Rundskriv N-2/2005

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Endring av forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy - ikraftsetjing og overgangsordningar

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Rundskriv N-2/2005

Fylkeskommunane, samferdselsavdelingane
Oslo kommune, samferdselsetaten
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Taxiforbund
Transportbedriftenes Landsforening
Statens vegvesen, Vegdirektoratet



01.03.2005
Sak: 04/1240

Endring av forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy – ikraftsetjing og overgangsordningar

I INNLEIING

Samferdselsdepartementet har 25.02.2005 fastsett følgjande forskrifter:

Forskrift om endring av forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy (yrkestransportforskriften).

Forskrift om endring av forskrift om anbod i lokal rutetransport.

Forskriftene trer i kraft 1. april 2005.

I forskrift om anbud i lokal rutetransport er det berre gjort tekniske endringar som følgje av endringar i ”yrkestransportforskriften”.

II MATERIELLE ENDRINGAR I ”YRKESTRANSPORTFORSKRIFTEN”

1. Endringar som følgje av pålegg frå European Surveillance Authority (ESA).

- Det skal stillast garanti pr. motorvogn/fartøy som vert nytta i løyvepliktig transport. Avgrensinga til 22 køyretøy for ruteløyve vert oppheva.

2. Andre endringar.

- Tittelen i forskrift om yrkestransport innenlands med motorvogn eller fartøy vert endra i samsvar med yrkestransportlova og får formell korttittel ”yrkestransportforskriften”.

- ”transport av funksjonshemma” vert gjennomgåande endra til ”transport for funksjonshemma”.

- ”forbruksavfall” vert endra til ”husholdningsavfall” i samsvar med endringar i lov 13.03.1981 nr. 6 om vern mot forurensning og om avfall som vart sett i kraft 01.07.2004.

- Tidspunktet for når politiattest skal leggjast fram for løyvestyresmakta vert nærare presisert.

- Departementet får uttrykkeleg heimel til å gi overgangsordningar.

- Ingen attestar som skal leverast løyvestyresmakta, skal vere eldre enn tre månader.

- Under rutetransport må motorvogner vere utstyrte med kopi av ruteløyve i tillegg til anna løyve etter yrkestransportloven

III NÆRARE OM ENDRINGANE I YRKESTRANSPORTFORSKRIFTEN- OVERGANGSORDNINGAR

Kravet til vandel § 6:

Søkjar kan ikkje nytte politiattest som er eldre enn tre månader på søknadstidspunktet. Det vert presisert at politiattesten skal makulerast etter at den er brukt til oppgitt formål. Politiattesten skal ikkje returnerast til søkjar eller sendast til anna løyvestyresmakt.

Dersom det går fram av søknaden at søkjer samtidig og vil søkje om fellesskapstillatelse/fellesskapslisens, kan fylkeskommunane/Oslo kommune sende politiattesten til Statens vegvesen, Vegdirektoratet. Statens vegvesen, Vegdirektoratet skal makulere politiattesten etter bruk.

Det er tidspunktet for sist innlevert politiattest som er avgjerande for når ny politiattest skal leggjast fram for løyvestyresmakta. Det vil seie den dato politiattesten er motteken hos løyvestyresmakta.

Kravet til økonomi § 7:

Departementet får heimel til å kunne fastsetje overgangsordningar ved utløp av kvar femårsperiode dersom det blir behov for å endre garantibeløpet.

Endringane i § 7, andre ledd fører til at rutetransportør slik som andre transportørar, må stille garanti for kvar einskild motorvogn som vert nytta i løyvepliktig transport.

I samband med at særordninga med ”tak” på garantisummen for ruteløyve vert oppheva, har departementet funne det føremålstenleg at den som søkjer om ruteløyve, eller driv rutetransport, må ha anna løyve etter yrkestransportlova § 4 for den einskilde motorvogna. Garantikravet skal knytast til dette løyvet. Det skal såleis ikkje stillast eigen garanti for sjølve ruteløyvet.

For eksisterande løyvehavarar kan kravet til garanti oppfyllast ved søknad om og tildeling av løyve etter yrkestransportlova § 4, ev. at dei har slikt løyve frå før. Det skal stillast garanti i samsvar med talet på motorvogner innan den einskilde løyvekategori.

Når garanti skal stillast i samsvar med desse endringane i yrkestransportforskriften, skal det gjerast frådrag for garanti som verksemda alt har stilt.

Garanti skal stillast hos den fylkeskommune der transportøren har si forretningsadresse eller bustad. I dei tilfella transportøren er tildelt ruteløyve gjennom annan fylkeskommune og det er stilt garanti hos denne fylkeskommunen, skal garanti førast over til fylkeskommunen der transportøren har forretningsadresse eller bustad.

Attestar som skal dokumentere økonomisk evne, må ikkje vere eldre enn tre månader når det vert søkt om løyve.

Alle rutetransportørar skal innan 31.12.2005 ha stilt garanti for den totale vognparken som vert nytta i løyvepliktig transport. Fylkeskommunane/Oslo kommune skal snarast mogleg sende ut informasjon om at det må søkjast om løyve og stillast garanti for alle motorvogner som vert nytta i løyvepliktig verksemd.

Dersom det ikkje er stilt garanti/søkt om løyve innan 31.12.2005, skal løyvestyresmakta kalle tilbake løyva, jf. yrkestransportlova § 29.

Skifte av dagleg leiar § 11:

Endringa gir løyvestyresmakta heimel til å kalle tilbake løyve i selskap som har tilsett ny daglig leiar, dersom ny dagleg leiar ikkje er godkjent av løyvestyresmakta innan tre månadar etter tilsetjinga.

Gebyr for handsaming av søknad om ruteløyve § 12:

Ny § 12, tredje ledd gir løyvestyresmakta heimel til å krevje gebyr for å handsame søknad om ruteløyve. For dei tilfelle der Samferdselsdepartementet er løyvestyresmakt, skal gebyr betalast til den fylkeskommunen som førebur saka på vegner av departementet.

Betalt gebyr for handsaming av søknad etter § 12 tredje ledd skal ikkje returnerast, korkje ved negativt utfall av søknaden eller ved innlevering av løyve. Dette er i motsetnad til gebyr betalt med heimel i yrkestransportlova § 12, første ledd, for utferding av løyvedokument.

Kontrolldokument § 13:

Som følgje av endringar i § 7 skal alle motorvogner vere utstyrte med løyvedokument i original under løyvepliktig transport. For rutetransport trer desse endringane i kraft 31.12.2005.

I tillegg skal motorvogna vere utstyrt med kopi av ruteløyvedokumentet.

For å oppnå større fleksibilitet med omsyn til bruk av undertransportørar, er det ikkje lenger naudsynt med stadfesta kopi av ruteløyvedokumentet. Samla sett vil dei to dokumenta vere tilstrekkeleg grunnlag for kontroll.

For fartøy er det tilstrekkeleg med kopi av ruteløyvedokumentet.

Frå 31.12.2005 skal alle motorvogner vere utstyrte med løyvedokument i original i tillegg til ruteløyvedokumentet.

Vedlegg til søknad om ruteløyve § 24

I tillegg til at det krevst forslag til ruteplan og takstregulativ, skal dokumentasjon på at krava i yrkestransportforskriften §§ 6,7 og 8 er oppfylte leggjast ved søknad om ruteløyve.

Edgar Grønfur (e.f)

Mona Sanden Olivier