Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kommuneproposisjonen 2015 og Revidert nasjonalbudsjett 2014

Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene

 

Kommuneproposisjonen 2015 og Revidert nasjonalbudsjett 2014


Dette brevet orienterer om Stortinget si handsaming av Kommuneproposisjonen 2015 (Prop. 95 S (2013–2014)), jf. Innst. 300 S (2013–2014) frå Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomité. Samstundes med kommuneproposisjonen la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2014 (Meld. St. 2 (2013–2014)) og forslag til løyvingsendringar for 2014 i Prop. 93 S (2013–2014), jf. Innst. 260 S (2013–2014). Stortinget fatta vedtak om desse sakene 18. og 20. juni 2014.

Innstillingane frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane er tilgjengelege på Stortinget sine nettsider: www.stortinget.no.

 

1. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2015

Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for 2015 er følgjande:


• Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter på i størrelsesorden 4 ½ og 5 mrd. kroner i 2015. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2014 i Revidert nasjonalbudsjett 2014.
• Realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter i 2015 på mellom 4,2 og 4,5 mrd. kroner.
• Av veksten i frie inntekter  går mellom ¼ og ½ mrd. kroner til fylkeskommunane.  I Nasjonal transportplan 2014–23 er det satt av 10 mrd. kroner i planperioden til opprusting av fylkesvegane. 150 mill. kroner av veksten i frie inntekter til fylkeskommunane er innfasing av desse midlane i 2015. Midlane vert gitt som rammetilskot og fordelt på same måte som tilsvarande midlar til fylkesveg i statsbudsjettet for 2015 (i alt 780 mill. kroner). Regjeringa føreslo å setje av 95 mill. kroner innanfor veksten i frie inntekter til fylkeskommunar som taper på nytt inntektssystem. Fleirtalet i Kommunal- og forvaltningskomiteen vil auka kompensasjonen til 125 mill. kroner. Regjeringa kjem tilbake til dette i statsbudsjettet.
• Resterande del av inntektsveksten, mellom 3¾ og 4¼ mrd. kroner, går til kommunane. Av denne veksten er 200 mill. kroner grunngjeve i behovet for å styrkje helsestasjons- og skulehelsetenesta. 200 mill. kroner er grunngjeve i behovet for styrking av kommunale tenester til rusavhengige og personar med psykiske lidelser.
• Skjønnsramma for 2015 er fastsett til 2 510 mill. kroner i tråd med forslaget i kommuneproposisjonen. Endringar i ordninga med differensiert arbeidsgivaravgift gjer at 31 kommunar vil få avgiftslette. Skjønnsramma til kommunane i 2015 vil difor bli justert ned i tråd med storleiken på avgiftsletten for dei kommunana som har fått kompensasjon gjennom skjønnsmidlane. Storleiken på trekket og endeleg skjønnsramme vil bli fastsatt i statsbudsjettet.
• Regjeringa føreslo å avvikle refusjonsordninga for kommunale utgifter til barneverntiltak til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar. Fleirtalet i Kommunal- og forvaltningskomiteen vil vidareføre refusjonsordninga. Regjeringa kjem tilbake til dette i statsbudsjettet.
• Regjeringa føreslo å innlemme løyvingar til leirskuleopplæring i rammetilskotet til kommunane. Fleirtalet i Kommunal- og forvaltningskomiteen vil vidareføre ordninga som eit øyremerka tilskot. Regjeringa kjem  tilbake til dette i statsbudsjettet.

Regjeringa legg fram endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2015 (Prop. 1 S (2014–2015)).

 

2. Revidert nasjonalbudsjett 2014


2.1 Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2014


Regjeringa sitt forslag til endringar i Revidert nasjonalbudsjett 2014 vart handsama i Stortinget 20. juni 2014. I vedlegg 1 og 2 er kommunevis og fylkesvis fordeling av rammetilskotet i 2014 etter stortingshandsaminga vist.


