Rundskriv N-3/2002

Rundskriv om bruk av undertransportørar i løyvepliktig transport

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Transportavdelinga

RUNDSKRIV
N-3/2002

Fylkeskommunane
Oslo kommune

03.07.2002
Sak 02/762 331.4

Rundskriv om bruk av undertransportør i løyvepliktig transport

Etter rundskriv N-4/85 om skoleskyss i grunnskolen kunne innehavar av eit ruteløyve sette bort transport av skoleelevar til ein undertransportør. Føresetnaden for dette var at transporten blei utført i samsvar med hovudtransportøren sitt ruteløyve. Det var ikkje etter dette krav om at undertransportøren måtte ha eige løyve. Ruteforskiften nr. 1, andre ledd som definerte skoletransport som rutetransport, blei oppheva 18. juni 1999, slik at det ikkje lenger er krav om ruteløyve for regelmessig transport av skolebarn mellom heim og skole når transporten er reservert for bestemte skulebarn. Slik transport kan no og utførast av dei som har løyve for drosje eller turvogn.

Ved bruk av undertransportørar er det hovudtransportøren som har ansvaret i forhold til passasjerane, og forholdet mellom hovudtransportør og undertransportør regulerast av avtalen dei i mellom.

Føresetnaden for å drive persontransport med rutevogn eller turvogn er at visse minimumskrav til vandel, økonomi og faglige kvalifikasjonar er oppfylt jf. Forskrift om adgang til yrket i persontransport med rutevogn eller turvogn av 04.12.1992 nr.1013 pkt.1. Desse vilkåra må oppfyllast av alle som mot vederlag vil drive slik persontransport. Denne forskrifta erstattar tidlegare minstekrav om at løyvehavar måtte være fylt 20 år og ha tilfredsstillande vandel dokumentert ved politiattest.

For drosjeløyve går krava fram av Forskrift om persontransport med motorvogn utanfor rute 10. juni 1977.

Departementet legg til grunn at alle som driv persontransport mot vederlag med motorvogn (medrekna undertransportørar) må ha løyve. Dersom transporten drivast som rutetransport etter avtale med innehavar av ruteløyve og innafor dette løyvet, er likevel undertransportøren fritatt frå krav om sjølvstendig ruteløyve.

Samferdselsdepartementet kan i særlige tilfelle gjere unntak frå løyveplikta. Dette kan t.d. gjelde for undertransportør som utfører heilt avgrensa transport etter avtale med ruteselskapet der det ut frå omstenda elles kan vere rimeleg å gjere unntak frå løyveplikta. I slike tilfelle kan det likevel setjast vilkår om at førar skal ha køyreseddel o.l. Krav til forsikring, køyretøyet sin tekniske standard m.v. bør det gjerast særskilt avtale om.

Personar som i dag driv som undertransportørar innanfor rutetransport utan eige løyve i allereie inngått kontrakt, kan drive slik transport til kontrakten går ut, men ikkje lenger enn til 30. juni 2003.

Med helsing

Arnfinn Øen e.f

Edgar Grønfur