis- og beredskapsdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.

Med vennleg helsing

 

Arnulf Tverberg e.f.
avdelingsdirektør

                                                                                 Ole Knut Løstegaard
                                                                                 fung. lovrådgjevar