Kap. 571, post 60 Innbyggjartilskot til kommunane


• Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2014 vedtok Stortinget å auke løyvinga til kommunane med 175 mill. kroner for å møte større etterspurnad etter barnehageplass i inneverande år enn tidligare anslått. Rammetilskotet vert auka med 175 mill. kroner.
• 1,4 mill. kroner vert overført til kap. 227 Tilskot til særskilte skuler, post 74 Tilskot til Signo og Briskeby under Kunnskapsdepartementet. Midlane tilsvarar kostnadene som kommunane tidligare har dekka til heimrese for elevar ved Signo grunn- og vidaregåande skule.
• 1 mill. kroner vert overført til kap. 732 Regionale helseforetak, post 70 Særskilte tilskot under Helse- og omsorgsdepartementet. Dette tilsvarar kommunanes netto mindreutgifter som følgje av ei omlegging av rutinane i arbeidet med å førebyggje tuberkulose frå 1. juli 2014.
• Det vert overført 0,4 mill. kroner til kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemidler mv., post 76 Bedring av funksjonsevnen, hjelpemidler som tenester under Arbeids- og sosialdepartementet. Dette tilsvarar kommunane sine mindreutgifter som følgje av endra finansiering av tilbodet om barnepass ved Ål folkehøyskole og kurssenter i tilknytning til tilpasningskurs for døve og sterkt tunghørte og deira pårørande.

Endringane vil i sin heilskap gjerast på juli-terminen av rammetilskotet.

 

Kap. 572, post 60 Innbyggjartilskot til fylkeskommunane


• Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2014 vedtok Stortinget å auke stimuleringstilskotet til nye lærebedrifter med 10 mill. kroner. Midlane vert lagt inn i rammetilskotet til fylkeskommunane.

Endringane vil i sin heilskap gjerast på juli-terminen av rammetilskotet.

 

Kap. 571, post 64 Skjønnstilskot


I Saldert budsjett 2014 vart løyvinga til arbeidet med psykisk helse auka med 16 mill. kroner. Ved en feil vart midlane bevilga over rammeområde 18 Rammeoverføringar til kommunesektoren mv. i stedet for rammeområde 15 Helse. På bakgrunn av dette vert 16 mill. kroner overført fra kap. 571, post 64 Skjønnstilskot til kap. 762 Primærhelseteneste, post 60 Førebyggjande helsetenestar og kap. 764 Psykisk helse, post 72 Utviklingstiltak og post 73 Vold og traumatisk stress under Helse- og omsorgsdepartementets budsjett.

I tillegg vert løyvinga redusert med 6,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 571, post 21 Kunnskapsutvikling og drift av inntektssystemet

Samla vert posten redusert med 22,9 mill. kroner.


2.2 Øyremerka tilskot


Når det gjeld løyvingsendringar i øyremerka tilskot for 2014, sjå vedlegg 3.

 

3. Endringar i statsbudsjettet 2014 - endring av den differensierte arbeidsgiveravgifta og kompenserande tiltak


Regjeringa la fram forslag til endringar i statsbudsjettet 2014 som følgje av endringar i ordninga med differensiert arbeidsgiveravgift i Prop. 118 S (2013-2014), jf. Innst. 311 S (2013-2014).
Dagens ordning med differensiert arbeidsgiveravgift vert revidert som følgje av nye retningsliner for regionalstøtte. Dei nye retningslinene gjeld frå 1.7.2014 til 31.12.2020. I dei nye retningslinene for regionalstøtte er transportsektoren unnateke. Dette medfører ein ekstrakostnad for transportselskapa. Der det er inngått avtalar med det offentlege om kjøp av transporttenestar, vil meirkostnadene for transportselskapa kunne veltast over i auka kostnader for stat og fylkeskommune. Basert på innspel frå fylkeskommunane anslår regjeringa at fylkeskommunane vil få auka kostnadar på i størrelsesorden 44 mill. kroner i 2014 og 132 mill. kroner i 2015. Anslaget er usikkert og vil kunne bli justert i statsbudsjettet for 2015.
Fylkeskommunane blir kompensert gjennom skjønnstilskotet. Løyvinga på kap. 572, post 64 vert auka med 44 mill. kroner i 2014. Departementet vil kome tilbake med ei fordeling av midlane.

 

4. Statsbudsjettet 2015


Prop. 1 S (2014–2015) vert etter planen lagt fram onsdag 8. oktober 2014.

 

Med helsing

Thor Bernstrøm (e.f.)
avdelingsdirektør
Melissa Laanela
seniorrådgiver

 

Vedlegg: