Høyringsbrev

Høyring - forslag til endringar i reglane i forvaltningslovforskrifta om behandling av søknader om innsyn til bruk for forsking i opplysningar som er omfatta av teieplikt


Vedlagt følgjer høyringsnotat med forslag om endringar i forvaltningslovforskrifta §§ 8 og 9.

I høyringsnotatet blir det foreslått å endre forvaltningslovforskrifta § 8 slik at departementa får noko større rett enn i dag til å delegere mynde til å gi innsyn i opplysningar til bruk for forsking utan hinder av teieplikt, jf. forvaltningslova § 13 d. Det blir også foreslått ei presisering om kven som er klageinstans. Vidare inneheld høyringsnotatet eit forslag om at saker om forskarinnsyn, i tilfelle der avgjerda etter forvaltningslovforskrifta § 8 bokstav c er lagd til dei regionale komiteane for medisinsk og fagleg forskingsetikk (REK), skal fritakast  frå kravet etter § 9 om framlegging for Rådet for teieplikt og forsking.

Høyringsfristen er 1. oktober 2010. Høyringssvar skal sendast til Justisdepartementet, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.

Vi ber om at adressatane sender høyringsnotatet til underliggjande organ mv. som ikkje er ført opp i adressat¬lista, men som bør få høve til å uttale seg. Høyringsnotatet er òg tilgjengeleg på www.regjeringen.no/jd.

Med helsing


Toril K. Høyland
avdelingsdirektør      

Kyrre Grimstad
fung. lovrådgiver